LUSTER I PERIODEN FRA ÅR 600 TIL 1349

 Versjon uten figurer. Er du interessert i figurene må du se den trykte utgaven på et bibliotek.

 Av Arne Kvitrud, Sondre Nordheimsgate 9, 4021 Stavanger.

Dokumentet er laget i 1998, men lagt på internett 16.9.2002.

Retur

 

 B Y G D E N E

 Namna på bygdene Luster, Hafslo og Jostedalen har endra seg og ulike namn har vore i bruk gjennom tidene. Luster / Dale og Jostedalen / Østerdalen har vore brukt om kvarandre. Bygdenamnet Folk endra seg til Fylkesbygda og til Hafslo. Ei liknande utvikling kan ein òg ha hatt i Fortun, der gardsnamnet Fortun vart namnet på heile dalen. Det opphavlege namnet på Fortunsdalen er no gløymt.

 LUSTER OG DALE

 Kva som er eller var Luster har oppteke fleire gjennom åra og bruken av namna Luster og Dale har vore blanda. Olaf Rygh skreiv i 1919 at Luster-namnet er svært gamalt. Noko god tyding av namnet hadde han ikkje, men han hadde fleire forslag. Eivind Vågslid (1989) er meir kategorisk og slår fast at Luster tyder fjord der det er varm luft. Heilt sikre kan ein nok likevel ikkje vera. Ein får nok likevel tru at namnet er gamalt.

 Namnet Luster finn ein fyrste gong brukt i Soga om kong Sverre. Ein høyrer at birkebeinane i 1201 overraska baglarane i Kaupanger. Baglarane flykta til Solvoren og Folk (Hafslo). "Seinare" flytta dei seg til Luster på ferjer og småskip. Dei samla seg i Luster og gjekk over fjellet til Årdal. Det kan vera at dei samla seg på Ornes. I såfall vart gardane på austsida av Lustrafjorden rekna som ein del av Luster. Det kan òg vera at dei drog til Skjolden.

 Går ein fram til 1322 høyrer ein om eit møte i prestestovene "i Dale i Luster i Sogn". Dale var altså ein del av Luster. Eit skriv dagsett 24. april 1341 vil eg forstå som at Fortun òg var ein del av Luster. I 1348 høyrer ein om Høyheim i Luster og i 1351 at "Hauge" i Gaupne var i Luster.

 Dale namnet var fram til kring 1280 truleg knytta berre til ein gard. Truleg har garden vore setestad for lågadel. Ein bygde då ei ny steinkyrkje, og ein fekk eit nytt kyrkjesokn skilt ut frå Søvde sokna. Dalepresten styrde då både Søvde og Dalesokna. Etter den store mannedauden i 1349 vart alle sokna, med unnatak av Ornes lagt inn under Dalepresten. I 1522 høyrer ein om Dale skipreida som fellesnamn for Nes, Dale og Fortunsokna. Seinare omfatta Dale skipreida òg Gaupne. I løpet av 200 år hadde då gardsnamnet Dale teke over i alle offentlege dokument, som namn for det som før var Luster. I tida fram til 1349 var det likevel Luster det namnet som var i bruk.

 Ei liknande utvikling fekk ein òg når bygdenamnet Folk vart skifta ut med gardsnamnet Hafslo. Lusternamnet har likevel fått leva vidare.

 FOLK, FYLKESBYGDA OG HAFSLO

 Bygdnamnet Folk er òg kjend fyrste gong i Soga om kong Sverre, som omtala over. Folk er det nokre heilt fram til kring år 1900 år kalla for Fylkesbygda, men som no vert kalla for Hafslo.

 Namnet Folk kan ein sjå var i bruk fram til 1490. Frå 1427 finn ein Fylke som namn i staden for Folk. Folk var delt i Indre og Ytre Folk. Solvoren ser ein ikkje nokon gong omtala som ein del av Folk.

 Etter Rudolf Keyser (1837) var "fylke" noko utgammalt i Noreg. Når germanarane flytta frå stad til stad og søkte nye bustader, heldt skyldfolka saman og braut opp i hopar. Dei slo seg saman i ein større flokk, eit folk. Der dei busette seg vart kalla eit folkland eller fylke. "Folk" eller "fylke" var då ætteheimen åt eit folk. Namnet Folk skulle då visa at dei som budde der såg på seg sjølve som eit eige folk.

 Gustav Indrebø (1937) gjekk imot denne tolkinga. Han meinte at ordet fylke var avleidd av ordet folk, og som tydde skare / flokk. Når ordet vart nytta i lokal meining, tydde det frå fyrst av, reint allment berre "bygd" -eit naturleg avgrensa mindre distrikt. Indrebø sine konklusjonar er dei som har fått tilslutnad seinare.

 Hafslo har nok fyrst vore eit gardsnamn og ikkje det opphavlege bygdenamnet. "Lo"-delen av namnet er det same som i namnet Oslo. Oslo-namnet har vore drøfta og diskutert av mange gjennom åra med ulike svar. Det same gjeld Hafslo-namnet.

 Heitman Andersen (1944) skriv at namnet Hafslo tyder lun, varm stad ved sjøen/havet. Bathen (1983) viser til major Tang som meinte at siste delen "lo" tydde voll og til Skåsheim som meinte at "haf" var det same som hav eller hodda - Handtaket på ein kjel eller ei gryte. Siste delen skulle etter Skåsheim tyda voll eller slette. Vågslid (1989) skriv at namnet kjem av ein fiskegrunne og "lo" av slette.

 JOSTEDALEN OG ØSTERDALEN

 Jostedalen er det bygdenamnet ein møter i tre av dei fire kjeldene ein har før 1349. I den fjerde er det Østerdalen som er brukt. Jostedalen er òg det namnet som har vore mest i bruk seinare. Likevel ser ein òg Østerdalen brukt einskilde gonger på 1600- og 1700-talet. Fyrste leddet i Jostedalen kan vera genitiv av eit no bortkome elvenamn. Østerdalen kan vera det namnet dei nytta i Nordfjord.

 GAUPNE

Oluf Rygh (1919) meinte at Gaupne kom av ordet "gaupn"; som har tydinga den hole handa. Det kan opphavleg ha vore namnet på fjorden. Det kan òg ha vore bygdenamnet opphavleg.

 Grensene for Gaupne var litt forskjellig frå kva det er i dag. Vigdal vart før 1350 rekna som ein del av Jostedalen. Leirdalen vart i starten på 1600-talet rekna som ein del av Hafslo og Råum vart i 1522 ikkje rekna som ein del av Gaupne. Det same kan det ha vore før 1350. Ormshaug som ligg ved Marifjøra vart i 1398 rekna som ein del av Gaupne.

 SOLVOREN

 P A Munch meinte at Solvoren berre hadde vore eit bygdenamn. Oluf Rygh (1919) meinte at Elvetun og Sjøtun var delar av ein forsvunnen større gard. Jon Laberg (1926) skreiv at det ligg tre gardar etter kvarandre som har "tun"-namn : Bjørnetun, Elvetun og Sjøtun. Han meinte at dei opphavleg hadde vore ein gard, med namnet Solvoren. Oluf Rygh viste i tillegg til ei jordebok frå 1535. Det står der "Solvoren i Øvrebø". Han meinte ein måtte forstå det som garden Solvoren, som ein del av Øvrebø. Solvoren kunne då ha vore eit gardsnamn. Ser ein på ei anna hovudkjelda : Bergen kalvskinn finn ein at hovudregelen er at den minste eininga vart nemnd fyrst og så den større. Det er likevel mange døme på at det vart skrive andre vegen. Ein skal nok då vera varsam med å leggja for stor vekt på skrivemåten frå 1535.

 Ein har då to framlegg til opphavet til namnet Solvoren. Solvoren kan ha vore namnet på bygda eller det kan ha vore namnet på ein gard.

 Rygh og Laberg meinte begge at Solvoren kunne ha vore eit gardsnamn. Ein har fleire andre døme på bygdenamn som samsvarer med eit gardsnamn, Det er Dale, Fortun og Hafslo. Desse bygdene har òg det til felles at det er samsvar mellom bygdenamnet og kyrkjestaden. Desse bygdene har hatt andre namn, før dei fekk namn etter kyrkjestaden. Det kan vera at Solvoren var namnet på den gamle prestegarden, men sikkert er det ikkje.

 U T V I K L I N G A  A V  B U S E T N A D EN

 Ein ferdamann som hadde vitja Luster på 600-talet ville ha møtt på lite folk. Det vart drive eit jordbruk der gardane oftast låg langt frå kvarandre og der dei hadde store område til rådvelde for beiting, enger og åkrar. Kom ein att tre hundre år seinare ville ein funne gardar over alt. Det vart drive intensivt jordbruk der ein måtte bruka dei områda ein hadde best mogleg.

 Tidspunktet for kva tid gardane i Luster vart bygd er usikkert. Det vert òg meir usikkert dess lengre ein går bak i tid. Eg har i hovudsak bygd på :

 a) Gravfunn og lausfunn frå tida 600-1000, bedarlag, gardsgrenser, stølar, namnetype og storleik på gardane. Eg har òg samanlikna mine vurderingar med kva som er gjorde av andre frå andre bygder,

 b) Gardstala på 1300-talet har eg bygd på tiendoppgåver, på historiske kjelder om kvar gard og på samanlikningar av tilhøva andre stader

 PERIODEN 600-750

 I Luster har ein berre eit funn som er tidfesta til 600- talet. Det er ei spenne frå Sørheim. Det kan rett nok vera fleire funn frå 600-talet, men som ein ikkje kan tidfesta betre enn til tida 600-1000. I Sogndal har ein 10 funn frå tida 600-800, mot det mangedobla for dei neste to hundre åra (Solberg, 1986). Dei ti funna er òg berre halvdelen av dei funna ein har frå tida 400-600. Ser ein på gravtalet i Luster frå 300- og 400-talet er det mykje høgare enn kva ein hadde i tida 600-800. På Bolstad var det ei gransking av gravhaugar som vart gjorde kring 1880. Dei fleste gravene var då frå tida før år 600, som viser til at talet på gravferder etter år 600 var mykje mindre enn før (Shetelig, 1926). Kva er så grunnen? Om talet på gravfunn har samband med folketalet, lyt ein ha hatt store endringar i folketalet.

 Pollengranskingar som er gjorde i Nordland og Trøndelag, viser at det var ei omfattande avfolking (Vorren m.fl, 1990). 9 av dei 15 "stad"-gardar som vart granska var øyde i heile eller delar av tida 580-780. Det var alle gardar som var bygd før 500-talet. Granskingar i Rogaland (Myhre, 1972 og Møllerop, 1987) viser ei tilsvarande avfolking. Eit overlag på 50% øydegardar er gjeve. Ein må tru at det var ei liknande avfolking i Sogn òg.

 Årsaka til avfolkinga er det delte meiningar om. Den tolkinga ein oftast viser til er den såkalla julianske pesten som ramma Europa i andre halvdel av 500-talet (Magnus og Myhre, 1976). Dei viser òg til samanbrotet av Romarriket førde til samanbrot i handelen i Europa og gav naud då viktige handelsvarer forsvann. Vorren m.fl (1990) har likevel vist at den største nedlegginga av gardar i Trøndelag og Nordland fann stad midt på 600-talet. Dei viser òg til uro som ein mogleg årsak. Den islandske Fornaldarsoga fortel om invasjonar av germanarar frå det noverande Finland til Noreg på 600-talet.

 Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det var ein endring i gravskikkane. Ein kan tenka seg at ein i tida 600-800 ikkje la noko i gravene. Ein har likevel mykje gravgods i gravene før år 600 og i tida etter år 800. Ein må då ha hatt eit brot med gamal tradisjon, som så brott har vore teke i bruk att nokre hundre år seinare. Det ser ikkje heilt sannsynleg ut. Ein må nok tru at det i hovudsak var eit samband mellom talet på kjende graver og folketalet.

Dei stadane i Luster der ein har gravfunn og lausfunn frå tida 600-1000 er vist nedfor. Eg har då ikkje teke med funn frå stølsområda. Einskilde bygder som Gaupne og Jostedalen har uvanleg få funn. Årsaka kan vera at flaumar og endring i faret på Jostedalselva har teke med seg det meste av gravminna.

 

Gard

Alder på funn (overslag)

Ornes

800-1000 + 800-1000 + 900-1000

Kroken

600-1000

Sørheim

600-700 + 800-850 + 800-1000 + 900-1000 + 900-1000

Lerum

600-1000

Eide

800-1000

Bolstad

800-1000

Fortun

700-850

Søvde

800-850

Drægni

800-1000

Yttri

800-1000

Berge

600-1000

Dalsdalen

600-1000

Døsen

800-1000

Flahammar

900-1000

Talla

800-1000 + 900-1000 + 900-1000

Høyheim

800-1000 + 800-1000 + 800-1000 + 900-1000

Nes

700-850 + 750-800 + 800-850 + 800-1000

Råum

700-900

Åberge

700-900

Røneid

900-1100

Tørvi

750-950

Fet

850-900

Melheim

800-850 + 800-1000

Ugulen

800-1000

Veum

800-900

Marifjøra

600-800

Hillestad

800-850 + 800-1000

Sterri

700-800

Kjos

600-1000

Nygård

900-1050

Prestegarden

800-900

Stemmingo

600-1000

Lomheim

800-1000

Alme

800-1000

Vetlestølen

900-1000

Rjupheim

800-900

Kjelda

800-900

Sjøtun

900-1000

Vollåker

800-1000 + 800-1000 + 900-1000

Ein har ei lang liste med funn. Mannsgraver inneheld stort sett jarnutstyr som dei brukte på gardane og våpen. Kvinnegravene var i stor grad smykke. Det som har vore av trevarer og tekstilar har rotna vekk.

Fordeler ein dei funn ein har frå Luster i tabellen over, som middel over periodar på 50 år for tida 600-1000, vil ein få eit inntrykk av folketalsutviklinga, men òg over gravskikkar. Nokre funn kan ein ikkje tidfesta betre enn til tida 600-1000. Eg har ikkje teke dei med. Er eit funn til dømes tidfesta til perioden 800-900 har eg rekna eit halvt funn i tida 800-850 og eit halvt funn til 850-900. Med ei slik utrekning får ein figuren på neste side.

Ein merker seg særleg to tilhøve. Det eine er den store auken frå 750-800 til 800-850 og at talet på funn frå år 800 til år 1000 er om lag konstant. Årsakene kan vera :

a) 19 av dateringene er ikkje betre enn til tida 800-1000. Fordeler ein dei utover blir det 4,75 funn i tida 800-850. Det kan godt vera at fleire av dei høyrer heime seinare.

b) dateringer av denne typen er skjønnsmessig. Ein del av funna frå tidleg vikingtid (800-850 ) kan godt vera frå andre halvdel av 700-talet. Ein del av dateringene er bygd på at vikingferdene starta med åtaket i Lindisfarne i 793. Dateringene er då delvis bygd på om ein finn same typen funn på dei britiske øyane. Nyare granskingar syner at plyndringane starta kring år 750.

c) endringar i gravskikkar. Det kan vera at ein frå 800- talet tok til å få fleire og fleire kristne graver. Dei er særmerkte med at dei vart lagt under flat mark, vende i aust-vest retning, ubrende, med få eller utan gjenstandar (Per Hernæs, mars 1993). Dette gjev det vanskeleg å avgjera om ein har ei grav eller berre lausfunn av gjenstandar.

d) at ein har fylgt Gulatingslova som fortel at heidenske graver skal gravast opp og gravleggjast på kyrkjegarden. Utgravingar på Mære i Trøndelag viser at ein kan ha gjorde det der.

BUSETNADEN I LUSTER

Perioden 600-750 er omtrent utan gravfunn og utan skriftlege kjelder. For å få eit inntrykk av tida har eg skjønnsmessig gått ut frå at:

a) gardar eller område som vart øyde etter den store mannedauden i 1349 òg var det i tida 550-750. Fortunsdalen, Mørkrisdalen, Veitastrondi, Jostedalen, Engjedalen og Mollandsmorki låg nok då øyde.

b) ein må ha hatt ei landskyld på minst 15 laupar (225 kg smør) på 1600-talet, om ein gard eller kombinasjonar av gardar skal ha vore busett samanhengande frå før år 600 til 750.

Landskylda var eit uttrykk for kor stor produksjonen var på ein gard, og ho var det ein leiglending måtte betala i årleg leige for garden. Bedarlaga i Luster kan gå attende til denne tida. Gardar som vart skilt ut frå opphavsgarden vart mest truleg med i bedarlaget saman med opphavsgarden (Berg og Noss, 1976). Storleiken på bedarlaga varierte mykje. Eg har brukt bedarlaga som grunnlag der eg kjenner dei. Eg har så sagt at det i eit bedarlag ikkje kan ha vore meir enn ein gard som var bygd på 600-talet. Bedarlag med landskyld mindre enn 15 laupar har eg slått saman med tilgrensande bedarlag, for å få minst 15 laupar. Ei landskyld på 15 laupar på 1600-talet svarer om lag til eit hundre månadsmatabol før 1349. I Fortun og Ytre-Hafslo har eg ikkje funne ut av bedarlaga. Der har eg gjorde eit skjønn ut frå mellom anna gardsgrenser og stølar. Nærare grunngjeving for kva gardar som var bygde har eg gjeve under kvar gard.

På det viset kjem ein ut med at det var desse 27 gardane som var bygd : Ornes, Kroken, Sørheim, Berge i Bergsdalen, Bolstad, Hauge, Ottum, Dale, For, Søvde, Nes, Sandvik, Bø, Røneid, Joranger, Marheim, Fet, Melheim, Hillestad, Solvi, Bedheim, Lad, Lomheim, Alme, Kvam, Solvoren og Bø.

Denne tilnærminga er ikkje uproblematisk. Ved å velja eit anna tal for minste landskyld kjem ein ut med litt andre tal.

Hypotesen om bedarlaga føreset ein langvarig og nær kontinuerleg busetnad, og at bedarlaga har ei svært gamal soge. Sjølv om gardane ikkje har vore bygd kontinuerleg, vil nok bedarlaga likevel i regelen fortelja om kva gardar som naturleg har høyrt saman. Gardar som frå gamalt har høyrt saman vil eg tru har vore i same bedarlag. Bedarlaga kan då fortelja noko om kva gardar som fyrst vart rydda. I ein del av bedarlaga kan det ein gong ha vore ein gard og eit bruk. Når nye gardar eller bruk vart skilde ut, vart dei nye bøndene knytta til opphavsgarden ved at dei kom med i same bedarlaget (Berg og Noss, 1976) . Dei hadde då ofte felles beitemark og støl slik at dei såg kvarandre ofte. Bedarlaga hadde frå gamalt ein funksjon ved at ein baud dei som budde der i bryllaup og gravferd. Dei som budde i bedarlaga var òg med i dugnadsarbeid.

Ein ser òg at det er skilnad mellom grend og bedarlag. Grendeinndelingar slik ein kjenner dei no, vil eg tru er yngre enn bedarlaga. Det ut frå at grendelaga fylgde soknegrensene. Dei kan ha vore trekte på eit heilt anna grunnlag enn bedarlaga. Bedarlaga ser ein fleire stader i Luster går på tvers av soknegrensene, og kan då godt vera eldre enn dei.

Frå gamalt skilde ein i Luster mellom grend og stølsgrend. Grenda var knytt opp til kvar ein budde. Stølsgrenda var for gardar som hadde felles stølsbruk. Kjøpte ein seg støl, kom ein med i stølsgrenda, men ikkje med i bedarlaget. Gulatingslova slik ein kjenner ho frå 1100-talet, omtaler grender. Dei grendene som hadde dyra i sambeite i husahagen om våren, skulle når to månader var gått av sumaren, flytte til setra. Noko meir vart ikkje sagt.

I Sogndal har Bergljot Solberg (1986) funne at det var minst 10 gardar busett i tida 600-800. Ved år 800 meiner ho at ein hadde minst 32 gardar. I tida 800-1000 har ho ført 59 gardar. I 1661 hadde gardane i Sogndal ei samla landskyld på 351 laupar (Sandal, 1986). Det vil sei at dei ti gardane hadde eit samla middel på 35 laupar, dei 32 gardane hadde eit middel på 11 laupar og de 59 gardane hadde eit middel på 6 laupar.

Overfører ein middeltala frå Sogndal direkte til Luster har ein der i 1635 ei samla landskyld på 625 laupar. Det gjev :

600-800          : minst 18 gardar

ca 800 : 57 gardar

800-1000 : 104 gardar

Ved bruk av bedarlaga kjem eg altså ut med 27 gardar, som er meir enn kva ein får ved å bruka middeltala frå Sogndal, frå Solberg (1986). Vurderingane er såpass usikre at ein nok må sjå på begge tala (minst 18 og 27) som å vera i eit rimeleg område for eit overslag.

PERIODEN 750-1000

Korleis skal ein så nærma seg busetnaden i perioden 750- 1000? Ein må nok frå gravfunna slutta at ein frå slutten av 700-talet fekk ein kraftig folkevekst i Luster.

Ein har gravfunn frå så små gardar som Rjupheim, Veum og Kjelda frå 800-talet. Det viser at sjølv smågardar har vore bygd før år 900. Kjem ein fram til år 1000, kan dei fleste av dei gardane ein kjenner i dag ha vore bygd.

Alderen på gardar med teigblanding, vil om ein ser vekk frå dei aller eldste, ofte vera etter år 800.

Ein direkte overføring av middeltala frå Sogndal, som vist over, skulle gje om lag eit hundre namnegardar kring år 1000.

 

Ut frå ein skjønnsmessig datering av gardane har eg òg funne at det kring år 1000 har vore om lag 100 gardar. Grunnlaget for mine dateringer er ikkje så ulike dei Solberg (1986) brukte. Mine overslag gav 7 gardar på austsida av Lustrafjorden, 14 i Fortun, 19 på vestsida av Lustrafjorden, 11 i Gaupne, ca 5-10 i Jostedalen, 17 på Indre Hafslo, 19 på Ytre-Hafslo og 9 i Solvoren. I tillegg må ein tru at fleire gardar i tida 800-1000 vart delt opp i fleire bruk.

 

Det vil då ha vore ein rask folkevekst, men er tala urimelege ? Om folketalet på kvar gard har vore nokolunde lik i denne tida, har ein ei gjennomsnittleg folkevekst etter Solberg (1986) på 1,6% pr år i tida 600-800 og 0,9% pr år i tida 800-1000. Samanliknar ein med folketalet i Gaupne frå år 1700 til var folketilveksten då på over 2% i året. Ein kan då ha hatt ein vekst i folketalet og ein auke i talet på gardar i samsvar med det Solberg (1986) skriv.

På 700- og 800-talet fekk ein norsk busetnad på Vesterhavsøyane. Frå Færøyane veit ein at dei fleste nybyggjerane kom frå Sogn, Rogaland og Agder. I tida 870-930 reiste mange frå Sogn og busette seg på Island. Ein har hatt eit folketap som nok var merkbart. Som omtala under Hauge i Skjolden og Kvam kan nokre ha kome frå Luster.

Går ein til indre Austlandet finn ein ei tilsvarande kraftig folkevekst på 1000-talet, med rydding av mellom anna "rud"-gardane. Busetnaden i kyststroka har då truleg vore så stor at ein har vore nøgd til å dra austover for å finna ubrukt jord.

TYPAR AV NAMNEGARDAR

Dateringer av gardsnamn har vore mykje omdiskutert. På grunnlag av språklege og historiske kriteria har ein prøvd å tidfesta gardsnamn på : -heim, -bø, -stad, -land, -sete osb. Alle desse dateringene er ikkje eintydige og ein må vera forsiktig om ein bruker dei.

Ein gard laut drivast i ganske lang tid før landskylda skulle få eit visst nivå. Nyryddingar ville vanskeleg få ei høg landskyld. Asgaut Steinnes har synt at dei gardane i Fyresdal og Nissedal som av språklege og andre grunner synest å vera eldst i ei grend, samstundes har dei største og beste stølsrettane (Holmsen, 1937). Fører ein det vidare vil nok desse rettane ha ført til at desse gardane oftast har høgare matrikkelverdi (landskyld) enn nabogardane. Med ein gamal namnetype og høg landskyld skulle alderen ofte vera høg.

Naturnamn

Korte naturnamn som Nes, Dale, Berge, Hauge og Alme vert rekna som å vera av høg alder. Namna i seg sjølve seiar likevel ikkje noko om kva tid garden vart bygd. Ser ein på storleiken av gardane har ein blanding frå dei heilt store til dei heilt små gardane. Ein kan då neppe bruka gardsnamnet til å seia noko om alderen på garden.

Namn i bunden form som Haugen har ein ofte rekna som yngre enn dei som er skrive i ubunden form, som Hauge.

Heim-namn

Ser ein på "heim"-gardane i Luster og på storleiken ut frå 1635-lista, har ein : Sørheim 10,0 laupar, Bergheim 3,0, Høyheim 11,5, Skildheim 7,0, Melheim 11,6, Oppheim 10,0, Marheim 1,7 og Lomheim 13,8. I tillegg kjem Rjupheim som ikkje var bygd i 1635. Ein har ei rekke med store gardar som er svært gamle. Ein legg merke til at dei er langt mindre enn dei eldste "stad"-gardane (Bolstad og Hillestad). I tillegg har ein nokre små : Bergheim, Marheim og Rjupheim. Rjupheim høyrer til dei minste, men det er likevel gravfunn her frå 800-talet. Det er truleg enten slik at Marheim opphavleg har vore ein stor gard som har delt seg opp seinare eller så kan han vera bygd på 900-talet. Som eg har forklart under Marheim trur eg likevel mest på den fyrste tolkinga.

Dei største "Heim"-gardane er truleg frå tida før år 600 (Særheim, 1985). Bergheim, Rjupheim og Marheim er meir usikre då gardane er så små, men dei kan likevel ha vore bygde før år 600 og så vore lagt øyde i nokre hundre år.

Vin-namn

Vin-namnet er oftast frå før år 600 og er neppe yngre enn midten av 800-talet (Solberg, 1986), men namnet seiar oss ikkje noko om kva tid garden vart busett. Ordet vin har tydinga eng. Namna Dateringa har si årsak i at vin-namn ikkje vart brukt på Island. Ser ein på "vin"- gardane i Luster og på storleiken er det : Lerum 9,0 laupar, Yttri 2,0, Rebni 2,0, Hæri 6,8, Flikki 3,5, Høgi 8,8, Solvi 10,8, Sønnesyn 6,7, Sterri 9,7 og Venjum 6,0. Det ein stor spreiing i storleik med fire rimeleg store gardar, tre middels og tre små. Dei største gardane er i middel noko mindre enn "heim"-gardane. Det tyder på at dei oftast er bygd etter "heim"-gardane. Dei er litt større enn "bø"- gardane som truleg er frå 800-talet, og med det truleg litt eldre. Dei mellomstore gardane er nok yngre enn 800-talet. Dei yngste og minste kan ha vore enger som er busett på 900-talet eller endå seinare.

Eit anna språkleg teikn på ein høg alder har ein i namnet Yttri. Yttri namnet finn ein både i Fortun og i Jostedalen. Namnet kjem truleg av "Utvin". Det er truleg laga kring år 200-400. Namnet viser til den ytre enga. Namnet er så blitt til Yttri - grovt rekna kring år 500, ved ein endring i språket som ein kallar for i-omlyd.

Stad-namn

Ein har tradisjonelt rekna "stad"-namna for å vera frå tida 800-1000. Det er ut frå at dei vart mykje brukt på Island i landnåmet kring år 900. Dei har vore rekna som vitnemål om einskildmenneske som har brote med ein større busetnad (ættegarden) og grunnlagt eigne gardar. Garden har då ofte fått namn etter den fyrste som busette seg på garden. Ein har vidare rekna stad-namna som sekundære i høve til vin-, heim- og ofte land-namna. I Luster har berre ein gard personnamn i seg, det er Hillestad. Holmestad, Kolstad og Heggestad har truleg naturemne som føreledd. Laberg (1926) meinte likevel at Kolstad kom av mannsnamnet Koll. Bolstad tyder berre bustad.

Gardar med stad-namn kan likevel gå like langt attende i tida som dei andre gardane (Særheim, 1985 og Vorren m.fl, 1990). For Luster er det ikkje rimeleg å tru at gardar som Bolstad og Hillestad skulle ha vore bygd så seint som på 800-talet. Dei har nok vore bygd utan avbrot sidan før år 600. Inge Særheim (1985) konkluderte med at ein stor del av desse namna truleg var frå tida 0-400. Han viser òg til at sjølv om det er mange personnamn som føreledd i stad-namna, er det i Noreg ikkje personnamn av kristent opphav. Han konkluderer med det at stad-namna neppe er yngre enn år 1000.

Ser ein på "stad"-gardane i Luster og storleiken i 1635 har ein Bolstad 22,1 laupar, Holmestad 1,0, Kolstad 2,0, Hillestad 20,4 og Heggestad 2,0. Ein har altså enten dei heilt store gardane eller av dei minste. Det viser til nokre gamle gardar (Bolstad og Hillestad) og fleire etter måten unge gardar. Samanliknar ein med "bø"- og "tun"-namna så er truleg dei yngste stadnamna yngre enn både "bø"- og "tun"-gardane. Ser ein det i samband med Inge Særheim (1985) sine opplysningar er det mogeleg at Kolstad, Holmestad og Heggestad kan ha vore bygd kring år 1000.

Land- og setenamn

I Noreg er det mange gardsnamn med -land ending. I Luster er det berre nokre få. Helleland og Myrlande i Jostedalen, Holseteland på Ytre Hafslo, Reseland i Mollandsmorki og Treland på Sandvik i Gaupne.

Helleland finn ein nytta som gardsnamn på Island (Helluland) kring år 900 og Myrlande (Mirland) i norske busetnader i Skottland. Ut frå mangelen på kristne personnamn i landnamna, meinte Inge Særheim (1985) at gardsnamn på -land neppe var yngre enn år 1000. Myrlande er likevel noko meir usikkert då namnet er skrive i ubunden form.

Alle landgardane er små, og er då mest truleg unge. Det ser ein òg av namnet Holseteland. "Land"-delen av namnet er sekundært til "sete"-delen av namnet. "Sete"-namn som Talsete, Sætre og Holsete er truleg frå tida 800-1000 (Holmsen, 1937).

 

Bø- og tun-namn

 

Dei samansette bø-namna og tun-namna reknar ein oftast til tida 800-1000 (Sandnes, 1974). Ein finn bø-namn i norrøne område i vesterveg mellom anna på Isle of Man, England og Skottland. Dei samansette bø-namna som Øvrebø og Kirkebø (i Solvoren) viser til ein ny busetnad vekke frå opphavsgarden. Tun-namna viser til nye busetnader på opphavsgarden, men i fyrste omgang berre som nye tun, som gjerne delte enger og åkrar med opphavsgarden.

Ut frå namnet skulle ein tru at Øvrebø er bygd i tida 800- 1000. Øvrebø-gardane er såpass store at ein nok kan sette alderen til tidleg i denne perioden. Dei to Øvrebø-gardane i Gaupne og Solvoren hadde i 1635 ei landskyld på 9,0 og 6,3 laupar med 7,8 laupar som middel. Til samanlikning hadde "tun"-gardane i Luster eit middel på 4 laupar. Det viser at Øvrebø-gardane truleg er eldre enn "tun"-gardane i Luster. Kirkebø i Solvoren hadde i 1618 berre ei landskyld på 1,3 lauper som er lite. Det er òg eit namn som må vera laga etter religionsskifte.

 

"Tun"-namn som Fortun, Bjørnetun, Elvetun, Sjøtun, Flattun, Svangstu, Franstun (Frakstu), Ormstun (Årstu) og Mykletun (Døsen) er oftast frå kring år 800-1000, men dei kan vera frå ein lengre epoke (Sandnes, 1974). Frans i Franstun er likevel eit kristent namn og er truleg laga etter religionsskifte.

NYBYGGJARANE

 

Eg har rekna Jostedalen, Fortunsdalen, Mørkrisdalen, Dalsdalen, Engjedalen, Mollandsmorki og Veitastrondi som øyde i tida kring år 600. For å gjera eit overslag over kva tid ein fekk busetnad desse stadane har eg samanlikna nybygginga med nybygginga i tida etter den store mannedauden i 1349. I 1522 var Jostedalen fråflytta i lag med Veitastrondi, Mollandsmorki, Engjedalen over Åberge, Dalsdalen, Mørkrisdalen og Fortunsdalen med unntak av to gardar i Bergsdalen. Dei ulike områda hadde ulikt økonomisk grunnlag for busetnad. Det kjem mellom anna til uttrykk i landskylda på gardane slik ein kjenner ho på 1600-talet.

 

Det økonomiske og teknologiske grunnlaget for nyrydding og busetnad var neppe særleg ulikt frå tida 800-1000 til 1500-talet. Ut frå ei samla vurdering vil eg tru at Jostedalen har vore bygd etter Fortunsdalen, men før både Veitastrondi og Mollandsmorki. Ein kan ikkje heilt sjå vekk frå at delar av Fortunsdalen var bygd utan avbrot frå før år 600. Skjønnsmessig vil eg tru at ryddinga av Jostedalen var tidleg på 800-talet.

Ser ein på kva tid gardane vart bygd fyrste gong etter år 600 og fyrste gong etter år 1500, har eg desse overslaga :

Veitastrondi

ca 900

1567-1600

samla landskyld 5 laupar

Mollandsmorki

ca 900

1590-talet

samla landskyld 9 laupar

Engjedalen

ca 1100

ikkje bygd på nytt, unnateke Belgen

 

Dalsdalen

800-talet

1522-63

samla landskyld 11 laupar

Mørkisdalen

ca 900

1522-63

samla landskyld 6 laupar

Fortunsdalen

ca 750

1522-63, unnateke Bergsdalen

samla landskyld 35 laupar

Jostedalen

800-850

1560-85

samla landskyld 26 laupar

 

PERIODEN 1000-1349

 

Den viktigaste kjelda til kva gardar som var busett er "Bergen kalvskinn" (Munch, 1843). Boka har ei liste over eigedelane til prestane og kyrkjene frå jordegods og tiend. Eigedelane til klostra manglar likevel. Dateringa av boka byr på fleire problem. Etter Dybendal (1981) er boka skrive i 1351 eller kort tid etter. Lista byggjer på ei liste frå 1316. Ut frå ho har ein lagt til nye eigedelar som ein har fått etter den tid. Det er ikkje ført inn opplysningar som er yngre enn 1336. Ved kvar einskild gard har eg vist til årstala 1316 og 1351, sjølv om året 1336 kan vera meir rett. Kva år tiendinntektene viser til er vanskeleg å seia. Det er truleg eit middeltal, truleg ein gong i tida 1316-36.

Ein gard laut drivast i ganske lang tid før landskylda skulle få eit visst nivå. Lindanger (1987) skreiv at dei minste gardane i Rogaland som heldt oppe busetnaden gjennom hele seinmellomalderen, hadde ei landskyld på 3 laupar. Nyryddingar ville vanskeleg få ei så høg landskyld. Han rekna alle gardane over denne storleiken om trulege gardar før 1349. Ser ein til dømes på gardane på ytre Hafslo var det berre ein gard med landskyld under 3 laupar (Tang) som var i bruk i 1522. Det underbyggjer at ein kan bruka om lag den same grensa på 3 laupar her òg som ei øvre grense. Ein ser likevel at langt mindre gardar var bygd før 1349.

I tida fram til 1349 fekk ein truleg bruksdeling av større gardar. Smågardar vart òg bygd. Det vart nok gardar og bruk der ein kunne livberga seg. I denne tida har nok Engjadalen og andre mindre sidedalar vorte bygd. Gardar som ein sikkert veit hadde fleire bruk er Ottum, Veum, Lingjerde, Høyheim, Kvam, Gjerløv (i Fet sokna) og Øvrebø i Gaupne.

Figuren viser korleis talet på gardar kan ha utvikla seg. Figuren gjev ei glatt kurve. Ein kan likevel venta seg at det har gått både opp og ned i kortare periodar. Talet på bruk kan ha vore langt større enn talet på namnegardar. Eg har her òg inkludert fleire øydegardar som ein ikkje kjenner namna på, men som berre er omtala som øydegardar. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at nokre av dei er frå 400-talet; slik som Modvo på Hafslo. Modvo har eg likevel ikkje i noko kjelde frå 1600- eller 1700-talet funne omtala som ein øydegard. Gardar som seinare har vore omtala som øydegardar kan òg ha vore husmannsplassar før 1349. Eg har fordelt øydegardane som nye gardar etter skjønn på 1100- og 1200-talet.

KLIMA

Klimaet er avgjerande for om ein kan driva jordbruk eller ei. Temperatur og nedbør er dei viktigaste parametrane. Viktigast vert òg klimaet for dei gardane som ligg høgast. I varme periodar har korndyrkinga gjeve god grøde og velstand. I kalde periodar med mykje uår var det naudsynt å lita på husdyrhaldet, men det har nok neppe vore nok til å unngå naud.

Sikre kunnskapar om klimaet har ein ikkje i Noreg før 1700-talet. Ulike stader i Europa har ein brukt årringar, avlingar, isgrenser osb for å seia noko om klimaendringane. Det er likevel stor uvisse i tolkingane. Det beste grunnlaget ein har i dag er ei temperaturkurve bygd på ei tolking av årringar frå tre. Årringane fortel om veksttilhøva, som igjen i hovudsak er avhengig av sumartemperaturen. På den måten er det for den nordlege delen av Sverige sett samen data attende til om lag år 440 (Briffa m.fl, 1990). Som i dag, har det i tida 600-1350 vore gode og dårlege år. Det som er av interesse for busetnaden er lengre periodar med høge eller låge temperaturar. Ser ein på 50 års periodar, får ein at det var gode vekstvilkår (varmt) i tida 719- 762, kaldt 780-829, varmt 962-1011, kaldt 1108- 1157 og varmt 1152-1201. Sumartemperaturane var likevel ikkje i nokon av desse periodane meir enn 0,6 grader frå middelet for heile perioden (Briffa m.fl, 1990). For område som ligg høgt, kan likevel forskjellane ha vore større (Wishman, 1979). Ein hadde då eit rimeleg stabilt klima i tida 600-1350.

Er korngrensa i Engjedalen i dag ved Belgen (420 moh) ville ein temperaturauke på 0,5 grad ha heva korngrensa til over 500 moh. Ein temperaturauke på ein grad ville ha heva korngrensa til om lag 600 moh. Det ville då ha vore mogeleg å dyrka korn i store delar av Engjedalen.

 

 

S A M F U N N E T

 

I 1318 måtte Gudrun i Jostedalen møta for retten for tjuveri. Ho måtte gje bøter til sysselmannen som var kongen sin styringsmann. I 1348 hadde Sigrid Haldorsdotter i Jostedalen vore utro. Ho vart då bøtlagd av årmannen som var biskopen sin mann. I desse to sakene møter ein dei to viktigaste styresmaktene i landet : kongen og kyrkja. Dei hadde kvar sine lover og rett til å døma folk etter lovene. Kongen og kyrkja spelte i hovudsak på lag. Det gav eit effektivt styringsverktøy med trugsmål om straff nå og i evig tid. Til saman var hadde dei langt sterkare maktmiddel enn kva kongane kunne få ut av den gamle religionen.

 

POLITISK SOGE

Tidleg på 800-talet var Sogn eit eige kongedøme. Midt på 800-talet var Harald Gulltann konge. Kongesete kan ha vore på Husebø i Leikanger, men det er uvisst. Ein gong i andre halvdel av 800-talet arva systersonen Harald Hårfagre riket etter Harald Gulltann. Med grunnlag i riket i Sogn erobra han Hordaland og Rogaland (Einarsdottir, 1971). For å kunne klara det gjekk han saman med Ladejarlen Håkon Grjotgardson. Håkon tok då over styring av Sogn etter Harald Hårfagre. Seinare vart Sogn styrt av rikskongane, med stormenn som lokale embetsmenn. Dei budde oftast i Bergen. Det var sysselmenn, årmenn og lagmenn.

Alle krigshandlingane - vikingferdene og borgarkrigane - må ofte ha kravd utbod av krigarar frå Luster. Elles veit ein at det er Sogn og Rogaland som har flest funn frå vikingtid, som er laga i Irland. Mykje har nok vore røva og folk frå Luster har nok vore med. Mange av vikingferdene var reiser med fleire titals skip, som må ha kravd sterk styring frå stormenn. I borgarkrigane på 1100- og 1200-talet vart sogningane på ny blanda inn i krigshandlingane. Sønene og soneborna til Gaute på Ornes var med i leiinga av mange krigshandlingar mot kong Sverre og kong Håkon.

Herjingane og krigane gav rikdom og makt for nokre, men òg enker, foreldrelause born og mange vart skada for livet. Sogene fortel at Lærdal og Sogndal vart brent. Herjingar kan det òg ha vore i Luster, men det veit ein ikkje.

SKIPREIDA

På 900-talet var Vestlandet delt opp i skipreide. Kvart skipreide skulle stilla eit skip med mannskap ved krig eller fare for krig (leidang). I 1277 var det 16 skipreide i Sogn som kvar skulle ha eit skip med 25 "sessar" - 25 par årer. Dei same 16 skipa finn ein òg i Gulangslova, som har sine røter tilbake til før år 900. Ein har her å gjera med ein gamal militær inndeling av Sogn. Seinare vart det høve til å gjera leidang i form av pengar.

I den delen av Gulatingslova som var gyldig til 1163 sendte Sygnafylket 64 mann til Gulating. Frå 1163 til 1267 sende dei 40. Frå det som var gjeldande i tida 1163-1267 høyrer ein at det skulle sendast 10 mann frå kvar fjordung. For å få 40 mann må ein ha hatt fire fjordungar i Sogn. Frå biskopen si visitasreise i Sogn ein stad mellom 1321 og 1324 var det fire kyrkjer han vitja. Ein må tru at dei var hovudkyrkjene i kvar fjordung. Det var Hoprekstad kyrkje i Vik, Ryggjakyrkja i Aurland, Tønjumkyrkja i Lærdal og Stedjekyrkja i Sogndal. Går ein nærare inn i opplysningane frå visitasen ser ein at prestane i Nes, Hafslo og Dale låg til Stedjekyrkja, mens prestane i Fortun og Jostedalen høyrde inn under Tønjum saman med Årdal og Lærdal. Presten på Ornes bidrog begge stader. Oppdelingane ser ikkje heilt logisk ut. Ein lyt tru at presten på Ornes òg var prest i Solvoren, og at han var på visitasen på Stedje som prest i Solvoren.

Det var nok då fire skipreide i kvar fjordung, men grensene mellom skipreida kjenner ein ikkje. Ser ein på dei prestane som sokna til Tønjum var det : Tønjum, Ornes, Fortun, Årdal, Jostedalen og Æri. Dei som sokna til Stedje var: Stedje, Nes, Hafslo, Dale og Solvoren. I kvart av desse områda var det då fire skipreide. Frå nyare kjelder kjenner ein desse skipreida : Lærdal i 1522, Marheim i 1371, Årdal i 1348, Dale i 1522, Hafslo i 1348, Sogndal i 1522, Solvoren i 1522 og Borgund frå 1611. Ein kjenner altså 8 skipreide i dei ulike kjeldene. Det er likevel eit ope spørsmål om alle har vore eigne skipreide alt før 1349.

Dalsskipreide omfatta nok vestsida av Lustrafjorden frå Fjøsne eller Ottum til Nes, Råum eller Sandvik. Dalsskipreide som òg omfatta Fortun møter ein ikkje før i 1522. Kva år denne ordningen vart gjeldande veit ein ikkje. Indre Folk (Indre Hafslo) var ein del av Marheim Skipreide i lag med heile eller delar av Gaupne. I 1427 vart Flattun og Kalhagen rekna til Indre Folk.

Eit skip frå Sogn skulle etter Gulatingsloven slik ein kjenner ho frå 1100-talet, ha 50 mann. Om kvart bruk stilte med ein mann må det i kvart skipreide ha vore minst 50 bruk. På 1200-talet måtte kvar tredje bonde stilla med ein mann. Ein lyt då ha minst 150 bønder i kvart skipreide. Kvar mann fekk med seg mat for 3 månader eller som dei kalla det 3 månadsmatabol. Har mannskapet vore menn i alderen 20 til 40 år, må folketalet i skipreida ha vore fleire hundre om ein reknar med kvinner, born, eldre menn og heimeverande menn.

Gardane i "Dalsskipreidet" kan ha hatt ein felles allmenning (Lusterallmenningen). Etter Øiane (1987) hadde alle gardane på vestsida av Lustrafjorden frå Kvalsvik i nord til Tandle i sør, og austsida av fjorden frå Mordal (Alme) til Indre Kroken rettar. I 1838 høyrer ein likevel at Tandle ikkje hadde rettar der (Laberg, 1926) og i 1725 at Indre Kroken ikkje hadde rettar. Grensa har nok då vore omstridd.

OFFENTLEGE INNTEKTER

Det gamle samfunnet hadde ikkje skattar slik ein kjenner dei i dag. Styresmaktene sine inntekter frå lokalsamfunna vart oftast bøter for brot på lover og leigeinntekter frå eigedelar (landskyld). Innføring av tienda på slutten av 1100-talet vart ein ny måte å skattleggja på. Tienda var 10% skatt på inntekter. Ho var delt i fire like delar : til biskopen, den lokale presten, den lokale kyrkja og til fattige. I 1274 vart bøndene òg pålagt ein skatt til kongen - leidang - i fredstid. Tidlegare kunne ein berre krevja inn denne skatten ved ufred i landet. Ei stor inntekt kom òg frå jordeiga. ser ein på jordeigedomane i Luster var det samla kring 4400 månadsmatabol. Dei jordeigerane ein kjenner var:

Eigar

Eige i månadsmatabol

Kjelde

Prestar og kyrkjer i Luster

357

Bergen kalvskinn 1351

Biskopen i Bergen

ca 250

1567 for Hafslo og 1646 for Luster

Kongen

ca 200

1567 for Hafslo og 1646 for Luster

Kyrkjer i Bergen

85

Bergen kalvskinn 1350-talet

Nonneseter kloster i Bergen

75

Jordebok 1535

Erkebiskopen i Trondheim

67

Jordebok 1440

Gimsøy kloster ved Skien

52

Jordebok 1398

Munkeliv kloster i Bergen

49

Jordebok 1427

Lyse kloster i Bergen

ca 25

Matrikkel 1646

Andre prestar og kyrkjer i Sogn

8

Bergen kalvskinn 1351

 

Samla åtte styresmaktene kring fjerdeparten av all jorda i Luster. Det var lågare enn mange andre stader. Det kan ha samband med at sentrale kyrkjer og kloster prøvde å samla sitt gods nærast råd var; nær kyrkja eller klosteret. Luster vart då ein utkant; der det vart dyrt å krevja inn leigeinntekter. Det gav høve til større grad av sjølveige og store jordeigedomar i hendene på lokale stormenn, enn kva som var vanleg andre stader i landet. Ein har knapt noko grunnlag for å vita kor mykkje bøndene åtte av jord før 1349. Går ein til 1563 åtte bøndene berre kring 4% av jorda.

 

D A G L E G L I V E T

 

ØVST PÅ STIGEN

Funn av gull, store gravhaugar og monumentale steinbygningar vart oftast rekna som teikn på maktsentra. Ein har ikkje mange slike i Luster. Ein har funn av gullringar på Lerum og Søvde. Gullhaugen på Ugulen kan òg visa til gullfunn, men det er usikkert. Dalekyrkja er eit teikn på eit maktsenter i kristen tid. Ein har segn om kongar på Ornes og Kvam, men ein mangler kjelder om dei.

 

Ein ser at Gaute på Ornes og sønene hans deltok aktivt i borgarkrigane mot Sverreætta. Tidleg på 1300-talet møter ein Alf i Kroken som kongen sin utsending for å krevja inn skatt av motstridige islendingar. Ingen av dei var likevel nokon gong rekna mellom dei aller fremste i landet. Høgætta folk var det likevel mange stader i Luster. Det var folk med store jordeigedommar og stor lokal makt.

Munkehovud frå Urneskyrkja frå 1100-talet. Kan han ha vore sonen til ein stormann frå Ornes?

BØNDENE

 

Samanlikna med resten av Europa har dei norske bøndene vore uvanleg frie. Det hadde fleire årsaker. Ein viktig årsak var at bøndene lenge makta å halda på sin rett til å gje lover og på domsretten. Dei valde òg kongane som måtte lova å fylgja lovene som bøndene vedtok. Ein hadde samlingar av gods hjå ætter og personar, men geografien tillot i liten grad at dei vart styrt som ein eining; som elles var vanleg i Europa. Ein finn òg eigedomsretten til gardane delt opp i små delar; som tillot mange å eiga ein del av sin eigen gard utan å vera rike. Dei var såleis i stor grad sine eigne herrar.

 

LÅGAST PÅ STIGEN

Fram til 1100-talet hadde ein trælar som arbeidde for dei rikaste. Forskarane er usamde om kor stort omfang det var av trælar, og kva føremoner det gav for økonomien. Ein er òg usamde om kva tid og kvifor ordningen med trælar tok slutt.

Når Gudrun i Jostedalen i 1318 blanda neper i smøret som ho gav til kongen i landskuld eller når ho stal høy frå Josef Myrlande lyt ein tru det viste til djup fattigdom. Ein var fri frå trældomen, men ikkje frå naud, undertrykking og utbytting. Det er likevel ikkje mykje ein veit om dei som sto lågast på rangstigen. Sogene fortel om dei som hadde makt og rikdom. Det same fortel dei mange dokumenta ein har om kjøp og sal av eigedelar.

 

Innføringa av tiend på slutten av 1100-talet ga ei fast inntekt til dei fattige. Dei fattige fekk fjerdeparten av tienda; som vart 2,5% av alt som vart produsert i Luster. Kring år 1300 høyrer ein om fattiglegder i Stavanger og Bergen. Det same kan det ha vore i Luster òg.

Borna er ei anna gruppe ein veit lite om. Ein har ikkje ei einaste barnegrav før år 1000 frå Luster - faktisk har ein heller ikkje nokon frå heile Skandinavia (Roesdal, 1991). Ein har heller ikkje funne leikar. Born som døydde vart nok lagt under flat mark. I Trondheim kjenner ein funn av leiker frå tida 1000-1350. Trehestar, sverd, båtar og ballar var i bruk då.

HUSA

Ein har svært få funn av hustufter frå tida 600-1000 i Noreg. Frå Luster kjenner ein berre stølstufter som er datert til denne tida. Dei nærast hustuftene må ein til Stedje i Sogndal og til Ytre Moa i Årdal for å finna. Det næraste ein i Luster kjem husa, er arkitekturen i dei kyrkjene ein har att. Urneskyrkja vart bygd fyrste gong på trepålar i jorda. Neste gong vart ho bygd med tresviller på bakken. Har ein bygd husa sine på same måten, utan grunnmur, er det nok ikkje til å undra seg over at ein ikkje har funne hustufter. I hustuftene frå Stedje, som kan vera frå 800-talet, er det funne stolpehol, som i den eldste Urnes-kyrkja. Stølstuftene i Luster viser at ein òg har hatt hus med grunnmur av stein. Slik var òg husa på Ytre-Moa bygd. Når ein ikkje brukte gode bindemiddel mellom steinane, har steinane nok vore brukt om att mange gonger; og igjen vert det vanskeleg å finna dei eldste husa. Kalk som bindemiddel for mur kom i bruk på 1100-talet.

Ser ein på stølstuftene merker ein seg at husa ikkje alltid var rektangulære og at veggene ofte var boga. Ein hadde òg ein del hus der det berre var grunnmur på tre sider av huset.

I skriftlege kjelder om Luster frå 1300-talet finn ein omtala stover (Dale og Lomheim), ei setstove (Kvam), ei tingstove (Solvoren) og eit loft (Kvam). Ein har òg hatt mange andre hus, men kjeldene teier.

Stovene var nok røykstover i ei høgd. Dei hadde ei open grue midt på golvet og ein opning i taket for å sleppa ut røyken. Røykstovene vart nytta til matlaging, lager og sovestad. Lofta var i to høgder. Dei vart ofte nytta som lager, ein stad ein tok med gjester og som gjesterom (Lærum og Brekke, 1990).

 

Når Botolf Eindrideson, Arnfinn Isakson og fleire andre menn i 1341 samla seg i setstova på Indre Kvam, må ein spørja seg sjølv om kva for eit sete det var som stod i denne stova. I Hemsedal er setestover framleis i bruk som namn på hovudstova på ein gard.

Setet kan ha vore eit høgsete. Høgsete har vore i bruk i fleire samfunnslag frå bønder til kongar. Høgsete var oftast plassert ved den nordre langveggen i huset, og nær eldstaden (Steinsland, 1991). Høgsete ser ein nytta så seint som på 1700-talet i Jostedalen.

Høgsete hadde sitt opphav i tida før år 1000, men kor langt attende veit ein ikkje. Høgsete var òg nytta langt fram i kristen tid. Det var senteret for fleire ritualer. Høgsete var òg sovestad for husbonden og kona. Når dei gifta seg gav dei eid ved høgsete. Den som hadde plass i høgsete var og den rettmessige eigaren av garden og leiar for ætta. Gulatingsloven seiar at når ein mann er daud, skal arvingane setje seg i høgsete. For både mann og kone galdt det at dei hadde råderett over sin eigedom så lenge dei makta å sitja i høgsete. Lovene fortel òg at ein skulle vera stemna til ting i sitt høgsete, om stemninga skulle vera bindande (Steinsland, 1991). Dette var gjeldande på 1000-talet, men gjekk gradvis ut av lovene. I tida 1301-49 kjenner ein av omtale berre ei setestove i heile Sogn. Det var stova på Indre Kvam.

 

Stølshusa i Luster har oftast vore laga av tre, med grunnmur av stein. Torv har berre i liten grad vore nytta som byggjemateriale (Randers og Kvamme, 1992).

GARDSDRIFT       

Driftsmåtane i jordbruket var mykje med det same i heile denne tidsbolken. I vikingtidsfunna frå Luster finn ein reiskapar som ljå, celt (spade), sigd og snidel (lauvkniv). Åkrane vart nok mest spadd, og kornet slege med ljå. Graset vart slege med ljå og lauvet med snidel. Frå Sogndal har ein to funn av ardar, men frå Luster har ein ikkje nokon.

Frå åkrane var kornet det viktigaste. Det meste har truleg vore bygg, havre eller ein blanding av dei to. Går ein fram til 1600-talet var bygg det viktigaste kornslaget i Luster. Gardsnamnet Lingjerdet viser til dyrking av lin. I Jostedalen høyrer ein om neper. Det kan nok òg ha vore andre produkt frå åkrane utan at ein i dag kan seia kva det var.

 

Kornproduksjonen på 1300-talet har vore av om lag same omfang som på slutten av 1700-talet. Mest truleg var follmengden høgare på 1700-talet enn på 1300-talet. For å få same produksjon har det vore større eller fleire åkrar på 1300-talet.

Ser ein på produksjonen slik ein kjenner han frå tienda på 1300-talet får ein:

 

tiend til prest+kyrkje (månadsmatabol)

tiend

(tonn korn)

total produksjon

i tonn korn

Hafslo

84

13,4

161

Fet

22

7,0

84

Joranger

42

6,7

81

Gaupne

60

9,6

115

Jostedalen

40

6,4

77

Nes

42

6,7

81

Søvde

51

8,1

98

Dale

32

5,1

61

Fortun

30

4,8

58

Ornes

24

3,8

46

Solvoren

40

6,4

77

 

HUSDYR

 

Hesten har nok vore i bruk i heile denne tida. Ein har frå tida 800-1000 funne bissel på Ornes, Bolstad og Høyheim. Dei er alle av dei største gardane i Luster. Det kan vera at berre dei rikaste bøndene hadde hestar. Etter år 1000 kjenner ein ikkje til noko om hestebruken, men ein lyt tru at dei var vanleg i bruk.

Storfe var nok i heile denne tida det viktigaste husdyret. Ei ku på denne tida var om lag 1m høg over ryggen. Dei mjølka om lag 500 liter i året. Ein har ikkje noko oppgåve over kor mange dyr dei hadde. Ein går ofte ut frå at ei ku gjødsla kring eit mål jord. Ut frå åkerarealet har ein så rekna ut talet på storfe. Som ein forstår vert det berre eit overslag. Andreas Holmsen (1937) fekk desse tala :

 

Hafslo

Luster

Jostedalen

Sum

Åkervidde (mål)

2580

2930

400

5910

Storfe

2390

2710

360

5460

Smør (tonn)

108

123

17

258

 

Kjeldene frå Luster teier om andre husdyr som sauer, geiter, svin og høns.

Stølane var viktige for husdyra og har vore i bruk i fleire tusen år. Figuren nedfor gir talet på daterte stølstufter i Luster i 50-årsperiodar. Han er laga etter ei statistisk analyse av dateringer gitt av Randers (1994) :

BUNAD

I dag skifter motane ofte. Ein hadde òg motar i tida 600-1350. Dei forandra seg rett nok ikkje så fort. Hypotesar om korleis folk var kledd i vikingtida, må ein stort sett byggje på funn frå andre stader. Det næraste ein kjem klede frå Luster er nokre trådrestar på Sørheim og nokre på Sterri. Funn av vevskeier, vevreel, sakser og ei nål viser til lokal produksjon av klede. Dei aller fleste bunadene vart nok laga heime - ut frå kjende teknikkar og mønster, men kor det òg var mogleg å ta inn nye impulsar. Ull, lin og skinn var nok dei viktigaste råvarene.

Vinteren 1318/19 høyrer ein at Josef Myrlande i Jostedalen gav ein del gåver til dotter si, ho Vallgjerd. Det var eit kvitt belte, "pallklede" og eit kittel. Ingeleif Torsteinsdotter på Kvam fekk på 1340-talet ei skarlagenskåpe og ei kappe av kvitt skinn av mannen sin. Noko nærare kjem ein nok om ein ser på dei måla bileta på altertavlene frå Nes og Fet. Ulempa med dei er nok at dei ikkje er laga i Luster, og at dei viser klede som kan ha førebilete frå andre stader og land.

Under golvet på Urneskyrkja fann ein eit brystklede og eit skjel. Skjelet har truleg vore brukt til å verna brystvortene på kvinna (Heiberg, 1902). Alderen på dei er likevel uvisse.

SMYKKE

Både menn og kvinner pynta seg med smykke. Det er kjend fleire smykke frå Luster som fortel litt om kva som vart brukt til ulike tider.

Mannssmykke har ein ikkje mange av. Frå Melheim har ein ei ringspenne. Ringspennene har vore til å festa kapper med som vist på teikningen under. Ein har i tillegg beltespenner frå Sørheim og frå Bolstad.

Kvinnesmykke har ein fleire av. Mest er det av perler. 24 perler er funne. Dei fleste er frå Rjupheim, men òg på Sørheim, Døsen og Hillestad. Ein lyt tru at dei har vore i bruk i mest alle samfunnslag.

Ein har funne to armringar på Talle. Det fortel likevel ikkje noko om kor vanlege slike ringar var i Luster.

Eit typisk smykke frå vikingtida er dei ovale spennene. Som vist på figuren over vart dei nytta til å halda på plass kjolen. Dei er i Luster funne som par, både på Sørheim, Flahammar, Rjupheim og Nes. Frå Nes har ein like godt tre par. Dei gjekk av mote på slutten av 900-talet (Roesdal, 1991).

 

Ei smykke som skil seg ut frå dei andre, er eit irsk kvinnesmykke frå 900-talet. Det er funne på Flahammar. I perioden 914 til 980 var det mange vikingherjingar i Irland (Roesdal, 1991). Ein lyt helst tru at dette er eit smykke som har vore røva.

Bruken av smykke etter år 1000 veit ein lite om. Ein kjenner omtalen av eit ravperleband på Kvam i 1348, eit funn av ein ring på kyrkjegarden på Søvde og fleire funn under golvet på Urneskyrkja. Det var mange perler (mange fargar og ei av rav), ein sølv fingerring, ei ringspenne, eit lauv med ring av koppar frå ei spenne og eit naglebelte.

VÅPEN

I funna frå Luster frå tida 600-1000 har ein mange våpen. Ein har 21 økser, 17 sverd, ei brynje, 8 spjutspissar, 13 pilspissar og 4 skjoldbuler.

Når det gjeld øksene kan ein del av dei ha vore brukt til fredelege føremål. Ein får tru at ein vanleg viking frå Luster hadde ei øks og eit sverd som hovudvåpen. Dei eldste sverda hadde ein egg, men frå 800-talet vart det mest vanleg med tveegga sverd (Roesdal, 1991). Frå 1000-talet hadde sverda oftast ei kule på handtaket.

Typiske sverd frå periodane 600-800, 800-1000 og 1000-1300

Nokre hadde rustning (brynje) eller skjold, men dei var i mindretal. Skjold og brynjer har truleg vore brukt av storfolk. Det ut frå funnstadene for skjoldbulane som er Bolstad, Søvde, Hillestad og Melheim, og brynja er frå Kroken. Desse gardane er alle av dei største i Luster. I tillegg er det funne ei skjoldbule på Hafslo prestegard. I Dalekyrkja veit ein at det fram til 1600-talet var to skjold. Ut frå form og storleik er dei datert til perioden 1230-1290 (Trætteberg, 1971). Så skjold har nok vore i bruk i heile perioden 600-1349, men kor vanleg det var med skjold veit ein ikkje. Gulatingslova fortel likevel at leidangsfolk skulle ha skjold. Fram til kring år 1000 var skjolda runde. Dei var av tre med ei halvkule (skjoldbule) midt på skjoldet. Då den gotiske stilen kom kring år 1200 fekk skjolda form som ein omvendt gotisk portal

Funn av spjut- og pilspissar utan samband med andre funn viser mest truleg at dei har vore brukt ved jakt lokalt. Ein har òg dyregraver som viser til jakt (Randers, 1986). Ingen bogar er funne, så dei har mest truleg vore laga av tre.

 

JARN OG SMIE

Jarn har vore i dagleg bruk i lange tider, før ein kom til 600-talet. Lokal produksjon har nok vore prøvd i mange myrer. Jarnproduksjon i større omfang har ein berre fråsegn om frå Åberge. I 1810 vart det fortalt at det ifrå Åberge skal ha vore utvinning av jarn. På vegen Jargaldene hadde det i gamle dagar vore frakta mykje myrmalm frå stølane til Åberge. Smeltehytta var på Belgen. I 1903 vart det sagt at jarnet vart brote ved stølen Jargaldene. Mellom kapellet og husa på Belgen (tett ved dei siste) kunne ein sjå spor etter jarnsmelting (Bendixen, 1903). Det skal ha vore funne slagghaugar på Åberge i nyare tid, så det kan nok vera rett (Per Hunshamar, juli 1989). Kva tid det var produksjon veit ein ikkje sikkert. I skriftlege kjelder ser ein at det så seint som i 1339 vart jarn skipa frå Sogn til Bergen. Kvar i Sogn det kom frå veit ein ikkje. - "Jarnjord" hadde dei i ei tønne på Sandvik så seint som i 1704.

Den eldste smeden ein kjenner til var Odd Smed, som ein høyrer om i 1329, og som kan ha budd på Ytre Hafslo. Når han hadde tilnamnet Smed, lyt ein tru at han var smed på heiltid. Ein får likevel tru at det har vore smedar og smier lenge før 1329. Både på Drægni, i Dalsdalen og på Alme på Ytre Hafslo er det funne mange jarnbarrer. Ein får tru at dei har vore knytta til smier og har vore nytta for vidare foredling. Det var nok helst grovsmedar, men ein og annan finsmed kan det òg ha vore. Kyrkjekunsten og våpna får ein helst tru er laga andre stader. I Jorangerkyrkja var det likevel ein alterstake. Han er truleg laga lokalt med førebilete i utanlandske arbeid.

MATLAGING

Randers (1992) har daterert mange kolgroper i Luster til tida 600-1350. Kva dei har vore nytta til veit ein ikkje lenger. Det er difor vanskeleg å bruka dei i busettingsoga. Dei kan ha vore brukt til å koka mat i. Ein grov ei grop, la kol eller ved i botnen og tente på. Når varmen vart god, la dei steinar gradvis oppå glørne. Maten vart då lagt oppå steinane. Maten pakte dei inn til dømes i leire. Leira ga då frå seg salt til kjøtet. Så vart det lagt jord på toppen. Etter nokre timar kunne ein så grave fram middagsmaten ferdig kokt. Dette er ei tolking av dei eldste kolgropene. Dei yngste var det ikkje stein i.

 

Ordet gryte kjem av ordet grjot som tyder stein. Det kjem truleg at dei fleste grytene var laga av stein - av kleberstein. I tida før år 600 var det mest vanleg med leirkar. Dei gjekk ut av mote og kar av kleberstein og jarn tok over.

Ein har funn av gjenstandar av kleberstein på Berge, Dale, Melheim, Sie, Stemmingo på Ytre Hafslo og stølen Sætrehaug i Jostedalen. Det viser nok til at kleberstein var i vanleg bruk i heile Luster.

Produksjonen av kleberstein kan ein ha hatt fleire stader i Luster. Dei eg veit om er :

 

a) eit brot nordaust for stølen Dalen, rett ovanfor Fet

b) i Rauberget i Engjedalen

c) kleberhytta over stølen Lø i Dalsdalen

d) Kleberhola nær Vamberg i Jostedalen

Om ein har laga gryter, kar og andre gjenstandar til eige bruk eller for sal veit ein ikkje. Klebersteinane til Dalekyrkja og portalen som var på Fet kjem òg etter tradisjonen frå Dalen. Dei er begge frå slutten av 1200-talet. I såfall kan ein hatt produksjon der over lang tid. Det var òg klebersteinsproduksjon tidleg på 1800-talet i Gaupne og Jostedalen (Kraft, 1830).

JAKT OG FISKE

I Geisdalen er det gjorde dateringar i ei fangstgrop. Alderen er svært usikker, men Kjersti Randers (1986) konkluderte med at gropa truleg er yngre enn ein gong mellom 940 og 1080. Gropa viser nok til jakt på reinsdyr.

Kor omfattande jaktinga var og kor viktig ho var, veit ein ikkje. På 1600-talet ser ein at det ofte vart skote rovdyr i Luster. Rovdyrplaga var nok stor før 1349 òg .

Frå Kvam høyrer ein i 1334 om eit notvarp. Ein har altså fiska med nøter. Eit funn av eit stort fiskesøkke av kleberstein frå Sie viser òg til fisking med nøter. Stort meir om omfanget av fiske og fiskemåtar kjenner ein ikkje.

SAMFERDSLE OG HANDEL

I eit skriv frå kring 1400 får ein høyra om kva gardar i Lom som skulle halda vegar og bruer i stand til midt på fjellet mot Sogn. I 1611 høyrer ein at ein i Luster hadde same plikta. Ein lyt tru at denne plikta var gamal og at ferdsla over fjellet var mykje brukt.

Bygdevegar har det nok vore mange av, men ein har ikkje kjelder om kvar dei var og om kvaliteten på dei.

Ein ser at driftekarar frå gamalt hadde rettar fleire stader i Luster. Ein lyt tru at rettane var gamle, elles er det lite truleg at nokon ville gje vekk rettar til jord eller beite. Slike rettar finn ein i Skjolden, Dale, Marifjøra og Jostedalen. Dei viser nok til ein gamal og omfattande handel med husdyr.

Den viktigaste ferdsleåra var fjorden. Kva båtar ein hadde i Luster veit ein ikkje sikkert. Ein har berre att nokre båtnaglar frå Ornes og Flahammar. I Dale- og Urneskyrkjene er det likevel nokre vikingskip i miniatyr som kan vise til skip som har vore brukt. På 1600-talet høyrer ein om ein jektebyggar på Hafslo. Om denne tradisjonane kan førast attende til før 1350 veit ein ikkje.

På 1300-talet møter ein fleire frå Luster i skriv som er dagsett i Bergen og Kaupanger. Dei har nok då vore dei store handelsstadane for dei som budde i Luster. Marknader i Luster har ein ikkje kjelder om før 1350; så ein veit ikkje sikkert om eller kvar dei har vore.

 

Å N D L I V E T

Vår tids diskusjon om den Europeiske Unionen er nok det næraste ein kjem dei diskusjonane om religion og livssyn som ein hadde i Noreg på 900-talet og i starten på 1000-talet. Det som vart diskutert var om læra til den romersk katolske kyrkja skulle bli statsreligion i Noreg, som alle måtte leve etter. Dette fekk tilslutnad på Gulating i 1028. Gulating omfatta fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

 

DEN RELIGIØSE MARKNADEN

Vedtaket på Gulatinget kravde at eit fleirtal av utsendingane ikkje berre var kristne, men òg var viljuge til å tvinga resten å fylgja den same læra. Det skulle helst skje så snart råd var. Årsaka til denne dramatiske handlemåten har nok i stor grad vore bygd på dommedagsprofetiar i Bibelen om at Jesu skulle komme att etter 1000 år. Tida var knapp og noko måtte gjerast til beste for alle. Ein må tru at heller ikkje alle kristne ville ha eit statskyrkje, men eit personleg tilhøve til guden og valfridom. Talet på kristne har nok vore ganske stort. Islendingane gjorde eit likande vedtak i år 999. Forslag om liknande vedtak hadde nok vore drøfta mange vender før ein fekk fleirtalet med seg. Kongane fekk oppgåva med å handheva lova.

I den islandske Landnåmabok lista ein opp namnet på dei fyrste som busette seg på Island; i hovudsak i tida 870-930. For nokre får ein vita kvar dei kom frå og kva religion dei hadde. Andreas Holmsen (1937) skriv at fleste som kom frå Sogn var kristne på denne tida. Mange av dei lyt ein likevel tru fyrst hadde vore på dei britiske øyane før dei drog til Island. Når Olav den heilage skulle få gjennom vedtaket frå Gulatinget hadde han ikkje problem i Sogn. Etter sogene var Voss den einaste gjenstridige staden på Vestlandet. Grunnen til at ein hadde så mange kristne har nok samband med mykje reising. Rogaland og Sogn og Fjordane er til dømes dei fylka i Noreg som til dømes har flest saker frå Irland (Pettersen, 1928). I Rogaland har Per Hernæs vist til fleire graver frå 800- og 900-talet som han meiner er kristne. På Veøy i Romsdal er det òg funne kristne graver frå 900-talet. Liknande undersøkingar er ikkje gjort i Sogn. Når ein i Jostedalen ikkje har gravfunn er det freistande å spekulera i om ein her har hatt ein tidleg kristen busetnad.

Der ein i dag kan koma den førkristne læra nærast inn på livet er i eddadikta og i gravskikkane. Dei høgætta vart når dei døydde lagt i haug med gravgods rundt seg. Den som døydde fekk ofte med seg smykke, våpen eller arbeidsreiskap i grava. Gravene kunne vera både brende og ubrende. Spørsmålet er kva det fortel oss og om dei fortel noko om kva folk trudde på. Fleire har hevda at gravgodset er eit uttrykk for trua på eit nytt liv etter at ein døyr. Utstyret skulle då vera lagt i gravene for bruk i eit seinare liv - eit liv i haugen eller til dømes i Valhall.

Så enkelt er det ikkje. Når dei gravla folk la dei ofte gravene i gamle gravhaugar. Dei må ha funne gamle graver og sett at gravgodset endå var der. Det hende nok òg at dei tok med seg det dei fann av verdi. Den gravlagde kunne då ikkje ha fått seg eit nytt liv ein annan stad. Nokre graver vart òg brende så gravgods av brennbart materiale kan heller ikkje ha vore til bruk i haugen. Kvifor la dei så gravgods i gravene? Går ein til dømes til eit av dei største og best kjende gravene i Noreg - grava til Oseberg-"dronninga" var ho gravlagt i eit stort skip. Det var eit skip som ikkje var sjødyktig. Ein kjenner òg til skip som må ha vore øydelagde, halve, snudde opp ned osb før dei vart brukt i gravene (Næss, 1969). Dei har fått med seg skip ein ikkje kunne bruke!

Årsaka til alt gravgodset kan like godt ha med skikk og bruk og gjera, som med trua på noko nytt liv. Gravlegginga med nedlegging av gravgods var då ei minnestund og gravhaugen eit minnesmerke over han eller ho som døydde. Gravgodset er forskjellig frå grav til grav. Det som vart lagt ned ved sida av avdøde kan då ikkje ha vore etter ein norm eller fastsett dogme for kva ein trengte i eit seinare liv. Gravgodset kan ha vore ei samanstilling av gjenstandar som hadde ei særskilt meining; for han eller ho i det daglege livet eller i festleg lag.

 

Ein kan òg sjå for seg at godset var gravgåver frå ætt og naboar. Det kan ha vore eit spleiselag eller dugnad på same måten som ein seinare kjenner bedarlaga. Om gravgodset samla skulle vera frå han som var død, kunne det vera ei urimeleg tapping av reiskapar og verdiar frå ein einskild huslyd. Bedarlaga kan ha vore det nettverket ein bygde på i gravferder. Dei andre i bedarlaget hadde med seg mat og ei gåve. Det var så eit lag heime hjå han eller ho som var død. Den døde vart så lagt ned i jorda eller på bakken. Avdøde fekk så gravgåver og ein haug vart laga som eit minne for all tid. Trælar, born og jordlause hadde nok ikkje same typen nettverk rundt seg og fekk ei enklare grav - utan minnestund og utan gravgåver.

Eit argument for at ein trudde på eit liv etter dette, har vore det som er skrive i "Eriksmål". Dette er eit dikt skrive om Eirik Blodøks. Diktet fortel at Eirik etter at han var død, vart motteken av Odin i Valhall. Han brukte her tida med slåsting og festing saman med andre heltar (Roesdal, 1992). Uansett var det berre ein liten del som døydde i krig, og for kvinner eller born kjenner ein i det heile ikkje tradisjonar eller kjeldeskrifter om at dei for nokon stad etter gravferda. Odin var truleg òg ein gud for delar av det øvste sosiale laget i samfunnet.

 

Det er ikkje noko prov på at gravlegginga har vore førebuing for eit nytt liv. Gravferda kan òg ha vore ein samankomst berre for å visa ære og for å minnast han eller ho som var død.

På 900-talet hadde ein fleire religionar som konkurrerte og misjonerte aktivt. I arkiva til paven går det fram at det var aktiv misjonering i det høge nord på 800-talet. På 1000-talet høyrer ein på Island om omvandrande biskopar frå den gresk ortodokse kyrkja (paulanere) (Steinsland, 1990). Dei kan nok òg ha vore aktive i hundreåra før. I listene over utflyttarar til Island finn ein òg nokre få som vart titulert som "gudlause", som nok var ateistar eller agnostikarar. Dei fleste var nok likevel knytta til ein eller fleire gudar eller folketrua.

Mange trudde på gudar av ase-, vane- eller jotneopphav. Moglege Hov-namn i Gaupne og Skjolden og namna Josvanger, Lunde og Veum kan vise til slik dyrking. Namnegranskaren Eivind Vågslid har seinare gått mot mange av desse tolkingane. Elles har det nok vore ei utbredd tru på overnaturleg makter som ikkje alltid var sett inn i ei bunden forestillingsverd. Sogene om Odin og dei andre gudane har forsvunne i folkeminne. Trua på overnaturleg makter har overlevd like til vår tid. Det kan tyda på at denne trua låg nærare opp til det folk opplevde og ho var på mange vis sterkare enn den gamle gudetrua. Ein finn endå delar av denne trua att i segn og eventyr.

I eit samfunn der den katolske læra gradvis styrkt seg, hadde ein nok eit mangfald av handelsmenn for religiøse tankar - noko for kvar smak. I 1028 vart det brått annleis. Noko av læra om asene og vanene har nok likevel vore levande til ut på 1200-talet då delar av ho vart skrive ned. Ein høyrer òg om sterkt truande asa-tilhengerar på Island på 1000-talet, lenge etter vedtaket på Alltinget.

DEN KATOLSKE KYRKJA

Det er ikkje mykje ein veit om kyrkja dei fyrste hundre åra. Den fyrste kyrkja på Ornes kan ha vore bygd før år 1000. Ei ny vart bygd kring 1050-1060, og den kyrkja ein har i dag kring 1160. Det kan òg ha vore bygd kyrkjer i Luster andre stader så tidleg, men dei er vekke no.

Ein kjenner til at det var kyrkjer på Ornes, Fortun, Dale, Søvde, Nes, Gaupne, Jostedalen, Joranger, Fet, Hafslo og Solvoren før 1349. Det er òg segn om kyrkjer på Bolstadmoen i Skjolden og på Kappastad i Engjedalen. Om det er rett er uvisst.

 

Kyrkjeretten til den romersk katolske kyrkja vart gradvist innført. Presteskapet fekk òg domsrett og frå slutten av 1100-talet òg rett til å skattleggja folk (tiend). Presteskapet var mektige i styringa av landet, men òg i tilhøva i Luster.

Ein ser at nokre gav gåver til kyrkjene og prestane. Tienda og gåvene auka rikdomen og makta til kyrkja. Mange var leiglendingar under lokale kyrkjer og prestar, men òg kloster, biskop, kyrkjer i Bergen og erkebiskopen i Trondheim. Presteskapet vart for mange herrar både i det daglege livet og i åndslivet.

Gudstenesta i kyrkja var dels på latin og dels på norsk. Folk sto på golvet og høyrde på presten så lenge gudstenesta varte. Det var ikkje noko oppvarming i kyrkjene, så om vintrane måtte ein kle seg godt.

 

KUNST

 

Når folk mista høvet til å laga gravhaugar som minne, lyt ein tru at dei brukte kyrkjene. Fleire av kyrkjene og innbuet i dei vart nok i kristen tid bygd eller gjeve som minne om einskildpersonar. Kven dei var; veit ein lite om, som dei som vart lagt i haug nokre hundre år før. Symbolbruken i kyrkjene kan nok visa attende, men ein er berre i liten grad i stand til å tolka symbolbruken i dag.

Dørportalane i Urneskyrkja har gjeve namnet sitt til ein stilart : Urnesstilen. Bileta er ikkje skorne ut i grunnmaterialet, men grunnmaterialet er skore vekk slik at bileta er høgare enn grunnmaterialet (relieff). Motiva i portalane finn ein i bruk alt kring år 700 i England; så dei var altså ikkje nye.

Ein møter mange typar kunst i gravhaugane og i kyrkjekunsten. Det ein finn i gravene lyt ein helst kalla for brukskunst. I kyrkjene finn ein maleri, skulpturar og treskjering. Kor mykje av dette som vart laga av lokale kunstnarar veit ein ikkje lengre.

 

Det er berre kjend eit døme på skaldekunst frå Luster. Det er to versemål skrivne med runer i Orneskyrkja. Runene er truleg frå slutten av 1100-talet (Magerøy, 1988). Ein har då hatt skaldar i Luster, men noko meir veit ein ikkje.

Runer finn ein brukt på veggar og gjenstandar frå mellomalderkyrkjene i Luster. Dei har nok vore det vanlegaste skriftspråket for folk flest. Lokale dokument frå Luster med gotisk skrift har ein ikkje før på 1300-talet.

                                  

A U S T S I D A A V

 

L U S T R A F J O R D E N

 

Ornes, Kroken, Talsete og Sørheim var i mellomalderen heimstad for norsk høgadel. Gardane må ha vore maktsentra med stor makt i lokale tilhøve. Dei hadde òg innverknad på Noreg si soge. Det var fyrst på Ornes på 1100-talet, så på Sørheim på 1200-talet og så på Kroken kring år 1300. Kva tid det budde adel på Talsete er meir uvisst. Ornes, Kroken og Sørheim er òg dei einaste gardane i Luster som me kjenner frå kongesogene.

KJELDEGRUNNLAGET

Det er fleire kjelder ein kan bruka til å forklåra korleis busettingsoga var for austsida av Lustrafjorden.

a) Dei største gardane vil eg tru vart rydda fyrst. Ser ein på korleis gardane var verdsett (landskyld) i 1635, er ho som i lista nedfor. Eininga er laupar smør der 1 laup er 15,6 kg smør.

Gard   

landskyld i 1635 (lauper smør)

Eldste kjelde

gravfunn frå 600-1000 ?

bygd i 1522 ?

Ornes             

18,5

1181

ja

bygd

Kroken            

12,5

1298

ja

bygd

Sørheim

10,0

1239

ja

-?

Lerum            

9,0

1440

lausfunn

-??

Hagenes

4,3

1522

-

bygd

Bergheim

3,0

1563

-

-

Feigum

3,0

1440

-

-

Kinsedal

3,0

1378

-

-

Lingjerde

3,0

1316

-

-

Sande 

2,9

1316

-

-

Havreberg

1,3

1616

-

-

Loven 

1,0

1607

-

-

Stokkenes

Kjøtnes

(0,8 i 1661)

0,5

1585

1603

-

-

-

-

Alme

(0,3 i 1661)

1616

-

-

Aslevold

-

1378

-

-

Talsete

-

1309

-

-

 

 

 

 

 

 

På lista har eg slått saman Indre og ytre Kroken.

Når Sørheim er ikkje med på lista i 1522, kan det vera at han som budde der var ein skattefri adelsmann.

Det var altså fire store gardar og ein rad med små. Den stor skilnaden har truleg hovudgrunnlaget i ulik alder.

Samla hadde dei ei landskyld på 73 laupar. I tillegg var det i 1635 einskilde eigedelar på austsida av fjorden som høyrde inn under gardane på vestsida av fjorden. Dei hadde i 1635 ikkje eiga landskyld.

 

b) Felles stølar eller teigblanding mellom gardane viser ofte til at dei ein gong har høyrt saman. Dei gardane som hadde felles stølar var etter Einar Venjum (1934), Lars Øiane (1987) og Johannes Kroken (9.2.1994), som vist i tabellen på neste side.

Eigedomstilhøva i Krokadalen er omdiskutert. Loven sin eigedel i Ormedalen er yngre enn 1711.

 

Inndalen

Alme og Ødegård

Hovden

Lerum og Sande

Mordøla         

Lerum og Sande

Feigedalen

Havreberg, Sørheim, Bergheim, Feigum og Hagenes

Krokadalen

Hagenes, Stokkenes, Loven, Lingjerde og Kroken

Brekka

Hagenes og Stokkenes

Åsete  

Loven og Kroken

Kinsardalsstølen

Kinsedal og Åsen

Ormedalen

Loven og Kroken

c) Austsida av Lustrafjorden er delt på tre kyrkjesokn : Dale, Nes og Solvoren. I tillegg var Søvde eige kyrkjesokn fram til slutten av 1500-talet, men om det omfatta delar av austsida er ukjend. Kroken er delt mellom Nes og Solvorensokna. Kroken må ha vore delt før kyrkjesokna vart til. Fram til midten av 1500-talet var Ornes eige kyrkjesokn med eigen prest.

Eg har samanlikna landskylda frå 1635 mellom gardane som sokna til Urnes og dei som sokna til Nes. Urnes hadde 57% av det Nes hadde. Ser ein på tienda i byrjinga på 1300- talet hadde Urnes 56% av tienda frå Nes. Ut frå det vil eg tru at storleiken både på Nes og Urnes soknene var dei same på 1600-talet som på 1300-talet.

 

d) Gardar som eingong har høyrt saman er ofte saman i bedarlag. Hans Lavold (10.8.1992 og 31.8.1992) kjenner desse bedarlaga. Bedarlaget for Alme er ukjend for meg:

Etter landskylda i 1635 hadde Sørheim sitt bedarlag ei samla landskyld på 23,7 laupar, Feigum 10,3 laupar, Kroken 17,5 laupar, Ornes 18,5 og Kinsedal 3,0.

 

I 1522 var nok berre Sørheim (?), Hagenes, Kroken og Ornes bygd. Bedarlaga ein kjenner i dag har då truleg sitt opphav frå ein gong etter 1349, og kan ikkje utan vidare brukast om tida før 1349.

GARDAR PÅ 600-TALET

Går ein attende til 600-talet kan det vera at det på austsida av Lustrafjorden berre var gardane Sørheim, Kroken og Ornes som var busett. Etter landskylda frå 1635 var Sørheim ( med underliggjande gardar) på 29,7 laupar, Kroken ( med underliggjande gardar) 21,8 laupar og Ornes ( med Kinsedal) på 21,5 laupar. Dei omfatta :

Ornes

Kroken           

Sørheim

Ornes

Kinsedal

Aslevold

Åsen   

Ytre Kroken

Indre Kroken

Hagenes

Sætre  

Stokkenes

Loven

Lingjerde

Sætre  

Alme  

Kjøtnes

Ødegard

Sande 

Storøygarden

Lerum

Sørheim         

Havreberg

Lie-Øygarden

Øygarden

Talsete

Bergheim

Feigum           

 

I tillegg kjem Rok og Røfrostum. Det kan vera at dei var mellom dei gardane som ein kjenner med namnet Øygarden i dag.

ORNES

Hagbart og Signe

I 1827 skreiv Christie opp eit segn om Hagbart og Signe som ikkje fekk kvarandre. Ein versjon finn ein òg hjå Olav Sande (1892). Bathen (1983) fortel at det òg har vore ei vise om dei. Signe skulle ha vore dotter til kong Ragnvald på Ornes. Ravaldshaugen skal vera etter han. Ein annan haug er etter Hagbart (Hagbartshaugen). Ein kirsebærskog på Ornes hadde namnet Signes skog. I Urneskyrkja var det restar av eit teppe som skal ha vore vove av Signe. Kor mykje av dette som er eventyr og kor mykje som er røyndom veit ein ikkje lengre.

I Ravaldshaugen er det funn frå både før år 600 og etter. I sjølve Ravaldshaugen fann ein eit bryne (Lorange, 1876 og Shetelig, 1926). Ho er av Lorange (1876) tidfesta til tida 600-1000. Bryna er no tapt (Ringstad, 1986). Det skal òg vera funne skår av leirkar og båtsaum (båtnagler) i haugen (Ringstad, 1986). Båtsaumen viser til ei båtgrav. Elles kjenner ein berre til ei båtgrav frå Luster, ho var på Flahammar.

Hagbartshaugen vart graven opp i 1840 (Bathen, 1983). Der fann dei mange gravrom, ved sida av kvarandre og i fleire høgder. Det viser til mange graver frå ein lang tidsperiode. Dei eldste er frå bronsealderen (Mandt, 1991).

Nokon kong Ragnvald eller Rognvald er ikkje kjend frå sogene. Ein finn likevel fleire høgætta menn; og fleire med jarletittel. Den mest kjende er nok Ragnvald Mørejarl. Kven og kva Ragnvald på Ornes eigentleg var veit ein ikkje lengre.

Andre funn frå Ornes

I 1831 fann ein i ein haug ved Ravaldshaugen ei grav på Ornes frå tida 800-1000. Det var ei tverrøks, ein hammar og ei øks av jarn (Lorange, 1875). I 1915 fann ein i ein gravhaug på Myren eit tveegga sverd, eit munnbit av eit beksel av jarn. Det er frå tida 800-1000 (Bergen Museums Årbok, 1915).

Elles er det fleire lausfunn. Det er eit spjut under ei helle i ein åker, og ei vevskei (type R440). spjutet er frå tida 600-1000 (Fett, 1955). Vevskeia er truleg frå 900- talet (Petersen, 1951). Spjutet og ikkje minst sverdet må me tru har samband med krigføring.

I 1971 fann Jørgen Bøen ein jarncelt på Bøen. Det er eit slags spadeblad. Celten var 23 cm lang og 7 cm over eggen. Det kan vera at celten vart nytta for å laga staurhol. Den er frå tida 600-1000 (Bergen Museums Årbok, 1971).

 

Bøe (1927) skriv at det òg vart funne ein 18 cm rettvegga celt av jarn og ein 12 cm holk (kniv) av jarn aust for kyrkja. Dei kan vera frå tida 1000-1350 (Fett, 1955).

Under golvet i kyrkja er det òg funne ein kniv av jarn, med egg og rygg jamnt og likt bua. No er han 10 cm lang (Fett, 1952). På kyrkjegarden er det òg funne ein kniv frå 1200- eller 1300-talet. Han er 23 cm lang (Bergen Museums Årbok, 1915).

Kistelok frå kyrkjegarden på Ornes. Han er laga av kleberstein og er smykka med hjulkross. Bugge (1926) skriv at liksteinen kan ha høyrt til Brynjolf, som ein finn namnet på i kyrkja, men det er berre spekulasjon.

Ætta til Gaute på Ornes

I 1988 gjorde Hallvard Magerøy ei omfattande kjeldevurdering av ei ætt frå 1100- og 1200-talet. Ho høyrde etter P. A. Munch i 1843 heime på Ænes i Hardanger. Magerøy kunne ved si gjennomgang av ulike handskrifter til sogene visa at dei ikkje høyrde heime på Ænes, men på Ornes. Eg har her fylgt dei konklusjonane som Magerøy har gjeve. Balle (1990) tolkar likevel kjeldene som P A Munch, så alle er ikkje samde med Magerøy sine konklusjonar.

 

31. mai 1181 låg kong Sverre i Vågen i Bergen med 16 skip. Frå aust kom kong Magnus Erlingson med 32 skip. Det vart eit blodig sjøslag utanfor Nordnes. Mellom dei fremste skipsførarane til kong Magnus var Jon og Munan, sønene til Gaute på Ornes. Forfattaren av soga om kong Sverre må ha rekna Gaute som ein kjend mann. Gaute må ha levd kring midten av 1100-talet. Gaute eller sønene hans kan ha stått for bygginga av Urnes stavkyrkje slik ein kjenner ho i dag. Me har òg ein runeinnskrift med namnet "Gaute" i Urneskyrkja (Olsen, 1957).

Jula 1183 drap sogndølane kong Sverre sin sysselmann i Sogn. I soga om kong Sverre vart det skrive at årsaka var at "sogningane" var misnøgde med Sverre. Truleg var det folk frå heile fylket og ikkje berre avgrensa til Sogndal. Mellom dei som mest stod for drapet var ein Gaute. Gaute var bror til Karlshovud og son til presten Arngeir. Gaute var eit lite brukt namn på denne tida. Før år 1200 er det berre to mann i Noreg som er kjend og som hadde det namnet. Det var Gaute på Ornes og Gaute som deltok i drapet i Sogndal, om det ikkje då var same mannen.

Munan var òg eit sjeldsynt namn i Noreg. Før Munan Gauteson kjenner ein to med namnet Munan : Munan Ogmundson (død 1137) og Munan Åleson (død 1160). Dei var begge av dei fremste ættene i Noreg. Ut frå felles namnebruk kan det vera ættesamband mellom desse ættene, utan at ein i dag kan visa om eller korleis det var. Einar Balle (1990) meinte at Munan Gauteson kunne vera bestefar til Munan Biskopson, som ein kjenner frå midten av 1200-talet, men ein manglar kjeldegrunnlag for å stadfesta det.

 

Munan Gauteson er òg kjend som vitne ved eit makeskifte i Bergen. Ein kan ikkje tidfesta makeskiftet betre enn at det var mellom 1170 og 1190.

Jon Gauteson høyrer ein ikkje nok meir om. Det kan vera at han fall i slaget ved Nordnes. Broren Munan var med i slaget ved Fimreite 15. juni 1184 då kong Sverre på ny hadde eit slag med kong Magnus Erlingson. Kong Magnus og storparten av hans fremste menn mista livet i slaget. Me høyrer at Munan under slaget rodde til lands med skipet sitt. Folket hans gjekk på land og kasta store steinar på skipet (Mariasude) til kong Sverre og gjorde stor skade. Munan var truleg mellom dei som overlevde slaget.

Då baglarane utropte Erling Steinvegg som konge over Noreg sumaren 1204 var det mange hovdingar i Noreg som slutta seg til han. Mellom dei, og den som fyrst vart rekna opp var Arnbjørn Jonson. Han var son til Jon Gauteson. Arnbjørn hadde vore fosterson hjå den seinare Oslobiskopen Nikolas Arneson. Han vokste opp på Stårheim i Nordfjord. Då Erling Steinvegg døydde vart Arnjørn i 1218 kong Håkon sin mann. Etter det vart han kongen sin sysselmann i Østfold. Våren 1240 sloss Arnbjørn i eit slag mot hertug Skule på Austlandet, og døydde kort tid etter.

Biskop Nikolas Arneson på Stårheim i Nordfjord var kong Sverre sin fiende. Det kan tyda på at heimen og ætta til Arnbjørn har vore kong Sverre sine fiendar. Mellom hovdingættene på Stårheim og Ornes kan det ha vore eit intimt venskap og samarbeide (Hallvard Magerøy, 1988).

Baronen Bjarne Erlingson

I 1309 sette baronen Bjarne Erlingson opp sitt testamente. Mellom eigedelane hans var Ornes. Frå Ornes fekk han 128 laupar smør ( nær 2 tonn) i året i landskyld. Bjarne hadde arva det mektige Bjarkøy godset i Nord Noreg. Med giftarmålet med Margrete Nikolasdotter av Giske på Møre i 1270-åra, vart han eigar av det største godset mellom Bergen og Trondheim på denne tida. På 1500-talet var Giske- godset det største i landet. Ornes var den største garden Bjarne åtte. Ein høyrer at Bjarne og Margrete hadde kvar sine testament. Det er då mogeleg at dei hadde særeige. Ornes kan ha vore arv frå Bjarne sine foreldre. Faren til Bjarne var Erling Ivarson til Bjarkøy. Det kan vera at Bjarne var i ætt med dei tidlegare stormennene på Ornes, for mest truleg var dei òg eigarar av Ornes. Margrete døydde i 1305 og Bjarne i 1313.

I den avskrifta av testamentet til Bjarne Erlingson me kjenner skriv han at Ornes skulle gå til oppfylling av testamentet til kona Margrete Nikolasdotter av Giske. Asgaut Steinnes (1968) meinte likevel at det truleg var systera til Bjarne Margrete Erlingsdotter som overtok Ornes etter Bjarne. Frå Margreta har truleg Ornes gått i arv til hennar born.

Etter det finn ein ikkje att Ornes i noko skriv før i 1380, men Ornes var nok i ætta til Bjarne Erlingson i mellomtida. Kven som budde på Ornes er samleis ukjend.

Dei flotte ljosestakane i Urneskyrkja er laga i Frankrike og er datert til slutten av 1200-talet. Eg ser for meg to mogelege kandidatar til kven det kan ha vore som gav dei til kyrkja. Staken kan ha kome frå Bjarne Erlingson eller kona hans. Ein veit at Bjarne hadde fleire reiser ut frå Noreg. Staken kan òg ha kome frå Alf i Kroken, som òg hadde vore mykje ute på reise.

Bøndene på Ornes

I Urneskyrkja er det ei rad med runeinnskrifter. Ein del av dei har religiøst innhald. Andre har personnamn. Her skal eg nemne dei som har personnamn. Det er truleg namn på folk i Ornes sokna (Magnus Olsen, 1957).

1. "Haldi hin helgi Drotinn hond yfir Brynjolfs ondu, that se satt", eller på meir moderne språk : Halde den heilage Herre handa over anda til Brynjolf. Det vera sant. Magerøy (1988) held fram at den fyrste setningen er i skaldeversemålet "Dróttkvætt".

2. "ar", som kan ha vore dei fyrste bokstavane i eit namn, til dømes Are eller Arne

3. "beine", som er mannsnamnet Beine

4. "maria" som seiar seg sjølv

5. "roarr?u", som kan ha vore

Roar r(issa runene), sjå teikningen

6. "arnfithrræist mik", som er Arnfinn rissa meg

7. "gaute", som seiar seg sjølv

8. "askrimr", som er Asgrim. Magnus Olsen skriv at namnet truleg er rita inn på same tid som dei måtte hogge to søyler i kyrkja på 1100-talet. Det kan ha vore namnet på byggmeisteren.

9. "ion", som er Jon. Namnet er både på ein tretallerken og på ei søyle.

10. "arni prestr vill hafa Inga", som er Arne prest vil ha Inga! Runene var på ein pinne under koret. Runene kan vera frå andre halvdel av 1100-talet eller 1200-talet. I sogene er "hafa" nytta om å få til ekte eller få ein av det andre kjønnet i si makt.

11. "kbs", som Olsen (1957) har tolka som K.B. son (som til dømes Kolbein Bjarneson).

I kyrkja er det tretten bumerke som vitne om nokre av dei som har budd i Urnessokna (G F Heiberg). Alderen på bumerka er rett nok ukjend.

Under golvet i Urneskyrkja vart det i 1902 og i 1956/57 funne mange myntar (Svarstad, 1961). Dei var spreidd over heile kyrkja. Ein får tru at nokre er mysta, men dei fleste er nok ofra av dei som nytta kyrkja. Ei medisinsk avhandling frå 1300-talet fortel at nedgraving av myntar hjalp mot kramper; så det kan ha vore råd mot ulike sjukdomar som gjorde at dei hamna der. Fordeler ein myntane grovt etter kva tid myntane vart lage får ein den kurva som er vist på neste side. Ein har mange myntar frå kong Sverre sin periode som konge frå 1177 til 1202. Det kan vera at dei er ofra av Gaute eller av familien hans. Kven det var som stod bak pengane på slutten av 1200-talet, veit eg ikkje. Det er likevel frå den tida baronen Bjarne Erlingson åtte Ornes. Det kan vera at det var Bjarne eller nokon i slekta hans som stod bak.

PRESTANE PÅ ORNES

Som omtala over har ein ein innskrift med runer som viser til ein prest med namnet Arne. Magnus Olsen (1957) skriv at runene truleg er frå 1100- eller 1200-talet. Sølibat for prestar var ikkje innført på den tida.

Ein gong mellom 1321 og 1324 var biskopen på visitas i Sogn. Han var då mellom anna på Stedje og Tønjum. Ærlender prest på Ornes var den einaste som måtte yte tilskot begge stader. Ein ser òg at det ikkje var prest i Solvoren. Ærlender har nok då vore prest både i Solvoren og på Ornes. Tilskotet til visitasen på Stedje var som prest i Solvoren og tilskotet til Tønjum var som prest i Urnessokna.

Dette er dei einaste prestane ein kjenner frå Ornes.

URNESKYRKJA

 

Urneskyrkja har vore har vore granska av mange forskarar gjennom åra. Dei har hatt ulike oppfatningar av kyrkja; korleis ho har vore til ulike tider og kva tid dei ulike delane vart bygd.

 

Herman Schirmer meinte i 1910 at delar av kyrkja viste merke etter å ha høyrt til eit større bygg, som han meinte hadde vore eit hov. Han viste òg til ei trenagle med runer med teksten "Ty og dei andre gudane". Ho vart funne under kyrkja og han meinte at ho var frå 800-talet. Denne tolkinga av nagla og dateringa har Aslak Liestøl seinare gått mot. Ein finn òg at Haakon Shetelig (1926) støtta opp under hov-teorien, men teorien har seinare fått liten tilslutnad (Hauglid, 1969).

 

Den kyrkja som ein har i dag er sett saman av delar av ei eller fleire eldre bygg. Kristian Bjerknes (1958) og Knud Krogh (1972) argumenterte for at kyrkja er sett saman av to eldre bygg. Det ut frå mellom anna at ein ikkje kan forklåre alle dei eldste delane av kyrkja, berre med grunnlag i eit bygg. Det alle er samde om er at det har i alle høve stått ei kyrkje på Ornes før den kyrkja ein har i dag vart bygd.

I 1957 vart det grave under golvet i kyrkja. Det vart funne fire graver som ut frå korleis dei låg må ha vore eldre enn den eldste kyrkja. Det må såleis ha vore ein gravplass på staden før det vart bygd ei kyrkje. Alle gravene var orientert aust-vest og mangla gravgods. Ut frå det skulle dette vera kristne graver (Christie, 1958). Det kan òg vera at det er fleire graver utfor kyrkjetomta som ein ikkje har granska. Eg vil tru at ein i fleire generasjonar før kyrkja vart bygd kan ha hatt kristne på Ornes, altså attende på 900-talet.

Kyrkja på 1000-talet kan ha vore om lag 8 meter lang og 5 meter brei. Koret kan ha vore vel 3 meter brei og 3 meter lang. Roar Hauglid (1968) held fram at den fyrste kyrkja og den opphavlege austgavlen kan ha vore som vist på neste side. Knud Krogh (1972) meiner likevel at rekonstruksjonane er dårleg grunngjeve.

Dateringa av den eldste kyrkja har variert frå 1030 til like etter 1100. Ut frå myntfunna, byggjestilen og ornamentikken var kyrkja mest truleg frå tida 1050-1060. Ved utgravinga i 1957 vart det funne ei rad med stolpehol. Den fyrste kyrkja kan då ha stått på nedgravne trestolpar. Desse stolpane kan ha rotna vekk, og gjeve grunnlaget for at ein måtte byggje kyrkja opp att på ny. Den kyrkja ein har i dag er bygd på sviller som ligg på marka.

I andre halvdel av 1100-talet vart den gamle kyrkja rive og ei ny bygd. Nokre av dei gamle materiala vart nytta om att. Det er i hovudsak den kyrkja ein kjenner i dag. Dateringa varierer frå om lag 1150 til fyrste halvdel av 1200-talet (Hauglid, 1969). Det mest omfattande forsøket på datering er gjorde av Erla Bergendahl Hohler (1975). Ho studerte ornamentikken i kyrkja og daterte ormamentikken til mest truleg å vera frå 1160-talet.

 

KYRKJEBUNADEN

På toppen av søylene i kyrkja er det kapitel. Dei har fire figurar kvar. Magerøy (1971) meinte at dei kunne visa attende til soga om Sankt Antonius som levde kring år 300 i Egypt. Soga fortel at han møtte ei rad med fantasidyr. Det kan vera dei som er avbilda på dei andre kapitela. Fleire utsmykkingar i kyrkja viser løver i kamp med slangar. Bugge (1933) meinte at dei viste strid mellom gode og vonde makter. Det er nytta nordisk dyreornamentikk som uttrykksform. Ei slik tolking er likevel usikker.

 

Det er òg eit krusifiks med Maria og Johannes på sidene. Det er frå midten eller andre halvdel av 1200-talet (Bugge, 1933). På baksida av krusifikset er det malingsrestar som tyder på at krusifikset opphavleg sto i ei måla kyrkje. Det er difor uvisst om krusifikset sto i Urneskyrkja før 1349.

 

Ein har òg fleire gamle gjenstandar :

 

- To store ljosestakar i Limoges-emalje. Dei er laga i Frankrike og er frå 1200-talet. Under golvet i koret fann ein ein emaljert bronsefigur av tilsvarande arbeid som alterstakane. Dei har høyrt til eit krusifiks som no er vekke.

 

- "Bispestolen" i koret er frå 1100-talet. Stolar var på denne tida ikkje i bruk hjå vanlege folk. Stolen var eit symbol på noko opphøgd -- til bruk for ein herskar.

Stolar i mellomalderkyrkjene meiner ein difor kan vera brukt av biskopane, når dei var på visitas. Ein kan nok likevel tenke seg andre brukerar.

- ein skulptur av ein munk eller ein helgen. Etter Frimannslund (1944) er han frå om lag 1150 og etter Hauglid (1969) er han frå slutten av 1100-talet. Han er i Historisk Museum i Bergen no.

- Eit ljosskip i smijarn frå 1200-talet. Skipet er maken til eit skip i Dalekyrkja.

I 1902 vart det grave under golvet i kyrkja. Ein fann då mange gjenstandar som kan ha vore frå før 1349 (Heiberg, 1902). Dei er likevel berre i liten grad tidfesta.

I Historisk Museum er det òg ein skulptur av ei kvinne ("Madonna") med ei krone. Etter Frimannslund (1944) er dei om lag frå år 1150. Hauglid (1969) skriv at dei er frå 1200- talet.

 

ASLEVOLD

I 1378 høyrer ein om ein gard med namnet Aslevold. Oluf Rygh (1919) meinte at det kan ha vore det same som bruksnamnet Haslevolden på Ornes. I så fall har Haslevolden vore ein eigen gard før 1349. I såfall har ein nok å gjera med ein ung gard som er skilt ut frå Ornes på 1100- eller 1200-talet.

KINSEDAL

Kinsedal er kjend i skriv frå 1378 og 1380. Mest truleg var Kinsedal i bruk før 1350 òg. Ut frå storleiken på garden vil eg tru at han kan ha vore rydda på 1000- eller 1100-talet.

KROKEN

Kroken vil eg tru var busett samanhangande frå før 600- talet.

I ein haug på Kroken skal det ha vore funne ein "vel vedligeholdt Rustning". Denne ble teke med til København av amtmann Theiste på slutten av 1700-talet. Opplysningane er sparsame, men rustningen kan ha vore frå tida 600-1000 (Ringstad, 1986).

På slutten av 1200-talet dukkar Kroken opp i dei skriftlege kjeldene. I 1298 var Alf i Kroken i Trondheim på oppdrag frå mellom anna baronen Bjarne Erlingson. Bjarne var eigaren av Ornes. Han skulle granske bøkene til krossbrørne i Trondheim. 10. mars 1298 skreiv Alf eit brev der han rapporterte kva han hadde gjort.

 

14. august 1298 var Alf i Kroken, Nikolas Lagmann og Eindride Kvite (sjå om han under Kvam) vitne ved salet av ein eigedel i Eide i Nordfjord. Handelen vart truleg gjorde i Bergen. Mellom 1298 og 1300 må Alf ha blitt adla då han vart titulert Herre Alf frå Kroken i 1300. Alf i Kroken var den norske kongen sin skatteoppkrevjar på Island. Alf drog i 1300 til Island for fyrste gong for å krevja skatt for norskekongen. I 1301 drog han igjen til Island.

Den store dramatikken kom ikkje før i 1305. Han drog då som Hirdstjore (stattholdar) og var lensherre for Nord- og Austlandet på Island. Han kravde då inn nye skattar. Han fekk då motbør. Betre vart det ikkje ved at han opptrådde omsynslaust. Då han reiste rundt på tinga, gjorde han dei som stod han mot utlæg (landflyktige). På Oddeyre og Hegranes tinga på Nordlandet vart det gjorde åtak på han. Særleg ille såg det ut for han på Hegranes. Mange unge menn sprang på han for å drepe han. Thord på Mødruvoll og andre stilte seg imellom. Han fekk reise frå tinget, medan Thord verna ham.

Nokre kjelder seiar òg at han vart drepen, men så ille gjekk det ikkje. Det var òg sagt at han til sist døydde av sott (sjukdom) på Island vinteren 1305.

 

Etter Alf finn ein ikkje att Kroken i kjelder før i 1378. Då var Kroken mellom eigedelane til Bjarne Erlingson si ætt. Alf og Bjarne kan ha vore i slekt med kvarandre. Med den nære tilknytinga til Bjarne Erlingson kan ein tru at Alf styrde Bjarne sitt gods i Sogn. Han kan òg hatt embete i Sogn.

I den islandske annalen Annales Regii finn ein at Herr Alf Basseson døydde i 1305. Det er nok vår Alf. Ein kjenner berre ein riddar med namnet Basse frå denne tida. Det er Herr Basse Guttormson. Basse Guttormson er omtala i fleire dokument som er dagsett i tida 1286 til 1301. Dei fortel lite om hans eiga ætt. Det einaste ein får vita, er at han hadde ein brorson med namnet Guttorm i 1298. Dei fleste skriva om Basse er dagsette i Stavanger. Ein lyt tru at han var busett der. Knut Helle meinte at Basse var sysselmann for Sør-Rogaland. Skal ein spekulere i ætta til Basse kan det vera at han var sonen til Guttorm (Jonson?) på Sørheim.

Våpenmerket til

Basse Guttormson

i 1286

 

 

I ei engelsk kjelde møter ein ein Alf Krok i 1308. Har ein så hatt to mann med namnet Alf i Kroken? Ein kan i tillegg spørja om plasseringa av Alf til Kroken i Luster er rett. For ein må òg kunna sjå for seg Kroken som ein kjend bygard i Trondheim. Alf Krok i 1308 er omtala saman med mange frå Trondheim og kan vera sonen til Alf Basseson.

Øiane (1987) viser til at det på Indre Kroken er ein stad med namnet Tuftene. Tuftene ligg ovanfor Hestedalen på ei hylle i åssida kring 330 meter over havet. Øiane meinte at det ikkje var usannsynleg at det var på Tuftene at Alf budde. Ein må nok sjå på det som spekulasjon. Tuftene i seg sjølve har eit lite jordstykke kring seg og kan like gjerna vera gamle stølstufter (Johannes Kroken, 9.2.1994).

LINGJERDE

 

I 1316 åtte Ornespresten 1 månadsmatabol i Øvre Lingjerde og noko i Nedre Lingjerde. Lingjerde vil eg tru vart rydda på 1000-talet. Truleg vart Lingjerde delt i to tun på 1100- eller 1200-talet.

Lingjerde er kjend i eit skriv frå 15. april 1325. Det var eit møte i Bergen der Eystein Mugga møtte for kona si og Pål Kvam (frå Hafslo) møtte for systera til Birgitte i Grautan sine born. Eystein ga då Pål 7 månadsmatabol i Lingjerde.

LOVEN

Loven er ikkje kjend i kjelder før 1607. Han er òg ein liten gard. Det er difor uvisst om garden kan ha vore bygd før 1349. Laberg (1926) meinte at garden opphavleg truleg hadde vore åkerjord under Kroken.

HAGENES OG STOKKENES

 

Hagenes er kjend frå ei skatteliste i 1522. Hagenes har då mest truleg òg vore bygd før 1350. Ut frå storleiken i 1635 kan Hagenes vera frå om lag år 900. Stokkenes er ikkje kjend før i 1585 då Neskyrkja åtte ein del av garden. Neskyrkja åtte likevel ikkje noko i garden i 1351. Det er likevel godt mogeleg at Stokkenes vart rydda før 1350. Det kan vera at Hagenes og Stokkenes ein gang var ein gard. Han kan ha hatt namnet Nes, og dei to gardane fekk sine namn når garden vart delt. Dette blir likevel spekulasjon.

RØFROSTUM OG ROK

Orneskyrkja åtte i 1351 i gardane Rok (2 månadsmatabol) og i Sætre (1 månadsmatabol). Eigedelen i Sætre fekk kyrkja som testamentgåve frå Arne Bonde i Røfrostum og sonen hans. Dette var dei einaste eigedelane kyrkja hadde. Er det mogeleg å seia noko om kvar desse gardane var?

Sætre var nok Sætre på ytre Hafslo. I 1585 åtte Orneskyrkja 0,5 laupar i Hærum og 1 melle i Hagenes. Då kyrkjer sjeldan selde eigedelar vil eg tru at Rok kan ha gått inn i Hærum eller Hagenes. Rok kan då ha vore det opphavlege namnet på det som i dag er kjend som stadnamnet Øygarden - som ligg nordaust for Hagenes. Namnet Rok kan vise til rok- sjørok eller til kurekkjing - den eine kyra etter den andre i rekkje.

 

"Røfrostum" kan ha vore ein gard i Ornes kyrkjesokn. Kvar det var kan eg ikkje seia noko sikkert om. I 1603 møter ein husmannen "Nils i Røstenn" i Marifjøra skipreide. Oluf Rygh (1919) fører Røstenn som å vera det same som "Røfrostum". Det er mest spekulasjon. Det same er det når Yngvar Nielsen (1880) meinte at Arne Bonde var den same som Arne "Røf" som ein kjenner frå Hordaland.

FEIGUM

Feigum er kjend i eit skriv frå 1440, då erkebiskopen Aslak Bolt i Nidaros åtte 6 månadsmatabol i garden. Mest truleg var då òg Feigum bygd før 1350. Ut frå storleiken kan han vera frå kring år 1000.

Det er uvisst om ein skal rekne Feigum og Bergheim til Sørheim eller Kroken. Feigedalen er delt på tvers over Feigevatnet, der ein finn Sørheims-Feigedalen øvst i dalen. Ein må nok tolka det som at Sørheim har hatt heile området, og at Feigum og Bergheim har vore skilt ut frå Sørheim mot grensa til Kroken. Sørheim har då halde fast på dei øvste stølane i dalen.

I fjellet mellom Feigedalen og Årdal er det funne ein pilspiss. Han er 13 cm lang av type R538/R541 (Fett, 1952). Han er truleg frå 800- eller 900- talet (Petersen, 1919).

 

BERGHEIM

 

Bergheim er ikkje kjend frå noka kjelde før 1563. Det er difor uvisst om garden var rydda før 1350. Det er likevel godt mogeleg.

SØRHEIM

På Sørheim er det funne ei mannsgrav og to lausfunn.

Lausfunna er ei beltespenne, som truleg er frå 600-talet (Shetelig, 1926). Vidare eit steikespidd frå 900-talet (Petersen, 1951) Steikespiddet var 77 cm langt (Lorange, 1876).

Mannsgrava låg over ei grav frå 500-talet. Grava hadde eit einegga sverd, ei øks og ei tverrøks. Det er berre fragment att av sverdet og ein kan ikkje sjå kva type sverd det har vore. Øksa høyrer til Petersens type D og daterer grava til tida 800-850 (Ringstad, 1986). Det vart òg funne naglar og ei perle, men dei er no tapt (Ringstad, 1986).

I 1926 vart det funne to ovale spenner. Dei er av same type (type R652), og begge er defekte. Spennene låg i jorda utan teikn til gravfunn. Nåla var av jarn. Avtrykk av tøy vart funne på undersida av begge spennene (Bøe, 1926). Eit funn med så lite gods kan visa til ei gamal kristen grav eller til at dei som grov ikkje fekk med seg alt. Grava er truleg frå 800- eller 900-talet (Solberg, 1986). Ovale spenner gjekk ut av mote i andre halvdel av 900-talet.

Ein spjutspiss er funnen ved Tynningane på eit bart sva mellom Svartavatn og Myrkdalen (B10364). Han var 18 cm lang (Fett, 1952). Spissen er truleg frå 900-talet (Petersen, 1919).

Sørheim på 1200- og 1300-talet

Sørheim var såpass stor at garden nok tidleg har vore delt opp i fleire brukseininger. Det kan likevel vera at størstedelen av garden hadde berre ein eigar.

 

Sørheim finn ein fyrst omtala i 1239. Guttorm frå Sørheim (Sudrheimum) var då ein av mennene til hertug Skule i Trondheim. Skule hadde tidlegare vore sysselmann i Sogn. Guttorm kan ha vore Skule sin mann frå den tida. Skule proklamerte seg som konge over Noreg 6. november 1239. Skule kom då i krig med kong Håkon Håkonson om retten til å vera konge. I november 1239 sendte han Olav frå Vigtil og Guttorm frå Sørheim mot kong Håkon som var i Bergen. Med dei sendte han òg ein stor styrke hærmenn. Tanken var truleg å koma uventa på kong Håkon i Bergen. Dei drog frå Trondheim og herja på Nordmøre. Dei var på jakt etter soldatar, men ryktet hadde gått føre dei så dei fekk ikkje tak i nokon. Karane som budde langs kysten hadde flykta sørover. Då dei ikkje fekk tak i dei mannskapa dei trong drog dei attende til Trondheim. Skule drog så 18. februar 1240 sørover over fjellet mot Oslo. Fader Klemet og Guttorm Sørheim vart att i Trondheim med 240 mann.

 

Nokre dagar seinare segla kong Håkon inn Trondheimsfjorden. Då Klemet og Guttorm fekk høyre at kongen var venta, drog dei ut og barrikaderte seg på Klosterkyrkja på Nidarholm. Det er det som no er Munkholmen utanfor Trondheim. Dei sende nokre menn til kongen for å be om grid (nåde). Dei fekk grid etter nokre dagar. Soga seiar at somme drog med kongen og somme drog heim til gardane sine. Det er det siste ein høyrer om Guttorm og kvar han vart av veit ein ikkje.

Mellom dei som fekk grid då kong Håkon tok Trondheim var Jon frå Sørheim (Sudrheimum). Det vart då sagt at Jon var ein slektning (frende) til kongen. Fleire ættegranskarar held fram at Jon truleg var frå garden Sørum på Romerike, men namnet er skrivet på same måten som dei andre frå Sørheim. Etter Henning Sollied (1942) høyrde Jon til på Sørheim i Luster. Engebret Hougen (1968) meinte han høyrde til på Sørum. Noko sikkert kan ein ikkje lengre seia. Det er likevel godt mogeleg at han høyrde heime på Sørheim. Korleis ættesambandet var mellom Jon og kong Håkon er ukjend.

21. april 1240 tapte Skule mot kong Håkon i Oslo. Skule sin hær vart då oppløyst.

Ein kunne vera freista til å tru at Guttorm på Sørheim var Guttorm Jonson som ein har omtala på Ornes. I så fall må han ha skifta side i borgarkrigen. Han var etter det ein kan sjå frå sogene kong Håkon sin mann. Det kan likevel ha skjedd, på same måten som broren Arnbjørn Jonson (Ornes) og mange andre i samtida skifta side.

Det kan ha vore store skilnader i oppfatning mellom hovdingane i Luster på denne tida kven ein skulle fylgje. Ein må òg tru at dei har rekruttert eller prøvd å rekruttere mannskaper mellom dei same bøndene. På same måten som på landsplan må ein gå ut frå at det òg førde til problem i Luster.

I 1263 var Dag frå Sørheim mellom mennene til kong Håkon Håkonson på ferda til Skottland. Det var fleire skip som reiste. Dag var då i same skipet som kongen. Det vart rekna som ærefullt. Noko meir veit ein ikkje om han. Det er likevel ikkje urimeleg å tru at Dag var sonen eller svigersonen til Guttorm.

Ein gong i fyrste halvdel av 1300-talet budde det ei høgadelsenke med namnet fru Margrete på Sørheim. Ein kjenner til at ho ein gong mellom 1316 og 1336 gav 2 månadsmatabol i Langen til Ylmheimskyrkja og 2 månadsmatabol til Ylmheimspresten. I sitt testament gav ho òg 3 kyr til presten i Dale. I andre skriv finn ein at fru Gyrid på Slinde i Sogndal hadde ei dotter med namnet fru Margrete. Det kan vera at det er same Margrete som er omtala. Ho var i så fall dotter til riddaren Audun og fru Gyrid på Slinde. Kven Margreta var gift med veit ein ikkje, men det må ha vore nokon frå høgadelen.

Eyvind Dahl (1948) meinte at Margrete kunne ha vore gift med adelsmannen Erling Gauteson frå Talgje i Ryfylke og så med far til adelsmannen Phillippus Erlendson på Odensland i ytre Sogn. Hypotesen når det gjeld Erling Gauteson er ikkje grunngjeve og Asgaut Steinnes (1968) har gått mot det. Han har ei anna tolking av kjeldene. Når det gjeld Erlend er det bygd på at ein av etterkommarane til Phillipus Erlendson var eigar av Slinde. Det byggjer på mange føresetnader. Alf i Kroken er òg ein mogleg kandidat.

Desse adelsfolka har nok ått garden, men leiglendingar har nok stått for drifta. I 1322 finn ein at Pale og Kolbein budde på Sørheim (Sudreimum) og var til stades i ei sak om Ottum. Dei var nok leiglendingar. I 1324 høyrer ein at Pale Bjarneson var til stades ved eit forlik på Ottum. Eg vil tru at det er same mannen som i 1322.

 

 

TALSETE

Gardsnamn som ender på "sete" vil ein oftast tidfesta til før år 1000 (Holmsen, 1937). Talsete kan då vera frå 900-talet.

På 1500-talet skreiv Absalon Pederssøn som var biskop i Bergen, si soge om Noreg. Absalon var truleg frå Aurland, så han burde kjenne ein del til Sogn si soge. I eit avsnitt om Sogn skriv han at det i "fordums tid" budde adelsfolk på Talsete. I 1669 var det strid mellom eigarane av Sørheim og Flamammar om eigedomsrettane til Talsete. Det vart då sagt at Talsete i over 300 år hadde høyrt til Flahammar. Fordums tid må då ha vore før den store mannedauden.

25. januar 1309 høyrer ein at baronen Bjarne Erlingson, som òg var eigar av Ornes, testamenterte 9 månadsmatabol i Talsete til brorsonen Jon. Jon fekk ikkje rett til å bytte, selje eller på annen måte kvitte seg med garden. Om Jon ikkje fekk livsarvingar skulle garden igjen komme under Bjarne Erlingson eller arvingane hans. Bjarne døydde i 1313. Jon var då truleg eigar av Talsete.I 1316 og 1351 var presten på Søvde eigar av 6 månadsmatabol i Talsete. Samla landskyld var då minst 15 månadsmatabol.

 

Kven det var frå norsk høgadel som Absalon viste til veit me ikkje noko om i dag.

HAVREBERG OG ØYDEGARDEN

Havreberg er nok skilt ut frå Sørheim. Kva tid garden vart rydda er ukjend. Garden er såpass liten at eg er usikker på om han var bygd før 1349.

I ei utskifting på Havreberg og Sørheim i 1713 er det omtala "den lille ødegarden" og "Lie-ødegarden". Det eine bruket på Havreberg har i dag namnet Øigarden så det har nok vore fleire gardar her som seinare vart lagt øyde.

LERUM

 

På Lerum er det funne to celtar. Det er ei slags hakke. Dei er begge 21 cm lange (Petersen, 1951). Dei vart funne saman med tre til (Fett, 1954). Dei er truleg lagt ned som eit jarndepot. Det er altså ikkje eit gravfunn (Petersen, 1951). Desse celttypane har vore i bruk over ein lang periode, så ein kan ikkje tidfesta dei betre enn til tida 600-1000.

Edvard Qvale fortalde i 1810 at ein nokre år før fann ein gullring på Lerum, som vart selt for 10 riksdalar. Alderen på ringen er ukjend.

Etter plasseringen må ein tru at Lerum har vore eit bruk på Sørheim, som har fått seg eit eige namn. Ut frå storleiken på garden kan han ha vore skilt ut på 7-800-talet. Namnet er eit såkalla "vin"-namn. Det vil seia at siste del av namnet opphavleg har hatt endinga "vin". Ordet vin har tydinga eng. Namna er oftast frå før år 600 og er neppe yngre enn midten av 800-talet (Solberg, 1986).

Lerum er ikkje kjend frå noko skriv før kring 1440 då erkebiskopen i Trondheim åtte 16 laupesbol, eller nær fjerdeparten av garden. Garden var då øyde - altså hadde han vore bygd før.

 

SANDE OG STORØYGARDEN

Sande er kjend frå Bergen kalvskinn i 1316 og 1351. Fetkyrkja fekk då 2 såld ( 195 kg) korn i årleg leige frå Sande. Sande kan ha vore rydda på 1000- eller 1100-talet. Største jordeigaren i Sande var nok Gimsøy kloster som i 1398 åtte 17 månadsmatabol.

Ut frå felles stølar på Lerum og Sande vil eg tru at Sande er skilt ut frå Lerum.

Overfor Sande har det òg vore ein øydegard. Han heiter i dag "Storøygarden". Kva garden opphavleg har hatt som namn er ukjend.

KJØTNES

Kjøtnes er ikkje kjend frå noka kjelde før 1349. Det er difor uvisst om garden var rydda før 1350.

ALME

I eit skriv frå 1318/19 finn ein at det var ting på Alme. Oluf Rygh (1919) meinte at det var på Alme i Luster, men som Jon Laberg (1926) skreiv var nok tinget på Alme i Hafslo. Ein har då ikkje noko skriv om Alme frå denne tida. Det er då uvisst om Alme var rydda i mellomalderen.

Lars Øiane (1984) skriv at Alme vart skilt ut frå Ottum kring år 1600. Ut frå det store folketalet og det press det må ha vore på å ta i bruk jord er det likevel mest truleg at Alme òg var rydda i mellomalderen. Eit argument mot er at Alme frå gamalt ikkje hadde eigen støl. Det kan vera at garden vart delt opp etter den store mannedauden og at Alme berre er ein del av ein større gard som òg omfatta eigedelar som no høyrer til gardar på vestsida av fjorden. Laberg (1926) skriv at Alme i eit skriv frå 1649 vart omtala som ein tidlegare øydegard. Namnet øydegard vart på denne tida òg brukt som namn på ein skatteklasse. Det kan vera at det viser til at statusen på garden var høgare enn før.

ØDEGARD

På slutten av 1600-talet vart Ødegard skilt ut frå Ottum (Øiane, 1987). Namnet viser nok til ein gard som var bygd før 1349, men noko meir veit eg ikkje om han.

 

S K J O L D E N,

 

F O R T U N S D A L E N OG

 

M Ø R K R I D S D A L E N

Kyrkja i Fortun var i mange hundre år eit religiøst senter. Til kyrkja lyt ein tru at ei valfarta frå heile Luster; truleg òg frå Gudbrandsdalen. Sjuke og andre som trengte hjelp drog til kyrkja. I koret sto det eit relikvieskrin. I skrinet var det relikviar frå ein helgen. Trua var hjå mange sterk på at relikviar hadde stor magisk kraft.

 

KJELDEGRUNNLAGET

Dei største gardane må ein i utgangspunktet tru vart busett fyrst. I Fortunsokna var det frå gamalt store skilnader mellom dei største og dei minste gardane. Brukar ein opplysningane frå 1635 finn ein denne lista over kor mykje leiglendingane betalte i leige til eigarane. Det var samstundes eit mål for storleiken. Tala i lista er rekna om til eininga laupar, der ein laup er det same som 15,6 kg smør. Samla var det 76,7 laupar.

Gard              

           

landskyld 1635

Eldste kjelde

600-1000           

gravfunn ?

bygd i 1522 ?

 

 

 

 

 

Bolstad          

22,1

1316

ja

bygd

Fortun            

8,0

1316

ja        

-

Berge             

7,5

1522

-

bygd

Hauge            

7,5

1316

ja

bygd

Heltne            

3,6(1646)

1398

-

bygd

Drægni           

3,5

1316

lausfunn

-

Eide               

3,5(1646)

1318/21

ja

bygd

Mørkrid         

2,8

1398

-

-

Yttri               

2,5

1428

lausfunn

-

Søvde            

2,5

1522

ja

bygd

Skagen           

2,0

1603   

            -

-

Optun            

2,0

1316-36

-

-

Rebni 

2,0

1563

-

-

Svendsøy

1,5

1603

-

-

Bjørk  

1,0

1309   

-

-

Holmestad

1,0

1585   

-

-

Steig   

1,0

1316

-

-

Gjerseggen

1,0

1316

-

-

Ormelid

0,7

1603

-

-

Skår

0,7

1603

-

-

Moen  

0,4(1646)

1640

-

-

Bjørkøy(Øiane)

0,3

1625

-

-

 

 

 

 

 

 

Lista viser at det er tre grupper med gardar. Suverent største garden var Bolstad. Ei gruppe for seg var Fortun, Berge og Hauge. Resten er ei gruppe med smågardar. Denne skilnaden i storleik vil eg tru har noko med alder å gjera. Noko av skilnaden kan òg forklarast ut frå kva gardar som var øyde etter den store mannedauden.

Gardar som har felles stølar eller teigblanding vil ofte ha eit felles opphav. Dei gardane som har felles stølar er etter Lars Øiane (1984) som vist i tabellen på neste side. Stølane i Utladalen er etter Lars Øiane (1984) av nyare dato og er difor ikkje av interesse her.

 

GARDANE PÅ 600- OG 700-TALET

Ut frå gravfunn er det berre Søvde, Fortun, Eide, Bolstad og Hauge som ein er sikre på var busette i tida 600- 1000. Vidare kan garden Hove ha vore busett. Det ut frå at namnet kan vise til eit før kristent gudehus. Gardsnamnet Hove finn ein òg på Island. Slike gardar kan vera frå så seint som 900-talet. Det er i tillegg lausfunn frå Drægni og Yttri, og eit lausfunn som vart funne nær Skagastølshytta i 1952. Det er ei pil som ein ikkje kan tidfesta betre enn at ho er frå tida 600-1000.

Råsane

Hauge, Gjerseggen, Moen og Drægni

Fast

Bolstad og Heltne

Hovden

Fortun og Furåsen

Liane

Bolstad og Heltne

Langedalen

Bolstad og Heltne

Egg

Optun og Berge

Nørstedalen

Øyane og Svendsøy

Stokkastøl

Holmestad og Steig

Nausanåsi

Skagen og Yttri

Gjessingane

Søvde og Optun

Berdalen

Fuglestig, Furåsen og Fortun

Dulsete

Hauge og Moen

Rebnisli

Rebni og Skår

Skåri

Rebni og Skår

Myrsete

Rebni og Skår

 

Om ein skal sjå på busettingssoga i Fortun må ein sjå på kva det er som skil gardane og kva dei har felles. Det som gjennom tidene har skilt er i fyrste rekke fjellet mellom Mørkridsdalen og Fortunsdalen. På tvers av fjellet kan eg berre sjå at bruken av stølen Råsane har vore felles mellom Hauge, Gjerseggen, Moen og Drægni. I tillegg hadde Yttri støl på Stilla i Mørkridsdalen.

Det som i tillegg har skilt gardane er Mørkridsdalselvi og Fortunselvi. Om ein ser på gardane i Mørkridsdalen er det berre Mørkrid, Rebni og Skår som har hatt rettar på ein sida av elva. For Bolstad og Heltne har ikkje elva vore til hinder for å ha rettar på begge sider. Ser ein på Fortunsdalen er det frå gamalt berre Holmestad, Skagen og Steig som har hatt rettar på begge sider. Dei andre gardane ligg enten på eine eller hi side av elva.

Når det gjeld avgrensinga til nabobygdene ser det ut til at soknegrensa mot Dale ligg naturleg som eit skilje mellom Hauge og Fjøsne utan noko teigblanding. Fjøsne hadde likevel støl på Gurosete i Mørkridsdalen.

 

Med grunnlag i det som står over vil eg tru at det kring år 600 var tre gardar i Fortunsokna, skilt frå kvarandre av Fortuns- og Mørkriddalselvene. Den eine garden var ganske sikkert Bolstad. Den andre garden vil eg tru var ein gard på austsida av Fortunsdalen. Ein tredje gard kan ha vore Hauge. Ut frå lista i 1635 hadde "Fortunsgarden" ein storleik på 27,2 laupar, Bolstad har hatt 34,3 laupar og Hauge 16,6 laupar. Hauge har då omfatta Hauge, Fjøsne og Mørkrid.

Når Fortunsdalen og Fortunselva har namna sine etter Fortun kan Fortun ha vore den fyrste garden i sjølve Fortunsdalen. "Tun"-namn kan ein i regelen ikkje tidfesta lengre attende enn 800-talet. Det blir då den høgast alderen for resten av gardane i Fortunsdalen, om ein ser vekk frå Bergsdalen.

Namnet Fortun viser òg til at det er det fremste tunet til ein annan gard, men kva gard kan det ha vore ? Denne garden må då vera eldre enn slutten på 700-talet. Lars Øiane (1984) viser til at Fortun hadde teigblanding med Berge i Bergsdalen. Det er då etter Lars Øiane mogleg at dei to gardane kan ha hatt same opphav. Rygh (1919) skriv det same, men utan noko grunngjeving. Eit argument mot er likevel at gardane ikkje hadde felles stølar. Det kan òg vera at Berge har vore rydda på nytt ein gong på 700-talet og då skilt ut frå ein gard i sjølve Fortunsdalen. Laberg (1926) meinte at det var mest rimeleg å setja Fortunsgarden i samband med Bolstad eller Eide. Han tenkte seg at Fortun hadde vore vårstøl for ein av gardane.

Sigbjørg Yttri (mars 1993) skriv at tunet på Fortun tidlegare sikkert låg høgare oppe. Når ein passerte Fortun og skal byrje på oppstiginga til Sognefjellet heiter det siste platået Eggjabakkane. Ho meinte òg at Fortun må vera eldre enn namnet "Fortun". Det er opp til to meter matjord på garden. Det kan tenkjast at garden har hatt namnet Eggja, og at ein eingong i tida har flytta nedover i terrenget. Garden har då fått namnet Fortun.

Om garden Fortun ikkje var den eldste i dalen, kan det vera at dalen og elva fekk nye namn etter at det vart bygd kyrkje der. Utviklinga ville i så fall ha svart til at gardsnamna Dale og Hafslo vart namn på større einingar etter at ein fekk kyrkjer der. At sokna har namnet Fortun har neppe noko anna grunnlag at kyrkja stod på Fortun. Fortunsdalen og Fortunselva kan likevel ha fått namna sine seinare. Eit anna døme på ei slik namneendring er Hafslo og Hafslovatnet.

 

Ser ein på tilhøva etter den store mannedauden i 1349, var det i 1522 berre Søvde og Berge som var bygd i hele Fortunsdalen. Resten av dalen låg øyde. Det ein har sett frå andre stader i landet er at dei yngste gardane òg oftast vart lagt ned fyrst. Ut frå det skulle ein tru at Berge og Søvde var mellom dei eldste om ikkje dei eldste gardane i Fortunsdalen. Det kan vera at Berge eller Søvde var einaste garden i Fortunsdalen som vart busett etter år 600. Frå Berge kan ein då ha fått skilt ut Fortun (det fremste tunet) og Optun ( det øvste tunet). Ut frå storleiken er Berge langt større enn Søvde og då truleg eldst. Samleis har truleg dalen namnet sitt etter den eldste garden eller den eldste garden har namnet sitt etter dalen.

FORTUN

 

I 1860 fann ein eit tveegga sverd i ein åker på Fortun. Sverdet er tidfesta til tida 700-850 (Petersen, 1919). Mest truleg var sverdet frå ei grav. Det gjev då ein minste alder på Fortun til år 850. Sverdet var 88 cm langt og 6 cm brei. Typen er R490 (Undset, 1888).

Ser ein på storleiken av "tun"-gardar i Luster er Fortun den største. Ut frå storleiken er òg Fortun mest truleg den eldste av dei. Skal ein plassere alle gardane mellom år 800 og 1000 (Sandnes, 1974), må ein nok plassere Fortun tidleg på 800- talet, eller kan hende på slutten av 700-talet.

Fortun som gard er ikkje kjend i noko skriftleg kjelde før 1350. Det har nok likevel budd storfolk på garden på 1100- talet som har stått for bygginga av stavkyrkja. Det sosiale midtpunktet må då i stor grad ha blitt flytta frå Skjolden og til Fortun.

I Fortunkyrkja var det 27 bumerke som nok viste til nokre av dei som budde i Fortunsokna (G F Heiberg). Nokre av eigarane av bumerka har nok òg budd på garden Fortun. Alderen på bumerka er ukjend. Nr 1 er frå dørplanken om norddøra, nr 2-9 på nordre dør, nr 10-22 på vestdøra, nr 23-25 på vestsida av kyrkja, nr 26 på dørplanken til vestdøra og nr 27 frå ei søyle i skipet.

FORTUNKYRKJA

Den gamle kyrkja i Fortun var truleg frå 1160-80 (Bugge, 1953).

Ornamentikken i kyrkja var ikkje særleg omfattande. Det var ein utskåren flettverksboge på vestsida, på hovuddøra ein snodd "arkivolt" og på søylene var det kapitel med krossar.

I kyrkja var det to klokker som er overflytta til den nye kyrkja. Dei kan vera frå 1100-talet. På den eine klokka er det ein religiøs tekst .

Rekonstruksjon av den eldste Fortunkyrkja (Bjerknes, 1940)

I Historisk Museum i Bergen er det eit relikvieskrin frå Fortunkyrkja. Det er frå byrjinga av 1200-talet og er det eldste ein har i Noreg. Skrinet hadde eit lok forma som eit sadeltak. Sidene har emaljerte kopparplater med ein runeinnskrift (Heiberg, 1970). Foten har arkaderekker (Bugge, 1933). Skrinet er 31 cm lang, 13 cm brei og 30 cm høg (Olsen, 1957). I helgendyrkinga var trua på magien i relikviar viktig. Ved å ta på relikvieskrin var ein i nærleiken av ei overnaturleg kraft. I eit kraftsenter trudde ein at det kunne skje mirakel og sjuke kunne bli friske.

Det var òg ein 4,2 m lang bautastein i kyrkjegardsgjerdet (Christie, 1837). Dyrdal (1995) fortel at ein døypefont òg er i kyrkjegardsgjerdet.

På utsida av nordveggen var det ein runeinnskrift som var : "hika ihkiborh th". Magnus Olsen (1957) tolka det som : Helga Ingiborg. På nordsida og innsida av vestportalen stod det med runer "askautr" som må vera mannsnamnet Asgaut. Det kan vera at det var personar i Fortunsokna på 1200- eller 1300-talet. Noko graffiti i kyrkja kan ha vore frå 1100-talet (Blindheim, 1985).

PRESTAR I FORTUN

Ein gong mellom 1318 og 1321 var presten Bjørn i Fortun vitne ved ein eigedomshandel. Ein høyrer òg at Bjørn kjøpte ein eigedel i Bolstad for Fortunkyrkja. Handelen kan eg ikkje tidfesta nærare enn til å ha vore mellom 1321 og 1341. Ein gong mellom 1321 og 1324 var biskopen på visitas på Tønjum i Lærdal. Bjørn måtte då gje mat og drikke for biskopen og fylgjet hans.

Bjørn og Jon er dei einaste prestane i Fortun ein kjenner namna på. Ein stad mellom 1316 og 1336 var det ein "Saulfi" (Sølve) prest som ordna med kjøp og sal av Skår og Optun for ei kyrkje i Bergen, men ein kan ikkje vera sikre på om han var prest i Fortun eller ein annan stad.

24. februar 1341 skreiv Håkon som var biskop i Bergen, eit brev til alle menn i Luster. Presten Jon i Fortun fekk då fullmakt til å vera ombodsmann for biskopen i Luster. Biskopen hadde nok leigeinntekter i Luster og i tillegg fekk biskopen tiend. Det var nok desse inntektene Jon skulle styre med.

EIGEDELAR TIL FORTUNSPRESTEN

I 1351 ser ein at presten i Fortun åtte i desse gardane :

Åbølet (Prestegarden i Fortun)

15 månadsmatabol

Gjerseggen

4 månadsmatabol

Drægni           

2 månadsmatabol

Hove

2,25 månadsmatabol

Kvale

1 månadsmatabol

Loom

1 månadsmatabol

 

Fortunkyrkja på slutten av 1800-talet.

Åbølet var den garden som presten budde på (Prestegarden), dvs bruk nummer 6 på Fortun. Eg kjem attende til Hove.

"Loom" kan vera eit forsvunne gardsnamn frå Fortun. Slik det er skrive kan det òg visa til ein eigedel i Lom i Gudbrandsdalen, utan at det er sagt kva namnet på garden var, eller garden Lomheim (skrive som "Lomme" i 1522) . Er det likevel mogeleg å seia noko om kvar Loom kan ha vore?

Fortunkyrkja åtte i 1351 delar av desse gardane :

Bolstad

0,5 månadsmatabol +1 spann korn

Sele i Årdal

2 månadsmatabol

Bjørk  

2 månadsmatabol

Bolstad

3 månadsmatabol

Går ein fram til 1585 var kyrkja sine eigedelar :

Fortun

1 laup

Haukaberg

0,5 laupar

Bjørk

1 melle

Mørkrid

1 melle

Bolstad

0,5 laupar

Nondal i Årdal

4 melle

 

Det kan sjå ut til at kyrkja har fått delar av Prestegarden på Fortun, når presteembetet i Fortun forsvann. Dalepresten har fått delar av Fortun, Gjerseggen, Drægni og Kvale. Dersom Loom var ein gard i Luster og blitt ein del av Fortunkyrkja sine eigedelar, er Loom mest truleg i dag ein del av Mørkrid. Berge (Haukeberg) i Fortun kan det neppe ha vore, for då er reduksjonen i landskyld frå 1351 til 1585 for liten. Loom kan òg ha blitt ein del av Dalepresten si eige. Då er det enno fleire mogelege plasseringar av garden Loom. Laberg (1926) og Sigbjørg Yttri (mars 1993) skriv at han kan ha vore "Lovolden". Lovolden høyrer i dag til Odnagarden på Fortun. Lovolden er innover til Skagaelva i merket med Skagen. Der Øiane handels- og turiststasjon ligg har det vore to husmannsplassar med namnet Lavold.

 

FURÅSEN OG FUGLESTEG

Furåsen og Fuglesteg er ikkje kjend i noka kjelde før på 1600-talet. Det er derfor uvisst om dei var bygde før 1349. Dei er mest truleg skilt ut frå Fortun.

GARDANE I BERGSDALEN ("OVABERGSDALEN")

På Søvde er det i 1909 funne ei mannsgrav (Shetelig, 1926).

I grava var det :

a) eit einegga sverd (type R491/R493) med ei klinge på 79 cm og handtak på 14 cm,

b) seks bladforma pilspissar (type R539). Den største var 17 cm lang,

c) ei øks (type R554). Ho var 17 cm lang og 9 cm over eggen,

d) ei skjoldbule (type R564). Ho var festa til treskjoldet med fire naglar. Ho er 7 cm høg og 14 cm i tverrmål,

e) beksel av jarn, munnbitet hadde eit enkelt ledd og er 12 cm. Ringane er 5,5 cm i ytre tverrmål.

f) ein celt (type R402) som var 10 cm lang og 7 cm over eggen. Celten vart nytta som snikkarverktøy.

g) ein ljå (type R386) som var broten på midten og truleg litt defekt. No er han 40 cm lang.

h) ein liten sigd på 11 cm,

i) ein del av ein kniv ("stump")

j) nokre mindre brotstykke av jarn,

m) ei skiferbryne på 14 cm. Saman med funna var det brente bein og kol (Shetelig, 1909).

 

Celten og ljåen er av same type som ein har funne på Ruggesete i Sogndal. Den grava er tidfesta til 800-talet (Solberg, 1986). Øksa er av ein type som er tidfesta til fyrste halvdel av 800-talet (Petersen, 1919). Pilspissen er av ein type som var i bruk over lang tid, truleg år 800 til 1000 (Petersen, 1919). Samla tidfester Petersen (1919) funnet til fyrste halvdel av 800-talet. Søvde må då ha vore skild ut før år 850.

Berge eig stor sett sør før Bergselva, men har òg eit område nord for elva mellom Søvde og Optun. Optun grenser i nord og aust til vårstølane til Berge og Søvde. Denne blandinga av rettar tyder på at Søvde og Optun har vore skild ut frå Berge. Bergsdalen har nok òg fått namnet sitt etter Berge som ein må tru var den fyrste garden i dalen. Lars Øiane (1984) skreiv òg at Berge og Optun har høyrt saman. Det ut frå at dei har teigar om kvarandre. Samleis at Berge og Fortun har høyrt saman, då dei hadde teigblanding i Bergsdalen.

Optun er kjend frå ein gong mellom 1316 og 1336 då kjøpt presten Saulfi (Sølve) 2,5 månadsmatabol i garden for "quarta prebenda" i Domkyrkja i Bergen.

 

SKAGEN OG STEIG

Skagen grenser i sør mot Fortun med Skagelvi som grense. Bruken av naturlege grenser som elver, viser ofte til at grensa er gamal. Eigedelane som ligg vest for Fortunselva vil eg tru er lagt til Skagen kring år 1600.

Skagen er ikkje kjend frå noka kjelde før 1349. Etter det eg kan sjå var det tidleg på 1600-talet berre private som åtte i Skagen. Om Skagen var bygd før 1349 var nok heile garden i privat eige då òg. Det er då berre slump om ein skulle ha hatt teke vare på noko skriv om kven som åtte garden.

I 1316 åtte Åberge kapell i Sogndal 4 månadsmatabol i Steig. Steig i Fortun er einaste garden i Sogn med det namnet. Steig kan vera bygd på 1000-talet.

I nord grenser Skagen mot Steig. Lars Øiane skreiv at Steig truleg er skilt ut frå Skagen. Skagen var den største garden av dei to i 1635 og ut frå det, mest truleg den eldste. Det er ikkje gravfunn frå nokon av gardane frå denne tida.

 

EIDSØY

Fram til om lag 1665 var det ein øydegard som låg under Eide. Han vart då makeskifta, slik at han kom inn under Steig. Det vart ikkje sagt kva han heitte eller kvar han var. I 1716 vart det sagt at delar av garden vart øydelagt då elva endra faret sitt. Bonden på Eide prøvde ved rettssaker å gjera om makeskiftet, men tapte. Då Steig vart kjøpt av bonden på Eide vil eg tru at øydegarden igjen kom inn under Eide. Det er mest truleg at Øydegarden var Eidsøy. Eidsøy var i så fall bygd før 1350. Namnet Eidsøy vil eg tru ha tydinga Eidsøygarden, som i dagleg tale har blitt til Eidsøy.

HOLMESTAD

Holmestad ligg mellom Steig og Svendsøy. Garden er ikkje kjend i noko skriv før i 1585 då presten i Luster åtte 0,5 laupar. Ein finn ikkje at nokon av prestane i Luster åtte noko i Holmestad i 1351. Presten må då ha fått det mellom 1351 og 1585. I 1664 skreiv presten Mogens Skanke at presten fekk eigedelen i garden av bønder. Ætlingane deira levde enno i 1664. Mest truleg var Holmestad ein nyrydding i tida 1563-1585.

"Stad" namn peikar mot ein gamal gard, men etter Oluf Rygh (1919) er ikkje Holmestad av dei eldste stadnamna. Eigedelane på vestsida av Fortunselva har nok høyrt til ein gard som låg der (Øygardane). Holmestad hadde ikkje eigen støl på austsida. Det burde Holmestad hatt om han hadde vore rydda før 1349. Namnet i seg sjølv viser likevel til ein gamal gard som truleg vart bygd før år 1000 (Særheim, 1985).

SVENDSØY OG ORMELID

Etter Oluf Rygh (1919) har Svendsøy namnet sitt etter ein Svein og "øy" som tyder flat strekning langs vatn. Det er likevel mogeleg at namnet har eit liknande opphav som Eidsøy. Svendsøy skulle då vera Svendsøygarden. Svendsøy er ikkje kjend i noko skriv før 1603. Det er likevel mogeleg at garden var bygd før 1349.

 

Ormelid grenser til Svendsøy på alle kantar og har nok vore ein del av Svendsøy. Det kan vera at Ormelid var bygd før 1349.

Sigbjørg Yttri (mars 1993) skriv at det opphavlege Ormelid må ha vore Lid. Ho viser til at Lid og Lia er nytta i heile området : Liabreen, Liabrekulen, Liafossen, Lialøfti og Liaflui. Store jakt- og stølsrettar høyrde til Lid.

EIDE

Det er ikkje lett å seia sikkert om Eide er skilt ut frå Bolstad eller ein gard i Fortunsdalen. Det kan vera argument for begge forklaringane. Mest truleg har nok Eide høyrt til Bolstad. Eide kan ha vorte eigen gard på 800- talet.

På Eide vart det i 1866 funne ei mannsgrav. Det var eit økseblad og eit tveegga sverd. Tveegga sverd kom stort sett i bruk etter år 800. Sverdet var 65 cm langt og 5 cm brei (Lorange, 1876). Eit sverd, ei øks og piler med to eggar frå same staden er no tapt (Gustavson, 1982).

 

Frå Eide kjenner ein ei eller ein med namnet "Gunni". Lars Øiane (1984) har tolka namnet som å vera det same som Gudny, men det kan nok òg ha vore eit mannsnamn (Gunnar). I Stavanger blir Gunni framleis nytta som kallenamn for Gunnar. Gunni er kjend frå ein gong i tida 1318 - 1321. Ho selde då 1,5 laupar i Bolstad, men med rett til å løyse det inn att etter 6 år. Ho løyste det aldri inn og presten vart eigar av Bolstad. Gunni fekk 16 månadsmatabol eller om lag 250 kg smør for eigedelen. Vitne ved handelen var Simon Ivarson, Håkon Jon Kallason, Jon Sveinson og Fortunspresten Bjørn. Ein lyt tru at dei var bønder på gardar i Fortunsokna.

Namnet Håkon Jon Kallason kan ein tolka på to måtar. Enten som at Håkon var sonesonen til Kalle eller Koll. Den andre måten er at far til Håkon hadde namnet Jon Koll. Denne siste forklaringen er nok den mest trulege. Tilnamnet Koll viser til at han var skallete. Ser ein seg om; finn ein 4. april 1307 ein Jon Koll som var ombodsmann i ei sak som vart ført i Bergen. Mest truleg var det ei ankesak. Jon Koll tapte. 27. mai 1307 fekk Jon Koll påbod om å halda seg til domen.

BOLSTAD

 

Ein har tradisjonelt rekna "stad"-namna for å vera frå tida 800-1000. Dei var vitnemål om einskildmenneske som har brote med ein større busetnad (ættegarden) og grunnlagt eigne gardar. Ein har vidare rekna stad-namna som sekundære i høve til vin-, heim- og ofte landnamna. Gardar med stad- namn kan likevel gå like langt attende i tida som dei andre gardane (Særheim, 1985 og Vorren mfl, 1990). For Luster er det ikkje rimeleg å tru at gardar som Bolstad og Hillestad skulle ha vore bygd så seint som på 800-talet. Dei har nok vore bygd utan avbrot sidan før år 600.

Det er graver på Bolstad frå før år 600, og nokre etter år 600. I 1882 vart det funne ein gravhaug frå tida 800- 1000. Det er ei mannsgrav. I grava var det a) eit 19 cm langt økseblad, b) eit bisselmunnstykke c) eit 9 cm langt knivblad d) ein tveegga pilspiss, e) ei saks, f) tre jarnnyklar. Dei er mellom 14,5 og 19 cm lange. Eine nykelen er truleg ein dørnykel. Dei andre er truleg kistenyklar. Det er uvanleg i Noreg at ein finn så mange som tre nøklar på same staden (Petersen, 1951). g) ei reimspenne av jarn, i) ein stor skjoldbule. Skjoldbula var ei halvkule av jarn. Ho var ved bruk festa midt på eit rundt treskjold (Årbok for Fortidsminneforeningen, 1882 og Gustavson, 1982).

 

Eigedomstilhøva på Bolstad er omtala i fleire skriv frå 1300-talet. Ein veit likevel ikkje noko om kven det var som budde på Bolstad. Dei kjende eigarane var :

Jorangerkyrkja

16 månadsmatabol

Frå før 1316

Fortunkyrkja

3 månadsmatabol

Frå før 1316

Dalepresten

0,5 månadsmatabol

Kjøpte i 1318

Fortunkyrkja  

0,5 månadsmatabol + 1 spann korn

Kjøpt ca 1320

Gunni på Eide           

1,5 månadsmatabol

Selde i 1318-21

Dalepresten    

1,5 månadsmatabol

Kjøpt i 1318-21

Eigedelen som Fortunkyrkja kjøpte i 1318 vart sagt å vera i "Attongenon" i Bolstad.

 

Ut frå landskylda i 1635 har Bolstad på 1300-talet hatt ei landskyld på om lag 130 månadsmatabol, eller om lag det same som Ornes. Dei kyrkjelege eigedelane var ikkje meir enn 4%. Kven som åtte resten er ukjend, om ein ser vekk frå Gunni på Eide som selde delar av Bolstad i tida mellom 1318 og 1321.

HOVE OG BOLSTADKYRKJA

På lista over Fortunpresten sine eigedelar i 1316 og 1351 finn ein gardsnamnet Hove. På same tid åtte Jakobsalteret i Bergen 12 månadsmatabol i Hove i Fortun. Mest truleg har då Hove som Fortunspresten åtte i; òg vore i Fortun. Det kunne vera naturleg å tru at Hove var det som seinare vart Prestegarden i Fortun. Om Hove og Prestegarden (Åbølet) hadde vore same garden, ville ein i lista over eigedelane til Fortunspresten hatt Hove ført som ein del av Åbølet. Hove kan då ha vore kvar som helst i Fortunssokna, men altså ikkje på Fortun.

 

Etter G. F. Heiberg skal den eldste kyrkja i Fortuns-sokna ha vore på Bolstadmoen. Ein kunne kring år 1900 visa kvar ho hadde stått. Det kan vera at Hove høyrde til som ein del av Bolstad. Eigedelane til Jakobsalteret i Domkyrkja i Bergen var i 1646 i stor grad ått av doktor Johan Bremborg i Bergen. Eigedelane til Fortunpresten vart nok etter den store mannedauden spreidd på Fortunskyrkja og Dalepresten. Dalepresten åtte i 1585 i mange av gardane i Fortuns-sokna så denne eigedelen hjelper oss ikkje så mykje. Ser ein på eigedelane til Johan Bremborg finn ein at han fekk 2,5 laupar 1 hud og 6 meller korn i årleg leige av Bolstad i 1646. Ved sida av Bolstad hadde han i Luster berre eigedelar i Flahammer. Samleis finn ein at presten i Dale åtte i Bolstad. Det er då mogeleg at Hove no er ein del av Bolstad. Det bruket doktor Johan åtte var bruk 3, som òg vert kalla for Åmundsgarden. Åmundsnamnet fekk bruket tidlegast på 1700-talet. Bruket kan ha hatt namnet Hove før den tid. Fortunskyrkja var òg eigar i dette bruket. Det styrker trua på at dette er rett. Seinare utskiftingar kan likevel ha ført til at Hove ikkje lenger høyrer heime på Åmundsgarden....

Det kan òg vera at "Hoffue" var ein systematisk feil måte å skrive gardsnamnet Hauge på. Ser ein til dømes i 1618 finn ein at Erik Hauge fekk namnet sitt skrive "Houffue". Jon Laberg (1926) har ført Hoffue som å vera det same som Hauge, medan Lars Øiane (1984) ikkje har gjorde det.

Ordet hov vekker minne om gamle gudar, bloting og gòdar. Hovegardar har ein ofte rekna som sentrale gardar, som hadde hov og der ein mange stader seinare har fått kyrkje i staden for hova. Nyare språkforskerar har reist spørsmål om hov-namna verkeleg viser til gudsdyrking, eller om Hove berre er ein namnevariant av Hauge. Eit ord som òg er av same opphav er (konge) hoff; som viser til personar som står høgt sosialt.

GJERSEGGEN

Gjerseggen er kjend frå 1316 då presten i Fortun åtte 4 månadsmatabol av garden. Kring år 1320 kjøpte òg presten Bjørn i Fortun eit spann korn i leige i Gjerseggen for Fortunkyrkja.

Eg vil tru at Gjerseggen vart skilt ut frå Bolstad på 1100- talet.

 

DRÆGNI

 

Heile Drægni er på vestsida av Fortunselva utan teigblanding med andre gardar. Mot sør grenser han mot Bolstad og mot nord mot Yttri. Drægni har sumarstølen Råsane saman med Hauge og Moen i Mørkridsdalen.

Når garden har støl saman med Hauge og Moen kan det vera at dei ein gong var ein gard. Det ser likevel noko rart ut. Ein kan ikkje sjå vekk frå at det har vore ein handel med stølar ein gong i tida. Eg vil tru at Drægni ein gang har høyrt saman med Bolstad. Ei anna tilknyting kan vera mot Yttri. Drægni og Yttri kan ha høyrt saman ein gang.

Ser ein på kven det var som åtte Drægni finn ein i 1316 at Fortunspresten åtte 2 månadsmatabol. Olafskyrkja i Bergen åtte 5 månadsmatabol i "Breginn" i Luster, som ein får tru var Drægni. I 1398 åtte Gimsøy klosteret ved Skien 11 laupar i Drægni. I sum var det 18 laupar av ei samla skyld i overkant av 25 laupar. Gimsøy klosteret har åleine ått om lag halve garden. Det var då òg klosteret sine folk som bestemte kven det var som kunne leige Drægni.

 

Det er funne 28 jarnbarrar i ei ur på Drægni. Dei er truleg frå tida 600-1000. Arne Yttri fann i 1929 eit spydspiss på Drægni. Han er 30 cm lang og er frå tida 800-1000 (Bøe, 1931). Dette er lausfunn og er ikkje noko prov på busetnad. Mest truleg var Drægni likevel busett på 800-talet. Namnet Drægni er neppe yngre enn midten av 800-talet (Solberg, 1986).

YTTRI

Yttri er ikkje kjend i noko skriv før 1428. Ein må likevel tru at garden har vore busett så langt attende som til før år 1000. Namnet viser til at det er den ytre enga, så namnet seiar i seg sjølv ikkje noko om kva tid garden vart bygd. Namnet kjem truleg av "Utvin". Det er truleg laga før år 500. Namnet viser til den ytre enga. Namnet er så blitt til Yttri - grovt rekna kring år 500, ved det ein kallar i-omlyd.

På Yttri vart det i 1965 funne ein lauvkniv. Han er frå tida 800-1000. Han har ein kordlengde på 38 cm. Han vart funne i ein åker i skråningen ned mot elva Skogo (Bakka, 1965). Det er truleg eit lausfunn.

I 1711 høyrer ein om to øydegardar under Yttri. Det var Myrøydegarden og den heimste øydegarden. Den heimste øydegarden var etter det ein kan lese i 1711 ikkje langt frå grensa til Drægni. Det kan vera at han er den same som bruket Øydegarden (Haugeteigen) på Yttri i dag. På Yttri finn ein stadnamnet Marki, som òg vert kalla for Vetløygarden. Etter Sigbjørg Yttri (mars 1993) er Myrøydegarden og Vetløygarden det same. Det er eit område på 3 mål. Yttri må såleis før 1349 ha vore delt opp i fleire gardar.

Yttri er samla på vestsida av Fortunselva, og er etter det eg veit utan teigblanding med andre gardar. Det kan tyda på at Yttri var ei nyrydding og ikkje eit bruk på en annan gard. På same måten som Drægni hadde Yttri frå gamalt ein støl i Mørkridsdalen (Stilla).

Det kan tyda på at Drægni og Yttri ein gang har vore ein gard og vidare at dei kan ha høyrt saman med gardane som har rettar i Mørkridsdalen. Drægni var den største av gardane etter landskylda i 1635, men skilnaden var liten og ikkje avgjerande når ein skal vurdere kven av gardane som er eldst.

Enda lengre attende i tid har mest truleg Bolstad åtte både Mørkridsdalen og vestsida av Fortunsdalen.

 

"Yttri" var skrivemåten for garden Yttri før 1615, i 1618, 45, 46, 47, 57, 58, 61, 65, 72, 81 og 1701. I 1615, 20, 21, 29, 34, 35, 38, 52, 64 var skrivemåten "Ytterøen". Truleg har namnet same opphavet som Eidsøy - altså Ytterøygarden. Frå om lag 1645 vart Yttri stort sett einerådane. I mellomalderen må ein tru at Yttri har hatt namnet Yttrene etter Yttervin - den ytre enga. Namnet Ytterøen eller Ytterøygarden kan visa til at det ikkje var sjølve Yttrene som var busett, men ein øydegard under Yttrene (Yttrishaug). Lars Øiane (1984) og Sigbjørg Yttri (mars 1993) skreiv at etter eit segn låg garden tidlegare i Yttrishaugen. Husa som stod der vart eingong øydelagt av stein- og jordskred. Om denne tolkinga er rett kan skredet ha vore kring 1640.

ØYGARDANE

Holmestad har eigedelar på begge sider av Fortunselva. På vestsida av elva finn ein stadnamna Øygardane. Mest truleg har det då vore ein eller fleire gardar på vestsida av elva, som seinare har blitt slått saman med Holmestad når gardane vart bygd på nytt i andre halvdel av 1500- talet. Stort meir veit ein ikkje om denne eller dei gardane.

 

På same måten hadde Skagen og Steig eigedelar på vestsida av elva. Eg vil tru at desse òg har vore ein eller fleire øydegardar. Det kan då ha vore ein deling av desse gardane mellom Skagen, Steig og Holmestad på slutten av 1500-talet.

BJØRK

Bjørk er ein gard som ein veit var busett i mellomalderen. Dei eigarane av Bjørk som ein kjenner er :

Bjarne Erlingson

til 1313

6 månadsmatabol

Olufshus i Bergen

frå 1313

6 månadsmatabol

Presten i Dale

1316+1351

2 månadsmatabol

Presten i Fortun

1316+1351

2 månadsmatabol

 

Når det gjeld eigedelen i Bjørk som adelsmannen Bjarne Erlingson til Bjarkøy åtte i 1309 vart det upresist skrive at han åtte i Bjørk i Sogn. Det er òg Bjørk som gardsnamn i Jostedalen og i Sogndal. Det Bjarne Erlingson åtte av jord i Sogn var konsentrert i Luster. Eg går difor ut frå at det er Bjørk i Luster det er snakk om.

Leigeinntektene til Dalepresten og Fortunkyrkja var ved slutten av 1500-talet redusert til 1 månadsmatabol eller 1/16 del av det han var før 1349. Med ei skyld på 1 laup i 1635 kan Bjørk ha vore på om lag 16 månadsmatabol før 1349. Ein kjenner då eigarane til meir enn halve garden.

Bjørk sine eigedelar på austsida av Fortunselva er av nyare dato. Eg vil då tru at Bjørk opphavleg har vore ein del av Bolstad. Seinare har han blitt ein del av Drægni før han vart eigen gard truleg kring år 1000.

ØYANE

 

Øyane er ikkje kjend i noka kjelde før den store mannedauden. Etter Lars Øiane (1984) var det gamle namnet på Øyane : Bjørkøy. Bjørkøy hadde nok det same opphavet som Eidsøy, nemleg Bjørkøygarden. Bjørkøy var då ein øydegard som låg under Bjørk. Namnet øydegard var òg ei klassifisering av gardar for skattlegging på 1600-talet. Eg vil likevel tru at det var ein gamal øydegard på Øyane.

Mest truleg var Øyane òg rydda før 1349. Namnet eller tilnamnet Bjørkøy fekk garden nok ikkje før på 1600-talet. Det kan likevel vera at garden heitte Øyane alt før 1349, då Øyane etter Oluf Rygh (1919) har tydinga ein flat strekning langs elva.

HELTNE

Gimsøy Kloster ved Skien åtte 8 laupar i Heltne eller om lag fjerdeparten av garden i 1398.

Ut frå at Heltne grenser til Bolstad og fleire stader har felles stølar med Bolstad vil eg tru at Heltne ein gong har vore ein del av Bolstad. Eg vil tru at Heltne er yngre enn nabogarden i nord : Rebni/Skår. Det ut frå at Rebni og Skår om ein ser dei samla, har landet sitt samla. Ut frå Bruken av stølen Fast vil eg tru at Heltne samleis er yngre enn Mørkrid. Fast ligg lenger borte enn Mørkrid sin støl på Åsete. Mørkrid har då truleg kunne velja seg støl fyrst, og er då truleg eldst.

Eg vil tru at Heltne kan ha vore rydda på 900-talet.

REBNI OG SKÅR

På same måten som Mørkrid har Rebni og Skår om ein ser dei samla både teigar og stølar som eit område. Det tyder på ein høg alder, og at det var snakk om nyrydding frå Bolstad. Skår har òg nokre mindre skogteigar inne på eigedomen til Rebni. Jon Laberg (1926) skreiv at Skår mest truleg var skilt ut frå Heltne. Det er òg mogleg.

Frå Rebni er det funne ei vevskei som kan vera frå tida 600- 1000, men ho kan òg vera yngre. Rebni er ikkje kjend frå noka kjelde før 1349. Han kan likevel vera eldre. Sjølve namnet Rebni (ramne-enga) kan ikkje vera yngre enn midten av 800-talet. Namnet i seg sjølv seiar likevel ikkje noko om kva tid sjølve garden vart bygd.

Skår er kjend frå ein gong mellom 1316 og 1351 då ein eigedel på 6 månadsmatabol som "quarta prebenda" i Bergen åtte vart innløyst. Truleg var det eit pantegods frå før 1316 som vart innløyst av seljaren. Det var presten "Saulfi" (Sølve) som ordna handelen. Eigedelen var "laus". Det vil sei at han ikkje var knytta opp mot nokon særskild del av garden.

Eg vil tru at Rebni er frå 900-talet og Skår er skilt ut frå Rebni på 1000-talet. Rebni kan ha vore rydda på nytt på same stad som det hadde vore gard på 400-talet.

HAUGE OG MOEN

På Hauge er det fleire gravfunn. Etter Lil Gustavson (1982) er det gravfunn frå både før år 600 og frå tida 600- 1000. Med referanse til Bendixen frå 1882 skriv ho at det er graver frå før år 600 på den øvre terrassen og yngre på den som ligg lågast. Fett (1954) skriv at det på den lågaste terrassen nær elva, låg sverd, øks og anna jarn. Desse er no tapt.

Hauge har felles stølar med Moen. Hauge har nok då òg omfatta Moen. Ved å sjå på stølsrettane vil eg tru at Hauge er skilt ut frå Bolstad etter at Mørkrid og Rebni var skild ut, kring år 800. Noko rart er det at Hauge og Moen delte sumarstølen Råsande med Drægni. Det kan òg ha noko med seinare handel av eigedelar.

Kraft (1830) skriv at det ut frå segn og fortidsminne er truleg at Herr Bjørn på Hauge - ein rik sogning på Harald Hårfagre si tid budde her. Det var i samsvar med gravfunn og segn frå Hauge. Kva desse segna sa, veit me ikkje lengre. Bjørn hadde sonen Thord Knappur som busette seg på Island. I ei avskrift av Landmåmabok finn ein berre : "Tord Knappur heite ein mann frå Sogn, han var son til Bjarne på Hauge". I ein annan avskrift vart det skrive at Tord var svensk! Originalen er tapt, så ein lyt nok vera varsam med tolkinga av kvar Tord kom frå. Det er òg mange Hauge-gardar i Sogn, men Bjarne kan ha vore frå Hauge.

I 1316 og 1351 åtte Olavkyrkja i Bergen 18 månadsmatabol eller om lag ein tredel av Hauge i Luster, som ein får tru er Hauge i Fortunsokna. Dei andre eigarane er ukjende. Eg vil tru at Hauge var busett i god tid før år 1000 om då ikkje Hauge hadde vore busett utan avbrot før år 600. Det er freistande å tru at Mørkridsdalen på same måten som Fortunselvi har vore skilje mellom to gardar.

Moen har nok vore skilt ut frå Hauge. Det er likevel ikkje noko som viser til at Moen var busett i mellomalderen. Moen kan såleis ha vore ein del av Hauge før år 1349. På 1600- talet ser ein at Moen vart nytta under Hauge.

ØYGARDEN

I 1685 høyrer ein om ein øydegard under Hauge. Husmannen Anders Vinjane hadde då plikt på seg til å halde gjerdesgarden om øydegarden. Noko meir veit eg ikkje om han, men han kan ha vore i nærleiken av husmannsplassen.

MØRKRID

Mørkrid er ein gard som har eit samla landareal utan noko teigblanding eller stølsdeling med andre gardar. Likevel er det rundt heile Mørkrid teigar eller stølar som er nytta av

 

Bolstad (Borchgrevink, 1971). Bøndene på Bolstad hadde frå gamalt sameige på store delar av utmarka si. Det er difor nokon som har slått seg ned i eit område som var felleseige eller allmenning. Mest truleg er Mørkrid ein gamal gard, som var skilt ut frå Bolstad før det vart særleg mange bruk på Bolstad. Mørkrid kan ha vore rydda på nytt på same stad som det hadde vore gard på 400-talet.

Mesteparten av Mørkrid vart truleg ått av Gimsøy kloster ved Skien i 1398. Klosteret åtte 12 laupar. Namnet er skrive som "Nykrin", men i 1585 ser ein at klosteret åtte i Mørkrid. Skrivemåten i 1398 kan då vera feil. Det kan òg vera at Nykrin var ein gard som seinare vart slått saman med Mørkrid. At klosteret hadde eigedelar i garden tyder på at garden var busett før år 1349. Eg vil tru at Mørkrid kan vera frå om lag år 900. Namnet Mørkrid (den mørke enga) er neppe yngre enn midten av 800-talet (Solberg, 1986).

V E S T S I D A A V           

L U S T R A F J O R D E N

 

Ein dag på slutten av 1200-talet var det ei stor gravferd i Dalekyrkja. Ein høgætta mann var død. Til kyrkja kom dei i prosesjon med kista til han som var død. Fyrst i fylgjet bar dei skjolda og våpna til mannen. På skjolda var det malt inn to kroner over ei lilje. Mannen vart gravlagt under golvet i kyrkja. Høgt opp på veggen, over grava, hang dei opp skjolda og våpna. Ein kjenner ikke namnet på mannen, men han sto truleg sentralt då Dalekyrkja vart bygd nokre år før. Bygginga av kyrkja gjorde òg at ein med åra fekk eit nytt senter i Luster.

KJELDEGRUNLAGET

a) Dei største og beste gardane har nok oftare ein høgare alder enn dei minste gardane. I 1635 hadde gardane landskylda som er vist under. Lista er sortert etter storleiken på gardane. Eininga er laupar smør, der ein laup er 15,6 kg. Landskylda var den leiga brukaren måtte betala til eigaren. Ho var dermed indirekte eit mål på storleiken på garden.

Gard   

Storleik i 1635

(lauper smør)

Eldste kjelde 

Gravfunn 600-1000 ?

Busett i 1522 ?

Nes     

15,0

1316   

grav

bygd

Søvde             

13,5

1380   

-

bygd

Bringe            

13,0

1322

-

bygd

Høyheim           

11,5

1316

grav

bygd

Talla               

9,0

1316

grav

bygd

Ottum            

8,4(1661)

1291

-

bygd

For     

8,0      

1322   

-

bygd

Skildeim           

7,0

1522   

-

bygd

Hæri               

6,8      

1316

-

bygd

Berge             

6,5

1563(?)

lausfunn

(?)

Fjøsne            

6,3      

1440

-

bygd

Skår                

5,8      

1563

-

-

Kvale             

5,0      

1316

-

-

Heltne            

4,5      

1603(?)

-

(?)

Flahammer           

4,5(1646)

1316

grav

bygd

Frakstu           

4,5

1522

-

bygd

Flikki              

3,5      

1440

-

-

Lavold           

3,5      

1522   

-

bygd(?)

Åsen               

2,5

1563   

-

-

Dale               

2,5(1585)

1322

-

-

Kolstad           

2,0

1563   

-

-

Årstun            

2,0

1535

-

-

Hengestig           

1,5(1674)

1438

-          

-

Langen           

0,9(1672)

1316-36           

-

-

Kilen              

0,5      

1611

-

-

Døsen 

-          

1653

grav    

-

Sage               

-          

1324

-

-

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Samla var det i 1635 : 139,2 laupar.

b) Gardar som har teigblanding eller felles stølar vil ofte ha høyrt saman en gong tida, om ein då ikkje har hatt handel med eigedelar. Gardar som er inne i ein annan gard på alle eller nær alle kantar, vil mest truleg vera skild ut frå han. Dei som hadde felles stølar var etter Lars Øyane (1986 og 1987) som vist i tabellen på neste side.

Soknepresten Mogen Skanke skreiv i 1664 at Oppdalen var vårstøl for Prestegarden, Flikki, Nedre Skår og Bringe. Han fortel at Kringla var fjellstøl for dei same gardane. I tillegg hadde han høyrt at Kringla òg høyrde til Kvale. Prestegarden sine tidlegare stølar var : Åsete (Åsastølen eller Åsete i Mørkridsdalen?) og Smørvi. Dei vart på 1600-talet

Kvale, Kvalsvik, Ottum

Kvalsstølen

Kvale, Kvalsvik

Framdalen

Kvale, Kvalsvik, Flikke, Bringe, Nedre Skår og Døsen

Tallagjerdet

Øvre Skår, Dale, Heltne

Hodnane

Døsen, Flikki

Kringla

Dale, Heltne, Nygård

Smørvi

Heltne, Nygård, Dalsøyri

Røssete

For, Hæri, Lavold, Hengestig

Jøng

Hæri, Hengestig

Fivla

Nes, Høyheim

Hunarsete

Søvde, Flahammar

Heggdalen

Talle, Høyheim, Sandvik

Flatningane

Nes, Høyheim, Råum

Våg

Skildeim og Flahammar

ikkje nytta på grunn av mangel på ved. Vårstølen til Kvale var i Oppdalen og sumarstølen på Lø.

Ut frå det kan ein tru at Oppdalen er eit gamalt namn på Framdalen. Ein ser òg at det har skjedd nokre endringar i bruken av stølane gjennom tidene. Smørvi er i bruk igjen. Samleis må Døsen sine rettar i Framdalen vera yngre enn 1664. Noko overraskande er det om Prestegarden har støla på Åsete, som seinare har vore ein støl for Mørkrid.

 

I 1845 (Øiane, 1986) vart det sagt at Kyrkjeteigen var i Oppdalen, så namnet Oppdalen kan ha vore nytta om eit større område. Det kan vera at Oppdalen var eit gamalt namn på Dalsdalen.

Alderen på gardar med teigblanding, vil om ein ser vekk frå dei aller eldste, ofte vera etter år 600. Med få unntak har alle gardane som sokner til Dalsdalen rettar og eigedelar om kvarandre. På 1600-talet var Sage ein del av For. Ein veit likevel at Sage var ein sjølvstendig gard før år 1349. Sage må då ha kome under For på eit seinare tidspunkt. For kan ein då ikkje rekna med blant gardane som frå gamalt har sokna til Dalsdalen.

Det har vore nokre stølar som har vore bytta eller ein har flytta frå stølar. Ein må difor vera varsam i å legga for stor vekt på stølsbruken. Noko som gjev vurderingane av stølsbruken vanskeleg er at Magnus Lagabøte si landslov frå 1274, gav kven som ville rett til å ta seg seter i allmenningen (Semmingsen m.fl, 1979). Likevel må ein tru at dei fleste stølane var i bruk før den tid og at dei har valt stølar som det var naturleg å bruka.

Eigedelane som einskilde gardar hadde og har på austsida av Lustrafjorden vil eg tru er frå tida etter 1349.

 

c) Gardar som frå gamalt har høyrt saman vil ofte vera i same bedarlag. Bedarlaga kan då fortelja noko om kva gardar som fyrst vart rydda (Kvitrud, 1994b).

Etter Hans Lavold (1992) og Johannes Kroken (1992) var det desse bedarlaga på vestsida av Lustrafjorden. Bedarlaget til Fjøsne er ukjend, men dei kan ha vore i bedarlag enten med Ottum eller Hauge. Bruker ein landskylda for 1635 har kvart av bedarlaga den samla landskylda som står i parentes. Eininga er laupar smør.

 

Etter Ragnar Vigdal (9.6.1989) var Vigdal i bedarlag med Kilen, så ein kan kanskje setje eit lite spørsmålsteikn med bedarlaga øvst i Dalsdalen.

Korleis bedarlaga vart for gardar som i ei tid vart lagt øyde, etter den store mannedauden og hundreåra etter, er det vanskeleg å sei noko sikkert om. Dersom dei geografisk naturleg høyrde saman med ein av nabogardane vart dei nok ein del av han. Ein har eit døme med Sage som låg under For. Då garden vart eigen gard på 1600-talet kom han ikkje i bedarlag med For, men med nabogardane. Gardar som var busett i 1522 går ein ut frå hadde vore busett samanhangande sidan før 1349. Ut frå 1522-lista må ein tru at i det minste desse gardane høyrer med i bedarlaga frå før 1349 :

Bedarlaga 5-7 lyt ein tru har vore stabile over lang tid. Dei andre kan ein diskutera.

 

Når det gjeld bedarlaga oppe i Dalsdalen kan dei ikkje vera eldre enn 1600-talet. De andre er langt eldre og større.

d) Arkeologen Kjersti Randers (1992) har gjorde granskingar på stølar. Ho har òg fått gjorde einskilde dateringer av tufter og kolgroper. Dateringene hjelper oss òg å seia noko om kva tid gardane som hadde desse stølane var bygd

Randers har desse dateringene av tufter frå tida 600-1350. Alderen er ut frå C14-dateringar. Dei gjev ikkje eksakte dateringer, men ein mest truleg alder og ei spreiing. Når ein berre tar ein prøve er datering etter måten grov. I tabellen er det teke med middelverdien pluss/minus eit standardavvik. Det vil seia at alderen statistisk er innafor dei grensene som står her i to av tre tilfelle. Med 9 dateringer kan ein vente seg at 3 av dateringene likevel er utafor den alderen som er gjeve.

Stad   

Alder

Næraste støl

Gardstilknyting

Breidsete

650-850

 

 

 

890-1050

Breidsete

Søvde

Likholmsmyri

720-940

Kilali

Kilen

Stordalen

460-660

Røssete

For/ Hæri/ Lavold

Smørvevatn

670-890

Smørvi

Heltne/Dalsøyri/Nygård

Kringlo           

1090-1240

Kringlo

Heltne/Nygård/Dale

Bjønnvollane

670-890

 

 

 

780-970

Kringlo/Smørvi

Heltne/Nygård/Dale

Øystølsrese

1030-1220

Breidsete

Søvde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På fleire av desse stadane er det fleire tufter. Kjersti Randers har ved val av tufter som ho tok prøver frå, truleg prøvd å velja dei ho frå eige skjønn meinte var dei eldste. Talet på dei eldste tuftene er difor truleg høgare i dette utvalet, enn det samla er av tufter.

Ein ser at kring Smørvevatnet var i det minste to stølar som var i bruk kring år 800. Det er i dag stort sett dei same gardane som har stølar i dette området. Kring år 800 vil eg tru at minst to gardar var bygd av Dale, Heltne, Dalsøyri og Nygård.

Lars Øiane (1987) skriv at Breidsete etter tradisjonen høyrde til Søvde. Er det rett, kan nok òg Søvde vera bygd før år 800. På Breidsete var det fleire tufter som kan vera frå om lag same tid. Mest truleg var det fleire gardar eller bruk som sokna til Breidsete.

Alderen på tuftene i Stordalen kan vera både før og etter år 600. Ser ein samla på dateringer av stølar i Luster, ser det ut til at faste stølsbygningar med grunnmurar neppe vart bygd før etter 600. Ein hadde på denne tida ei endring i korleis ein nytta stølane. Ut frå det vil eg tru at tuftene i Stordalen neppe er eldre enn år 600.

SYNTESA

Ein sit att med mange opplysningar, som ein skal få til å passa saman. Det seiar seg sjølv at det blir ein god del skjønn. Særs viktig i vurderingane er kor mange gardar ein går ut frå det var i byrjinga på 600-talet. Eit endeleg svar kan ein neppe gje utan å gjera ei omfattande pollenanalyse og sjå kva tid det vart dyrka korn i åkrane på gardane.

Ser ein på felles stølsbruk og på bedarlaga ser det ut til at Dysjaelva deler området i to. Mellom gardane på dei to sidene av Dysjaelva er det ikkje felles stølsbruk. Det er heller ikkje noko teigblanding. Ein kan difor sjå for seg to gardar skilt frå kvarandre av Dysjaelva. Ein ville då ha to svært store gardar. Eg vil likevel tru at ei slik oppdeling vil måtte ligge lengre attende i tid enn år 600. Med berre to gardar på 600-talet er det vanskeleg å tru at ein har hatt så lite plass på 800-talet at ein har bygd fleire sel på Breidsete, når det var så store område ein kunne støle på som låg mykje nærare.

Eg vil tru at ein må sjå på bedarlaga, med den grunngjevinga som er oppført framfor. Talet på bedarlag vil då vera ei øvre grense for talet på gardar. Det var to bedarlag i Dalsdalen, som nok var for små til at dei kan ha vore eigne gardar så tidleg. Ein har då fem gardar. Det var Ottum/Kvale, Dale/Bringe, Hæri, Flahammar og Høyheim/Nes.

Med ei slik oppdeling kjem ein ut med at 2 av bedarlaga har omtrent same landskylda. Det er 26,5 og 27,3 laupar. Hæri og Flahammar bedarlaga avvikar ein god del. Dei har likevel 52,3 laupar i lag eller 26,2 i middel. Middelet er om lag like stort som dei to andre. Går ein vidare til Gaupne hadde Sandvik bedarlag 28 laupar. Det kan nesten sjå ut som om det er eit mønster i det. Flytter ein Lavold, Hengestig og Skildeim inn under Hæri ville Hæri hatt 25,3 laupar og Flahammar 27 laupar. Dette er ut frå landskylda på 1600- talet. Landskylda på 1300-talet var langt større. Landskylda vart sett ned noko ujamt, som truleg var avhengig av om garden vart lagt øyde eller ei. Desse områda har likevel hatt nær same landskylda.

Landskylda var eigentleg ei leigeavgift for jord som ikkje var i sjølveige. Med tida vart ho eit verdimål for kvar gard og bruk. Landskylda slik ein møter ho på 1300-talet, vart fastsett ved ei ny taksering på slutten av 1200-talet (Semmingsen m.fl, 1979). Vurderingar av like verdfulle gardar eller grupper av gardar kan ha vore nytta ved fastsetjinga av landskylda.

 

FJØSNE

Fjøsne er ikkje kjend i noko skriv før kring 1440. Erkebiskopen i Trondheim åtte då 1 laupesbol i Fjøsne. Fjøsne var òg busett i 1522. Opplysningar frå denne tida er eit godt vitnemål om at garden og var bygd i tida før 1349. Fjøsne hadde i 1635 ei så høg landskyld at garden godt kan ha vore rydda før år 1000.

Nordaust for Sagegrovi finn ein i dag stadnamnet Fjøsne- øygarden. I skriftlege kjelder finn ein øydegardenen omtala fyrste gong i 1728. Ein har nok her ein øygard som kan vera frå 1100- eller 1200-talet. Kva gard har så Fjøsne blitt skild ut frå? Fjøsne har marka si og stølane sine for seg sjølve. Dei har støl i Mørkridsdalen (Gurosete) opp for Vinjane. Det kan knytta garden opp mot Hauge. Eg veit ikkje kva bedarlag Fjøsne høyrde til. Det kan ha vore med Ottum, mot Skjolden eller på andre sida av fjorden. Eg må la spørsmålet om kva gard Fjøsne har høyrt til stå utan svar, sjølv om stølsbruken kan visa mot Hauge.

HAVELLEN

I 1736 søkte futen å få opplysningar om tre øydegardar som høyrde inn under Flahammar. Det var Ytre Havellen, Indre Havellen og Talseter. Berteigen vart òg nemnd, men ikkje som øydegard. Etter det skulle det altså ha vore to øydegardar på Havellen.

Havellen er ikkje kjend i skriv før på 1600-talet, men opplysningane om at ytre og indre Havellen var øydegardar gjev det rimeleg å tru at dei har vore to små øydegardar frå 1100- eller 1200-talet.

Ut frå at Havellen høyrer til same bedarlag om Ottum og ut frå grensene er det mest truleg at gardane på Havellen er skilde ut frå Ottum.

GARDANE AUST FOR DALSELVI

Bedarlaget nordaust for Dalselvi har fire store gardar : Ottum, Berge, Kvale og Flikki. Ottum var den største av dei. Alle er gardar som kan ha vore busett på 400-talet. Ut frå at Ottum er størst er han og truleg den eldste. Utviklinga av gardar kan ha vore :

Berge og Ottum har heilt eigne landområde, og eigne stølar utan å dele med andre. Berge og Kvale er truleg nyryddingar i utmark der ein tidlegare hadde hatt busetnad før år 600. Flikki har derimot truleg vore eit bruk på Kvale, som har fått eige namn. Eit bruk der ein delte innmarka og stølar som alt var i bruk. Flikke er då truleg yngre enn Berge og Kvale. Lars Øiane (1987) skriv at Berge og Flikki vart skilt ut frå Kvale. Det er òg ei tolking som er mogeleg med det kjeldematerialet eg har.

Ottum har då mest truleg vore busett samanhangande frå 600- talet. Kvale kan vera skilt ut på 700- eller 800-talet. Berge på 800-talet og Flikki på 900-talet. Ei viss margin må ein likevel rekna på desse overslaga.

I 1648 høyrer ein at Jostedalen hadde fri hestebeite og markrett på ein allmenning på Dalsøyri. Korleis dei hadde fått han veit ein ikkje, men ein lyt tru at han er svært gamal. Dei viste i 1648 òg til "Østerdalens krønike" som stadfesta dette.

OTTUM

Namnet Ottum kjem fyrste gong fram i eit skriv som må vera frå ein gong mellom 10. august 1318 og 8. mai 1319. Josef Myrlandet i Jostedalen ga då dotterdotter si Vallgjerd: 8 månadsmatabol i Ottum. Mellom dei som vitna då skrivet vart sett opp var Eindride Ottum.

Ottum finn ein igjen i eit skriv dagsett til 9. oktober 1322. Me må da setje oss inn i ei av stovene til presten på Dale. Lågadelsmannen Arnfinn Arneson sat og førde ordet. Arnfinn var ein stor jordeigar i Dale og saka var mot eigarane og bøndene på Ottum. Av dei som var der var Pale og Kolbein frå Sørheim, Halstein frå Bringe, Gudbrand frå Kvale og mange andre gode menn i bygdene omkring. Ei sak som vart teke opp på siste ting skulle opp att. Det var om vegen til Lø om "Oppdalen" og "Moduar". Oppdalen kan ha vore Framdalen eller eit gamalt namn på Dalsdalen. Fire menn sat og fylgde vitnemåla og såg til at dei vart skrivne ned. Dei var etter alder og status, fyrst høgadelsmannen Torfinn Sigvaldson, Sigurd Andreasson som var prest på Kvåle, Eirik Arneson og Tollak Bjarneson. Torfinn Sigvaldson er omtala under Kvam.

Arnfinn Arneson framførde sine vitne. Kolbein og Ogmund Tiuga vitna at Ottum ikkje åtte buføringsrett eller klauvrett om Oppdalen og Moduar. Det var heller ikkje buføring om "Ottnos" (truleg ein fjelltopp), med unnatak av når snøen låg på Lø ("Ladu"). Dei fortalde og at den fyrste som hadde støla på Marstakka var Andres på Ottum. På same vis vitna Sigvat For og Torborg. I tillegg la dei til at ingen skulle dra til desse stølane før 10. juni. Kvale og Ottum buførde då på same tid. Sigvat og Torborg vitna og saman med Askjell og Eystein Kunnemann at dei var til stades då Erling Josefson var hjå presten Oddgeir på Dale. Erling var bonde på den indre delen av Ottum. Erling fekk då leige husa på "Geilgiu sætre" for eit år. Sidan hadde dei ofte nytta stølen utan å spørja.

Eindride Ottum framførde då Guttorm og Simon som vitne. Dei fortalde at det var 30 år sidan (1291), at Andres Ottum drog til Marstakka for fyrste gong med dyra sine. Anders Ottum vitna sjølv at han hadde fått lov av Dalsmennene å dra til Marstakka. Ein høyrer og at Eidride Jonson Ottum, Sigurd Josefson, Andres Ottum, Egil og Helgi var stemna og var til stades. Karlshovud (i Kaupanger?) var òg blitt stemna.

Striden om Oppdalen heldt fram og i åra etter. 5. mai 1324 var høgadelsmannen Sigurd Sveinson frå Kvåle i Sogndal, Tore prest på Hafslo, Sigurd Andreasson prest i Kvåle og Eirik Rnesonon samla på Dale. Dei hadde fått eit brev frå kong Magnus Eirikson om å skipe til eit forlik i striden. Striden må då ha vore brakt fram for kongen. Dei forfatta då eit brev til kongen om at dei hadde fått i stand eit forlik som kongen hadde bede om. Dei drog til Dale etter at dei fekk brevet frå kongen. Dei hadde samla jordeigarane på Dale. Det var presten Arne i Dale som ombodsmann for kyrkja, Bård Raude, Arnfinn Arneson og Tjoster bror hans. Jordeigarane på Ottum var :

Karlshovud i Kaupanger

23 månadsmatabol i Indre Ottum

Sigurd Josefson

8 månadsmatabol og 4 månadsmatabol for brorsonen sin

Valthiuf

6 månadsmatabol

Eindride Jonson

6 månadsmatabol for Apostelkyrkja i Bergen

Eindride Jonson

24 månadsmatabol i Ytre Ottum for seg sjølv

Andres bonde på Sage

24 månadsmatabol for soneborna sine

 

Sigurd Josefson møter ein som vitne på Kvam i Ytre Hafslo i 1331 og i Solvoren i 1333. Det kan vera at han budde på Hafslo eller i Solvoren. Han kan òg vera sonen til Josef på Myrlande i Jostedalen. Nielsen (1880) skriv at Sigurd Josefson kunne ha hatt ei syster som var mormor til Josef Karlshovudson som budde i Bergen kring 1360.

<figur>

Segla til Sigurd Sveinson og Halvard Ommundson i 1324.

 

Dalefolket vart då samd med Ottum folket at dei aldri sidan skulla ha dyra i Oppdalen korskje på Marstakka eller Gæliusæter om våren eller hausten eller mellom. Ottum mennene skulle reise med sine dyr over Dalmennene sine teigar både i Oppdalen og andre stader som dei hadde gjorde før, når dei skulle ha dyra sine på Lø. Ottum-mennene hadde rett til gjerdeved til teigane sine i Oppdalen. Slik skulle det vera til evig tid. Brot på forliket skulle bøtast som brot på 12 mannsdom. Til stades var og Torlak Bjarneson, Halvard Ommundson, Torgils Byttufim og Pale Bjarneson (frå Sørheim?).

 

Hallvard Trætteberg (1977) skriv at Halvard Ommundson sitt segl viser til helgenen Sankt Halvard. Ut frå at han har hatt same fornamnet kan han ha valt same merket som helgenen var kjend under.

 

Kva kan ein så få ut av dette ?

 

Me kjenner frå desse dokumenta fleire eigarar i Ottum. Ut frå det som er skrive i 1324 er ikkje Valgjerd eller nokon annan ført med ei eige på 8 månadsmatabol, som Valgjerd fekk i 1318. Det kan då vera at Valgjerd var gift med ein av dei andre eigarane. Ei anna løysing kan vera at Valgjerd og "Valthiuf" eigentleg er same namnet.

 

Ein har hatt bruka Indre og Ytre Ottum, og i tillegg ein del som berre har hatt namnet Ottum. Indre Ottum var på 23 månadsmatabol, ytre Ottum på 24 månadsmatabol og Ottum på 48 månadsmatabol. Samla hadde gardane ein skyld på 95 månadsmatabol. I middel i Sogn var landskylda i 1635 om lag 15% av landskylda før 1349. For Ottum var det ein reduksjonen til om lag 9% av den gamle. For å få til ein normal reduksjon må ein leggja til ein del av nabogardane Fjøsne eller Berge. Ein kan spekulere i om Indre Ottum i 1324 kan ha vore Fjøsne eller om Ytre Ottum kan ha vore Berge. Kvale veit ein var eigen gard... Etter Lindanger (1987) var ein vanleg bruksstorleik i Rogaland 6 månadsmatabol. Helle (1987) skriv at vanleg bruksstorleik var 7-12 månadsmatabol. Var dette òg gjeldande på Ottum kan ein ha hatt meir enn 10 bruk. Holmsen (1937) tolka skriva som at det berre var fire bruk på Ottum, men det er ikkje ei tolking som treng vera rett.

 

Ser ein på brukarane var dei :

 

* Andres Ottum i 1291. Han levde òg i 1322.

* Eindride Jonson Ottum i 1318/19 og 1322. Han budde truleg på ytre Ottum.

* Erling Josefson Indre Ottum før 1322

* Egil og Helgi var bønder i 1322

 

Nord for Ottum finn ein stadnamnet Øygarden, som i dag er ein del av Ottum. Mest truleg har ein her hatt ei busetting som var bygd før 1349. Det kan òg vera at det var eit av bruka ein kjenner frå det som står over.

Ottum er den største av gardane aust for Daleelvi. Det er då mest truleg den eldste garden; med ein busetnad samanhangande frå før år 600.

KVALE

Niande oktober 1322 dukkar gardsnamnet Kvale opp for fyrste gong, då i striden om Oppdalen. Mellom dei som var til stades var Gudbrand på Kvale. Ein høyrer òg at bøndene på Kvale drog til sumarstølen (Lø) den 10. juni kvart år, på same tid om Ottum-mennene drog. Gulatingslova har her ein siste frist for flytting som er 14. juni. Flyttinga til Lø var dermed på grensa til det lovene tillet. Det kom nok av at snøen gjekk seint.

Gudbrand er ikkje av dei mest nytta namna i Sogn. I 1341 høyrer ein i eit skriv at ein Gudbrand Bonde hadde vore biskopen sin ombodsmann i Luster. Det kan vera at Gudbrand i 1341, var den same som Gudbrand Kvale.

 

Når det gjeld jordeigarane kjenner ein desse :

 

* Neskyrkja i 1316 og 1351 : 4 månadsmatabol

* Presten i Fortun i 1316 og 1351 : 1 månadsmatabol

* Erkebiskopen i Trondheim i 1440 : 2 månadsmatabol

I sum var nok ikkje dette meir enn kring 20% av all jorda på Kvale. Mesteparten var nok då i privat eige.

Soknepresten i Luster Mogens Skanke skreiv i 1664 at det var Kvale og ikkje Dale som var den opphavlege prestegarden i sokna. Kva tid han viste til veit ein ikkje.

 

KVALSVIK

I 1664 skreiv soknepresten Mogens Skanke at Kvalsvik var ein ganske liten øydegard. Ordet "Øydegard" vart og nytta som eit namn på ein skatteklasse på den tida, men ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at Kvalsvik var rydda før 1349.

BERGE

Berge er ukjend før garden kjem fram i ei skatteliste i 1563. Det var ikkje nokon del av garden som var ått av kyrkjer eller prestar. Sjansen for at ein skulle ha dokument om garden frå før 1349 er difor liten. Frå Berge har ein funn av gjenstandar av kleberstein. Alderen på dei er ukjend (Bakka, 1970).

Berge har eit landområde som er samla utan teigblanding med andre. Dei deler heller ikkje stølar med nokon. Det kan tyda på en høg alder. Garden er likevel omringa av Ottum og Kvale som truleg har vore ein gard. Eg vil tru at ein kan tidfesta Berge til 800- eller 900-talet.

 

FLIKKI

Flikki er kjend fyrste gong kring 1440 då erkebiskopen i Trondheim åtte 16 månadsmatabol. Når garden er kjend frå denne nedgangstida, vil eg tru at Flikki òg var bygd før 1349. Erkebiskopen åtte truleg om lag halve garden. Resten vil eg tru var i privat eige.

Sjølve namnet Flikki (Flekk-eng) kan neppe vera yngre enn midten av 800-talet. Truleg har namnet vore gjennom det ein kallar i-omlyd grovt rekna på 500-talet. Namnet kan då vera frå om lag år 0-400. Namnet seiar likevel ikkje noko om kva tid garden vart bygd. Storleiken tilseier ein alder kring år 900.

GARDANE I DALSDALEN

Skår er såpass stor at han kan ha vore bygd så tidleg som på 800-talet. Garden er likevel ikkje kjend i skriftlege kjelder før i 1563.

Sage er den einaste av gardane i Dalsdalen ein kjenner i skriftlege kjelder før 1350. Anders bonde på Sage var i 1324 ombodsmann for soneborna sin eigedel i Ottum. Dei gardane som var i Dalsdalen vart òg lagt øyde etter den store mannedauden. Ein har difor lite kjeldegrunnlag for å seia noko om kva gardar som var bygd og kva namn dei hadde. Det er likevel mogeleg at Kolstad, Åsen, Skår, Sage og Kilen var bygd før 1350, men sikre kan ein ikkje vere. I tillegg har ein "Øygarden" og "Øygardsheimen" som stadnamn ved Tverrelva og ved Tubbane. Åsmyrane og Kyrkjeteigen er òg mogelege kandidatar til gamle øydegardar. Kolstad er eit namn som truleg ikkje er yngre enn år 1000 (Særheim, 1985). Kolstad har då vore ein av dei fyrste gardane i Dalsdalen. Kolstad finn ein òg brukt som gardsnamn på Orknøyane. Den garden kan vera frå kring år 800.

I 1737 vart det sagt at folk ikkje visste om kyrkjeteigen hadde høyrt til nokon annan gard. Det er difor uvisst om Kyrkjeteigen har vore ein eigen gard. Kyrkjeteigen var i 1737 ått av Neskyrkja. Går ein attende til 1316 åtte Neskyrkja delar av 5 gardar. Av dei var Kvale, Talle og Langen. Det kan vera at Kyrkjeteigen var ein del av Kvale, men Kyrkjeteigen kan og ha blitt ein del av eigedelane til kyrkja etter 1351. Lars Øiane (1986) skriv at Kyrkjeteigen i 1845 vart nemnd som Oppdalsøygarden. "Øygard"-namnet viser til at han kan ha vore ein øydegard eller ein del av øydegard.

 

I 1664 skreiv soknepresten Mogens Skanke at han hadde fått rydda ein øydegard i "Rødlien" (Raudli), som låg til Kvale. I 1725 hadde denne øydegarden ei landskyld på 1 pund smør (0,33 laupar). Garden må ha hatt ein storleik omtrent som Kilen.

I 1827 vart det funne tre vevlodd (jarnbarrar ?) som vart levert til Bergen Museum. Dei vart funne under ei helle i Dalsdalen. Noko nærare plassering av funnet har ein ikkje. Saman med lodda som kom til museet vart det òg funne minst 12 andre (Nicolaysen, 1862-66). Lorange (1875) meinte at de var frå tida 600-1000. Kvifor jarnet hamna under hella kan ein i dag ikkje seia noko om. Liknande funn har ein òg frå Drægni og Alme.

GARDANE MELLOM DALSELVI OG DYSJAELVI

I dette området er det fleire gardar som ein må tru var busett i tida før 1350. Kva for ein av dei var så opphavsgarden ? Ut frå storleiken peikar Bringe seg ut som ein mogeleg kandidat. Ein konkurrent er likevel Dale. Dale er kyrkjestaden, namnet på sokna og på det gamle skipreide. Denne sentrale posisjonen fekk nok ikkje Dale før kyrkja vart bygd på slutten av 1200-talet. Det fortel ikkje noko om korleis det var 600 år tidlegare. Det kan òg vera at Dale er opphavet til namnet Dalsdalen, men her er eg meir usikker. Er gardsnamnet Dale opphavet til namnet Daldalen, er nok ganske sikkert Dale den fyrste garden som sokna til Dalsdalen. I 1324 vart dei som budde på Dale omtala i genitiv som "Dals manna", så genitivbruken "Dals" i Dalsdalen kan ha same opphavet.

Deler ein området i to : Bringe på den eine sida og resten av gardane på den andre, kjem ein ut med to einingar som etter landskylda frå 1635 var om lag like store.

Samla vil eg tru at Dale er opphavsgarden. Dale har då truleg vore delt i to nesten like delar (Dale og Bringe). Det kan ha vore på 700-talet.

DALE

Som eg har fortalt før under Ottum, var det i 1322 og 1324 strid mellom "Dalsmennene" og Ottum om bruken av stølsvegar til Marstakka og Lø. Dokumenta fortel oss òg noko om Dale.

 

Jordeigarane med rettar i Oppdalen var Dalepresten som var ombodsmann for "kyrkja", Bård Raude, Arnfinn Arneson og broren Tjoster (Arneson?). Me ser at det er Arnfinn Arneson som førde saka mot Ottum. Han har nok vore ein større parteigar med bygslerett i Dale.

I 1351 kjenner ein ei liste over eigedelane til prestane og kyrkjene i Bjørgvin bispedøme. Lista for Sogn er bygd på ei liste frå 1316, og der ein har skrive til dei endringane som har kome sidan 1316. Ein finn at Dalekyrkja i denne lista berre hadde ein eigedel i Gorvin i Sogndal og ikkje noko anna. I 1585 var Dalekyrkja eigar av 0,5 laupar i Dale. Eigedelen i Dale må då ha kome mellom 1351 og 1585.

Arnfinn Arneson dukkar opp igjen i fleire seinare dokument. 18. september 1337 var han rådmann i Bergen og deltok i eit makeskifte. 23. juni 1338 vitna Arnfinn Arneson "på Dale" at Ragnhild Ormsdotter på For hadde fått full betaling for eit eigedomssal. 2. september 1340 var Arnfinn på Dale igjen vitne ved ein eigedomshandel i Bergen. Arnfinn var då framleis rådmann.

Grunnen for at han skreiv seg til Dale må vera at han åtte ein større del av Dale. Han har likevel budd i Bergen. Han kan òg ha budd i Bergen i 1322 og 1324, og kalla inn til rettsmøta for å klargjere sine eigne rettar. Arnfinn var truleg ein lågadelsmann. Då òg broren åtte i Dale, var nok eigedelen i Dale arvegods.

Arnfinn Arneson hadde i 1338 eit delt våpenmerket med ei halv lilje og ei halv rose (blome) (Huitfeldt-Kaas, 1898/1950).

Eit delt merke som Arnfinn Arneson hadde kan visa til to ætter. I nyare bruk av segl har venstre side vore nytta som farsætta sitt våpenmerket og høgre side som morsætta (Brita Nykvist, Harald Nissen og Bjørn Bratbak, januar 1993). Det var likevel på 1300-talet ikkje faste reglar for korleis seglet skulle setjast saman. Ein kan difor ikkje bruka seglet som anna enn eit indisium på ættesamband. Liljemerket kan då visa attende til mora og rosa til far til Arnfinn og Tjoster.

I Dalekyrkja finn ein roser hogde inn i klebersteinsportalen på vestveggen og i mellomaldermålingane i koret. Andre brukarar av ei slik rose som Arnfinn Arneson i våpenmerket frå Sogn er ikkje kjend.

 

Når ingen kyrkjelege var eigar i Dale kan kyrkja ha vore sett opp på privat grunn. Far til Arnfinn og Tjoster, som har hatt namnet Arne, kan ha vore ein adelsmann med bustad på Dale på slutten av 1200-talet. Kven er så denne Arne? Det er fleire med namnet Arne til dømes i Bergen. Ein har likevel knapt noko kjeldegrunnlag til å velja ut nokon av dei. Denne Arne kan òg ha vore sentral ved bygginga av Dalekyrkja. Bygginga og utsmykkinga kan ha vore ordna av private. Arne må ha døydd før 1322. På 1400-talet var likevel Domkyrkja i Trondheim eigar i Dale. Om ho åtte i Dale før 1350 veit ein ikkje.

Heiberg (1970) skriv at ein i Dalekyrkja har funne eit treskjerararbeid forma som ein dyrefigur med krona menneskehovud (sjå forsidebiletet) . Heiberg meinte at han kunne vera frå stavkyrkja på Søvde. Han kan òg ha høyrt til ein verdsleg bygning, som ein del av dørportalen. Ein kjenner fleire slike frå andre stader i Noreg. Figuren er frå 1200-talet og kan kanskje ha vore på stova til Arne på Dale?

SKJOLDA I DALEKYRKJA - LILJE OG KRONE MOTIVET

I 1626 reiste Jon Skaanevig omkring og teikna og skreiv opp minnesmerke og runeinnskrifter. Han var og i Dalekyrkja. Han teikna av to skjold som ein i "gamle dager" nytta i krig. På skjolda var det teikna inn eit våpenmerke. Det var to kroner over ei lilje. Ingen visste i 1626 kven som hadde ått dei, men dei hadde "alltid" vore i kyrkja. Det same våpenmerket finn ein att hjå adelsmannen Pål (Sure ?) i Trondheim og Toralde Sigurdson, som ein kjenner frå Austlandet på slutten av 1300-talet. To andre våpenmerket med berre ei lilje var på slutten av 1600-talet teikna opp i Dalekyrkja. Dei kan ha vore måla på noko som var i kyrkja. Skjolda er drøfta av Trætteberg (1971), Bjønnes (1992) og Kvitrud (1995). Kven som åtte skjolda i Dalekyrkja kan eg ikkje gje nokon eintydig konklusjon på.

Skjolda hadr nok høyrt til ein av dei som stod sentralt ved bygginga av kyrkja. Han er nok truleg gravlagt inne i kyrkja. Skjolda er av Trætteberg (1971) tidfesta til mellom 1230 og 1290.

Den opphavlege eigaren kan då ha vore med i bygginga av kyrkja. Trætteberg (1971) skriv at dei to segla i Dalekyrkja kan ha høyrt til far og son, eller ein mann som laga eit nytt når det gamle vart utslitne. At ein i ei ætt nytta det same våpenmerket var mogeleg. Verwohlt (1988) har vist at ætter i Danmark hadde same våpenmerket frå 1100-talet og i fleire hundre år. Det same kan ha vore mogeleg i Noreg.

 

Wullf (1966) viser til at liljer og kroner var i bruk i store delar av Europa som fyrste- og adelsvåpenmerke. Liljer finn ein og i fleire norske og danske myntar frå mellomalderen. Ekkja (1982) viser til at om lag 10% av alle norske segl i tida 1298 til 1400 hadde ei eller fleire liljer. Særs mange slike våpenmerket var det i Sogn og på Voss.

Eg ser for meg at Dalekyrkja kan ha vore bygd som eit samarbeid mellom fleire lokale stormenn. Det gjeld Arne på Dale, Andres på Fet, Alf i Kroken og Dag på Sørheim. Skjolda har nok høyrt til ein av dei.

PRESTANE PÅ DALE

Den fyrste presten ein kjenner på Dale var Bergtor som ein kjenner frå eit skriv frå biskop Arne i Bergen. Skrivet er dagsett 17. mai 1306. Biskopen skriv då til folket i Dalesokna om inntektene til kyrkja og presten for året 1306. Bergtor skal vera prest òg dette året, underforstått var han òg prest i 1305. Bergtor skal ha kost hjå Bjørn Prestbror, og i tillegg ha 15 laupar smør og inntektene av offer, inngangspenger i kyrkja som kvinner måtte betale etter ein fødsel og gravferd. Sjelegåver til presten skal leggjast til presten si inntekt. Presten Oluf i Gaupne skal i samråd med Bjørn styra alt anna gods som høyrer til kyrkja eller presten. Dei skal likevel ikkje gjera noko med kyrkja eller presten sin del av tienda utan å spørja biskopen. Bjørn skal ha 20 laupar smør i året av landskylda frå prestegodset for underhald av presten. Presten Oluf skal granske kyrkjeskrudet, bøkene til kyrkja og fordringar som ikkje var betalt. Han fekk òg fullmakt til å krevja inn desse fordringane.

Det ein kan lese av skrivet, er at presten Bergtor ser ut til å ha blitt sett under administrasjon. Truleg har han misbrukt prestestillinga.

I 1316 hadde Dalepresten berre ein eigedel. Det var 2 månadsmatabol i Bjørk. Ut frå inntektene var ikkje presteembetet på Dale av dei beste. Truleg kom det av at det var såpass nytt. Presteembetet på Søvde hadde større inntekter både i tiend og jordegods. Mellom 1318 og 1336 vart Dalekyrkja eigar av delar i Bolstad, men likevel ikkje mykje. Eit problem er då skrivet frå 1306. Det vart då sagt at Bjørn Prestbror skulle ha 20 laupar smør i året av prestegodset. Så mykje hadde ikkje presteembetet i Dale i leigeinntekter. Slår me saman leigeinntektene frå Dale med nabosokna Søvde eller Fortun vil me likevel koma høgare enn 20 laupar. Mest truleg var då Dalepresten òg prest over Søvdesokna. Fortun er ført med eigen prest fleire gonger på 1300-talet; så det er mindre truleg. Nokon eigen prest hadde ikkje Søvdesokna då det var bispevisitas i Sogn ein gong mellom 1321 og 1324. Mest truleg har då Dalepresten vore prest over begge soknene frå Dalekyrkja vart bygd på slutten av 1200-talet.

Ein rik bonde i Dalesokna kan ha vore Peter Erlendson som kjøpte ein del av Bolstad for presteembetet etter 1316. Noko meir veit ein ikkje om han. Han kan òg ha vore prest, men det er meir uvisst sidan han ikkje er titulert som prest slik vanleg var.

Den neste presten ein kjenner til er Oddgeir, som ein gong før 1322 gav Ottum mennene løyve til å støle på "Geilgiu" sætra. Oddgeir kan godt ha vore prest alt kring år 1300.

I 1318 og 1321 var Bjørn prest i Dale. I 1318 kjøpte han ein del av Bolstad for Dalekyrkja. I 1321 gav biskopen i Bergen presten Bjørn retten til Dalekyrkja sine leigeinntekter så lenge han var prest. Grunnen til det var nok at Bjørn hadde klaga til biskopen over dårlege kår. Sjølv med denne vesle auken i inntekta vart Bjørn ikkje lenge.

Ein stad mellom 1321 og 1324 var biskopen på visitas i Sogn. Han var på Stedje i Sogndal i fire dagar. Presten Arne i Dale måtte då vera med å halda kosten for biskopen og fylgjet hans, saman med fire andre prestar. I 1324 finn ein òg Arne som prest i Dale. Han møtte som ombodsmann for kyrkja i striden om Oppdalen.

Så kjem ein fram til året 1329. Presteembetet på Dale vart då midtpunkt i ein strid mellom erkebiskopen i Trondheim og biskopen i Bergen.

Striden byrja 6. oktober 1329 då erkebiskopen Eiliv i Trondheim vigsla kanniken Bård Einarson til prest i Dale. Erkebiskopen viste til at det i for lang tid ikkje hadde vore tilsett prest i Dale. Disposisjonsretten gjekk då over frå biskopen Audfinn Sigurdson i Bergen og til erkebiskopen.

Sjuande november 1329 svara biskopen Audfinn på brevet frå erkebiskopen med trugsmål. Han fortel at han hadde overlate Dalekyrkja til presten Arnfinn Tordson. Han viser til at kanniken Håkon Toreson hadde sagt frå seg prestestillingen i Dale mindre enn eit halvt år tidlegare. Audfinn held då fram at Eiliv med urette har overlate kyrkja til Bård Einarson. Audfinn vil ikkje akseptere dette. Han truga med å bruka bann som straff. Han vil òg fremje si sak for paven, og krevjar følgjebrev frå erkebiskopen.

Omtrent på same tid skreiv Audfinn eit nytt brev til erkebiskopen. Han var då meir varsam, men Audfinn stod på sitt. Han skriv at han 27. september, under ein visitas på Stedje i Sogndal, gav kyrkja til presten Arnfinn (Tordson) som studerer i Cambridge. Presten Håkon Toreson gav frå seg kyrkja 13. august. Audfinn meinte då at han ikkje hadde tapt sin rett. Han skriv at han vil ha eit godt tilhøve til erkebiskopen og ynskjer forlik.

Sjette desember 1329 kjem svarbrevet frå erkebiskopen. Det er òg det siste ein høyrer om saka. Han viser til at Dale har vore ledig lengre enn frå 13. august. Presten Håkon (Toreson) miste retten sin til kyrkja då han ikkje vart prestevigd etter at han vart ferdig med studiane. Det var no over eit og eit halvt år sidan. Erkebiskopen måtte difor gripe inn for ikkje sjølv å miste disposisjonsretten til kyrkja. Han påla Audfinn å ordne saka, og skreiv at ingen kunne overdra til andre ein rett ein ikkje sjølv har.

Arnfinn Tordson finn ein att i eit skriv frå 1341. Han gjekk då av som prest i Eid kyrkje i Nordfjord. Ein må då tru at biskopen måtte gje seg, og har funne eit nytt kall (Eid) for Arnfinn.

DALEKYRKJA

 

Kyrkja har ein typisk tidleg gotisk stil. Ut frå vurderingar av stilen meinte Dietrichson (1906) at kyrkja var frå midten av 1200- talet. Anders Bugge (1933) skriv at stilen i kyrkja er tydeleg engelsk frå midten av 1200-talet. Magnus Olsen (1957) tidfester kyrkja til om lag 1280 og Ola Seter (1953) daterer ho til 1250-1300. Heiberg (1970) skriv at ho var frå mellom 1210 og 1306. Den kyrkja ein no har på Dale er truleg den einaste kyrkja ein har hatt på Dale. Det ut frå det vesle jordegodset som høyrde til kyrkja og prest på 1300-talet.

Dietrichson (1906) skriv at Dalekyrkja i større grad enn noko anna kyrkje i Noreg, har detaljar som er like med St Magnuskatedralen på Kirkwall på Orknøyane. Det gjeld dei delane av katedralen som vart bygd kring år 1250. Etter segn i Luster skulle Dalekyrkja ha vore bygd av skottar (Qvale, 1810). Dietrichson meinte at ættesamband med Orknøyane kunne ha ført til at ein har fått steinhoggaren frå Orknøyane. I 1263 var Dag på Sørheim i vesterled saman med kongen. Dag var i same skipet som kongen. Noko meir veit ein ikkje om han. Dei var mellom anna på Orknøyane. Dag kan ha teke med seg steinhoggaren heim eller blitt kjende med dei og fått dei til å koma seinare.

 

Klebersteinane til Dalekyrkja skulle kome frå eit gamalt brot rett ovanfor Fet (Baten, 1983).

Mellom kyrkja og prestebustaden er det ein gang under jorda (Dyrdal, 1993). Tilsvarande gangar finn ein òg mellom kyrkja og bispegarden på Skålholt på Island og i Avaldsneskyrkja i Rogaland. Ein må tru at alle desse gangane vart bygd på same tid som kyrkjene, og at dei var i bruk på 1200-talet. Borgarkrigen i Noreg slutta i 1240, men ein har nok budd seg på at det kunne koma ny ufred. Krypt under koret var ein nyvinning i kyrkjearkitekturen på 1200-talet.

KYRKJEBUNADEN

 

I kyrkja er det bileter måla på kalkveggene frå 1300-talet. Seter (1953) skriv at malaren kan ha vore både vidkjend og kostbar. Dyktig veit ein i alle fall at han var. Figurane hans er asketiske, sarte, blonde med slanke folla hender. Han har brukt fargane svart eller mørkt grått, ein fin blågrøn, blågrå og nokre raudfargar. Mannen i koret har bare føter og eit hovudplagg som "Biskopen" på eine kapitelet i Urneskyrkja. Det kan då ha vore same mannen. Magerøy (1971) meinte at "biskopen" kunne vera Sankt Antonius.

 

I den største portalen i sør står det med runer "St Nicolaus kyrkje". Det viser nok til kva helgen kyrkja var vigd til. Over runene står det ein kross, truleg frå innviinga av kyrkja. Det er og ein innskrift "Nicolaus, prest i Lærdal" frå andre halvdel av 1200-talet. Det er òg skrive Maria to stader med runer. Det kan visa til Jomfru Maria, men òg til nokon i sokna. St Nikolaus av Myra vart rekna som ein helgen for kjøpmenn og sjømenn. Jonasson (1984) skriv at der det er Nikolaskyrkjer har det ofte vore ein forsamling eller fleire kyrkjelege funksjonar. Korleis ein skal tolke det i samband med Dalekyrkja er uvisst. Nikolas var ein av dei mest populære helgenane i Noreg og meir enn 25 kyrkjer var vigd til han.

Frå kyrkja har ein ein båtforma ljosestake frå 1200-talet. Han er make til ei i Urneskyrkja. Det er vimplar på skipet som kan vise tilbake til kven som gav vikingskipet, men ein likevel ikkje kven det var.

Ein har òg forsida til eit alter (antemensale) og ei altertavle. Altertavla er frå 1200- eller 1300-talet (Heiberg, 1970). Ho er laga av furu som nok viser til at ho er laga i Noreg.

BRINGE, DØSEN OG MYKLETUN

På Døsen vart det i 1882 funne eit 75 cm langt sverd og ei ravperle (Lorange, 1882). Funnet er frå ein gong i tida mellom 800-1000. Eg vil tru at det er eit gravfunn. Grava har nok mest truleg ikkje vore langt borte frå eit gardstun. Døsen som gard var ein nyskaping på 1600- talet. Mesteparten av Døsen vart då til frå en del av Bringe som dei kalla Mykletun. Gravfunnet er då mest truleg frå Bringe. Ravperler vart i denne tida nytta som eit teikn på at dei hadde fått ei kristen velsigning. Dei rekna seg ikkje sjølve som kristne, men kunne vera i lag med kristne ( etter Per Hernæs). Perla kan også ha vore nytta som pynt på sverdet.

Bringe høyrer ein for fyrste gong i skriftlege kjelder i striden om Oppdalen i 1322. Det budde då ein Halstein på Bringe.

I 1351 høyrer ein at adelsmannen herr Audun på Slinde ein gong etter 1316 hadde gjeve kyrkja på Søvde 3 "sketting" i Bringe. Ut frå at Dalepresten som ombodsmann for "kyrkja" hadde rettar i Oppdalen i 1324, må gåva frå Audun ha vore før 1324. Det ut frå at Søvdekyrkja sin eigedel i Bringe, er den einaste måten Dalepresten kan ha hatt rettar i Oppdalen. Eigedelen må ha vore såpass stor at kyrkja òg hadde bygslerett over sin del. Det ut frå at presten kunne gje Ottum-mennene lov til å bruka "Geilgiu"-sæter, som må ha vore i Oppdalen ?

Det aller meste av Bringe må ha vore i privat eige.

Etter dette finn ein ikkje att Bringe i kjelder før i 1428.

FRANSTUN OG ORMSTUN

Franstun er ein gard ein kjenner fyrste gong i 1522. Det er i stor grad den garden ein seinare kjenner under namnet Frakstu og no som Dalsøyri.

Når garden er kjend frå 1522, må ein tru at garden hadde vore busett samanhangande sidan før 1349. Gardar med endinga "tun" tidfester ein grovt til om lag år 800-1000. Garden må ha vore eit tun på Dale, som seinare vart rekna som ein eigen gard.

Ormstun er kjend fyrste gong i 1535. Heile garden (1 laup og 8 meller) var då eigd av adelsmannen Vincent Lunge i Bergen. Når garden er kjend på den tida er det og mest truleg at han var bygd før 1349. Saman med Franstun har truleg Ormstun vore eigne tun på Dale, som seinare fekk eigne namn og vart rekna som eigne gardar kring år 1000. Ormstun kjenner ein seinare som Årstu og no under namnet Nygard.

Dei to tuna har truleg namna etter bøndene på gardane : Frans og Orm. Når dei budde på gardane kan eg ikkje seia noko sikkert om. Det kan likevel vera dei som bygde gardane kring år 1000.

HELTNE

I ei skatteliste frå 1522 finn ein Erland "Heltne" ført mellom to brukarar frå Bolstad. Namna i denne lista står om kvarandre, så det kunne ha vore både Heltne i Dale eller Heltne i Fortun. Rygh (1919), Laberg (1926) og Øiane (1984) har alle ført Erland som heimeverande i Fortun. Ingen av Heltne gardane er ført igjen i noko skatteliste før på 1600-talet. Garden til Erland må ha vore lagt øyde mellom 1522 og 1563. Me har difor lite å halde oss til. Gardane var òg om lag like store etter landskylda i 1635.

Heltne er såpass stor at han kan ha vore bygd før 1349. Mest truleg er Heltne skilt ut frå Dale. Dateringa er vanskeleg, men eg vil tru at Heltne kan vera så gamal som frå 900-talet.

I 1750 høyrer ein om Øygarden på Heltne (Laberg, 1926), men eg veit ikkje noko meir om han.

ØYGARDSLID

Lars Øiane (1987) skriv at det eine bruket på Fuhr har namnet Øygardsli. Kva for ein øydegard namnet viser til veit eg ikkje.

FOR

I 1322 høyrer ein at Sigvat "For" vitna om bruken av Oppdalen. Noko meir veit ein ikkje om han. Eg vil likevel helst tru at han var ein eldre mann, sidan han skulle vitne om tilhøve langt attende i tid.

Ellevte juli 1337 selde Eidride Olufsson på For og kona hans Ragnhild Ormsdotter 5 månadsmatabol i Rogne på Voss til Arne Jonsson. Som betaling skulle dei ha 16 merke sølv etter gamal verde. Dei fekk 10 merke ved salet. Arne skulle òg betala 2 pund mjøl og 12 aurer i pengar - dei fyrste han fekk. Han skulle òg betala med 3 kyr som skulle leverast på For til hausten. I eit nytt skriv dagsett i Bergen 23 juni 1338 stadfesta Ragnhild Ormsdotter at ho hadde fått full betaling. Eigedelane var betalt med rug, smør og pengar. Når Ragnhild var åleine i 1338 vil eg tru at ho hadde blitt enke. Med seg hadde ho Arnfinn Arneson på Dale, som vitne.

Sidan både Eindride og kona hans er nemnd er det òg mest truleg at eigedelen i Rogne kom frå Ragnhild si ætt. I 1333 selde ei Cecilie Ormsdotter òg ein del av Rogne. Ein lyt tru at ho var systera til Ragnhild. Orm var eit vanleg nytta mannsnamn både på Voss og i Sogn.

Yngvar Nielsen (1880) skriv at Ragnhild og Cecilie kan ha vore døtrer av Orm Svarte. Ein kjenner han som eigar av ein bygard i Bergen. Denne spekulasjonen er likevel dårleg underbygd.

Kven det var som åtte For veit ein ikkje. I 1557 ser ein at kongen ga vekk ein del av For. Kongen var framleis eigar av ein annan del fram til 1634. Det kan vera at kongen var eigar i For alt før 1349, men ein veit ikkje noko sikkert.

Skrivemåten i dei gamle kjeldene er konsekvent "For", som eg òg har funne det rettast å bruka.

 

HAVOLD

I 1615 og 1634 vart det sagt at det var to øydegardar under For. Det var "Haffuold" / "Havold" og "Sauge". "Sauge" kjenner ein att som garden Sage i Dalsdalen. Havold finn eg ikkje att andre stader. På For finn ein i dag stadnamnet "Øygarden", som òg tidlegare var husmannsplass. Det kan vera at "Øygarden" er det same som Havold.

Ein kunne tru at Havold var ein vrang skrivemåte for Havelden, men Havelden høyrde inn under Flahammar og ikkje For.

HÆRI

 

Hæri er kjend frå 1316 og 1351. Søvdepresten åtte 10 månadsmatabol i garden. Andre skriftlege kjelder om Hæri har me ikkje. Mesteparten av garden var nok i privat eige. Hæri er ein etter måten stor gard, som viser til ein høg alder. Høgi namnet kjem frå Høgvin. Det er eit namn som seinast er frå 800-talet. Samla vil eg tru at Høgi kan ha vore bygd kring år 750. Han er truleg skilt ut frå For.

FRÅ LAVOLD TIL TALLE

Deler ein gardane frå Lavold til Talle i tre, og ser på landskylda i 1635 får ein :

1. Søvde                                 13,5 laupar

2. Lavold, Hengestig og Skildeim     10,5 laupar

3. Flahammar og Talle                       13,5 laupar

 

Ein tredeling av opphavsgarden i tre nær like stor gardar skulle vera mogeleg. Ut frå storleiken og plassering peiker Søvde seg ut som opphavsgarden. Det kan og vera at det var Skildeim som var opphavsgarden. Ein tredeling av garden ved utskilling av Skildeim og Talle kan ha bore til på 700- eller tidleg 800-tal.

 

SKILDEIM, HENGESTIG OG LAVOLD

Skildeim er ikkje kjend i noka kjelde før i 1522. Når garden var bygd i 1522, er det òg mest truleg at garden var bygd før 1349. Det var ikkje kyrkjelege eigarar av garden før 1349. Garden kan då ha vore ått av private.

Hengestig er fyrste gong kjend i eit makeskifte frå 1438. Hengestig var då øyde og huslaus. Garden var nok då bygd før 1349.

"Lasse paa Ladall" er ført i skattelista frå 1522. I lista står han mellom Jon på For og Narve på Hæri. Han kan ha då ha høyrt til ikkje langt vekk frå For og Hæri. Mest truleg er "Ladall" ei forvansking av Lavold, om då ikkje Ladal er det opphavlege namnet.

Når Ladal/Lavold var bygd i 1522, var garden nok òg bygd før 1349.

Alle tre gardane har altså mest truleg vore bygd før 1349.

SØVDE

Etter lista frå 1635 var Søvde den største garden i Dalesokna. Søvde var òg kyrkjestad fram til om lag år 1600. Søvde kyrkje var mest truleg eldre enn kyrkja på Dale. Det ut frå at Søvdekyrkja og -presten hadde større jordeige og tiend knytta til seg. Søvde var nok òg einaste kyrkje og truleg òg prestebustad fram til Dalekyrkja vart bygd på slutten av 1200-talet. Søvde var nok òg eit lokalt maktsenter før Dalekyrkja vart bygd. Det kan òg vera at det budde storfolk på garden på 1100-talet.

Lars Øiane (1987) og Kjersti Randers (1992) fortel nokre segn om Breidsete. Etter Øiane skal Breidsete ha høyrt til Søvde. I så fall må Søvde ha vore bygd før 800-talet.

Mest truleg er Søvde ein gamal gard som nok kan ha vore nytta samanhangande frå før år 600 og fram til i dag.

På Søvde er det funne ein treflika hestebrodd av jarn. Han er frå tida 800-1000. Han er 9 cm lang (Bakka, 1970).

 

Me kjenner ikkje Søvde i noko kjelde før i 1380. Elles ser me at ingen prestar eller kyrkjer åtte i Søvde før 1320. Garden har nok då vore i privat eige. Av eigedelane til presten på Søvde ser ein at adelsmannen herr Audun på Slinde i Sogndal hadde gjeve ei gåve, truleg kring 1320. Det kan vera at Audun hadde ei tilknyting til Søvde. Ein kan ikkje sjå vekk frå at han åtte garden.

 

KYRKJA PÅ SØVDE

Presteembetet på Søvde høyrer ein fyrste gong om i 1316. Det hadde då eigedelar i fire gardar : Hæri, Talsete, Kjos og Ugulen. Samla fekk presten leigeinntekter på 30 månadsmatabol (486 kg smør) i året, men ikkje noka tiend. Som forklart under Dalekyrkja, kan det i 1306 ikkje lenger ha vore nokon prest på Søvde. Det var presten på Dale som òg hadde presteembetet for Søvde.

Kyrkja på Søvde åtte i 1316 i Flahammar og Bringe. I 1726 vart ein del av Søvde sokna sagt å omfatta Skildeim, Søvde og Flahammar (Laberg, 1926), men i 1351 vart det skrive at Flahammar var i Dale kyrkjesokn... Eg vil likevel tru at Søvde sokna på vestsida av fjorden har vore frå Talla til Dysjaelva, og at Dalesokna var frå Dysjaelva til Fjøsne. Kva gardar på austsida av fjorden som høyrde til kva sokn, er verre å seia noko om. Ein ser at fru Margrete på Sørheim gav ei gåve til Dalekyrkja. Det kan vera at ho sokna dit, men det kan òg vera heilt andre årsaker. Faren eller broren Audun på Slinde gav ei gåve til Søvdekyrkja.

Søvdekyrkja hadde 40 laupar, 10 såld korn (tilsvarer 7,5 lauper) og 1 mark brent i tiend. Dale kyrkja hadde 2 laupar og presten 30 laupar i tiend. Det manglande samsvaret mellom tienda til prestar og kyrkjer gjer det vanskeleg å seia noko sikkert om storleiken på dei to sokna. Ein får helst tru at tiendinntektene berre var omfordelt mellom prest og kyrkje i same sokna. Preste- og kyrkjetienda i Dalesokna ville då vera 32 laupar og for Søvde 47,5 laupar og 1 mark brent sølv. Søvdesokna var størst. På vestsida går det eit naturleg skilje ved Dysjaelva. Gardane nordaust for elva hadde i 1635 ei samla landskyld på 55 laupar. Skulle Søvdesokna vera størst, må sokna ha omfatta austsida av fjorden (inkludert Sørheim). Mest truleg var då Sørheim i Søvdesokna.

 

Korleis kyrkja såg ut veit ein ikkje noko om lengre. Ho har likevel vore lita, for i 1585 vart det sagt at ho var eit kapell. I 1726 vart det sagt at kapellet hadde stått på Kleivehaugen. Dei kunne òg visa steingjerdet rundt kyrkjegarden.

På kyrkjetufta fann ein i 1847 ein gullring frå mellomalderen. Han er no i Historisk Museum i Bergen. Han har ei plate. På han er det igjen ei ganske lita åttekanta jarnplate. På ho var det spor av teikn eller bokstavar. På begge sider var det bladornament (Bendixen, 1903). Jon Laberg (1926) skriv at det på Søvde var eit par bord i eit uthus som ein lyt tru har vore på kyrkja. Nykelen til kyrkjedøra skulle lenge ha vore nytta til stabbursnykel på Skildeim. På Sørheim er det ein stubbe som det har vore spekulert på kan vera frå Søfdekyrkja (Dyrdal, 1993).

FLAHAMMAR

 

På husmannsplassen Nausti på Flahammar er det funne ei grav av ei kvinne. Ho har truleg vore gravlagt i ein båt. Det ut frå at dei fann store mengder med klinksaum (båtnagler). I Nord-Europa kjenner ein meir enn 400 båtgraver. Slike graver er derfor ikkje heilt uvanlege. På Ornes har ein òg funne båtnagler, men det meir uvisst om det var ei båtgrav. I Noreg er likevel nokre av dei rikaste gravene ein kjenner båtgraver. Oseberg, Avaldsnes og Gokstad er dei mest kjende. Ein kan likevel ikkje bruka båtgraver som prov på nokon særskild rang i samfunnet. På Vestlandet har ein fleire båtgraver. Dei minste har storleik som ein robåt og dei største er 20 meter lange (Shetelig, 1912 og Næss, 1970).

I grava fann ein òg to ovale sylgjer av bronse og eit irsk smykke. Smykket er tidfesta til 900-talet av Shetelig ( 1926) og til mellom slutten av 800-talet og slutten av 900- talet av Petersen (1928). Det var òg ein bautastein ved grava. Irske smykke er det særleg mange av i Rogaland og Sogn (Petersen, 1928).

Me må gå ut frå at det har vore busetnad på Flahammar på 900-talet. Funnet viser òg til rikdom som ei bondekone på ein nyryddinggard neppe kunne ha hatt. Eg vil tru at busetnaden på Flahammar i det minste kan gå attende til 800-talet.

Flahammar er kjend i 1316 og 1351. Kyrkjelege eigarar i garden var då :

* Jakobsalteret i Domkyrkja i Bergen 6 månadsmatabol

* Søvdekyrkja                                    1,5 månadsmatabol

Resten, som òg var den største delen, vart truleg ått av private. Dette er dei einaste skriftlege kjeldene om Flahammar før 1349.

TALLA

Frå Talla har ein fleire funn frå tida 800-1000. To sølv "armband" har vore gøymt under ei hella. Dei vart funne i 1861. Nicolaysen (1862-66) skriv at funnstaden for desse er ukjend, men Lorange (1876) skriv at dei er frå Talle. Han har rett nok sett eit spørsmålsteikn bak, så funnstaden er noko usikker. På det eine armbandet henger tre små fingerringar og på den andre ni ringar (Shetelig, 1926 og Lorange, 1876). Sølvarmband er for det meste frå 900-talet (Petersen, 1951). Liknande ringar med sølvringar trædde inn, er funne mellom anna i Osebergskipet. Dei er av Christensen m.fl (1992) tolka som å vera rangler. Det kan vera rangler nytta i religiøse prosesjonar eller som dombjøller på seletøy.

På Håvardsplassen vart det 1905 igjen funne to sølv armringar. Dei er òg frå tida 800-1000 (Shetelig, 1926). Ut frå at dei er av sølv er nok 900-talet mest truleg.

Like ved det siste funnet er det funne ein spjutspiss frå tida 800-1000 (Shetelig, 1905 og Fett, 1954).

Funna viser til at Talle er ein gamal gard. Eg vil tru at ein alder attende til 700- eller tidleg 800-tal er mogeleg.

Neskyrkja åtte i 1316 og 1351 ein halv månadsmatabol i "Tharla", som eg vil tru er det same som Talla. Etter det er ikkje Talle kjend i skriftlege kjelder før i 1531. Eigedelen til Neskyrkja var berre ein liten del av Talla. Resten var nok i privat eige.

Under Talla finn ein bruksnamnet Øygarden. Namnet viser attende til ein bustad som var rydda før 1349. Noko meir veit eg ikkje om han.

 

LANGEN

Langen er kjend frå fyrste halvdel av 1300-talet. Fru Gyrid på Slinde i Sogndal og dottera fru Margrete på Sørheim gav ein gong mellom 1316 og 1351 delar av Langen (Langinum) til Ylmheimkyrkja og Ylmheimpresten i Sogndal. Desse gåvene omfatta 6 månadsmatabol garden.

Langen vil eg ut frå storleiken tru var ein ung gard truleg frå 1000- eller 1100-talet.

I 1535 høyrer ein at adelsmannen Vincent Lunge åtte 2 ml (0,25 laup) i "Laugum" i Dals sokn. I 1316 og 1351 åtte Neskyrkja 3 månadsmatabol i "Laug". I 1585 hadde Dalepresten overteke denne eigedelen med 4 settinger i "Lang". Mest truleg er Lang, Laug og Laugum òg gamle skrivemåtar for Langen. Langen har då hatt både private og kyrkjelege eigarar før 1349. Ein veit sikkert at det var ein private eigar i Langen i 1369.

 

HØYHEIM

 

Høyheim er nok ein gamal gard. Han var bygd før år 500. Om busetnaden har vore samanhangande dei neste hundreåra er meir uvisst. Ei nybygging av garden kan neppe vera seinare enn 700-talet. Det er gravfunn frå tida før år 1000 både på Øvre- og Nedre Høyheim. Eg vil då tru at det før år 1000 var minst to tun.

På nedre Høyheim (bruk 4) vart det i ein åker i 1873 funne ei mannsgrav frå tida 800-1000. I grava var det eit 75 cm langt sverd, ei øks og ei saks (Lorange, 1876).

I 1922 vart det funne ei brent grav på nedre Høyheim (bruk 4) frå 900-talet (Petersen, 1951). I ho var det ein vevreel på 20 cm (Petersen, 1951), ei 25 cm lang saks og eit 91 cm langt steikespidd, to nyklar (type R459), ei 61 cm lang vevskei, ei hasp og eit hengsle til eit skrin, delar av ein sigd og eit flatt handsnellehjul av fin leirskifer. Det er 4 cm i tverrmål (Bergen Museums Årbok, 1919). Funna vart gjorde om lag ein meter nede i bakken. Det var ikkje spor etter noko røys eller haug over grava. Det er både manns- og kvinnesaker i grava, så kjønnet kan ikkje fastsetjast. Den eine nykelen er 41 cm lang og har truleg vore ein dørnykel. Han har og ein kraftig bærering på 8 cm i tverrmål. Den andre er truleg ein kistenykel. Truleg høyrde haspa og hengsla til same skrinet eller kista. Dei andre gjenstandane kan då ha låge i kista.

Shetelig (1926) skriv at ein på Årstadhaugen på Øvre Høyheim, hadde funne hestebein og beksel. Shetelig tolka det som eit teikn på at det hadde vore ei grav der frå tida 800-1000. Årstadhaugen i eg sjølv er likevel ein naturleg haug (Fett, 1954).

Frå Høyheim kjenner ein eit skøyte som er dagsett 10. april 1348. Skøytet vart sett opp i Bergen. Jon Sigurdson og kona hans Sigrid (Torsteinsdotter) selde då 3 månadsmatabol i det inste tunet i "Hyæimi" til Grim Jonson. Sigrid hadde arva eigedelen etter sine foreldre. Lars Øiane (1987) brukar namneformene "John Sjurson" og "Siri", men det er ikkje i samsvar med originaldokument. Dokumentet fortel oss òg at det var minst to tun på Høyheim.

Jon Sigurdson kjenner ein i eit par skriv. Det kan vera at han er den same Jon Sigurdson som ein møter på Austlandet i 1342; ei slik hypotese er nok likevel noko spekulativ. Han lyt i såfall ha vore gift ei Astrid i 1342. Skrivet frå 1348 er fyrste gong ein møter han på Vestlandet. Han er òg kjend i eit skriv dagsett i Bergen 26.9.1349.

Yngvar Nielsen (1880) meinte at Sigrid kunne ha vore dotter til Torstein Bottolfson og syster til Ingeleiv Torsteinsdotter som ein kjenner frå Kvam. Ein veit frå eit seinare skriv at Sigrid var dotter til Torstein Skolla i Kaupanger. Torstein Skolla og Torstein Bottolfson kan ha vore same mann, men det er usikkert.

I 1316 og 1351 åtte presten på Ornes 24 månadsmatabol i "Hyheimi" og 14 månadsmatabol i "Hyghini". Desse namna kan knapt vera noko anna enn Høyheim. I 1596 var Hafslopresten eigar av 4,5 laupar av Høyheim. Det er nok òg ei stadfesting av at Ornespresten var eigar i Høyheim før 1349. Presten har ått kring 40% av Høyheim. Resten må ein tru var i privat eige.

I 1316 og 1351 åtte presten i Jostedalen 7 månadsmatabol i garden "Høgøygum". Om det var Høyheim eller ein forsvunnen gard i Jostedalen veit ein ikkje. Rygh (1919), Laberg (1926) og Øiane (1987) skriv alle at det var Høyheim. Skrivemåten avvikar så mykje frå dei andre, at eg vil tru at det mest truleg ikkje er Høyheim, men ein gard i Jostedalen.

NES

 

Nes har nok vore busett samanhangande frå før år 600. Det er òg gjennom åra gjorde fleire funn på garden.

I 1881 vart det sagt at dei på Nes hadde funne sverd og økser. Funnet var tett ved sjøen. Til dette funnet høyrer truleg eit spjut frå tida 800-1000, som kom til Bergens Museum i 1875 ( Shetelig, 1926). Spjutet må ha vore frå ei branngrav (Fett, 1954).

Frå Piphaug er det funne to ovale skålforma bronsespenner (Shetelig, 1904). Spenna er 11 cm lang (B5867). Ho har det ein kallar for eldre Osebergstil. Det vil seia at ho truleg er frå andre halvdel av 800-talet. Det er kraftige massive spenner. Vekta er 51 gram.

Frå Orrhaug er det funne fire ovale spenner og ei øks. Øksebladet er 12 cm langt og 9 cm høg i eggen (Undset, 1888). Petersen (1928) fortel at den eine spenna (B3134) er frå tida 600-800. Shetelig (1926) skriv at ho truleg er frå om lag år 800.

I 1952 vart det funne eit sverd (B10437) i ein åker på Nes. (Fett, 1952). Det var eit tveegga sverd av jarn (Petersen type B eller C). Kordlengden var 81 cm. Sverdet var sterkt rusta og skadd. Ut frå Petersen (1919) kan sverdet ha vore frå tida 700-850.

I skriftleg kjelder kjenner ein ikkje Nes før i 1316 og 1351. Jakobsalteret i Bergen åtte då 6 månadsmatabol i Inste Nes. I 1398 åtte Gimsøy kloster ved Skien 16 månadsmatabol i Øvre Nes. Det er nok ein eigedel klosteret og hadde før 1349. Mindre enn femteparten av Nes har vore i kyrkjeleg eige. Resten vil eg tru var ått av private.

Det har altså vore minst to tun på Nes på 1300-talet.

 

PRESTANE PÅ NES

 

Ein stad mellom 1321 og 1324 var Andres prest på Nes. Han gav då sitt tilskot til kosten for biskop Audun og fylgjet hans då han var på visitas på Stedje.

24. juni 1341 skreiv biskop Håkon i Bergen at presten Jon i Fortun skulle ivareta biskopen sine interesser i Luster. Det var dei rettane som presten Ægmund på Nes og seinare Gudbrand bonde hadde hatt før. Kva tid Ægmund var prest på Nes kan ein ikkje lesa ut av skrivet.

 

NESKYRKJA

 

Når det gjeld alderen på kyrkja har ein knapt noko grunnlag for å fastsetje han. Er dateringene av inventaret rett, og dei vart laga om lag på den tida kyrkja vart bygd, kan kyrkja vera bygd kring år 1300. Ho er i det minste ikkje yngre enn 1316.

I Neskyrkja var det eit måla antemensale. Det viser Kristus på korset. På kvar side er det scener frå lidingssoga. Det er av Bugge m.fl (1925) datert til om lag 1270-1300 og av Anker (1970) til 1310-1320. Ei anna tavle er truleg frå 1300-talet (Helland, 1901).Kven som stod for bygginga av kyrkja veit ein ikkje lengre noko om. Det er likevel påfallande at ingen lokale kyrkjer åtte i Nes garden. Kyrkja kan såleis ha vore sett opp på privat grunn. Om Nessokna vart skilt ut frå Søvde- eller Gaupnesoknene veit ein ikkje. Ut frå at sokna omfatta delar av austsida av Lustrafjorden er Søvde mest truleg.

I 1722 vart det skrive at Neskyrkja var ei stavkyrkje. Ho var måla innvendig og bordkledd utvendig. Ho var lita og utan spir (Heiberg, 1970).

Det var to klokker av gamal form. Det kan vera at han er laga så seint som på 1400-talet. Det var òg eit forgylt og emaljert krusifiks (Nicolaysen, 1862-66).

Det var ein døypefont av kleberstein i kyrkja. Fonten er nå på Ornes og skåla i dei Heibergske Samlingar (Heiberg, 1970). Skåla var forma som eit firkløverblad på fire stenglar (Fett, 1909).

Teikning av altertavle frå Neskyrkja. Det er eit bilete av Jomfru Maria med Jesusbarnet. Det er truleg frå 1300-talet (Heiberg, 1970).

G A U P N E

Gaupne har uvanleg få gravfunn. Det gjer at ein har eit uvanleg dårleg grunnlag for tolking av busettingssoga. Årsaka kan vera at Jostedalselva har endra faret sitt og øydelagt gravminna. Kan det òg vera at Gaupne har ei busettingssoge som er ulik det andre bygder i Luster har hatt?

 

KJELDEGRUNNLAGET

 

a) Dei største og beste gardane vart truleg busett fyrst. Landskylda er òg oftast høgast på dei eldste gardane. Ut frå verdien av dei ulike varene er tala her rekna om til eininga laupar smør (1 laup = 15,6 kg smør) :

Gard

Landsskyld           

(lauper smør)  

Eldste kjelde

gravfunn ?

bygd i 1522?

Sandvik           

13,0

1330   

-

ja

Røneid                       

9,5

1316   

lausfunn

?

Øvrebø                       

9,0

1316

-

ja

Drevdal           

6,8      

1316   

-

?

Råum             

6,5

1316   

lausfunn

ja

Tandle

6,0

1340

-

ja

Haugen           

4,6(1646)

1316

-

?

Flattun                       

4,5      

1371

-

?

Bollingberg           

4,0      

1522

-          

ja

Prestegarden           

3,6

1316

-

?

Åberge                       

3,6

1316

ja        

ja

Svangstu           

3,5

1563   

-          

?

Kalhagen           

3,5      

1427   

-

ja

Leirdalen           

3,3      

1610   

-

-

Valde             

2,5

1522   

-

ja

Vigdal            

2,5(1616)

1316

-

-

Leirmo                       

0,7

1612   

-

-

Alsmo            

0,5

1634   

-

-

Belgen            

0,5(1570)

1570   

-

-

Hotla              

0,5(1645)

1645

-

-

 

Det låge talet på gravfunn kan ha si årsak i at Jostedalselva og Engjedalselva har endra fara sine og øydelagt gravminne.

 

b) Gardar som har felles støl (stølsgrend) kan ha vore ein gard ein gong i tida. Gardane i Gaupne som har hatt felles støl er etter Einar Fjøsne (1934) som vist under. Kjørlog leigde frå gamalt støl hjå Røneid og er då ikkje tatt med her.

 

Fodnadn : Røneid, Kalhagen

Fålabrekka : Røneid, Kalhagen

Jargaldadn : Åberge, Lille-Svangstu

Ryseter : Øvrebø, Bollingberg, Drevdal, Tandle

Rydalen : Åberge, Svangstu

Seljeseter : Haugen, Belgen, Prestegarden, Valde, Flattun, Øvrebø

Skaret : Leirmo, Leirdalen

Vassvoldane : Råum, Valde, Tandle

Venåsen : Øvrebø, Bollingberg

c) Gardar som er i bedarlag med kvarandre har ofte vore ein gard. Bedarlaga i Gaupne var frå gamalt som vist under. Lista på neste side er bygd på samtaler med Per L Hunshamar (1985), Aslaug Røneid (1989), Jacob Molland (1989), Konrad Alsmo (1989), Ragnar Vigdal (1989) og Hans Lavold (1992); og brev frå Malena Tandle (1987) og Hans Kvam (1992). Ragnar Vigdal fortalde at Vigdal var i bedarlag med Kilen og Myklemyr. Hans Lavold og Hans Kvam fortel at dei ikkje høyrde saman.

 

1. Råum, Sandvik, Tandle, Valde

2. Flattun, Åberge, Belgen, Øvrebø, Svangstu, Haugen, Prestegarden, Bollingberg, Drevdal

3. Røneid, Kalhagen

4 Alsmo, Leirmo, Leirdalen

5. Vigdal

 

SYNTESA

I 1316 får ein vita namnet på gardar i Gaupne der prestar eller kyrkjer åtte garden eller delar av han. Dei som er nemnd er Røneid, Hauge (Haugen?), Åbølet (Prestegarden), Øvrebø, Sandvik, Drevdal, Flattun, Råum, Helknum, Vigdal og Åberge. Ein kan i 1340 lese om Tandle, i 1351 om Solli (?), i 1398 om Ormshaug og i 1522 om Berget. Nokre av desse gardane finn me ikkje att seinare. Det gjeld Helknum, Ormshaug, Solli og Berget. I 1316 åtte Gaupnekyrkja i ein gard som heitte Bultzhusum, men om han låg i Gaupne veit ein ikkje. No finn ein namnet Ormshaug nytta om eit skogsområdet ved Marifjøra. Dette er truleg same Ormshaug som vart nemnd i 1398. Om så må dette ha vore rekna som ein del av Gaupne på denne tida.

Ein har to tolkingar av Gaupne si soge frå denne tida. Det er av Arne Kvitrud (1989) og Lars Øiane (1991). Dei har fleire samanfallande synspunkt, men òg mangt som skil. Eg vil fyrst gje att synspunkta og så drøfte dei. Det gjeld alderen på gardane og kva som har vore opphavsgardane.

Kvitrud (1989) meinte at det på 600-talet var fire gardar i Gaupne. Det var Hove, Sandvik, Bø og Røneid. Gardane vart fordelt slik at landskylda frå 1635 for gardane Røneid, Hove og Bø var like store : 17,5 laupar. Sandvik var verdsett til noko meir med 28 laupar.

     

HOVE           

RØNEID       

SANDVIK

Øvrebø

Prestegarden

Røneid           

Sandvik

Flattun

Drevdal          

Kalhagen

Råum

Bollingberg

Haugen          

Leirmo

Tandle

 

Svangstu        

Alsmo

Valde

 

Åberge

Leirdalen       

 

Opphavet til gardane i Gaupne. Namnet på opphavsgarden står øvst (Kvitrud, 1989).

Øiane (1991) skriv at det mellom Jostedalselva og Engerdalselva var ein storgard : Drevdalen fram til 1200- talet. Han skriv at Åberge var ein del av denne garden og må ha vore utskilt alt på 1200-talet eller kan hende før. Vidare vart Øvrebø og kan hende Flattun skilt ut som eigne gardar på 1300-talet. Før 1536 vart Bollingberg og Valde skilde ut. Det som var att av Drevdalen i 1536 fekk namna Prestegarden, Drevdal nordre, Haugen, Drevdal søndre, Svangstu, Lille Svangstu og Belgen.

 

Øiane skriv at Flattun, Prestegarden, Svangstu og Drevdal- Nord kom i bruk ein stad mellom 1522 og 1563. Grunnlaget til Øiane er at desse gardane ikkje var ført i ei skatteliste frå 1522, men var med i ei liste frå 1563. Øiane har sett vekk frå at ein i lista frå 1522 har fem bønder i Gaupne som er namngjevne, men der ein ikkje veit kva gard dei budde på. Eg vil tru at dei fleste av desse gardane var busett i 1522, og mest truleg òg hadde vore det utan avbrot sidan mellomalderen.

Om Prestegarden skriv Øiane at han har vore ein del av Drevdal fram til 1536. I Bergen kalvskinn frå 1300-talet finn ein gardsnamnet Åbølet. Åbølet var det namnet ein på den tida nytta om prestegardar. Ein finn òg at presten i Gaupne åtte garden Åbølet (Prestegarden) på 1300-talet. Går ein fram til 1585 var det Dalepresten som åtte Prestegarden. Det var då ikkje lenger prestar i Gaupne.

Øiane skriv at Øvrebø og Flattun vart skilt ut frå Drevdal tidleg på 1300-talet. Om ein ser på samansette bø- og tunnamn kring om i Noreg og ser det saman med arkeologiske funn, er mest alle slike gardar tidfesta til tida 800-1000 (Sandnes, 1974), sjølv om tun-namna truleg kan ha blitt til over ein lengre tidsbolk. Ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at Øiane kan ha rett. Øiane tidfestar Åberge til kring år 1300 (side 605). På Åberge har ein gravfunn frå tida 700-900. Så ein må gå ut frå at Åberge har vore busett før år 900.

Etter Lars Øiane vart Kalhagen skilt ut frå Røneid på 1400- talet. Det var ei tid med stadige pestar og nedgang i folketalet. At ein på den tida skulle ha rydda seg ein ny gard når det låg mange gardar til nedfall i bygda og i nabobygdene ser ikkje rimeleg ut. Mest truleg må ein òg flytta Kalhagen attende i tid, til før Svartedauden i 1349.

Øiane skriv at oppdelinga av gardane i Gaupne i hovudsak kom på 1300-talet og seinare. Om ein skal kombinera den høge kornproduksjonen og husdyrtalet, som var i Gaupne på 1300-talet, med eit så lågt tal på gardar som Øiane held fram det har vore; lyt ein ha hatt ein form for landsby. Ein kjenner til at det fleire stader i Danmark var gardsdrift ut frå landsbyar. I Noreg kjenner ein berre ein landsby frå vikingtida. Han var på Husebø i Stavanger. Det same kan ein tenka seg i Gaupne.

 

Frå Orknøyane ser ein at det var mange herregardar i dei norske busetnadane (Thomsen, 1995). Dei var så mange at ein der kunne sjå på dei som regelen. Oppdelingen i famliebruk på Orknøyane og elles i Europa skjedde òg stort sett på 1300-talet; slik som Øiane meiner var tilfelle i Gaupne.

I 1316-36 har kornproduksjonen i Gaupne vore kring 83 tonn. Dette er den einaste oppgåva ein har før 1350. I året 1615 var det berre kring 15 tonn. Dette var fordelt på 24 bruk. Kornproduksjonen i Gaupne i 1316-36 var om lag den same som i byrjinga av 1800- talet. Ein kan då tru at folketalet har vore på same nivået. Folketalet i Gaupne kan ha vore kring 600. Når mellom anna Engjedalen i stor grad har vore nytta til åkerland, er ikkje talet urimeleg høgt. Åkerreiner finn ein i dag til dømes på Råum eit godt stykke over der det har vore åkrar i nyare tid. På same måten må det ha vore på Røneid sida av bygda, i Leirdalen og Vigdalen.

Det kan ha vore kring 400 storfe i bygda. Områda der dei slo gras må nok ha gått høgare enn kvar det går i dag. Ein må tru at i hovudsak har dei stølane som har vore i bruk i nyare tid òg har vore i bruk på denne tida.

RÅUM

 

På Råum er det funne ei jarnøks i Råumsberget og ein bronsegjenstand. Desse funna kan ikkje brukast som prov for busetnad. Øksebladet var 22 cm lang og av typen R553. Ho var stukken inn i ein sprekk og må tolkast som eit lausfunn (Fett, 1954). Ho er av ein type som kan vera frå hundreåra før år 800, men òg frå 800-talet (Petersen, 1919). I arkivet på de Heiberske Samlingar står det at han er frå "Ramneberget". Fett (1954) skreiv at han var frå Råumsberget. Kvifor Fett skreiv noko anna enn kva arkivet seier er ukjend, men han kan ha fått nye opplysningar. Bronsegjenstanden vart funne i 1977. Han er øydelagt, men kan vera ein del av ei spenne laga i Østersjøområdet.

Eg vil tru at Råum vart skilt ut frå Sandvik på slutten av 700- eller på 800-talet, og at dei har delt området mellom Engerdalselva og Nes mellom seg.

I 1316 var det to kyrkjelege eigarar i Råum :

Presten i Gaupne

åtte 1,5 månadsmatabol

Presten i Fet           

åtte 0,5 månadsmatabol

I tillegg høyrer ein i 1398 at Gimsøy kloster ved Skien åtte 10 månadsmatabol. Ein må tru at dette var ein eigedel som klosteret òg hadde før 1350. I alt var om lag fjerdeparten av garden i kyrkjeleg eige. Resten får ein tru var ått av private eller av kongen. Eigedelane til Gimsøy kloster lyt ein tru var ei gåve frå ein stormann i Sogn. Klosteret hadde fleire eigedelar i Indre Sogn, men ikkje noko anna på Vestlandet.

Ein finn åkerreiner på Råum langt høgare enn kvar det har vore dyrking i nyare tid. Dei kan vera frå før 1349.

På Flatningane er det tre tufter som står etter kvarandre ved Råumssela. Tuft 1 er tidfesta til 1260-1390 (Randers, 1992). Tuftene er 3,5 gonger 4,7m, 4,5 gonger 7m og 4,5 gonger 6m. Det er òg ei fjerde tuft som ser gamal ut nærare Blomshaug (Randers, 1992).

SANDVIK

 

Frå 1600-talet hadde Sandvik i lag med andre gardar i Luster rettar i Lusteralmenninga. Det var ikkje andre gardar i Gaupne enn Sandvik som hadde slike rettar. Når til dømes Råum ikkje hadde slike rettar må ein tru at desse rettane er eldre enn garden Råum. Desse rettane kan ha vore delt kan hende på 600-talet.

Lars Øiane (1991) skriv at Sandvik har vore ein del av Tandle. Tandle skulle vera den gamle storgarden aust for Engerdalselva. Sandvik skulle ha vore skilt ut frå Tandle på 1300-talet.

Ser ein på gardar med namnet Sandvik i heile Sogn og Fjordane og på matrikkelen i 1646 finn ein seks andre Sandvik-gardar. Dei var alle små (0,3 til 2,3 laupar), som viser til at dei var unge gardar. Med sine 13 laupar stiller Sandvik i Gaupne i ein klasse for seg, truleg òg i alder. Ser ein seg om finn ein Sandvik nytta som gardsnamn på Orknøyane og Shetland. Ein fekk her norsk busetnad på 700- og 800-talet. Sandvik-namnet der er nok då like gamalt. Sandvik-namnet kan altså vera både eit ungt og eit gamalt namn. Kven av Tandle og Sandvik som vart bygd fyrst kan ein ikkje seia sikkert. For meg ser det likevel mest naturleg ut at ein frå ein stor gard får skilt ut ein mindre, enn at størstedelen av Tandle vart skilt ut som garden Sandvik.

Ein gong mellom 1316 og 1336 gav Gunnar Råsvein 10,5 månadsmatabol i Sandvik i gåve til Mariaalteret i Bergen. Gunnar Råsvein er best kjend som kongen sin sendemann til Island. Han hadde den same oppgåva som Alf i Kroken hadde nokre år før. Han er kjend i skriv frå 1319 til 1329. Eg vil tru at gåva til Mariaalteret var ei testamentgåve. Gåva er då truleg frå tida 1329 til 1336.

 

TANDLE

 

Opphavet til Tandle har eg drøfta over. Eg vil tru at Tandle vart bygd på 800- eller 900-talet.

I 1340 makeskifta Tore Tandle ein eigedel i Kvam mot ein del i Drevdal. Tore Tandle finn ein igjen i eit dokument frå 1347. Då som talsmann for ei som heitte Jorunn. Ho kan ha vore ein nær slektning. Han var i lag med fleire adelsfolk. Sjølv kan han ha høyrd til lågadelen. Når han åtte noko i Kvam, må ein tru at han høyrde til dei ættene som budde på Kvam på denne tida. På Tandle finn ein stadnamnet "Slottet". Ein kan tru at Tore kan ha budd der, men ordet kan nok òg ha ei anna tyding.

21. juni 1347 var det mykje folk samla i Jonsstova i kongsgarden i Bjørgvin. Det var då ei sak mellom Gunhild Petersdotter på den eine sida, og Arne Trondson frå Voss (han er òg omtala under For) og Jorun på den andre sida. Arne la fram eit kongebrev som baud Gunhild å gje frå seg ei gåve som Herre Audun på Slinde hadde gjeve Jorun. Gunhild la då fram eit anna dokument underskrive av biskopen Guttorm i Stavanger, Herr Erling Vidkunson, Bjarne Erlingson, Ivar Andreson og fleire andre. Dokumentet fortel at Herr Erling i ombod for Åse, mor til Gunhild, hadde gjort eit forlik med Jorun og Tore Tandle ombodsmannen hennar. Greip Toreson, Herr Erling Vidkunson, Sigurd Gauteson (fehird i Bjørgvin) og Harald Niculasson (fehird i Nidaros) dømte då at forliket skulle gjelde. Så dømte 6 mann at Arne måtte bøte 8 gamle mark til Gunhild fordi han i mot forliket hadde klaga ho inn til kongen. Kva tid forliket vart gjort veit ein ikkje.

VALDE

Når Valde var bygd i 1522 er det eit godt teikn på at garden òg var bygd før 1350. Storleiken på garden er såpass liten at han neppe har vore bygd før år 1000.

 

Opphavet til garden Valde er vanskeleg å finna ut av. Valde har tidvis vore fråflytta på grunn av flaumar og flaumskader. Garden har òg vore delt opp og selt i delar. Valde kan ha høyrt til på nord- eller på sørsida av Engjedalselva. Ein er usikker fordi ein ikkje veit kvar elva hadde faret sitt i mellomalderen. Kring siste hundreårsskifte høyrde Valde til i bedarlag med Tandle, Sandvik og Råum. I 1592 høyrer ein at Valde hadde rettar på stølen Vassvoldane i lag med Tandle og Råum. Bygd på dette vil eg tru at Valde har høyrt til Tandle og Sandvik. Øiane (1991) konkluderer med at Valde har høyrt til Drevdal. Nokon sikker konklusjon kan ein likevel ikkje gje.

ØVREBØ

På 700-talet eller tidleg på 800-talet kan Øvrebø ha vore bygd. Mi tidfesting er at samansette Bø-namn oftast er frå tida 800- 1000. Øvrebø er òg ein stor gard som tilseier ein tidleg datering.

 

På Øvrebø har dei hatt eit bruk dei kalla for Baggetun. Namnet er truleg etter Augmund Bagge som hadde gjeve fire månadsmatabol til Gaupnekyrkja ein gong mellom 1316 og 1336. I same tida hadde òg Bård Solli gjeve ei gåve til kyrkja. Namnet Baggetun er i dag eit bruksnamn på Haugen i Jostedalen. Det er ikkje noko kjelde som viser til at det har vore nokon Øvrebø-gard i Jostedalen. Så det er nok berre to like bruksnamn.

Etter det høyrer ein ikkje om Øvrebø før i 1522. Mindre enn 10% av garden var i kyrkjeleg eige. Resten var nok i privat eige.

FLATTUN

"Tun"-namn viser til at garden er skilt ut frå ein annan gard, som eit bruk og med husa samla vekk frå hovudgarden. Desse namna er blitt til over lang tid, oftast i tida 800- 1000. Storleiken på Flattun tilseier nok 900- talet.

I 1316 åtte presten i Fet eit månadsmatabol i Flattun. I 1427 åtte Munkeliv kloster i Bergen 4 månadsmatabol. Dette var truleg kring 12% av heile garden. I 1616 ser ein at kongen åtte ein tredel av garden. Han kan òg ha vore jordeigar før 1350. I så fall var om lag halve garden i privat eige.

BOLLINGBERG

Bollingberg er kjend fyrste gong i 1522. Når han var bygd i 1522, har han nok òg vore bygd før 1350. Ut frå storleiken er han truleg om lag like gamal som Flattun, mest truleg 900-talet.

 

HOVE OG ÅBØLET

Gardsnamnet Hove ("Hoffue") i Gaupne dukkar opp tre gonger i skattelister på 1600-talet. Det er i 1603, 1646 og 1647. Kva er det så for ein gard? Ser ein på kva gardar som er ført i skattelistene desse åra finn ein :

 

1603   

1646

1647

Flattun

+

+

+

Øvrebø           

+         

+

+

Drevdal

+

+

+

Svangstu

+

+

+

Bollingberg           

+

+

0

Haugen

0

0

0

Prestegarden

0

0

0

Hove

+

+

+

 

Pluss (+) viser til at garden er ført i skattelistene og null (0) at garden manglar.

Ein ser at Hove namnet stig fram systematisk på same tid som både Haugen og Prestegarden manglar. Mogens på Hove i 1603 møter ein som Mogens på Prestegarden i 1611. Ingebrigt på Hove i 1646-47 var i 1645 på Haugen. I 1646 får ein vita kven som var eigarar i Hove. Det var dei same som ein i 1661 finn som eigarar i Haugen. Listene i 1646 og 1647 er mangelfulle. Eigaren av Prestegarden er til dømes ikkje ført.

Det er etter det eg kan sjå to mogelege konklusjonar : 1) Hove er det same som Prestegarden og Haugen 2) Hove er det same som Haugen

Prestegarden er den garden som i 1316 vart kalla for Åbølet. Namnet Prestegarden møter ein ikkje før på 1500-talet. I 1316 hadde presten i Gaupne eigedomsretten til heile Prestegarden (25 månadsmatabol).

 

KYRKJA I GAUPNE

 

Ein gong kan hende på 1100-talet må ein tru at dei har fått seg kyrkje. Portalen i gamlekyrkja er nok truleg frå denne kyrkja. Han har dyreornamentikk og er frå slutten av 1100-talet (P J Lavik). Andre delar av kyrkja kan òg vera frå ei eldre kyrkje.

Ein del av ein ljosestake som var i kyrkja er tidfesta til andre halvdel av 1100-talet (Kielland, 1927). Han er av forgylt koppar. I kvart hjørne er det ein drage og på sidene symbola til evangelistane. Han er no på Kunstindustrimuseet i Oslo. Staken kan vera frå Dinant i Frankrike (Kielland, 1927). Heiberg (1970) skriv at ei altertavle frå kyrkja òg er i Kunstindustrimuseet. Ho er halvt romansk og halvt gotisk i forma. Eit forsøk på datering kan då vera starten på 1200-talet.

 

PRESTANE I GAUPNE

 

Gaupne hadde eigen prest i mellomalderen; kan hende frå 1100-talet. I 1306 heitte presten Oluf. Ein prest mellom 1316 og 1322 har hatt namnet Lafranz. Kring 1322 - 23 var det ikkje lenger nokon prest. Gaupne sokn må da ha vore slått samen med Nes eller Jostedalen der det framleis var prestar. Prestane fekk sine inntekter frå Gaupne. Han hadde inntekter frå eigedelar i 5 gardar der Prestegarden var den største. Frå slutten av 1100-talet hadde presten rett til ein fjerdedel av tienda i Gaupne.

Den eldste delen av alterstaken frå Gaupnekyrkja (Georg Bull, 1845).

 

Tienda var i hovudsak 10 % av netto kornproduksjon i sokna. I tillegg hadde presten i 1316 ti kyr og nokre år seinare 13 kyr som han leigde ut og fekk inntektene av. Kyrkja hadde nesten like høg inntekt som presten.

 

HAUGEN

 

Storleiken på Haugen kan vise til ein gard frå 900-talet, men det er usikkert.

I 1316 åtte presten i Gaupne eit månadsmatabol i "Haugum" og Jakobsalteret i Domkyrkja i Bergen åtte fire månadsmatabol i "Haughe" i Luster i Gaupne kyrkjesokn. Ein får tru at det er det same som Haugen. I tida 1316 til 1336 høyrer ein at Gunnar Råsvein, som eg har omtala under Sandvik, hadde gjeve ei gåve på fire månadsmatabol i "Haughom i Sogn" til Mariaalteret i Domkyrkja i Bergen. Om det var Haugen i Gaupne er uvisst. Etter det er ikkje Haugen kjend før i 1596.

DREVDAL

Drevdal har truleg vorte eigen gard seinast på 900-talet. Øiane (1991) skriv at Drevdal var opphavsgarden til gardane i Gaupne. Han vart delt opp i mindre einingar på 1200- og 1300-talet. Det kan vera at Drevdal var opphavsgarden, men tidspunktet for delinga har Øiane gjeve svært seint.

 

Ut frå topografien og at gardsnamnet Drevdal har med ein elv som renn å gjera, kan det vera at Jostedalselva har runne nær tunet kring år 1000. Namnet Svangstu må ein tru kjem frå orda sving og tun. Sving fordi ein må tru at elva gjorde ein sving mot tuna her. Langs Skjærsgrova ligg Liksvateigen. Etter gamalt skulle ein ha kome med båt hit med lik, før dei vart ført til kyrkjegarden (Sina Belgen Lillebostad, 1988). Er soga rett, må me tru at det var lik frå Røneid som kom denne vegen.

Tidleg på 1300-talet har truleg Eystein Mugga ått ein stor del av Drevdal. Eystein Mugga har eg omtala nærare under Kvam. I 1337 og 1340 ser ein at arvingane hans var eigarar i Drevdal.

6. november 1337 var det arveskifte i Brasogard i Kaupanger. Det var skifte etter Eystein Isakson (Mugga). Ordrek som møtte for seg sjølv og brorbarna sine, og med samtykke frå Toralde Arneson (Alme?), gjorde då ein avtale med Eindride Bottolfson (Kvam). Eindride møtte for seg sjølv og for farmora Jartrud (gift med Eystein Mugga). Ordrek fekk 9 månadsmatabol i Holsete og 4 månadsmatabol i Drevdal. Brorbarna fekk 13 månadsmatabol i Lomheim etter sin far. Eindride og Jartrud skulle eige kleda, jord og alt lausøyre før dei andre arvingane.

26. april 1340 var det ting i tingstova på strendene i Solvoren. Tore Tandle gav Eindride Bottolfson (Kvam) fire månadsmatabol i Kvam i ytre Folk mot å få fem månadsmatabol Drevdal. Drevdal skulle ein taksera, og om eigedelane ikkje var jamgode, skulle den eine eller den andre leggja til det som måtte mangle.

I tillegg ser ein i 1316 at Hafslokyrkja åtte eit månadsmatabol og Salsstova til Helge Ivarson i Borgund (Maristova) åtte fire månadsmatabol.

Ein kjenner då eigarane av 14 månadsmatabol, som var snaue ein tredel av garden. Går ein fram til 1615 finn ein kongen som eigar av ein mindre del. Han kan òg ha vore eigar før 1350. Resten får ein tru var i privat eige.

SVANGSTU

Svangstu er ikkje kjend i skriftlege kjelder før i 1563. Som skrive framfor kan han likevel ha vore bygd i 1522. Oluf Rygh (1919) skriv at det er eit "tun"-namn. Alderen er nok som for Flattun altså 900-talet.

Når det gjeld Svangstu skriv Lars Øiane at han vart skilt ut frå Røneid. Dersom Svangstu hadde vore skilt ut frå Røneid skulle ein tru at dei frå gamalt var i same grend og bedarlag, og at dei hadde felles beiter eller stølar. Det hadde dei ikkje. Svangstu var frå gamalt i grend og bedarlag med dei andre gardane på austsida av Jostedalselva, og hadde teigblanding og stølar saman med dei same gardane. Øiane si grunngjeving er bygd på eit rettsdokument frå 1604. Det var då strid om ein del av Røneid som dei kalla for "Szuatung". Øiane har tolka dette namnet som å vera det same som Svangstu. Szuatung avvikar frå den måten namnet Svangstu på 1500- og 1600-talet vart skreve. Både i 1563, 1603 og i seinare kjelder finn ein og Svangstu som eigen gard og ikkje som ein del av Røneid. Det bruket som Lars Øiane (1991) meinte Svangstu vart skilt ut frå, vart i tida 1644-66 nytta av Manuell Sørensen. I 1664 skreiv presten i Dalesokna at han frå gamalt åtte 0,5 laupar i "Svabetun" på Røneid som Manuel Sørensen brukar. "Szuatung" i 1604 er då mest truleg Svabetun og ikkje Svangstu.

Øiane (1991) skriv at Lille Svangstu vart skilt ut frå Røneid på 1660-talet. Grunngjevinga til Øiane er bygd på eigedomstilhøva på Lille-Svangstu (i 1665?). Lille-Svangstu var då ått av Tønjumkyrkja i Lærdal. Det var fleire kyrkjer i Lærdal som var eigarar av delar av Røneid alt frå 1300-talet og like fram til 1800-talet. Når Tønjumkyrkja var eigar av Lille Svangstu etter at han vart eigen gard, held Øiane fram at garden må ha vore skilt ut frå Røneid. Me finn Tønjumkyrkja som eigar av delar av Røneid i 1316. Det er likevel ikkje noka kjelde som seiar at Tønjumkyrkja var eigar i Røneid på 1500- eller 1600-talet. Ser ein etter i tingbøkene for Indre Sogn finn ein at Tønjumkyrkja i 1650 kravde Ole Svangstu for leige som han ikkje hadde betalt dei siste to åra. Ole lova då å betale. Tønjumkyrkja åtte altså ein del av Svangstu. Ein lyt tru at Tønjumkyrkja åtte den same jorda i 1665 som i 1650. Lille Svangstu må då ha vore skilt ut frå Svangstu og ikkje frå Røneid.

 

ÅBERGE

Frå ein av gardane i flatbygda kan Åberge ha vorte skilt ut; kan hende på 800-talet. På Åberge er det gjorde eit gravfunn som ein trur er frå tida 700-900 (Signe Nygård, mai 1988). Det kan ha vore ei branngrav. Det vart funne ein pilspiss og ein kniv begge av jarn. Vidare eit jarnbeslag med naglehol. Pilspissen var 13 cm lang.

 

I 1810 skreiv Edvard Qvale at det i frå Åberge skal ha vore utvinning av jarn. På "vegen" Jargaldene hadde det i gamle dagar vore frakta mykje myrmalm frå stølane til Åberge. Smeltehytta var på Belgen. I 1903 vart det sagt at jarnet vart brote ved stølen Jargaldene. Mellom kapellet og husa på Belgen (tett ved dei siste) kunne ein sjå spor etter jarnsmelting (Bendixen, 1903). Det skal ha vore funne slagghaugar på Åberge i nyare tid, så det kan nok vera rett (Per Hunshamar, juli 1989). Kva tid det var produksjon veit me ikkje sikkert. Så seint som i 1339 vart jarn skipa frå Sogn til Bergen. Kvar i Sogn det kom frå veit ein ikkje. - "Jarnjord" hadde dei i ei tønne på Sandvik så seint som i 1704.

I 1316 åtte presten i Årdal 2 månadsmatabol i Åberge. Det kan ha vore Åberge i Luster eller Åberge i Sogndal. Vidare åtte presten i Jordanger 5 månadsmatabol og presten i Solvoren 2 månadsmatabol. Dette har samla vore snaue halvparten av garden. Resten var nok i privat eige.

 

ÅBERGE KAPELL

Edvard Qvale skeiv i 1810 at det på Åberge hadde vore eit kapell. Dette skulle ha vore den eldste kyrkja i Gaupne. Restar av kapellet kunne ein sjå kring 1780 på Kapastad (Qvale, 1810). Seinare høyrer ein at restane av kyrkja skal ha vore nytta til bygningsmateriale (Heiberg, 1970). I 1903 var det framleis restar etter grunnmuren på kapellet. Det var to tydelege radar med stein og ei tverrad i aust. I vest var det berre restar att. Grunnflata var 8m i lengde og 5m på tvers (Bendixen, 1903).

Me finn ikkje kapellet omtala i den tida ho kan ha vore i bruk. I 1316 kan det ikkje ha vore i bruk då det ville ha vore ført i ei liste over kyrkjer og kapell som då vart sett opp. Etter den tid er det lite truleg at dei bygde eit nytt kapell i Engjedalen. Om det har vore eit kapell; har kapellet truleg vore bygd på 1100- eller 1200-talet. Der var både verdslege og geistlege eigarar av Åberge i 1316. Me veit ikkje kva del av Åberge dei åtte, men kapellet må me tru har vore i kyrkjeleg eige. På tuftene er der bygd ei løe som høyrer til Svangstu (Per Hunshamar, juli 1989).

Om ein ser på storleiken av byggjet og utforminga minner dei om dei stølshusa ein kjenner frå Breidsete. Dei er truleg frå tida 800-1000. Det kan då vera at "kapellet" har vore eit stort sel av same type som på Breidsete. Tufta var likevel like stor som tufta på den eldste kyrkjetufta på Ornes. "Kapellet" har likevel ikkje noko kor, slik Urneskyrkja hadde. Det er likevel ikkje alle småkyrkjene i Noreg på denne tida; som hadde eige kor.

 

ENGJEDALEN

Det er fleire teikn og forteljingar om busetnad i Engjedalen :

a) I 1810 fortalde folk i Gaupne at før den store mannedauden var det 14 eller 18 bruk i Engjedalen. Dei kunne òg visa fram hustomter og åkerreiner (Qvale, 1810).

b) I 1903 var fleire tufter synlege (Bendixen, 1903).

c) I 1954 var det mogeleg å sjå åkerreiner i dalen (Fett, 1954).

d) Stein Næss (1976) skriv at det var "tolv rykande hytter" innafor Mytagarden.

e) Seinare er det fortalt at det var 34 "rygende hytter" i Engjedalen. I Mytane skulle det ha vore 7 hytter (Sina Belgen Lillebostad, januar 1988).

f) I 1683 vart det sagt at Jacob Drevdal hadde ein øydegard i Engjedalen, eller Gaupnedalen som var det namnet de nytta på dalen då. Jacob var brukar på Søndre-Drevdal. Går ein fram i tid til utskiftingane i Engjedalen i 1909, hadde Søndre- Drevdal to eigedelar i Engjedalen. Desse er merka av på kartet på neste side. Ein er då om lag 500 meter over havet.

g) I 1592 fekk Valde stadfesta rettar på Vassvodlane ved dom. Det viser seg at dei tok over ein øydegard. Ei stadfesting får ein i tvistar om bruksrettar og sal av Valde i tida 1704-1728. I 1704 er "den lille" øydegarden nemnt for fyrste gong. To av eigedomane på Vassvoldane/Gjerdet høyrer til Valde. Slik det vart forklart i 1715 må øydegarden ha

Øydegardar i Engjedalen

vore den nedste av desse (Valdegjerdet). Øydegarden var nok større enn dette. Det kan vera at han omfatta det ein i dag kallar for Gjerdet. Det er gjerda inn av ein torv- og steingard. Gjerdet ligg kring 500 moh. Det vart under vegbygginga til Råum i 1970 funne ein kvernstein på Gjerdet; på teigen til Hotla. Det var ei lita handkvern (Per Prestegard, mai 1988). Det er eit godt teikn på at ein har treft på ein gard. Ein ville nok ikkje hatt med seg ei handkvern opp hit utan at ein hadde korndyrking eller gard. Handkverna er seinare øydelagt etter ein brann på Hotla.

På Tuftene (om lag 800 meter over havet) over Navarseter er det ein nedlagt støl. Det er 6 hustufter med gjerde rundt. Dateringer i tuftene 1 og 2 gav alderen til ca 1070-1210 og ca 1030-1210 (Randers, 1992). Tuft 1 har indre mål på 4*6m, tuft 2 på 3*3m, tuft 3 ca 5*6m, tuft 4 ca 4*5m og tuft 5 ca 4*6m.

Det kan sjå ut til at det har vore fleire gardar i Engjedalen. Om det var så mange som 14 til 18 bruk i dalen veit me ikkje for visst. Tidfester ein Belgen til kring år 1100, kan desse gardane ha blitt rydda frå 1100-talet og fram til tidleg på 1300-talet. Gravhaugane på Treflatedn viser også til gamal busetnad, men eg vil tru at dei er eldre enn år 600.

 

RØNEID

 

Eg vil tru at Røneid kan ha vore bygd utan avbrot sidan før år 600.

Ein gong mellom 1316 og 1336 fekk kyrkja i Jostedalen eit månadsmatabol i Røneid av Josef Bonde. Han var truleg frå garden Myrlande i Jostedalen. Nielsen (1880) meinte at Josef Bonde kunne vera Josef Karlshovedson som ætta frå Kaupanger. Det er likevel ikkje noko som tyder på at det var han. Eigedelen vart skrive å vera "Skaghinum" (Skagen) på Røneid. Det kan vera at Skagen har vore eit bruk eller ein del av Røneid. Namnet Skagen viser til ei framstikkande odde av land (Rygh, 1919).

I 1316 finn ein òg kyrkja i Tønjum i Lærdal som eigar av eit månadsmatabol i Røneid (Dybdahl, 1981). Det kan sjå noko rart ut at ei kyrkje i Lærdal åtte i Røneid. Det kan likevel ha samband med at Tønjum var "fjordungskyrkje" (hovudkyrkje) for mellom anna Jostedalen, Fortun og Ornes sokna. Eigedelen kan då ha vore ei gåve frå nokon i desse sokna.

Namna Stegagjerdet og Øyagjerdet ved Jostedalselva viser til at ein hadde gjerde rundt. "Øy" kan visa til at det sidan har vore lagt øyde. Ein må tru at det har budd folk her.

Ein 16 cm lang pilspiss av jarn som er funnen på Stegagjerdet er datert til 900- eller 1000-talet (Petersen, 1919). Han er av typen R537. Han vart funnen 30 cm nede i ein gamal åker (Fett, 1952). Han kan likevel ikkje brukast som prov på busetnad.

I Granhola på Røneid er det ein granskog som ein trur har vore planta kring år 1000 (Fægri, 1950).

 

JELDE

Jelde er ført som eigen gard tidleg på 1600-talet. Så vart han lagt inn under Røneid. Om han var bygd før 1349 er uvisst.

KALHAGEN

Kalhagen er ikkje kjend i skriftlege kjelder før i 1427. Når garden var bygd då, er det eit godt teikn på at han òg var bygd før 1350. Gardsnamnet Kalhagen på Ytre Hafslo er kjend i kjelder før 1350, så det er heller ikkje noko ut frå namnet som seier at Kalhagen skulle vera ein ung gard. I 1427 står det at Munkeliv kloster åtte i Kalhagen i "Indre Folk" (Indre Hafslo). Ein finn òg Flattun ført under Indre Folk; så det er nok Kalhagen i Gaupne.

Like etter år tusen vil eg tru at Kalhagen er skilt ut frå Røneid som eigen gard. Kalhagen hadde, ut frå namnet, vore ein kalvehage for Røneid før den tida.

LEIRMO, ALSMO OG LEIRDALEN

 

Gardane Leirmo, Alsmo og Leirdalen har nok kome i bruk kring år 1000. Dersom ryddinga av gardane var som ved nyryddinga på 1500- og 1600-talet har nok Leirdalen vore busett fyrst, og Leirmo og Alsmo noko seinare. Leirmo, Leirdalen og Alsmo har nok vore skilt ut frå Røneid.

Kring 1890 vart det fortalt eit segn i Leirdalen om at det skulle ha budd folk i Tunsbergsdalen (Sande, 1892). Noko meir veit ein ikkje om dei. I Leirdalen finn me stadnamnet Holeøygarden. Han var mellom dei gardane ein i dag har i Leirdalen og dammen. Garden vil eg tru hadde namnet Hole. Hole ligg 430 meter over havet. I Tunsbergsdalen finn ein stadnamnet Holegrandane som nok kan ha vore ein del av denne garden. Nedfor tunet på fyrste garden i Leirdalen ligg Øygardsmyrene. Ein kan tru at dette er ei myr som har høyrt til øydegarden Hole eller ein annan øydegard.

I Leirdalen finn ein stadnamnet Øystølsmyri og i Tunsbergsdalen : Øystølsbakken som viser til gamle stølar i området.

Holeøygarden i Leirdalen ( etter Johanne Leirdal, 1986)

VIGDAL

Vigdal har nok blitt rydda i samband med rydding av gardane i Jostedalen, for i 1316 vart Vigdalen rekna som ein del av Jostedalen. I 1316 var kyrkja i Solvoren eigar av eit månadsmatabol i Vigdal.

Øygarden i Øvre-Vigdalen ( etter Ragnar Vigdal, 1986)

 

I Vigdalen var det to øydegardar. Ein i Øvre og ein i Nedre Vigdal. På Nedre Vigdal finn ein stadnamnet Øygarden på andre side av elva som garden (Ragnar Vigdal, juni 1989). Ein må tru at det har vore ein gard her ein gong.

I Øvre Vigdal høyrer ein om stadnamna Øygarden, Øygardsstrupen og Øygardsskori. Øygarden har vore i 560 m høgd og på same side av elva som Øvre Vigdal. I 1711 kan ein lese om ein øydegard i Øvre Vigdal. Ein må tru at det er Øygarden. Han var taksert til ei landskyld på 1 pund smør. Det er det same som Belgen var sett til på denne tida. Sjølv om korngrensa nok er noko høgare i Vigdalen enn i Engjedalen har dei nok hatt vanskar med å få sikker kornproduksjon over lang tid så høgt oppe. Ein må tru at dei livnærte seg mest på husdyrhald eller at garden berre var i bruk ei kort tid.

I Vigdalen finn ein Øystøl og Øystølsrese. Begge desse namna syner til stølar som vart øyde etter 1350. På Øystøl i Vigdalen er det tufter etter hus (Ragnar Vigdal, juni 1989). På Øystølsrese er det to hustufter. Begge er om lag 7,5 gonger 7,5m. Eit lag i eine tufta er tidfesta til tida 1030- 1220. I den andre er det eit lag som er tidfesta til 1390- 1500 (Randers, 1992). På Vierøy i Vigdalen er det to hustufter. Randers (1992) skriv at tuftene såg ut til å vera frå mellomalderen eller nyare tid. Alle vurderingane av alder er gjorde med C14-metoden, som er ein grov dateringsmetode. Alderen kan vera utanfor dei tala som eg har gjeve.

J O S T E D A L E N

 

Presten Asle var nok mellom dei som døydde i den stor mannedauden i 1349. Han hadde då vore prest i Jostedalen i ein mannsalder og kjende Jostedalen på godt og vondt. Han kjende bønder som hausta mykje korn og hadde store bølingar med kyr, men òg småkårsfolk og fattige. I den tida han budde i dalen hadde han nok òg høyrt mykje gjete om soga til Jostedalen, ei soge som i dag stort sett er gløymt. Eg vil no ta for meg den tida Asle var prest i Jostedalen, men òg sjå på soga til Jostedalen før Asle vart prest. Eg vil drøfte kva tid Jostedalen vart bygd, kva gardar som var bygd og kva ein veit om jostedølane frå denne tida.

 

Det er ikkje mange skriftlege kjelder ein kan visa til frå Jostedalen i denne tida. Faktisk er det ikkje meir enn fire dokument frå 1318/19, 1321/24, 1348 og 1351. Den siste kjelda (Bergen kalvskinn) fortel om tida 1316-1336. Dei siste åra har Mons Kvamme og Kjersti Randers auka kunnskapen vår ved granskingar av vegetasjonen og ved arkeologiske utgravingar.

 

GARDANE

Andreas Holmsen (1937) skreiv at ein på 1300-talet hadde om lag 24 gardar i Jostedalen. Korleis han fann fram til det talet skreiv han ikkje. Ein del av gardane kjenner ein frå skriftlege kjelder. Ser ein på gardane på 1600-talet, kan dei hatt busetnad òg før 1349. Dei gardane som hadde største landskylda kan då ha hatt det beste grunnlaget for gardsdrift og då ofte vera eldst, men det er uvisst. Storleiken er i lauper smør (1 laup = 15,6 kg).

 

storleik            1614  

storleik 1626

Krigen                       

1,7

1,5

Fåberg                       

1,3

2,2

Melvær                      

1,3

2,8

Kronen                      

1,0      

1,6

Nedrelid                    

1,0

1,5

Bakken                      

0,9

0,8

Haug                          

0,8

1,1

Åsen                          

0,7

1,1

Myklemyr      

>0,5

2,2

Lid                             

0,5

1,1

Sperlen                      

0,3

0,2

Foss                           

0,3

0,9

Snøtun                                   

0,3

1,1

Espe                           

0,3

0,8

Helleland                   

0,1

0,6

Bruheim                     

 

0,6

Elvekrok                    

 

0,2

Grov                          

 

1,5

Ormberg                    

 

0,7

Bjørk                         

 

1,1

Kjeppe                                   

 

1,6

Berset                        

 

0,6

 

Ei omfattande avfolking av Noreg hadde bore til i tida 550-750. Noka gardsdrift har det neppe vore i Jostedalen i denne tida, sjølv om vegetasjonsundersøkingane viser at det framleis var typiske artar for beitelandskap fleire stader. Mange artar og typar av vegetasjon kjem fort i eit område når det vart nytta til beiting. Sluttar ein å beita, kan det ta lang tid før dei vart vekke att (Kvamme, 1992).

Mangelen på gravfunn frå sjølve Jostedalen gjev det vanskelegare å datera busetnaden i Jostedalen enn i mange andre bygdelag i Luster. I Mannuri på Ormberg var det bein av ein mann. Beina er daterte til tida 910-1050 (Randers, 1992). Kvifor han fann si grav der veit ein ikkje, men det har nok ikkje vore ei vanleg gravferd. Ein kan då ikkje bruka funnet i busettingssoga. Mangelen på gravfunn frå Jostedalen kan visa til at busetnaden var liten. På kyrkjegarden i Jostedalen er det fem gravsteinar som kan vera frå 1200-talet (Kastet,1995).

 

Mons Kvamme (1992) har gjorde ei gransking i ei gamal åkerreine på Lid. Det var ei lagdeling med torv+åkerjord+kol+aur. Kollaget er datert til ein gong mellom 650 og 1020. Åkeren lyt då vera yngre. Systematiske granskingar etter gamle åkrar er ikkje gjort i Jostedalen. Dette er likevel det eldste kjende teikn på åkerdrift ein har frå Jostedalen.

Ser ein på kva presten i Jostedalen åtte av jord i 1316, var det 16 månadsmatabol i Bræidrinn, 7 månadsmatabol i Høgøygum og 0,5 månadsmatabol i Vornuvik. Ein gong mellom 1316 og 1336 fekk han eit månadsmatabol i Skagen i Røneid i Gaupne av bonden Josef. Josef må ein tru var bonde på garden Myrlande som nok låg i Jostedalen. Eit månadsmatabol vart rekna som nok til mat for ein mann i ein månad.

Me skal treffe Josef att i eit anna skriv dagsett ein gong mellom 10. august 1318 og 8. mai 1319. Ein må då setje seg inn i ei av stovene på Alme på Hafslo. Det var mykje folk til stades. Atle prest i Jostedalen og Eindride Ottum skreiv opp det som vart sagt. Arnbjørn i "Talghæy" og Hågen på Hamre styrde rettsmøtet. Det var oppe fleire saker frå Jostedalen. Mellom dei som var til stades, var Asbjørn Kronen og sonen Hermund. Ein får høyre at Gudrun, kona til Narve, hadde teke korn frå Josef Myrlande som ho måtte bøta for. Gudrun hadde òg blanda neper i smøret som ho hadde gjeve i landskyld til kongen. For det måtte ho bøta til sysselmannen. Om Josef Myrlande høyrer ein at han hadde gjeve dotter si Vallgjerd 8 månadsmatabol i Ottum, mellomjorda i Fredrikshusum, sølvsaker, sølvskei, kvitt belte, "pallklede", kittel, bord og ei ku. Det var truleg heimanfølgje hennar. Bothilde i Krokagjelet var vitne då Josef ga vekk eigedelen i Ottum. Lars Øiane (1994) skriv at det var "Bottolf Krokgjelet" som var vitne. Det er ei nokså fri tolking av skrivemåten.

Ein kunne etter lova gje kyrkja eller presten opp til 10% av odelsgodset eller 25% av det kjøpegodset ein hadde. Med dei gåvene Josef gav til Jostedalspresten og til dotter si, må ein tru at han var ein stor jordeigar. I 1322 var ein Sigurd Josefson eigar av ein del av Ottum. Han kan ha vore sonen til Josef.

Garden "Bræidrinn"/"Brædæmni" kan etter Oluf Rygh (1919), Jon Laberg (1939) og Eivind Vågslid (1989) ha vore det gamle namnet på prestegarden i Jostedalen. Det er nok ein rimeleg hypotese.

 

"Høgøygum" kan vera det same som Høyheim i Luster, men òg ein gard i Jostedalen. Høyheim er likevel aldri skriven slik i andre kjelder. Mest truleg er det då ein gard i Jostedalen.

 

Gardsnamnet Kronen kjenner ein att. Krokagjelet er i dag eit bruk på Åsen.

Vornuvik og Fredrikshusum er òg namn som har forsvunne. Det kan vera at det er gardsnamn frå ei anna bygd. Mest truleg var det likevel gardar i Jostedalen. Frå 1318/19 høyrer ein om gardsnamna Talgøy og Hamre. Oluf Rygh (1919) har plassert Hamre i Leikanger. Det kan likevel vera at begge høyrde heime i Jostedalen.

Etter Lars Øiane (1994) har ein mange "øygardsnamn" i Jostedalen Det er :

Myklemyr Øydegard

Myklemyr

Nes øydegard (Prestaneset)

Bruheim

Øygarden

Sperle

Øygardsbakken

Fossen

Øygardsgjerdet

Bruheim

Liøygarden

Lien

Øygarden

Hellegård

Kronøigarden

Kronen

Prestøygarden

Prestegarden

Øygardsteigen

Mjelvær

Øygarden

Fåberg

Ytstøygarden

Elvekrok

 

Det er mest truleg gamle tufter, som ein har gått ut frå har høyrt til gamle øydegardar.

På Tunvollen på Kjervik fann Lars Kjærvik i 1965 eit lite økseblad av jarn. Bladet er truleg frå tida 1000-1350. Øksebladet er 11 cm langt og 7 cm brei over eggen. Bladet låg 75 cm nede i jorda (Bakka, 1965). Ein får tru at det har vore nokon som budde på Kjervik som mista øksebladet.

Ein kjenner ein del gardsnamn frå Jostedalen, men ein del er nok forsvunne. Alderen på gardane er òg usikre. Eit lite språkleg teikn på tidleg busetnad har ein i namnet Yttri. Namnet kjem truleg av "Utvin". Det er truleg laga før år 500. Namnet viser til den ytre enga. Namnet er så blitt til Yttri - grovt rekna kring år 500. Om gardsnamnet ikkje er ei oppkalling etter Yttri-garden i Fortun, er det eit teikn på tidleg gardsdrift. Namnet seiar likevel ikkje noko om kva tid Yttri vart eigen gard. For at namnet skal ha overlevd, lyt ein tru at nokon har vore i Jostedalen i tida 600-800, og halde namnet ved like på same måten som etter den store mannedauden i 1349.

 

Helleland finn ein nytta som gardsnamn på Island (Helluland) kring år 900 og Myrlande (Mirland) i norske busetnader i Skottland. Gardsnamn på som ender på "land" er neppe yngre enn år 1000 (Særheim, 1994). Myrlande er likevel noko meir usikkert då namnet er skriven i ubunden form.

Det ein kan seia om eigedomstilhøva i Jostedalen er heller ikkje så mykje. Prestegarden og delar av andre gardar kan som eg har skrive før, ha vore ått av presten. Noko jord var ått av kongen og noko har vore ått av private.

 

PRODUKSJON OG FOLKETAL PÅ 1300-TALET

 

Ut frå tienda kan ein rekna seg fram til kornproduksjonen på 1300-talet. Tienda var 10% av inntektene. Det var i hovudsak korntiend, men òg småtiend frå husdyrhaldet. Andreas Holmsen (1937) rekna seg fram til ein produksjon på om lag 910 hektoliter korn på 400 mål åker og 360 storfe. Talet på storfe har han funne ut frå kor stor åker kvart dyr kunne gjødsle, og kor mykje korn ein fekk frå kvar åkereining.

Ein har ikkje folketeljingar eller manntal frå 1300-talet nokon stad i Noreg. Ein lyt då gå omvegar for å få eit oversyn over folketalet. Det er fleire måtar å gjera det på. Ser ein på storfetalet var det i Jostedalen i 1666 på 280 dyr og i 1723 på 380. Ein folketal mellom dei som var i 1666 og 1723 er då rimeleg, men med 360 dyr ligg ein nærare 1723. Ein folketal i overkant av 250 ville då vera rimeleg. Ein må fram mot år 1800 for å få same kornproduksjonen som på 1300-talet. Folketalet i Jostedalen passerte 400 på slutten av 1700-talet. Ein får altså store sprik i overslaga. Ein kan nok sjå på 250 som ei nedre grense og 400 som ei øvre grense.

 

STØLAR

Kjersti Randers (1992) har gjort fleire dateringer i stølstufter i Jostedalen frå tida 600-1350. Når ein finn kollag i ei tuft, kan ein bruka kolet som grunnlag for datering. Dateringa gjev då alderen på kollaget. Dateringene er gjort med C-14- metoden. Han gjev ikkje eksakte dateringer, men ein mest truleg alder og ei spreiing. Når ein berre tar ein prøve er dateringa etter måten grov. I tabellen er det teke med middelverdien pluss/minus eit standardavvik. Det vil seia at alderen er innanfor grensene i to av tre tilfelle. Med 15 dateringer kan ein venta seg at 5 av kollaga er anten frå før eller etter den alderen som er gjeve. Dei dateringene som er gjorde i tufter i stølsområda er :

Støl

Alder

Sætrehaug

1020-1220 / 860-1070 / 1020-1190 / 950-1100 / 1060-1240

Nedre Fagredal

1200-1350     

Sperlstølen           

890-1040       

Selstuftene           

1260-1360     

Øystølen           

1200-1340

Tuftene, Liadøla

1340-1430      / 1090-1260

Selbjerg, Liadøla

1200-1320      / 1200-1300

Geisdalen                       

1310-1410      / 1050-1190

Gjer ein ei samla statistisk analyse av dateringene, får ein ei spreiing som vist i figuren. Ein har altså ein jamn auke i dateringene fram mot år 1300. Nedgangen etter den tid kan vera tilfeldig ut frå at ein har få data. Det er ein viss sjanse for at nokre av tuftene kan vera frå før år 800, men han er liten.

I Tuftene i Geisdalen har Kjersti Randers (1992) registrert 10 tufter. Talet på tufter tyder på at det kan ha vore fleire bruk som har hatt støl der. Det kan likevel ha vore fleire hus som høyrde til eit bruk gjennom fleire år. Den islandske Laxdøla soga fortel at det oftast var to hus på stølen. På 1700-talet var det i Gaupne ikkje uvanleg at sjølv små gardar hadde to hus på stølane. Talet på tufter avspeglar då ikkje talet på bruk. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at husa kan ha vore i bruk til ulike tider. Kvart hus har nok ikkje vore i bruk meir enn 50-100 år før dei måtte bygga nytt.

I Sætrehaug i Fagerdalen har Kjersti Randers (1992) registrert to tufter og ei kve. I den eine tufta var det ein liten kniv, eit bryne, ein del av eit kleberkar og ein jarngjenstand. I den andre tufta vart det funne ein skavekniv og fire steinar av flint som ein laga eld med. Ho skriv at stølen kan ha vore i bruk berre ein kort periode på 1000- talet.

Mons Kvamme (1992) har undersøkt vegetasjonen på Øy og Sætrehaug. Kring år 1050-1100 vart store delar av skogen rydda. Ein fekk òg ein auke i gras som tyder på intensiv bruk som beitemark. Han har òg gjorde granskingar på Fåbergstølen. Det er ikkje gjorde dateringer i dei aktuelle laga, så resultata er meir usikre. Det ser likevel ut til at ein hadde ei liknande utvikling. Desse granskingane kan tyda på at ein fekk ei større utnytting av utmarksresursane her på 1000-talet. Det kan ha si årsak i ein auke i folketalet.

PREST OG KYRKJE

22. november 1348 sat Erling Torgildson saman med Sigrid Haldorsdotter på Prestegarden ("Brædæmni"). Kring dei sat mange menn, mellom anna presten Atsle i "Østerdalen" og Anfinn frå Alme på Hafslo. Sigrid var gift med ein Arne og hadde gått til sengs med ein annan. Krossbroren Haldor Jonson i Kristkyrkja i Bjørgvin hadde bede Erling Torgildson gjera dom i saka. Erling Torgildson var kyrkjeleg årmann for Jostedalen, med domsrett ved brot på kyrkjeretten. Han var truleg busett på Ytre Hafslo, og er kjend i fleire andre dokument. Sigrid måtte bøta for det ho hadde gjort; og Erling Torgildson kvitterte for å ha teke i mot pengane. - Saka gjev eit døme på den makta presteskapet hadde på denne tida. Prestane var herrar over åndslivet og med domsrett regulerte dei òg privatlivet.

Presten i Jostedalen hadde fleire inntektskjelder. Det var mellom anna tiend, eigedelar i gardar og kyr som ein må tru han leigde ut, inntekter frå eigen gard, sjelegåver, inntekter frå offer, betaling når kvinner gjekk inn i kyrkja fyrste gong etter ein fødsel og betaling ved gravferder.

 

Jostedalspresten hadde ei årleg tiend-inntekt som var verdien av 20 laupar (312 kg) smør. Han hadde i tillegg 19 kyr. Til samanlikning hadde presten i Gaupne 30 laupar smør i tiend og 13 kyr. I tillegg hadde Jostedalspresten ei årleg leigeinntekt som var verdien av 24,5 laupar (333 kg) smør i gardar som han åtte. Matverdien i ein laup vart rekna som mat for ein mann i ein månad. Samla har altså Jostedalspresten hatt ei inntekt på minst 44,5 laupar. Han har truleg hatt fleire gonger høgare inntekt enn bøndene i bygda. Jostedølane må ha stelt godt med han!

Som skrive før var "Atle" prest i Jostedalen i 1318/19. Kring 1321-24 var biskopen på visitas i Sogn. Alle prestane i Sogn måtte då betala for utgiftene til visitasen. Presten i Jostedalen måtte gje sin del ( 10 månadsmatabol) då biskopen var på Tønjum i Lærdal. Namnet til presten vart då skrive som "Asle". Det er truleg same presten som nokre år før, men namnet er skrive noko ulikt. Jostedalsokna høyrde då inn under Tønjum i lag med soknene i Fortun, Ornes, Årdal og Lærdal. I 1348 møter ein "Atsle" som prest i "Østerdalen". Det var då truleg same presten frå 1318 og like fram til den store mannedauden i 1349.

I 1316 var det ei kyrkje i Jostedalen. Ho hadde same tiendinntekter som presten. I tillegg åtte kyrkja 12 kyr, som ein må tru vart leigde ut til bøndene i Jostedalen mot ei årleg avgift. Noko meir veit ein ikkje om kyrkja. Innbuet kan seinare ha vore delt på andre kyrkjer, men det er uvisst.

 

SAMANDRAG

 

Mest truleg vart det ikkje gardsdrift i Jostedalen i tida 600-800. Mangelen på gravminne frå tida 800-1000 viser truleg at busetnaden har vore liten. Kring år 1000 vil eg tru at 5-10 gardar var bygd.

Frå 800-talet vart det ein jamn folkeauke. Folkeauken førde gradvis til meir intensiv bruk av stølsområda og til at nye stølar vart bygde.

 

På 1300-talet var folketalet ein stad mellom 250 og 400. Gardsdrifta var hovudnæring med husdyr og korndyrking. Nokre av bøndene var sjølveigarar. Kva gardar som var bygd er uvisst, då mange av gardane forsvann etter den store mannedauden i 1349.

 

Jostedalen var administrativt knytt til Sogn både kyrkjeleg og med tingordning.

I N D R E      F O L K

 

På kyrkjegarden på Fet er det eit kistelok av kleberstein. Segnet knyter det til ein merkeleg fut som ein gong budde på Fet. Kven var han - stormannen som òg skulle ha bygd ein steinhall av kleberstein på Fet?

 

KJELDEGRUNNLAGET

a) Ein måte å finna ut kor gamal ein gard er, er å sjå på kor stor han var samanlikna med andre gardar. Dei største og beste gardane må ein tru jamt over vart rydda fyrst. I lista nedfor er teke med storleiken ut frå kor stor leige dei måtte betala til jordeigaren i 1635. Eininga er laupar, der 1 laup er 15,6 kg smør.

Gardsnamn

landskyld 1635

Eldste kjelde

gravfunn

600-1000 ?

Busett 1522 ?

 

 

 

 

 

Nedre Joranger

19,5

1316

-

Bygd

Øvre Joranger

12,5

1316

-

Bygd

Melheim

11,6

1316

Grav

Bygd

Oppheim

9,0

1316

-

Bygd

Høgi

8,8

1316

-

Bygd

Sønnesyn

6,7

1316

-

Bygd

Sviggum

6,0

1316

-

-

Fet

5,5

1309

Grav

Bygd

Baten

5,3

1596

-

-

Morken

4,5

1611

-

-

Kjørlaug

4,0(1646)

1522

-

Bygd

Lid

3,8(1650)

1522

-

Bygd

Tørvi

3,8

1522

Grav

Bygd

Josvanger

3,4

1316

-

-

Lunde

2,5(1619)

1500

-

-

Ugulen

2,3

1316

Grav

-

Veum

2,0

1316

Grav

-

Marheim

1,7

1316-36

-

-

Oppheimshaug

1,4

1600

-

-

Eikjaberg

1,0

1607

-

-

Lad

0,9

1535

-

-

Flåten

0,3

1621

-

-

Hunshamar

0,2

1600

-

-

 

Til saman hadde dei i 1635 : 109,4 laupar med 53,6 laupar i Joranger 55,8 laupar i Fet. Eg har rekna Kjørlaug og Høgi til Fet ut frå bedarlaga. Til samanlikning var det i Gaupne 80,5 laupar.

b) Opplysningane om bedarlaga i Fetsokna har eg frå Nils Joranger (13.8.1991) og Fredrik Fraas (mars 1993). Frå gamalt var det ni bedarlag :

1. Nedre Jordanger og Lad

2. Øvre Jordanger, Oppheim og Tørvi

3. Hunshamar, Teigen, Svåi, Marheim og Marifjøra

4. Sviggum, Grindhaug, Skakkebø, Hagen, Haugane, Harberg, Kleivi, Teigen, Furehaug, Prinsehaug, Vad og Breiflat

5. Fet, Lunde, Dalarne, Bergum, Josvanger, Monseng, Vend, Kjørlaug og Høgi

6. Melheim, Øygarden, Lunden, Ekrene og Lambhaug

7. Sønnesyn og Bruheim

8. Veum, Uglo, Alsteig, Falkagjerde og Vinda

9. Marki, Flaten, Gverli, Oppheimshaug og Ellingsete

Landskylda for gardane i kvart av dei 9 bedarlaga er vist i tabellen på neste side.

 

Nedre Joranger

20,4

Øvre Joranger

25,3

Marheim

1,9

Sviggum

6,0

Morken

12,5 (inkl gardane i Mollandsmorki)

Fet

24,2

Melheim

11,6

Sønnesyn

6,7

Veum 

4,3

(Eikum)

(8,2)

            d) Gardar som frå gamalt har felles stølar har ofte høyrt saman ein gang i tida. Eit stort problem med stølar at dei ofte har vore bytta eller ein har flytta til ein annan støl. Ser ein på dei stølane som var felles i Indre Hafslo var dei etter Thomas Urnes (1934) :

Skisæte

Ugulen, Melheim, Josvanger, Alsteig og Flåten

Dale

Dalane, Fet og Melheim

Modvo

Li og gardar på ytre Hafslo

Hongi 

Li og gardar på ytre Hafslo

Tverbergstølen

Li og gardar på ytre Hafslo (Hillestad

Svolsæte

Li, Oppheimshaug, Kjørlaug og Sviggum

Vindsete

Li og Baten

Øygardstølen

Baten og Eikjaberget

Svarthelleren

Baten og Eikjaberget

Høgistølen

La, Tørvi og Høgi

Saupsete

La, Tørvi, Høgi og Marheim

Ulvongo

Jordanger og Oppheim

Brusabrekka

Jordanger og Sviggum

Blomsdalen

Jordanger og Sviggum

Lyngsete

Prestegarden og Jordanger

 

SYNTESA

 

Kva er det så gardane har felles og kva skil dei? Det store naturlege skilje er Marheimsgjelet og elva Mara. Ein kan og sjå for seg einskilde grover som naturlege skilje. Indre Hafslo er i dag delt i kyrkjesokna : Fet og Joranger. Det er oppdeling som er bygd på ei inntektsdeling mellom prestane og er nok så ung at ein ikkje kan nytte ho i gardssogene.

Om ein tar utgangspunkt i bedarlaga har ein ei øvre grense på ni gardar, som ein kan ha hatt på 600-talet. Av dei er dei to bedarlaga på Jordanger og bedarlaget til Fet store nok til at ein kan vera trygge på busetnad. Bedarlaga til Morken og Melheim er i grenseområdet. Ut frå korleis gardane vart øyde etter 1349, er det lite truleg at det var nokon gard på Morken på 600-talet.

Melheim er vanskelegare. Ein har her gravfunn som kan vera frå om lag år 800, men som òg kan vera eldre. Ein kan tru at Melheim var bygd, men at han omfatta fleire gardar enn sjølve Melheim bedarlaget. Ein naturleg veg å sjå, er i retning Sønnesyn. Saman med bedarlaga for Sønnesyn og Veum, får ein ein gard som godt kan ha vore bygd på 600-talet, og styrt frå Melheim.

 

På austsida av bygda har ein Marheim, Sviggum og Eikum, som til saman er stor nok, til at det kan ha vore ein gard på 600-talet.

Eg vil tru at det på 600-talet har vore 5 gardar (landskylda etter 1635-lista er ført i parentes) : Joranger (20,4), Oppheim (25,3), Marheim (16,1), Fet (24,2) og Melheim (22,6).

JORANGER

På 600-talet vil eg tru at storgarden Joranger var delt i Øvre og nedre Joranger. Øvre Joranger var nok ein del av Oppheim. Ein oppdeling av Joranger som her i ein øvre og ein nedre del tidfester ein oftast til etter år 600. Dei har vore om lag jamstore. Oppheim har så delt seg i to gardar då Øvre Joranger vart skilt ut som eigen brukseining. Det kan ha bore til på 700-talet. Dei eldste skriftlege kjeldene om desse gardane er rett nok ikkje før i 1316.

På Joranger må ein tru at det har budd ei stormannsætt som har stått for bygginga av kyrkja. Kven det var seiar rett nok ikkje kjeldene noko om. Går ein fram til 1500-talet var ein stor del av garden ått av adelsætta Benkestokk.

 

I 1316 kjenner ein desse eigarane :

Jorangerpresten

8 månadsmatabol

Olafskyrkja i Bergen

6 månadsmatabol

Maristova i Lærdal           

13,5 månadsmatabol

 

 

I 1427 ser ein at Munkeliv kloster ved Bergen åtte 10 månadsmatabol. Dei har truleg ått det same før 1349. I 1567 ser ein at 4,5 laupar av Jordanger var bispegods. Det kan ha vore bispegods og før 1349. Samla kan då om lag 60 månadsmatabol ha vore i kyrkjeleg eige. Det kan ha vore om lag fjerdeparten av jordeiga. Resten må ein tru var i privat eige.

Den opphavleg Jordanger garden kan ha delt seg opp slik som vist i tabellen

JORANGER

 

Øvre Joranger

 

Nedre Joranger

 

Øvre Joranger

 

Oppheim

Ullvango

Tørvi

 

Nedre Joranger

Ormshaug      

 

Lad

                                  

JORDANGERKYRKJA

 

Då Jorangerkyrkja var rikare på jordegods enn Fetkyrkja, var det nok kyrkje på Joranger før Fet. Ein kan tru at kyrkja var frå 1100-talet. I 1686 vart det skrive at ho var ei (lafta) tømmerkyrkje (Bendixen, 1903).

 

I Jorangerkyrkja var det ein stake som var ein lokal etterlikning av arbeid frå Dinant i Frankrike (Bugge, 1933).

Det var òg ei større klokke der det er skrive "in honare Sancti Olavis regis" (til ære for kong Olav den heilage). Heiberg (1970) skriv at ho er frå 1200- eller 1300-talet. Dateringa er usikker, så ho kan nok òg vera frå slutten av 1100-talet. Ho er no på Historisk Museum i Bergen. Klokka er 68 cm høg og 77 cm i tverrmål (Bendixen, 1881).

PRESTEGARDEN

Prestegarden var nok berre eit bruk på Joranger fram til 1500-talet. Presten i Joranger var eigar av 8 månadsmatabol av Joranger i 1316. Det var nok same eigedelen som seinare vart Prestegarden.

HALDOR PREST I JORDANGER

 

Ein kjenner berre ein prest i Jordanger. Det var Haldor som var vitne ved ein handel på Kvam i 1341. I 1321-24 var det ingen prest i Jordanger sokna.

OPPHEIM

"Heim"-namnet og storleiken viser til ein gard av høg alder. Han kan ha vore bygd utan avbrot sidan før år 600. Mest truleg har han ut frå bedarlaget høyrt saman med Øvre Joranger. Øvre Jordanger kan ha vore skilt ut frå Oppheim, men det kan òg ha vore motsett. Oppheim har nok i så fall seinast vore busett på nytt på 700-talet.I 1316 åtte Sunniva-alteret i Domkyrkja i Bergen 5 månadsmatabol i Oppheim i Sogn. Ein får tru at det var Oppheim i Indre Folk.

ULLVANGO

 

Ein gard som ein må tru vart skilt ut frå Oppheim var Ullvango. Garden er kjend frå 1316 og 1525.

 

I 1316 kjenner ein desse eigarane :

Jordangerpresten

12 månadsmatabol

Bakke kyrkje i Bergen

30 månadsmatabol eller 3 merke brent sylv.

 

Ut frå slik det er skrive, var desse to truleg dei einaste eigarane i garden. Garden var såpass stor at han kan ha hatt fleire bruk. Han kan og ha vore bygd om lag år 1000.

I dag er Ullvango ein støl. Han ligg om lag 400 meter over havet.

TØRVI

På Tørvi vart det kring 1877 funne ein bronsering og to spjut i ein haug. Bronseringen var pynta med små hol. Han var 12 cm lang og ein cm brei. Spjuta som vart funne saman med ringen er forsvunne (Undset, 1888). Det er berre funne nokre få av denne typen i Noreg. Det er mest truleg at dei er frå ein gong mellom like før år 800 og midten av 900-talet (Petersen, 1928).

Sjølve namnet Tørvi er neppe yngre enn midten på 800-talet, men namnet seiar oss ikkje noko om kva tid garden vart busett. Namnet er eit såkalla "vin"-namn, der "vin" er det same som eng. Tørvi er ikkje kjend i skriftlege kjelder før 1522. Gravfunnet og det at garden var bygd i 1522 viser nok til at garden var bygd før 1350. Ut frå gardsnamnet og gravfunnet kan ein tru at garden er rydda i fyrste halvdel av 800-talet.

LA

Lad er ein etter måten liten gard. Når han i 1535 vart sagt å vera øyde, kan ein slutta at han må ha vore rydda før den store mannedauden i 1349.

I 1535 åtte adelsmannen Vincent Lunge ti månadsmatabol av ei samla landskyld som eg vil tru var på 18 månadsmatabol. Ein får tru at garden var i privat- eller adelseige før 1350.

 

Ut frå storleiken vil eg tru at La vart busett etter år 1000.

ORMSHAUG

Frå Lad, Nedre Joranger eller Røneid har garden Ormshaug vore skilt ut. Det kan ha vore på 1200-talet. Den eldste skriftlege kjelda om garden har ein frå 1398. Nonneklosteret ved Gimsøy utanfor Skien åtte då to månadsmatabol. Mest truleg hadde klosteret denne eigedelen òg før 1350. Det har nok òg vore private eigarar i garden.

Det vart i 1398 sagt at Ormshaug høyrde til Gaupne. No er han i eit skogsområde under bruk 1 på Nedre Joranger. Han ligg nær grensa til Røneid.

SIMOØYGARDEN OG PRESTGARDSØYGARDEN

Mons Bathen har kartfesta to gardar : Simoøygarden og Prestgardsøygarden. Simoøygarden høyrer inn under bruk 1 på Joranger. Prestgardsøygarden høyrer inn under Prestegarden. Dei ligg begge mellom Ormshaug og Marifjøra. Dette var smågardar som ein må tru kan ha vore i bruk på 1200- og 1300-talet.

FET

På Fet kjenner ein ei mannsgrav frå andre halvdel av 800- talet (Petersen, 1919). Det var: a) ei 90 cm langt einegga sverdklinge, b) eit 14 cm langt økseblad, c) eit 70 cm langt einegga sverd. Klinga var 61 cm, d) to små sigdblad (Lorange, 1886).

Me må og tru at det har budd ei stormannsætt på denne garden på 1200-talet som fekk reist ei kyrkje på garden.

G F Heiberg (1970) skreiv at det på Fet kyrkjegard låg eit gamal kistelok av stein frå mellomalderen. Steinen skulle etter soga ha høyrt til ein merkeleg fut som ein gong budde på Fet. Heiberg skriv òg at den same futen skulle ha bygd ein stor steinhall av kleberstein. Ein gotisk portal av kleberstein var mura inn i ein kjellarmur på Fet. Steinane til han og Dalekyrkja skulle vera frå eit gamalt brot rett over Fet, Kleberveggen. Ola Seter (1969) skriv at restane av portalen på Fet kunne passe med ein døropning på 1,5m. Han var hogd av kyndige hender og må ha vore ein særs vakker portal. Bendixen (1877) skriv at han er frå slutten av 1200-talet. I Riksantikvaren sitt arkiv på saka står det òg at han er frå 1200-talet.

 

Anders Bugge (1926) skriv at kisteloket var av kleberstein. Det hadde ein elegant kross hogd ut i relieff og sirkelforma endestykke med krossmerke.

Kven er så denne høge herren på Fet ?

Fru Ingebjørg Jonsdotter finn ein omtala i 4 dokument frå byrjinga av 1300-talet. Ho var gift tre gonger, kvar gong med menn frå høgadelen i Noreg. Ingebjørg hadde ætta si frå garden Kvåle i Sogndal.

Med grunnlag i ei utskifting på Kvåle i Sogndal 21. mai 1314 har Yngvar Nielsen (1880), Anton Espedal (1939) og Eyvind Dahl (1948) sett opp kvar sine ættetavler for Ingebjørg. Ættetavlene spriker ein god del fordi det er mogeleg å tolke skrivet på ulikt vis. Henning Sollid (1942) skriv at utskiftinga tidlegare har vore tolka feil av P A Munch og Yngvar Nielsen, men utan å seia kva han sjølv meinte var rett.

 

Diplomet fortel oss at Kvåle var delt på tre eigarar som kvar hadde ein tredel kvar. Det var arvingane til fru Ingrid Brynjulfsdotter, fru Margrete gift med Nikolas Stigtson og herr Sigurd Sveinson for sonen sin Svein Sigurdson. Ein får i tillegg vita at arvingane til fru Ingrid var fru Ingebjørg gift med Gaute Isakson og systera jomfru Inga, som igjen var dotter til Eirik Stilk. Både Espedal og Dahl har prøvd å lage ættetavler, der dei har prøvd å få alle eigarane av Kvåle til å vera i slekt med kvarandre. Eirik Stilk er kjend kring 1240. Er Jomfru Inga født kring 1240, er nok halvsystera Ingebjørg yngre, men ho kan knapt vera fødd seinare enn 1265. Far til Ingebjørg kan ha vore Jon Brynjulfson på Kvåle, men det er uvisst.

Bakgrunnen utskiftinga ser ut til å ha vore at fru Ingrid Brynjulfsdotter åleine styrde og budde på Kvåle. Herr Sigurd Sveinson ynskte å flytte dit, og ville ha utskifta tredelen av husa på Kvåle for eige bruk. Ein ser seinare at Sigurd er ført som herre Sigurd på Kvåle.

 

I 1309 skreiv fru Ingebjørg Jonsdotter seg til "Fit", men utan at ein fortalde om kvar det var. Etter det eg kan sjå var det tre gardar på Vestlandet som kan ha vore "Fit", det var Fet i Luster, Fet i Kvinnherad og Fitjar på Stord. Bagge og Nedrekvitne (1983) fortel at Fit var det same som Fet i Kvinnherad i Hardanger, men for å vera på den sikre sida er det sett eit spørsmålsteikn bak. Eg vil freista å sjå på grunnlaget for det.

Me finn òg seinare fru Ingebjørg i fleire skriv fram til 1326. I 1309 var den einaste gongen ho skreiv seg til Fit. Seinare skriv kan eg heller ikkje sjå kastar noko ljos over kvar Fit var. Ser ein på skrivemåtar fram til 1570 på dei tre gardane er dei etter det eg kan sjå :

1309

Ingebjørg Jonsdotter

"a Fit"

1310

på Stord         

"a Fitium"

1314

Orme   (Kvinnherad)

"a Fit"

1320

Erik Andresson

"a Fith"

1330

stovene (Kvinnherad)

"a Fitium"

1341

Jon prest (Luster)

"a Fit"

1351

Bergen kalvskinn/Luster

"a Fit"

1381

loftet (Kvinnherad)

"a Fitium"

1471

Erik Anderssøn (Luster)

"paa Fit"

1522

om Fet i Luster

"Fith/Ffitiæ"

1522

om Fet i Kvinnherad

"Fedt/Fidt"

1529

Nils Gjordson(Stord)

"Fidje"

1547

Barbara Johannesdotter

"til Fiit"

1563

om Fet i Kvinnherad

"Fidt"

1565

Jorenn Andersønn

"til Fedtt"

1565

Sverke Jonssøn (Stord)

"paa Fitje"

1565

fru Margrete Thronsdotter (Stord)

"paa Fidje"     

1566

Sverke Jonssøn (Stord)

"paa Fiit"

1567

Mads Størsson (Stord)

"Fitje"

1570

Trond Benkestokk skifte (Kvinnherad)

"Fiit"

Etter Berje Aarbø (1951) var Fitjar ein gamal kongsgard. Så seint som i 1310 skreiv kong Håkon V sjølv eit brev på Fitjar. Fet i Kvinnherad hadde etter skattmatrikkelen frå 1647 ei landskyld på om lag 9 laupar. Fet var på slutten av 1500- talet setestad for adelsfolk. Fitjar på Stord ser ein i dei kjeldene ein har i det heile ikkje skrive som Fet eller Fit. Eg vil difor heilt sjå vekk frå at det kan vera Fitjar på Stord. Om Andres og Ingebjørg budde på Fitjar må dei ha vore leiglendingar, noko som og er lite truleg.

Etter Heitmann Andersen (1944) er Fitjar ein genitiv form for Fet. Det er nytta om ei fuktig slette, særleg nær eit vatn eller ei elv, der det veks gras rundt. Uttalen etter Rygh (1919) er noko ulik, men ikkje så ulike at eg kan bruka uttalen til å skilje mellom gardane.

 

28. november 1309 var Ingebjørg i skrudhuset hjå fransiskanarane i Bergen. Fru Ingebjørg og Herr Andres hadde gjeve lovnader om å setje i stand Finnøy kyrkje i Rogaland. Det vart avtalt at Ingebjørg skulle betala biskopen 40 mark fornt i varer og smør. Ho pantsette og 10 månadsmatabol i garden Berge på Finnøy til biskopen og kyrkjene i Stavanger. Dei skulle ha landskyld frå Berge til dei 40 marka var betalte. Slik det er skrive vil eg tru at Herr Andres var hennar avdøde ektemann. Eg har ikkje funne andre skriv om Herr Andres.

Då Ingebjørg gifta seg med Gaute Isakson kan ho ha flytta til Talgje i Finnøy eller til Stavanger. Gaute var òg riddar og høyrde til høgadelen. Det kan vere at fru Ingebjørg alt i 1309 budde i Rogaland sidan ho hadde eigedelar på Finnøy.

7. mars 1320 skreiv Gaute Isakson og Ingebjørg Jonsdotter eit brev om kva dei hadde gitt Reidar Dagfinnson i medgift med Jomfru Sigrid (Aslaksdotter). Gaute gav 15 månadsmatabol i Hallanger i Ulvik og anna gods som vart taksert til 60 mark. Ingebjørg gav Reidar 20 månadsmatabol i same garden. Som tryggleik pantsette dei òg garden Brøholt i Viken. Så langt var alt greitt. 2. desember 1320 selde Gaute og Ingebjørg 20 månadsmatabol i Hallanger til Einar i Hildugard i Bergen. Det var den same eigedelen som dei før hadde gitt vekk! 29. mai 1325 reiste Reidar Dagfinnson sak og vant retten på garden. 22 mars 1329 høyrer ein igjen om ein dobbelhandel. Brøholt som vart pantsett i 1320, hadde Ingebjørg seinare selt til Olav Klerk. Sigrid reiste sak og fekk retten til Brøholt.

Sigrid Aslaksdotter var nok i nær ætt med Gaute eller Ingebjørg. I motsatt fall skulle det ikkje ha vore naudsynt å punge ut for medgifta Sigrid er ikkje omtalt i stridane om godset etter Gaute; så Sigrid og Ingebjørg var nok dei som sto kvarandre nærast.

 

Gaute døydde utan livsarvingar i 1322. Det vanlege var at to ektefellar hadde sameige. Når eine ektefellen døydde vart eigedelane delt i to like delar. Den som levde vidare fekk halvparten. Resten fekk arvingane til livsarving. Det ga strid om ein god del arvegods. I dette godset som ættegranskarar har kalla for "Islandsgodset", var det fleire eigedelar både i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Det kan godt vere at ein del av dette godset kom frå fru Ingebjørg. Sidan det var gods både frå Hordaland og Sogn hjelper det oss ikkje i spørsmålet om "Fit".

24. oktober 1326 sette Magnhild Ketilsdotter i Stavanger opp testamentet sitt. Ho fordelte då eigedelar til ei lang rad med personar og institusjonar. Mellom dei var fru Ingebjørg Jonsdotter. Ingebjørg arva då ei hua.

I eit dokument som er frå kring 1327 gjorde abbed Erling i Seljeklosteret det kjend at for nokre år sidan, medan han var munk i Munkeliv kloster i Bergen, hadde Ingebjørg kome til han og fortalt at ho hadde gjeve 9 stinne månadsmatabol i Nese i Årdal til Halvard Ormson. Halvard var systersonen til husbonden hennar, herr Halvard. Halvard Bjørsvik meinte at Halvard måtte vera sysselmannen Halvard på Nærland på Finnøy i Rogaland og at Nese var Nessa i Årdal i Ryfylke. Kva tid Ingebjørg gav gåva veit ein ikkje.

Ser ein i dei kjeldene ein har, finn ein fleire riddarar med namnet Andres i tida 1264-1300: Andres Gregoriusson, Andres Nicolasson, Andres (Pålson) Plytt og Andres Peterson. Andres Nicolasson døydde i 1273 og Andres Plytt døydde seinast i 1283. Dei er såpass tidlege at ein nok kan sjå vekk frå dei. Andres Peterson er berre kjend i eit skriv (i Skottland i 1281), så det er ikkje råd å få meir ut av han. Det har vore gissa på at Andres Peterson og Andres Plytt var same mann, men det vert helst spekulasjon. Våpenmerket er ikkje kjend for nokon av Andres-ane. Andres Gregoriusson var dotterson til kong Håkon og Kanga og vart rekna mellom dei aller fyrste i landet. Nokon konklusjon om kva for ein Andres som fru Ingebjørg var gift med, kan ein nok ikkje gje.

I eit skriv frå 15. juni 1320 dukkar Fet opp att i kjeldene. Eirik Andreson Fet hadde teke imot 65 laupar frå abbed Einar i Munkeliv kloster i Bergen. Han skulle betala seinast 3. august. I motsett fall skulle abbeden ha tre månadsmatabol i Vinderdal i Lærdal i Sogn til gjelda var betalt. Abbeden fekk òg pant i eit sølvkar som Eirik åtte. Eirik betalte ikkje gjelda si og Vinderdal vart overteke av Munkeliv Kloster. Noko meir om Eirik Andreson Fet er ikkje kjend. Seglet er ikkje kjend, då dette skrivet berre var ein avskrift i arkivet til Munkeliv kloster. Det skulle likevel ikkje vera urimeleg å tru at han er sonen til Herr Andres frå 1309. Bagge og Nedrekvitne (1983) er her i tvil om det er Fet i Luster eller Kvinnherad. Eldre eigarar av Vinderdal er ukjende.

Hjå Absalon Pederssøn finn ein ei opplisting av riddarar i kong Christian I's tid (1450-81): " .... fru Kirstin Taraldsdotter ( som man kalte Smørhette) hennar mand Herlag Petersøn boende der paa Fit i Sogn, 1471 boede en anden ridder paa Fit, hed herr Erik Anderssøn, (hans frue Margreta Ivarsdotter) ..." Ein får her knytta fleire adelsfolk til Fet i Sogn. Fru Kirstin Taraldsdotter var dotter av Toralde Sigurdson og Adelus Erlingsdotter (Henning Sollid, 1932). Toralde Sigurdson var eigaren av eit våpenmerket med ei lilje og to kroner. Det er det same våpenmerket som ein kjenner frå to skjold i Dalekyrkja frå 1200-talet. Toralde hadde nok då ætt i Luster.

Er det så same Fet som ein har omtala i 1309 og 1320? At namnet Erik Anderson/Andreson skulle vera både i bruk i 1320 og 1471, kan tyda på ættesamband, men 151 år er ei lang tid...

Ut frå min sjåstad kan Andres på Fet godt ha vore den merkelege herren på Fet i Luster. Noko anna enn indisia kan eg likevel ikkje leggja fram.

 

ØYDEGARDAR UNDER FET

 

På 1600- og 1700-talet høyrer ein om øydegardar under Fet. Rett nok utan at namna på dei vart skrive ned.

Går ein attende til 1316 åtte presten i Fet i gardane "Huerhæimi" (heimen ved jøtulgryta) (1,1 månadmatabol), "Stephans jord" (1,3 månadsmatabol ), "Torleifs jordu" (1,1 månadsmatabol), "Høysnis jordu" ( 1 månadsmatabol), "Erlingsjord" (0,5 månadsmatabol) og i "Hausadal" (0,3 månadsmatabol). Det kan vera at ein eller fleire av desse gardane høyrde inn under Fet. Gardsnamn med endinga "jord" reknar ein for å vera unge.

I 1674 høyrer ein om ein øydegard under Fet. Eigarane var Karen enka til Simen Nilsen. I 1692 høyrer ein at garden hadde ei skyld på 0,5 laupar. Jon Laberg (1926) skriv at denne garden i dag har namnet Dalane.

JON PREST I FET SOKNA

Den einaste presten ein kjenner frå Fet er Jon; som vitne og truleg skrivar av skøyte ved ein handel på Kvam i 1341 (Vågslid, 1989).

 

I 1321-24 var det ikkje eigen prest i Fetsokna.

FETKYRKJA

Fetkyrkja finn ein omtala fyrste gong i 1316. I 1686 var Fetkyrkja ei (lafta) tømmerkyrkje (Bendixen, 1903). Om det var mellomalderkyrkja veit ein ikkje. Dyrdal (1994) skreiv at det framleis er ein stokk frå gamlekyrkja på Fet. Ho skriv òg at byggjemateriala frå kyrkja vart nytta i ein fjøs, men at dei no er vekke. Ein slik stokk skulle det vera mogleg å få datert ut frå årringar, men det er ikkje gjort endå.

I Historisk Museum i Bergen er det frå kyrkja brotstykke av ei altertavle med maleri. Det er eit ufullstendig kristusbilete og eit bilete av Maria med barnet (Nicolausen 1862-64 og Lorange, 1878). Det skal vera det eldste oljemaleriet i Nord-Europa og vera frå midten av 1200-talet.

 

I kyrkja var det ein døypefont. Ho har firkløverforma skål med fire søyler. Dei held fram som ribber mellom blada til skåla. Liknande døypefontar var det òg i Dale og Nes kyrkjene (Fett, 1909)

Kyrkja har òg ei klokke frå mellomalderen (Bendixen, 1881). Dyrdal (1994) skriv at ho er frå 1200-talet. Ho er utan innskrifter eller merke.

Gardane i Fet bedarlaget

Eg vil tru at garden Fet kan ha delt seg opp slik :

 

FET

 

HØGI

LUNDE

 

JOSVANGER

 

KJØRLAUG

LUNDE

Frå Fet kan ein ha fått skilt ut garden Lunde kan hende på 800-talet. Den vanlege meininga bak ordet Lund er ein liten samling av tre eller ein mindre skog (Steinsland, 1991). Namnegranskarar tidleg i dette hundreåret (som Oluf Rygh, 1919) meinte at namnet Lunde hadde med gudsdyrking å gjera, og at namnet viser til at det var ein heilag stad: "mange Gaarde af Navnet Lund, Lunde ligge i umiddelbar Nærhed af et Kirkested, at dette vanskeligt kan være tilfældigt; Grunden, maa da vistnok, ialdfald ofte, være den, at Stedet før Kirkens Tid var Sæde for hedensk Gudsdyrkelse". Dette er ei omstridd tolking, så ein kan ikkje vera heilt viss på det.

 

Kring år 1500 åtte Munkeliv kloster i Bergen tjue månadsmatabol i Lunde. I eldre lister frå Munkeliv klosteret manglar denne eigedelen. Truleg er dette ein eigedel frå 1400-talet. Når garden er kjend frå denne tida viser det likevel til at Lunde har vore busett før 1350. I 1567 åtte biskopen 2,5 lauper. Han kan òg hatt denne eigedelen før 1349.

 

HØGI

 

Høgi må ein tru er ein gamal gard. Han kan ha vore rydda på nytt på 700-talet.

I 1316 kjenner ein at Jordangerpresten åtte seks månadsmatabol i "Hyghinni". På same tid åtte Ornespresten 38 månadsmatabol i "Hyghenni"/"Hyghini". Er dette så Høgi eller Høyheim? Går ein fram til 1585 ser ein at Jordanger og Ornes soknene var lagt inn under Hafslopresten. Hafslopresten var eigar i både Høgi og Høyheim. Den langt største eigedelen var i Høyheim. Eg vil då tru at det Orneskyrkja åtte må ha vore Høyheim og det Jordangerkyrkja åtte var Høgi.

Eine stølen til Høgi har namnet Øygarden. Han ligg så høgt som 530 moh (Urnes, 1934). Namnet viser til ein gamal busetnad her.

JOSVANGER OG KJØRLAUG

Gardane kan ha blitt til om lag år 900. Josvanger har tydinga harevolden (Rygh, 1919). Holmsen (1937) skriv at namnet (vang) viser til gudsdyrking. Det kan såleis ha stått eit gudehov på Josvanger, men det er nok helst spekulasjon. Garden har truleg vore nytta som beiteland for Fet før han vart skilt ut. Kjørlaug har tydinga krattvokst myr. Namna hjelper ikkje noko i tidfestinga.

Kjørlaug er ikkje kjend i skriftlege kjelder før 1522. I 1567 åtte biskopen ein laup i garden. Han kan ha hatt denne eigedelen før 1349 òg.

I 1316 kjenner ein desse eigarane i Josvanger :

 

Fetpresten       : 1 månadsmatabol

Jorangerpresten : 2 månadsmatabol i øvste tunet

Josvanger må ha hatt to tun og minst to bruk. Kjørlaug har i dag eit bruk med namnet Øygarden. Ein må tru at denne og var busett på 1300-talet.

MELHEIM, QVEREN OG LAMBHAUG

Frå Melheim har ein fleire gravfunn. Det vart i 1877 funne ymse jarnvåpen, ei ringspenne av bronse og eit ubrent bein frå ein arm. Ringspenna var etter Shetelig (1926) frå tida 800-1000 og truleg frå Østersjø-området (Estland?). Ringen er oval og 7 cm i største og 6 cm i minste tverrmål. Ho er 9 mm tjukk. Ho vart funne i ein rund gravhaug. Gravhaugen låg over ein stor stein. Ved sida av han var det lagt tre store heller etter kvarandre på tvers.

 

 

 

Våpna var a) ei halvkuleforma skjoldbule. Ho var 15 cm i tverrmål, b) ein del av eit sverd med tvegga klinge, c) spjutspiss, d) ein celt. Han var 19 cm lang og 6 cm brei, e) eit økseblad på 19 cm og 12 cm i eggen, f) fragment av eit sverd som var 8 cm langt og 5 cm brei, g) spjutspiss på 22 cm.

 

Det vart i 1908 funne a) ei øks (type R559). Ho var 16 cm lang og 11 cm over eggen b) ein celt (type R401) som var 14 cm lang (Shetelig, 1909). Ein meter unna vart det funne 34 "kljåstein". Fem av dei hadde ein lett kross rissa inn. Brotstykke av eit større og eit mindre klebersteinskar med skaft og eit bryne. Om desse hadde samband med jarnfunnet er tvilsamt (Shetelig, 1909). Øksa (type R559) er av same typen som ei frå Hillestad. Etter Fett (1955) er øksa frå tida 800- 1000. Etter Petersen (1919) er denne øksetypen frå tida 600-850.

 

Melheim-namnet viser til at garden låg mellom to andre. Laberg (1926) meinte at det måtte vera Sønnesyn og Lunde. Holmsen (1937) meinte det var Fet og Sønnesyn. Melheim er langt større enn dei andre gardane og då truleg eldst. Det kan då vera at namnet er laga før 600-talet, med ein annan gardsstruktur.

 

Fetpresten åtte i 1316 eit månadsmatabol i Bardarjorda i Melheim og eit månadsmatabol i sjølve Melheim. I 1567 åtte biskopen 0,5 lauper. Han kan òg ha ått det før 1349. Dette var berre ein liten del av garden. Resten må ein tru var i privat eige.

 

Melheim kan ha blitt delt opp slik :

 

MELHEIM    

 

MELHEIM

 

SØNNESYN

 

VEUM           

 

QUEREN

LAMBHAUG

 

BRUHEIM    

 

UGULEN      

ALSTEIG

SIOLFSSTAD

RYPEN

GJERLØV

 

I 1706 høyrer ein om ein øydegard under Melheim. Han hadde namnet Queren. Garden var liten og taksert til 0,5 laupar. Han har nok vore rydda på 1100- eller 1200-talet. Fyrste gong Queren er omtala er i 1621.

 

Lambhaug kan ha vore skilt ut frå Melheim som eigen gard på same tida. Ødegard var eit bruksnamn under Melheim, som òg viser til ein øydegard (Bathen, 1975).

 

SØNNESYN OG BRUHEIM

 

Frå Sønnesyn har ein fleire haugar som er av ukjend alder. Dei viser likevel til ein tidleg busetnad av garden. Truleg har Bruheim vore skilt ut frå Sønnesyn før år 1000. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det var motsett, at det var Sønnesyn som vart skilt ut frå Bruheim. I seg sjølv viser "heim" namnet til ein gamal gard. Frå gamalt var likevel Sønnesyn større enn Bruheim, så mest truleg er Sønnesyn eldst. Laberg (1926) skriv at Sønnesyn er eit "vin"-namn; som då må ha vore laga seinast kring år 800. Namnet seier likevel ikkje noke om kva tid garden vart bygd.

 

I 1316 åtte Jorangerkyrkja 2,5 månadsmatabol i Sønnesyn. I 1567 finn at biskopen åtte tre laupar. Det svarte nok til noko over 20 månadsmatabol. Ein får tru at dette òg var bispegods før 1349. Kring år 1500 åtte Munkeliv kloster i Bergen i garden. Ein finn ikkje Sønnesyn mellom eigedelane til klosteret i to eldre jordebøker, så eigedelen er nok frå 1400-talet.

 

I 1651 får ein høyre om sal av ein øydegard under Sønnesyn. Salet i 1652 omfatta 0,5 pund smør (ca 0,15 laupar). Dersom dette var heile garden har han vore noko mindre enn Hunshamar. I lia over tunet, om lag 500 meter over havet, er det ein flate som heite "Øygardadn" (Fett, 1955). Om det er same staden veit eg ikkje.

 

VEUM OG UGULEN

 

Lengst oppe i Fetsokna har ein frå gamalt hatt ein gard som har omfatta Veum, Ugulen, Alsteig og Falkagjerdet. Av desse var både Ugulen og Veum rydda før år 1000. Det ut frå at ein har gravfunn frå begge gardane.

 

I Guldshaugen på Ugulen vart det i 1805 og 1824 funne graver frå tida før år 600 og ei grav frå tida 800-1000. I den siste er det ein spjutspiss. Han hadde avbroten spiss og naglehol i rad på begge sider av den rifla skafthaldaren (Lorange, 1875). Namnet på haugen kan visa til at ein har funne gull der, men det er uvisst. På Veum vart det i 1894 funne eit einegga sverd og eit økseblad, som truleg er frå 800-talet. Sverdet hadde ein lengde på 94 cm og klinga var 77 cm. Øksa var 18 cm langt. Begge våpna har merke etter brann på likbål (Gustavson, 1895 og Shetelig, 1926).

 

Kva for ein av dei to gardane som var eldst er vanskeleg å seia sikkert. Ugulen var frå gamalt noko større enn Veum, ut frå det så er mest truleg er Ugulen opphavsgarden. Ser me på bedarlaget så er namnet Veum lag. Det tyder på at det er Veum som er eldst.

 

Somme held fram at det på Veum stod eit hov frå gamalt (Rygh, 1919 og Bathen, 1983), men det er ei omstridd tolking av gardsnamnet. Vågslid (1979) skriv at namnet tyder ein verdsleg rettstrygda eller verna bustad.

 

Ugulen er kjend frå 1316 då eigarane var:

 

Fetkyrkja        : 8 månadsmatabol

Presten i Søvdekyrkja : 8 månadsmatabol

 

Det kan vera at desse kyrkjene åtte heile garden.

 

Veum er òg kjend frå 1316 då var eigarane :

 

Fetkyrkja        : 0,5 månadsmatabol

Jorangerpresten          : 1,5 månadsmatabol i Indre Veum

 

Desse eigedelane har berre vore ein liten del av Veum. Når ein høyrer om inste Veum må ein tru at det var minst to bruk på garden.

 

KØNSTADER

 

Garden Kønstader er kjend som gardsnamn frå 1490, men noko meir veit ein ikkje om han. Munkeliv kloster åtte då 9 månadsmatabol i garden.

 

RYPEN

 

Frå Veum eller Ugulen vart det kan hende på 1100-talet, skild ut ein gard med namnet Rypen. I 1692 var leiga 1 laup for denne garden.

 

ALSTEIG OG SJOLFSTAD

 

Alsteig høyrer ein omtala som ein gamal øydegard på 1600- talet, så han har nok vore rydda i mellomalderen.

 

I 1525 vart det sagt at Falkagjerdet før hadde hatt namnet "Siuolffstadher". Så det er òg ein gamal gard.

 

Alsteig må ein tru vart rydda på 1100- eller 1200-talet. "Stad"-namn er i regelen ikkje yngre enn år 1000. Namnet Falkagjerdet har truleg garden fått etter at han vart øyde. Det same skal ein sjå skjedde med Rjupheim på Ytre Hafslo.

 

GJERLØV

 

På 1600 og 1700-talet høyrer ein om ein øydegard som dei kalla for Gjerløv. I 1724 var det sagt at han ikkje høyrde inn under nokon bestemt gard, men hadde vore nytta under Ugulen i lang tid. Garden hadde to eigarar med eigne bygselsrettar. Ut frå det skulle ein tru at det har vore to bruk på Gjerløv i mellomalderen. Den eine delen var i 1692 taksert til 1 laup. Den andre delen var mindre. I 1754 var Ugulsbakken ein del av Gjerløv. Etter Jo Rune Ugulen (26.11.1992) var Gjerlaug ein husmannsplass i 1875.

 

I 1316 høyrer ein om garden "Grerlaam" / "Gerdlaam" som Fetkyrkja åtte i. På denne garden var det òg eit Øvre og eit Nedre bruk. Om det er snakk om same garden er ikkje sikkert, men det er mest truleg.

 

MARHEIM

 

På vestsida av bygda kan det ha vore ein gard som omfatta bedarlaga Eikum, Marheim, Sviggum og Morken. Det er ikkje utan vidare gjeve kvar dei budde. Sviggum var den største garden. Han ligg òg sentralt i ein slik storgard. Marheim er den einaste staden som kan visa til arkeologiske funn frå denne tida. Det er eit einegga jarnsverd. Sverdet var 63 cm langt og 5 cm brei. Det er truleg frå 800-talet (Petersen, 1919).

 

Ser ein på "heim"-gardane i Luster og på storleiken har Marheim høyrt til dei minste. Det er truleg enten slik at Marheim opphavleg har vore ein stor gard som har delt seg opp seinare eller så er han bygd på 900-talet. Eg trur likevel mest på den fyrste tolkinga.

 

I 1371 høyrer ein om Marheim skipreide og Marheimsfjøra. Så Marheim må ha vore ein viktigare gard enn kva storleiken i 1635 skulle seia.

 

Ein gong i tida 1316 til 1336 fekk Hafslokyrkja 6 månadsmatabol av Marheim ("Marhæimi") i gåve frå Guttorm Rutnæfr. Mest truleg har han budd på Ytre Hafslo sidan gåva var til kyrkja der. Dei som budde på Marheim må ein då tru var heilt eller delvis leiglendingar.

 

Marheim kan ein tru har vore delt i fire gardar : Marheim, Sviggum, Morken(?) og Eikum.

 

MARHEIM

 

SVIGGUM

 

MARHEIM

 

MORKEN

 

EIKUM

 

 

HUNSHAMAR MARA ?

 

LI OPPHEIMSHAUG FLÅTEN

BATEN

 

EIKJABERGET? VEDVIKI

 

MARA

I 1304 og 1329 høyrer ein òg om ein gard dei kalla for Mara. Det kan vera at Mara er ein skrivemåte for Marheim. Oluf Rygh og Magnus Olsen meinte likevel at han ikkje var det. I så fall kan ein tru at det var ein gard som vart skilt ut frå Marheim. I 1304 høyrer ein om Anders på Mara. Kona hans heitte Tora og vart titulert som "husfrue". Dei selde då 4 månadsmatabol av garden sin (Mara) og 7 månadsmatabol av Kvam. Tora hadde ein bror med namnet Sigurd Elg. Sjølv om Anders selde garden sin budde han framleis der då han 13. september 1329 selde 3,5 månadsmatabol i garden Epplom i Sogndal. Sonen Halvard var då vitne. Frå eigedelane dei selde må dei ha hatt ei årleg leigeinntekt på 225 kg smør.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Anders på Mara

 

                        NN død før 1304                              

Eigedelar i Kvam i Hafslo og Kvamme i Borgund  

                                                                        

                         |                                            

            +---------------------------------------+                

                                                                        

Tora gift med Anders Mara Sigurd Elg kjend frå 1304

kjend frå 1304 og 1329          Eigedelar i Kvamme i Borgund

                                                                        

            |                                                         

                                                                        

Halvard Anderson                                        

kjend frå 1329                                                          

 

I Trondheim høyrer ein om ein kannik med namnet Jon Gudmundson Elg i tida 1301-1303. Om han er ein slektning til Sigurd Elg er mogleg, men langt frå sikkert.

 

HUNSHAMAR

 

Frå Marheim kan ein ha skilt ut Hunshamar. Alderen er uviss då Hunshamar ikkje er kjend i noka mellomalder kjelde. Endinga "hamar" finn ein òg i gardsnamnet Flahammar, som var i bruk før 1349. Ut frå namnet kan difor Hunshamar ha vore i bruk før 1349 òg.

 

ENDREØYGARDEN

 

I 1690 høyrer ein at Inger på Hunshamar var i ein strid om ein plass overfor Endre-Øigarden. Om Endre-Øigarden låg på Hunshamar eller Marheim veit eg ikkje. Namnet viser truleg til ein gamal nedlagt gard eller eit bruk frå før 1349.

 

MORKEN OG LI

 

På Morken har ein ein gravhaug. Alderen på han er uviss, men gravhaugen viser til at garden er gamal. Morken er likevel ikkje kjend i skriftlege kjelder før 1611. Storleiken tilseier ein alder til 900- eller 1000-talet.

 

Frå Morken lyt ein tru at Li vart rydda kring år 1000 til 1100. Li var bygd i 1522. Det er normalt eit godt teikn på at garden òg var bygd før 1349. I 1567 åtte biskopen 1,5 lauper. Han kan ha hatt eigedelen før 1349 òg. I 1617 vart det skrive at Ytrelid nyleg var "optagen av øde". I 1650 høyrer ein òg at Lid var ein gamal øydegard.

 

MOLLANDSMORKI

 

Gardane i Mollandsmorki er ikkje kjend i noka skriftleg kjelde før på 1500-talet, men ein har eit funn av eit fiskesøkke av kleberstein på Sie frå tida 600-1000. Eg vil tru at det har vore busetnad i det minste på Baten attende til år 1000.

 

Vårstølen til Garden på Baten har namnet Øygardsstølen. Han viser nok til ein i dag ukjend øydegard ikkje langt frå Baten.

 

Resten av gardane i Mollandsmorki er omtala under Solvoren.

 

SVIGGUM

 

Ut frå storleiken er truleg Sviggum ein gamal gard. Han kan ha vore rydda på 800- eller 900-talet. Laberg (1926) skriv at Sviggum etter eit gamalt segn skulle ha høyrt under Kjørlaug, men det kan ha vore på 1500-talet.

 

I 1316 var 4 månadsmatabol i Sviggum ått at "quarta prebenda" i Domkyrkja i Bergen. Vidare var 4 månadsmatabol ått av Neskyrkja. I 1567 åtte biskopen ein laup i Sviggum. Eg vil tru at i underkant av tredelen av Sviggum var i kyrkjeleg eige. Kven som åtte resten veit ein ikkje, men mest truleg har det vore private.

 

MARIFJØRA

 

Marifjøra er omtala fyrste gong i 1371.

 

Geografisk høyrer Marifjøra naturleg til Marheim, men Marifjøra må frå gamalt ha vore ein allmenning for gardane i Fet og Joranger sokna. Driftekarar som handla i Nordfjord og som drog over Jostedalsbreen med kveg og hestar hadde òg almenningsrettar for hestar ved Marifjøra. Korleis dei har fått rettane er ikkje lett å seia, men eg vil tru at retten til allmenningen er gamal.

 

Jon Laberg (1926) viste til at det i 1692 vart ført prov for at allmenningen i Marifjøra frå gamalt hadde vore nytta til hestebeite. Merket mellom allmenningen og jorda ovanfor var "to favne taugs længder ovenfor der hvor fladt og bratt mødes", og at allmenningen gjekk frå elva og ut til ei lita grov, der det stod ei stove - Guristova.

 

Oluf Rygh (1919) meinte at namnet "mar" viser til hest (merr). Marheim var altså hesteheimen og Marifjøra var hestefjøra. Det kunne vera ein samband mellom rettane og namna. I så fall går rettane minst attende til 600-talet. Heitmann Andersen (1944) skriv at namnet Marheim tydde garden ved sjøen. Marifjøra er i så fall fjøra under Marheim.

 

Jan Petersen (1951) skriv at G F Heiberg kjøpte ein lauvkniv i Marifjøra. Kniven er tidfesta til tida 600-800. Om kniven vart funne i sjølve fjøra er uvisst. Fett (1954) skriv òg at eit spjut vart kjøpt i Marifjøra i 1890. Funnstaden er ukjend. Spjutet var frå tida 800-1000.

 

 

 

 

 

 

Y T R E F O L K (Y T R E

 

H A F S L O )

 

Det er brudlaup på Kvam, minst tre dagar skal dei halde på. Ei ny husfrue, Ingeleif, har kom og gifta seg med odelsguten. Det vart ikkje spart på noko og fyrste morgonen fekk ho rike gåver av mannen sin. Dei vonde dagane skulle likevel koma fort. Ho vart den siste i ei lang rekke mektige kvinner på Kvam.

 

KJELDEGRUNLAGET

 

a) Dei største og beste gardane har oftare ein høgare alder enn dei minste gardane. I 1635 hadde gardane landskylda som er vist under. Lista er sortert etter storleiken på gardane. Eininga er laupar smør, der ein laup er 15,6 kg. Landskylda var den leiga brukaren måtte betala til eigaren. Ho var dermed indirekte eit mål på storleiken på garden.

Gard   

           

Storleik

1635

Eldste kjelde

Gravfunn

600-1000           

Busett i 1522

Hillestad           

20,4

ca 1330

grav

Bygd

Kvam 

15,5                

1304

-

Bygd

Lomheim

13,8

1332

grav    

Bygd

Solvi               

10,8

1332   

-

Bygd

La       

10,3

1316   

-

Bygd

Alme  

9,8

1316   

lausfunn

Bygd

Sterri  

9,7      

1316

grav

Bygd

Kjos   

8,0

1316?

grav

Bygd

Skjervo

6,5      

1445/75

-

Bygd

Mo     

6,0      

1522

-

Bygd

Venjum

6,0(1614)

1522

-

Bygd

Holsete

5,9      

1332

-

Bygd

Haugen           

4,3      

1522

-

Bygd

Beim  

4,0(1614)

1316   

-

Bygd

Kalhagen

3,8

1346

-

Bygd

Båsaker           

3,0

1522

-          

Bygd

Tang   

2,5      

1331

-

Bygd

Heggestad

2,0

1603   

-

-

Oklevik

1,0

1316

-

-

Nes

1,0

1600

-

-

Hilleren

0,9

1600

-

-

Kjerringnes

0,3

1616

-

-

Rjupheim

-

1440   

grav

-

Stemmingo

-

1567

grav?  

-

Prestegarden

-

1316

grav

-?

 

I tillegg har ein to spenner (C1848) frå starten av 900-talet som ein berre veit er frå Hafslo (Petersen, 1928). Dei er i Oldsaksamlinga i Oslo.

 

b) Gardar som har teigblanding eller felles stølar vil ofte ha høyrt saman en gong tida, om ein då ikkje har hatt handel med eigedelar. Gardar som har ein annan gard på alle eller nær alle kantar, vil mest truleg vera skilt ut frå han. Dei som hadde felles stølar frå gamalt er som vist på neste side (etter Einar Venjum 1934).

 

Ein ser at det har vore nokre bytte eller flyttingar av stølar. Ein må difor vera varsam i å leggja for stor vekt på stølsbruken.

 

Noko som gjev vurderingane av stølsbruken vanskeleg er at Magnus Lagabøte si landslov frå 1200-talet, seiar at kven som ville kunne gjera seg seter i allmenningen (Semmingsen m.fl, 1979). Likevel må ein tru at dei fleste stølane var i bruk før den tid og at dei har valte stølar som det var naturleg å bruka.

 

 

Simoseter

Kvam, Holsete og Lad

Nås

Tang, Venjum, Dvergedal og Årøy

Vetlestølen

Venjum, Brusåker og Skjervo (+Bedheim seinare)

Håarseter

Venjum, Skjervo, Båsaker og Kjos (+ Bedheim seinare)

Bersetno

Alme, Lomheim og Mo (+Kalhagen seinare)

Hongi 

Sætre, Haugo, Nygard, Solvi, Prestegarden og Li

Skoga 

Sterri, Hillestad og Kjos

Modvo           

Prestegarden, Sætre, Haugo, Nygard og Solvi og Li

Yngsdals fjellstøl

Yngsdalen og Mo

Vårstølen

Kjerringnes, Nes og Hilleren

Kjerringsdalen

Kjerringnes og Hilleren

Nesdalen

Nes og Vollåker

 

Thomas Urnes (1934) skriv at Tverrbergstølen vart nytta av Li og gardane på ytre Hafslo. Einar Venjum (1934) har ikkje med Tverrbergstølen i si liste for ytre Hafslo. Etter Kåre Alme (august 1993) vart Tverrbergstølen brukt av Hillestad.

 

SYNTESA

 

Ved mangel på opplysningar som bedarlag og grendelag har eg prøvd å sjå kva gardar som har høyrt saman i hovudsak ut frå gardsgrenser, stølsbruk og ut frå storleiken på gardane.

 

Eg vil tru at ein på 600-talet kan ha hatt ein stad mellom 3 og 7 gardar ved Hafslovatnet. Har det vore så mange som 7 kan dei ha vore : Hillestad, Solvi, Bedheim, Lad, Lomheim, Venjum og Kvam. Veitastrondi har nok vore øyde. Desse gardane har delt seg opp slik, samla landskyld (i 1635) er ført nedst :

 

Hillestad

 

Solvi

 

Bedheim           

 

Lad

 

Lomheim

 

Venjum

 

Kvam

Kjos               

Sterri

           

Hauge Sætre

Nygård

Tang Kalhagen Mo

Holsete           

Alme

StemmingoBorgheim

Skjervo? Båsaker

 

 

 

 

 

38,1

21,3

16,3    

16,2    

23,6

15,5    

15,5

 

 

Som ein ser på stølsbruken, deler Sterri, Hillestad og Kjos stølen Skoga. Om ein ser vekk frå Kjos har dei heller ikkje stølar i lag med andre gardar. Kjos har òg støl på Håarsete, men eg vil tru at denne må ha kome ved ein seinare handel. Geografisk høyrer desse gardane òg saman.

 

Solvi, Hauge, Nygard, Sætre og Hafslo Prestegard har felles stølar på Hongi og Modvo. Det kan tyda på at dei har eit felles opphav. Ein finn ikkje Modvo i skriftlege kjelder omtala som øydegard. Etter at garden brann ned på 400-talet har han nok ikkje vore i bruk. Modvo har truleg vore lagt til ein av desse gardane. Retten til Modvo har så vore delt etter som garden har delt seg opp.

 

Frå gamalt hadde Tang, Bedheim og Kalhagen felles støl på sørsida av Hafslovatnet. Geografisk er dei og i det same området. Kalhagen sin del kom rett nok ved eigedelen i øygarden Fluga.

 

Holsete har støl på Simosete i lag med Kvam og Lad. Simosete ligg vest for Hafslovatnet. Det tyder på at Holsete har høyrt saman med Lad, noko som òg er rimeleg ut frå kvar tuna ligg.

 

Etter ein strid om Bersetno i 1693 veit ein at Alme, Bårheim og Stemmingo har støla på Bersetno frå gamalt. Andre gardar har òg støla her, men det har vore ut frå eigedelar i Stemmingo og Bårheim.

 

Holsete og Lad kan ut frå geografi og stølsbruk ha høyrt til både Lomheim og Bedheim. Lad har sine stølar vest og sørvest for Hafslovatnet. Ingen av dei andre nabogardane har stølar her. Nærast ligg stølane Turli og Nås. På Nås finn ein Tang og Venjum. Tang har fått sin stølsrett av Venjum (Einar Venjum, 1934). Mest truleg er det då å knytta Holsete og Lad opp mot Venjum.

 

Båsaker og Skjervo har felles stølar på Håarsete og Vetlestølen. Det tyder nok på at gardane frå gamalt har høyrt saman. På Håarsete har dei i tillegg støl saman med Venjum. Det kan tyda på at desse tre gardane har høyrt saman. Samla er plasseringen av Skjervo den mest usikre. Han kan òg ha vore saman med Kvam eller Alme. Det kan òg vera at eg har delt opp i for mange gardar. Minst tre gardar har det nok vore, men sju er nok ei øvre grense. Ein gjennomgang av gamle utskiftingskart og opplysningar om bedarlaga kan gje ei meir presis tolking.

 

Kvam har berre felles støl med Holsete og Lid på Simosete. De er likevel ikkje rimeleg at desse gardane har høyrt saman. Eg vil tru at Kvam har vore ein særskild gard sidan 600-talet.

 

HILLESTAD

 

Hillestad er ein gard som nok har vore bygd samanhangande sidan før år 600. Han er og av dei største gardane i Luster.

 

I 1887 og 1903 vart det funne eit spjut og ei øks, begge frå tida 800-1000.

 

I 1907 grov Eyvind de Lange opp ei grav som var frå før år 600. Høgare oppe i røysa var det ei brend mannsgrav. Her var det a) ei øks (type R559), men sterkt rusta. Ho var no 18 cm, men hadde nok vore lengre, b) ein pilspiss (type R541), c) brotstykke av jarn - av eit låsblikk, ein liten krok og eit par som ein ikkje kunne finna ut av kva var, d) sju klinknagler, e) nokre få brende beinstumpar og eit stykk kol (Shetelig, 1909). Pilspissen er av ein type som eldre enn år 800 (Petersen, 1919). Øksa er av ein type som kan ha vore i bruk på 800-talet (Petersen, 1919). Ein får tru at grava er frå fyrste halvdel av 800-talet.

 

I 1946 vart det funne ei glasperle (B9687) i ei røys på Skaafartræet ved inngangen til Indrebygdi. Glasperla låg eit par meter inn for øvre kanten. Det kan ha vore ei kvinnegrav, men mest truleg er det nokon som har miste ho. Ho var rund med to kvite og eit gult innlagt sikksakkband (Fett, 1946). Glas er funne i graver frå 700-talet og framover.

 

I skriftlege kjelder er Hillestad kjend frå ein gong mellom 1334 og 1343. Adelsmannen Finn Ogmundson frå Talgje selde då 21 månadsmatabol i Hillestad til erkebiskopen Pål Bårdson i Trondheim. Finn Ogmundson var riksråd og sysselmann i Bergen fram til han døydde i 1343. Han hadde ætta frå Finnøy i Rogaland. Eg vil tru at handelen omfatta om lag 15% av Hillestad. I 1359 ser ein at adelsmannen Ogmund Finnson åtte i Bedheim. Ogmund var sonen til Finn Ogmundson. Det kan vera at Finn Ogmundson åtte fleire gardar på ytre Hafslo. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det har vore ei ættetilknyting mellom ætter på Finnøy og Hafslo. Ein ser òg at fru Ingebjørg Jonsdotter på Fet gifta seg med ein adelsmann på Finnøy kring 1310.

 

KJOS

 

Etter storleiken kan Kjos ha vore skilt ut som eigen gard frå Hillestad på 800- eller 900-talet.

 

I ei steinrøys på Kjos vart det funne to økseblad. Den eine er berre 9 cm lang og 5 cm høg i eggen. Det andre bladet var 14 cm lang og 8 cm høg i eggen. Ein kan ikkje tidfesta dei betre enn til tida 600-1000. Det er truleg økseblad som har vore lagt vekk i steinrøysa for å kunne brukast seinare, men som har vorte gløymt.

 

I skriftlege kjelder kjenner ein at Kjos i 1316 hadde tre kyrkjelege eigarar :

 

Fetpresten 2 månadsmatabol

Gaupnepresten 2 månadsmatabol

Søvdepresten 6 månadsmatabol

 

Truleg var dette kring femteparten av Kjos. Resten har då truleg vore i privat eige.

 

STERRI

 

Ein gong på 700-talet var mange folk samla på Sterri. Husfaren var døydd og dei skulle ha gravferd. Før gjestane kom hadde dei grave ei grop som var 1,5 m vid og 0,6 m til ein meter djup. På botnen av grava hadde dei lagt ut mykje ved. Under gravferda vart det sett fyr på veden og dei hadde eit stort bål. Då det var 3-4 cm att av kolrestane og medan det enno var varme, vart gropa fylt halvvegs med stein og jord. Steinane nedst mot kollaget vart då sprukne og skjøre. Oppå fyllmassen vart så kista med lagt. I kista og rundt kista la dei så gravgåvene og lausøyre som avdøde hadde eit særleg tilhøve til. Grava vart så dekt med fleire lag heller og ei steindynge (Bakka, 1952)

 

I grava fann Amund Sterri og Egil Bakka i 1952 a) eit 92 cm langt einegga sverd, b) ei 16 cm langt økseblad, c) fire pilspissar frå 6 til 11 cm lange, d) ein 8 cm lang pilspiss, e) ein ljå med kordlengde på 54 cm, f) ein sigd eller ljå med 42 cm kordlengde, g) ei rund jarnplate, h) eit lite flatt beslag, i) to rustflak med tekstilrestar, j) jarnbeslag for bøtte, k) restar av ei krampe, l) ei jarnhasp, m) naglar, spiker og stiftar. Tekstilrestane var eit toskafta stoff med 14 og 13 trådar på 15 og 11 mm. Mellom dei øvste hellene låg òg ein halv kvernstein. Han hadde ein diameter på 30 cm.

 

Ein har då hatt busetnad på Sterri på 700-talet. Namnet Sterri er truleg eldre enn 500-talet. Sterri kjem av Storr-vin som har blitt til Sterri med omlyd.

 

I 1316 var 2 månadsmatabol ått av Hafslopresten. Dette var berre ein liten del av garden.

 

Jon Laberg (1926) skriv at Sterri truleg er opphavsgarden for Sterri og Hillestad. Det er og mogeleg, men likevel er nok oftast den største garden (Hillestad) og den fyrste. Hillestad-namnet er etter Rygh (1919) kome av mannsnamnet Hildulfr. Ein har ofte tolka gardsnamn med personnamn som at dei har fått namn etter nybrotsmannen. Ein knyter dei og til tida 800-1000. Særheim (1985) viser at slike namn på Jæren ofte er eldre. Det same får ein tru om Hillestad.

 

SOLVI OG NYGARD

 

Eg vil tru at Solvi har vore busett samanhangande sidan før år 600. Det ut få at det er den største garden. Solvi har likevel ikkje arkeologiske funn å visa til. Rygh (1919) skriv at Solvi-namnet kan ha vore utsett for i-omlyd ( ca 500-talet) eller a-omlyd (seinare). Namnet Solvi er seinast frå midten av 800-talet, men namnet seiar ikkje noko om kva tid garden vart busett. Nygard er nok ein gard som er rydda etter år 1600.

 

I 1908 fann Eyvind de Lange eit spjut (type R532) i ei røys på Nygård. Eit spjut av same type er funne på Vangestad i Sogndal. Grava er der vurdert å vera frå tida 850-950 (Solberg, 1986). Petersen (1919) skriv at denne typen høyrer til dei yngste vikingtidsverda. Ringstad (1986) skriv at denne typen i hovudsak er frå tida 900-950, men held fram ut hundreåret og inn på 1000-talet. Det var eit stort og vakkert våpen. Det var 50 cm langt og pryda med og koppar.

 

 

 

 

 

 

 

Røysa var 27m i tverrmål og 2m høg. Ho var bygd av stor stein med delvis tynt torvlag. Det var eit søkke i toppen med tjukt torvlag (Shetelig, 1919).

 

I 1316 åtte presten i Hafslo 2,5 månadsmatabol i Solvi. Det var berre ein liten del av garden. I 1567 åtte biskopen fire lauper. Han kan ha hatt denne eigedelen før 1349 òg.

 

I 1617 høyrer ein at Endre Solvi leigde 0,1 laupar av Dals øydegard. I 1727 høyrer ein at Solvis øydegard vart ått av Dalekyrkja. I 1837 leigde Iver Solvi ut øydegarden "Dalsjorden". Namnet Dalsjorden kom nok då av at det var den jorda som Dalekyrkja åtte. Eine bruket på Solvi har namnet Øygarden (Laberg, 1926).

 

Bathen (1983) skriv at det nedfor Studerhaugen skulle ha vore eit hov. Noko meir veit ein ikkje om det.

 

HAFSLO

 

I 1836 vart det funne ei mannsgrav på Prestegarden. Grava var frå tida 600-1000. Det var ein kniv, handtaket av eit sverd, ein skjoldbul og to beitleringar, alt av jarn. Gjenstandane er seinare forsvunne (Shetelig, 1926).

 

I 1895 gjorde ein eit funn frå 800-talet. Det er a) eit 68 cm langt einegga sverd, b) to vinkelbøygde hasper, c) fire bandforma beslag, c) ein grov jarnring med diameter på 7 cm, d) del av ei pil, e) ein ring med 6 cm i diameter. Det heng noko jarn på han, f) ein ukjend gjenstand på 27 cm i lengde og 3 cm brei (Gustavson, 1895).

 

I 1826 vart det under dørstokken i Hafslokyrkja funne ein runestein (likstein). Nokre kjelder seiar han vart funnen i kyrkjemuren. Han var ein meter lang, 57 cm brei og 9 cm tjukk. På han var det skrive med runer : Her er Jorunn jorda. Etter Magnus Olsen (1957) er runene neppe yngre enn år 1300. Frå Luster kjenner ein berre ei Jorunn frå skriftlege kjelder. Om ho kan ein sjå kva som er skrive under Tandle. Om dei har vore av same ætta veit ein ikkje noko om i dag.

 

I 1316 åtte Hafslopresten 12 månadsmatabol i "Hafslo". Det var nok prestegarden som hadde namnet Hafslo.

 

HAFSLOKYRKJA

 

Kyrkja er kjend i skriftlege kjelder fyrste gong i 1316. Den gamle Hafslokyrkja vart rive i 1878, men ein har eit maleri av kyrkja frå 1819, laga av J. Flintboe. Ho er òg kjend frå ei oppmåling som vart gjorde av Georg Bull i 1854.

 

Hafslokyrkja høyrde til ei gruppe "store" stavkyrkjer med heva midtrom på same måten som Kaupanger stavkyrkja. Dei er truleg bygde mot slutten av 1100-talet (Liden, 1981). Tårnet er truleg bygd etter 1570. Stavkyrkja låg på same staden som den nye kyrkja.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hafslokyrkja i 1854 (Georg Bull)

 

Heiberg (1902) skriv at utskorne gavlar frå kyrkja kring år 1900 vart brukt som gjerde på Hafslo.

 

I 1810 skreiv sokneprest Friis at ein i kyrkja hadde tre bilethoggararbeid. Eit av dei var Maria og barnet (Heiberg, 1970).

I 1878 kom det til Historisk Museum i Bergen to ringar frå ei klokke. Dei hadde innskrifter. Heiberg (1970) skriv at ringane er frå 1200-talet, men Bendixen (1878) skriv at dei er frå 1400-talet. På eine ringen finn ein teksten "Erlendus-emit-me" (Erlend kjøpte meg). Dørene frå kyrkja vart òg levert til museet. På denne døra er det dette merket. Alderen på merket veit ein ikkje noko om.

 

 

PRESTANE

 

29. april 1271 var presten Haflidus på Hafslo vitne i Bergen. Biskopen gav då kannikane i Domkyrkja fleire rettar. Noko meir veit ein ikkje om han. Haflide er eit lite brukt namn. Ein ser at det var i bruk på Orknøyane på 1100-talet; så han kan vera derfrå.

 

Ein stad mellom 1321 og 1324 var biskopen på visitas i Sogn. Han var mellom anna fire netter på Stedje. Presten Tore i Hafslo var mellom dei som måtte halde kosten. 5. mai 1324 møter ein igjen Tore. Han var då med og laga eit forlik i Dale mellom bøndene på Ottum og Dalsmennene om stølsrettar.

 

I 1322 høyrer ein om Torberg presteson som vitna i ei sak på Lomheim. Kven han har vore son til veit ein ikkje, men det kan godt vera ein av Hafsloprestane. Sølibat vart ikkje alltid praktisert på denne tida.

 

11. oktober 1346 var presten Sigurd Torsteinson prest i Hafslo. Han var då vitne ved ein handel på Kalhagen.

 

Ein gong i tida 1316-36 var det ein Artidar Halldzon som gav ei gåve til presten, men noko meir om han eller kvifor han gav ei slik gåve veit ein ikkje.

 

MO

 

Mo er ikkje kjend i noka kjelde før 1522. Han har likevel mest truleg vore bygd før år 1350. Ut frå storleiken kan han ha vore frå 900- eller 1000-talet. Opphavet er vanskeleg å finna berre ut frå kartet og stølsbruken. Mo hadde stølar på Rjupheim, Bersetno og Tvangen. Dei to fyrste må ha vore av nyare dato. Tvangen har Mo åleine. Han ligg om lag 2 km nordvest for Mo. Det kan tyda på ei tilknyting vestover, men grunngjevinga blir dårleg.

 

HAUGE

 

Jon Laberg (1926) skriv at Hauge truleg er skild ut frå Solvi. Det er ein rimeleg tolking.

 

I 1316 ser ein at Jorangerpresten åtte 14 månadsmatabol i Hauge. Det vart ikkje sagt kva for ein Hauge-gard det var. I 1585 finn ein Jorangerkyrkja som eigar i Hauge. Mest truleg er det derfor at det var Hauge på ytre Folk.

 

Hauge var bygd i 1522. Han var nok då og mest truleg bygd før 1350. Storleiken viser til ein gard om lag frå 1000-talet.

 

SÆTRE

 

Sætre er kjend frå ein gong mellom 1316 og 1336. Arne Bonde på "Røfrostadum" og sonen hans gav då Orneskyrkja eit månadsmatabol i garden.

 

Garden er såpass liten (0,7 laupar i 1646) at han neppe er eldre enn 1100-talet. Namnet er likevel eit "sete"-namn slik at ein alder kring år 1000 er mogleg (Holmsen, 1937).

 

I 1685 høyrer ein om ein øydegard med namnet Sætre som før hadde vore under Hillestad. Han hadde ei landskyld på 0,25 laupar. Noko meir veit eg ikkje om han, men det kan ha vore garden Sætre.

 

BEDHEIM (BEIM)

 

I 1316 kjenner ein desse eigarane i Bedheim:

 

Kyrkja i Solvoren 1 månadsmatabol

Presten i Solvoren 1 månadsmatabol

I 1359 høyrer ein at Helge Bårdson tidlegare hadde vore bonde på Bedheim (Bædæimi). Om han budde der før 1350 veit ein ikkje, men det er mest truleg. Ut frå det eg kan lese av dokumentet frå 1359 var adelsmannen Ogmund Finnson eigar av den delen som Helge nytta på Bedheim.

 

Bedheim er den største av dei fire gardane som truleg har høyrt saman. Han kan difor ha vore den eldste av dei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Ogmund Finnson i 1346/47

 

GRØT

 

I 1726 høyrer ein om Beheim med "underliggjande Grøt". Språkbruken kan visa til at Grøt var ein gamal gard, som var lagt inn under Beheim, men òg til ein husmannsplass. Jon Laberg (1926) meinte at Grøt kunne ha vore ein gamal gard.

 

I samband med Kvam høyrer ein i byrjinga på 1300-talet om adelsfolket Birgitte og Torfinn i Grautan. Kvar var så Grautan? Ein finn Grøt som gardsnamn i Sogndal og Lærdal. I tillegg var det ein bygard i Bergen som hadde namnet Grautan. I grensa mellom Kalhagen og Melheim var det frå gamalt ein husmannsplass med namnet Grøt (Kåre Alme, 3.2.1993). Han kan vera ein fjerde kandidat til Grautan. Namnet kjem av ordet grjot, som tyder stein.

 

I 1315 er Torfinn ført å bu i "Grautenom". Grøt i Lærdal er i 1351 skrive som "Griotum". Det avviker så mykje frå skrivemåten i 1324 at ein kan sjå vekk frå han. Grautan i Bergen var i geistleg eige. Det er difor vanskeleg å tru at Birgitte og Torfinn skreiv seg til Grautan i Bergen, når dei ikkje sjølve åtte garden. Attende har ein Grøt i Sogndal og Grøt på Hafslo. Skrivemåtar på desse gardane før år 1600 er ikkje kjend. Noko nærare om kva for ein Grøt gard det er, er det uråd å seia noko meir om.

 

Einar Venjum (1934) viser til at det var tufter mellom Simosete og Grøt, på ein stad med namnet Sjøtuft. Han meinte det kunne vera gamle stølstufter.

 

KALHAGEN

 

Ut frå storleiken kan Kalhagen vera skilt ut frå Bedheim om lag år 1000. Namnet tilseier at han har vore ein kalvehage før den tida (Rygh, 1919).

11. oktober 1346 selde Torstein Øyvindson og Sigrid kona hans 9 meller (1,1 månadsmatabol) i Kalhagen til Ingeleiv Torsteinsdotter. Denne eigedelen hadde Eindride Skjegg ått før. Betalingen var 4,5 kyrlag forngild. Til stades ved handelen var Sigurd Torsteinsson som var prest i Hafslo, Torstein Øyvindson og Hallstein Torsteinson. Ein får tru at dei var bønder på gardar i ytre Folk. Når Sigrid er med på handelen er truleg eigedelen kome i deira eige frå ho. Ho har nok vore ein slektning (dotter ?) til Eindride Skjegg. Om ein ser vekk frå Ingeleiv Torsteinsdotter er dei andre ikkje kjend frå andre skriv. Ho er omtala meir under Kvam

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Hallstein Torsteinson

 

13. desember 1346 selde Andor Bårdson 2 meller (0,25 månadsmatabol) i ytre Kalhagen til Ingeleiv Torsteinsdotter. Han hadde fått full betaling. Dokumentet er stadfesta av Guttorm Brandolfson. Når Ingeleiv samla seg eigedelar på Kalhagen kan det vera at ho var busett der etter at ektemaken døydde.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Segla til Andor Bårdson og Guttorm Brandolfson (1346).

 

I 1359 vart det sagt at Botolf Eindrideson åtte i Kalhagen. Dette er truleg dei eigedelane som Ingeleiv hadde ått før.

 

I 1463 åtte Munkeliv kloster i Bergen 0,5 laupar av Kalhagen. Det kan vera at klosteret hadde denne eigedelen alt før 1350.

 

I skrivet frå desember 1346 høyrer ein om ytre Kalhagen. Det har nok då vore minst to tun på Kalhagen.

 

FLUGA

 

I 1667 og 1737 høyrer ein om Flugen øydegard under Lille-Kalhagen. Ut frå det som er skrive i 1667 må han ha vore i "Svangemarken". This Nagel og Nils Beum hadde og rettar i Svangemarka. Andre bruk på Kalhagen hadde ikkje rettar. Thies Nagel var nok eigar og ikkje brukar. I 1672 åtte This Nagel : Skjervo, Lomheim, Solvi og Tang. Etter Kåre Alme (3.2.1993) er Fluga ein gamal husmannsplass. Laberg (1926) brukte namneformen "Flugheim".

 

TANG

 

Ingen fornminne er kjend frå garden. Storleiken på garden viser til at garden kan ha vore skilt ut på 1000-talet. Han er truleg skilt ut frå Bedheim

 

I 1316 åtte Halvardsalteret i Domkyrkja i Bergen 3 månadsmatabol i Tang. Det er den einaste opplysningen ein har om eigedomstilhøva. Resten var nok i privat eige.

 

Torkild i Tang er med som vitne i fleire saker frå 1331 til 1336. I april 1331 var han på Kvam, mars 1333 i Solvoren, mai 1336 på Lomheim (?) og ein gong mellom august 1335 og august 1336 på Kvam igjen. Dokumenta fortel likevel ikkje noko om Torkild sjølv eller om Tang. Når han var vitne så mange gonger kan det vera at han hadde ei høg rang i bygda.

 

Seglet til Torkild i Tang viser handa til ein mann som har ei øks. Erling Folkungson som ein og møter i fleire skriv frå Hafslo hadde og ei øks i våpenmerket sitt, men utan noko hand. Om likskapen er tilfeldig eller viser til noko ættesamband mellom dei kan ein ikkje lengre seia noko om.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Segla til Torkild i Tang (1332) og Erling Folkungson / Torgildson (1340).

 

Hallvard Trætteberg (1977) skriv at i dei gamle norske bonde- og adelssegla er det påfallande mange med øks. Det kan ha samband med merket til Olav den heilage, ei gamal tru på øksa si magi mot vonde makter eller at stridsøksa var eit gamalt norsk viking- og bondevåpen.

 

ERLING TORGILDSON

 

I fleire skriv frå 1333 og utetter møter ein Erling Folkungson som vitne. I seglet står det likevel Erling Torgildson. Det kan vera at faren heitte Torgild, men at han hadde Folkung som kallenamn eller ættenamn. Sonen vart då kalla for Folkungson. Namnet Folkung møter ein i Sverige som ættenamnet på den svenske kongeætta på denne tida. Folkung-namnet kan visa til at far til Torgild var svensk, men det er mest spekulasjon. Torgild var i det minste eit vanleg norsk namn.

 

I 1348 var Erling kyrkjeleg årmann for Jostedalen. Han hadde domsrett i kyrkjeleg saker. Kyrkja hadde rett til bøter ved brot på kristenretten. Årmannen sto for den lokale innkrevjinga og fekk ein tredel av bøtene sjølv. Resten gjekk til biskopen.

 

I 1362 møter ein Erling Torgildson som eigar i Øvre Kvam i Borgund. Dette er eigedelar han hadde etter Eindride Kvite og Birgitte som eg har omtala under Kvam. Erling Torgildson kan då vera ein av arvingane.

 

Han var nok då av dei fremste ættene på Hafslo, men kvar han budde veit ein ikkje.

 

LAD

 

Eg vil tru at Lad har vore bygd samanhangande sidan før år 600.

 

Lad er kjend i eit skriv mellom 23. februar og 5. juli 1332. Tore på Lad var då vitne ved eit sal av Holsete.

 

Når ein ikkje kjenner noko om eigedomstilhøva har garden mest truleg vore i privat eige.

 

I 1757 høyrer ein om "Laøygarden". Det kan ha vore Lad, men òg ein øydegard på Lad.

 

HOLSETE OG HOLSETELAND

"Sete"-namn viser til at garden vart bygd i tida 800-1000 (Holmsen, 1937). Ut frå storleiken vil eg tru at Holsete kan ha vore bygd på 900-talet.

 

Søndagen etter Petersvaka i 1332 var mange folk samla på Holsete ("Holseteland"). Truleg var det ei tingsamling. Halve stova på Lomheim vart då selt. Dokumentet seiar likevel ikkje noko om Holsete.

 

21. mai 1336 var Helge Erlingson Holsete vitne ved sal av ein del av Lomheim. Ein treffer han og som vitne 25. mars 1349 på Kvam.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Helge Erlingson Holsete

 

6. november 1337 var det skifte etter Eystein Isakson (Mugga) på Brasogard i Kaupanger. Ordrek arva då 9 månadsmatabol i Holsete og 4 månadsmatabol i Drevdal. Ordrek er eit sjeldsynt namn. Ein kjenner i Noreg namnet nytta berre ein gong før 1337. Det var ein Ordrek av høg ætt som var vitne i Bergen i 1309. Om det er same mannen veit eg ikkje. Eystein Mugga kjem eg attende til under Kvam.

 

LOMHEIM

 

I 1827 vart det funne ei mannsgrav i ein gravhaug på Lomheim. Grava er frå tida 800-1000. I grava var det to økser, ein lang spjutspiss, eit tveegga 73 cm langt sverd, ein hank og ei tang, alt av jarn. Spjutet var pryda med sølv, liknande han på Nygård (Shetelig, 1926 og Lorange, 1876). Bruken av sølv peiker helst til ein datering på 900-talet.

 

I 1316 åtte presten i Fortun 1 månadsmatabol i "Loom". Det kan ha vore Lomheim, men og ein annan gard.

 

Dei fyrste sikre opplysningane får ein frå eit vitnebrev dagsett søndagen etter Petersvaka i 1332. Eystein (Isakson Mugga) kjøpte då halve stova på Lomheim av Erling. Prisen var 4 mark forngilde. Vitne var Torkjell Tang, Torberg presteson, Pål (Arnfinnson) Kvam, Tore Lad, Bård Haversson og "mange andre gode menn".

 

21. mai 1336 betalte Eystein (Isakson Mugga) 4 såld korn (tilsvarer 3 lauper) for dei 6 månadsmatabol i Lomheim han hadde kjøpt av broren Gaut. Hus og tufter vart selt. Vitne var Torkjell Tang, Helge Erlingson Holsete, Arne Erlendson og Hallveig Amundsdotter.

 

6. november 1337 var det skifte etter Eystein Mugga. Brorborna til Ordrek arva då 13 månadsmatabol i Lomheim etter far sin.

 

25. mars 1349 selde Isak Erlingson 1 månadsmatabol i Lomheim til Ingeleiv Torsteinsdotter. Prisen var 4,5 kyrlag og vart betalt i korn, kyr og smør. Her får ein og vita at landskylda vart betalt halvt i korn og halvt i smør. Isak må ein tru var ein av arvingane frå skiftet i 1337. Noko meir veit ein likevel ikkje om han.

 

Lomheim har truleg hatt ein samla landskyld på kring eit hundre månadsmatabol. Dei eigerane ein kjenner har berre ått delar av Lomheim. I 1567 åtte biskopen 2,5 laupar; kring 15% av garden. Han kan ha hatt denne eigedelen før 1349 òg.

 

STEMMINGO

 

Stemmingo ligg nokså høgt oppe i lia rett over Hafslo sentrum; om lag 450 meter over havet. Bathen (1983) skriv at hustuftene framleis er synlege.

 

På Stemmingo vart det funne ei økseblad. Ho var 18 cm lang og 11 cm høg i eggen (Undset, 1888). Ho er frå tida 600- 1000. Om det er eit gravfunn eller lausfunn veit ein ikkje, men det ligg tre gravhaugar på Stemmingo i dag. I 1960 fann Per Smedegård eit stykke av ei stor klebersteinsgryte. Ho har hatt ein diameter på om lag 35 cm og veggen var 2 cm tjukk (Bakka, 1960).

 

Om Stemmingo og Bårheim har høyrt saman kan dei ha vore skild ut frå Alme på 900-talet.

 

Øydegarden Stemmingo høyrer ein om i fleire skriv frå 1567 og seinare. Biskopen åtte i 1567 0,5 laupar av Stemmingo "øydegard". Hafslokyrkja åtte i 1585 0,4 laupar. I 1693 vart det sagt at Stemmingo hadde stølsrettar på Bersetno, saman med Alme og Bårheim.

 

ALME

 

I 1823 vart det funne ein stabel med 200-300 jarnbarrar på Alme. Det var på en stad det tidlegare hadde stått eit hus. Tre av jarnbarrane er hjå Historisk Museum (Fett, 1954). Lorange (1876) meinte dei var frå tida 800-1000. Kraft (1830) skriv at det var 230 stykk, kvar på om lag ein halv alen (ca 30 cm).

 

Alme vil eg tru vart skilt ut frå Lomheim. Det kan ha vore så tidleg som 700-talet. Garden er kjend i skriftlege kjelder fyrste gong i 1316. Solvorenkyrkja åtte då 5 månadsmatabol i garden.

 

I 1318 eller 1319 var det ting på Alme. Av dei som var til stades var folk frå Jostedalen, Luster, Hafslo, Vik (?) og Leikanger. Det må då ha vore ikkje berre eit bygdeting, men for heile eller store delar av Sogn.

Av dei som var til stades var Toralde på Alme, som ein får tru var verten for tinget. Når han hadde ting heime hjå seg sjølv, må ein tru at han hadde ei høg rang. Noko meir veit ein likevel ikkje om han. Namnet Toralde ser ein nytta to gonger til i Sogn før 1349. Det var Toralde Detter i Kaupanger i 1314 og Toralde Arneson som ein kjenner frå 1337. Toralde Arneson vart rådspurt i ei arvesak om eigedelar på ytre Folk og Gaupne. Det kan vera at denne Toralde Arneson er den same som Toralde Alme i 1318/19. Han kan og ha hatt tilnamnet "Detter".

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Toralde Detter i 1314

22. november 1348 var Anfinn på Alme vitne i ei sak i Jostedalen. Noko meir veit ein ikkje om han.

 

BORGHEIM

 

I 1316 åtte Åberge kapellet i Sogndal 4 månadsmatabol i "Borghæimi". I 1427 åtte òg Munkeliv kloster i Bergen 4 månadsmatabol. Klosteret kan godt ha hatt denne eigedelen òg før 1349. Kring ein tredel av garden var truleg i kyrkjeleg eige. Resten var nok i privat eige.

 

I 1693 høyrer ein at Borgheim hadde stølsrett på Bersetno saman med Alme og Stemmingo.

 

I 1652 låg "Borem" under Lomheim. Borgheim kan ha vore på Per Lomheim sin eigedom. Kåre Alme har her funne teikna opp restar etter tufter på gamle utskiftingskart. Borgheim låg ikkje på same staden som den seinare husmannsplassen Bårheim (Kåre Alme, 3.2.1993).

 

Bathen (1983) skriv at ein på Bårheim tok ut dei beste borda som skulle til Bergen. Tømmer kan òg ha vore grunnlaget for busetnad før 1349.

 

STRAUMEN

 

I 1693 fortalde Peder og Ole Mo at dei hadde ein støl med namnet Straumen. Dei slo høy der. Han var lagt ut til øydegard. Kva som ligg i ordvalet er uvisst. Kåre Alme (august, 1993) meinte at det truleg var det same som Moholene mellom Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet.

 

SKJERVO

 

På Skjervo er det funne eit fragment av ei klebersteinsause med skaft (Bakka, 1970). Alderen er uviss, men kleberstein kom mest i bruk etter år 600.

 

Skjervo er kjend fyrste gong ved eit sal av ein del av garden. Handelen er tidfesta til å ha vore mellom 1445 og 1475. Eg vil tru at garden ut frå storleiken kan vera frå 900-talet. I 1567 åtte biskpoen 1,5 lauper i Skjervo. Det kan han ha hatt før 1349 òg. Det ville ha vore kring 20% av garden. Resten lyt ein tru var i privat eige.

 

VENJUM

 

Venjum er ikkje kjend i noko kjelde før i 1522. Ein må likevel tru at Venjum har vore bygd før 1349. Ut frå storleiken kan garden ha vore skilt ut frå Skjervo på 900- talet. Det var ikkje kyrkjelege eigarar i garden. Han har nok då vore i privat eige. Sjølve namnet er neppe yngre enn midten av 800-talet, men namnet seiar i seg sjølv ikkje noko om kva tid garden vart bygd.

 

BÅSAKER

 

Båsaker er kjend fyrste gong i 1522. Eg vil tru at garden var bygd før 1349. Ut frå storleiken kan han ha blitt bygd på 1100- eller 1200-talet.

 

Eigarane før 1350 er ukjende.

 

KVAM

 

Som eg har skrive over, vil eg tru at Kvam har vore bygd samanhangande sidan før år 600.

 

Kvam er eigentleg to gardar - den indre som ligg mot Veitastrondsvatnet og den ytre som ligg mot Hafslovatnet. Dei ligg såpass nær kvarandre at eg vil tru at dei ein gong har vore ein gard. Oppdelinga må ha vore eldre enn 1300-talet då ein høyrer om indre og ytre Kvam.

 

Ein har nok hatt fleire bruk på kvar av gardane. Ut frå storleiken i 1635 burde Kvam på 1300-talet hatt ei landskyld på om lag eit hundre månadsmatabol. Kjøp og sal av eigedelar i Kvam som ein får vita om i dei dokumenta ein har teke vare på, kan berre ha vore om ein liten del av garden. Resten kan òg ha vore i eiga til dei ein kjenner utan at det var handel med dei eller strid om rettane.

 

Jon Laberg (1926) skriv at Kvam har vore som ein samlingsstad for bygda, sjølv om han ligg i utkanten og liksom bortgøymt. På garden, på ein flate, ligg ein berghaug dei kalla "Lamanshaugen". Laberg skriv at det var dei som meinte at han var det same som Lagmannshaugen, og at haugen har fått namnet av at det har vore ein tingstad i gamal tid. I skriftlege kjelder ser ein at det var ting på fleire gardar i Ytre Folk på 1300-talet. Ein fast tingstad på Kvam må då ha vore eldre. Kongelege lagmenn finn ein fyrste gong omtala i Soga om kong Sverre. Lagmenn som domarar møter ein fyrst i Landslova frå 1274. Lagmannen reiste rundt i bygdene og styrte rettsmøter. Det er då tvilsamt om ein kan knytta Lagmannshaugen til ein gamal tingstad. Ein tingstad lyt då vera eldre enn lagmennene.

 

Mons Bathen (1975) skriv at namnet Kongsekra på Kvam kjem seg av at dei i si tid fann ei kongegrav på eigedomen. Per Fett (1955) har ikkje med funn frå Kvam. Kva dei fann eller alderen på grava er ukjend. Kan det ha noko for seg at ein hadde ein konge eller snarare ein lokal stormann på Kvam før år 1000? Noko sikkert svar kan ein ikkje gje, og når det gjeld kjelder nærmar ein seg segn og eventyr.

 

Etter den islandske Landnåmaboka var landnåmskvinna Aud den djupaugde ( det tyder styrtrike) frå Sogn. På slutten av 800-talet rydda ho ein gard på Island som ho gav namnet Kvam. Anders Ohnstad (1962 og 1980) meinte at ho måtte ha kalla opp garden etter ein av gardane som farfaren, hersen Bjørn Buna, åtte i Sogn.

 

Om Anders Ohnstad har rett, kva for ein Kvam-gard kan det då vera snakk om? Anders Ohnstad (1962) plasserte Kvam enkelt og greitt i si heimbygd, Aurland. Er det rett ? Kvam-gardar finn ein i Hafslo, i Sogndal og i Aurland. Alle desse gardane har nok vore bygd før 1349. Ser ein på storleiken på 1600-talet finn ein tre om lag like store gardar. Dei kan difor vera nokolunde jamgamle. Kvam på Hafslo er likevel den einaste av gardane der ein kan visa til at ein hadde eit sete for stormenn på 1300-talet. Ringstad (1981) har vist ved arkeologiske granskingar at lokale maktsentra heldt seg på same stad over lang tider. Det kan ein ikkje bruka som eit prov, snarare som eit indisium om at Kvam på Hafslo er ein mogeleg kandidat.

 

Aud den djupaugde var gift med Oleifr Kvite frå Oppland. Han vart vikingkonge i Dublin i Irland i 853 (Roesdal, 1991). Då han vart drepen flytta Aud til Island. Landnåmaboka fortel at Aud var dotter til Kjetil Flatnes og sonedotter til hersen Bjørn Buna. Bjørn var herse i Sogn. Han er òg omtala som Bjørn Farmann. Bjørn var igjen son til Vedrar-Grims som òg var herse i Sogn. Ættetavla er sett opp av Are Frode kring år 1120, så ho kan vera rimeleg rett. Bjørn Buna krev ei særskild omtale. I Heimskringla fortel Snorre Sturlason at Bjørn var son til Harald Hårfagre. Då Are skreiv si bok hundre år før Snorre; er han nok mest litande. Det passar heller ikkje kronologisk at Bjørn skulle vera son til Harald Hårfagre. Snorre har òg ein omtale av Bjørn Buna som styrar over Vestfold, som då heller ikkje kan vera rett.

 

1200- og 1300-talet

 

Kvam er den garden i Luster som ein har flest skriftlege kjelder om. Ein kan sjå for seg at mange av dokumenta har vore samla i ei kiste eller eit skap. Dei har så vore levert til styresmaktene når dei tok til å samle inn historisk kjeldestoff ein gong etter år 1600.

 

Ættetilhøva har vore drøfta av fleire ættegranskarar i meir enn hundre år. Det er òg mange kjelder om kjøp og sal av eigedelar på Kvam og om dei personane som ein kan knytta til Kvam. Likevel er ikkje ættetilhøva udiskutable. Dei som har drøfta ættetilhøva er mellom andre P. A. Munch, Yngvar Nielsen (1880 ), Olaf Sollied (1926) og Jon Laberg (1926).

 

Kva kan ein så trekka ut som heilt sikre opplysningar om ættetilhøva? Det er faktisk ikkje meir enn :

 

1. Birgitte Bårdsdotter var gift med Eindride Kvite

2. Eystein Mugga var gift med Jartrud

3. Eystein Mugga hadde ein bror med namnet Gaute

4. Birgitte hadde dottera Sigrid

5. Jartrud var farmor til Eindride Bottolfson

 

 

Vidare opplysningar vert tolking av dokumenta.

 

Birgitte Bårdsdotter og Eindride Kvite

 

Dei fyrste ein oftast knyter til Kvam er ekteparet Birgitte Bårdsdotter og Eindride Kvite. Dei er omtala i fleire dokument. Dei har likevel truleg aldri budd på Kvam.

 

Fyrste gong var i 1298 då Eidride Kvite vitna ved ein handel om garden Eide i Eid i Nordfjord. Saman med han var Alf som budde på Kroken. Ein legg òg merke til at ein av dei som handla hadde namnet Helge Kvite.

 

I 1304 selde Anders på Mara (Marheim?) og kona hans Tora 7 månadsmatabol i Kvam og 4 månadsmatabol i Mara til Eindride Kvite. Tora sin bror Sigurd Elg selde òg i same handelen 5,5 månadsmatabol i Kvamme i Borgund i Lærdal til Eindride. Salsbrevet vart truleg sett opp i Bergen. Vitne var Ivar (Jonson) Lagmann i Bergen og Jon Notarius.

 

I 1307 eller 1308 kjøpte Birgitte (Bårdsdotter i Grautan) kona til Eindride Kvite 7,5 månadsmatabol i garden "Æpplam" i Sogndal. Æpplom er i dag ein del av garden Åberge (Øie, 1986). Seljar var Ivar "Thvart". Vitne var presten Halvard Absalonson og Helge Kvite.

 

15. mars 1308 reiste Birgitte Bårdsdotter sin mann Eindride (Kvite) odelssøksmål mot Arnfinn Eilifson "Skækir" om 3 månadsmatabol i Kvamme i Lærdal. Birgitte vant søksmålet.

 

15. april 1325 må Birgitte ha døydd, for då gjorde Eystein Mugga for kona si og Pål (Arnfinnson) Kvam for systerborna til Birgitte (Bårdsdotter) i Grautan eit forlik. Eystein skulle gje Pål 7 månadsmatabol i Lingjerde og 33 mark i klede og andre betalingsmiddel. Med dette skulle dei vera forlikte om den gåva som Birgitte (i Grautan) gav til systerborna sine. Ansvarlege for dokumentet var sysselmannen Guttorm Helgeson og Eindride Simonson.

 

11. februar 1342 gav fleire vitnemål om at Birgitte Bårdsdotter i Grautan og dotter hennar Sigrid hadde ått 19 månadsmatabol i Øvre Kvamme i Lærdal. Dei hadde så langt dei visste hatt denne eigedelen så lenge dei levde.

 

"Hvide" er eit namn som vart nytta av to ætter i Danmark både før og etter Eidride Kvite (Verwohlt, 1988). Noko direkte ættesamband kan eg likevel ikkje visa til. I Noreg var det òg mange andre med tilnamnet Kvite. Mellom dei er Helge Kvite som var saman med Eindride Kvite i 1298 og 1307/08. I 1298 var Eidride vitne når Helge handla jordegods. I det andre var det motsett. Dei kan ha vore brør, eller hatt eit anna ættesamband. Helge hadde ein kvalross i seglet sitt. Om alle med tilnamnet Kvite var av same ætt er tvilsamt. Ein høyrer at einskilde med raudt hår fekk tilnamnet Raude. Namnet treng då ikkje ha ei anna tyding enn at dei har hatt kvitt hår. Segla til hovudpersonane på Kvam kjenner ein ikkje før Eidride Bottolfson. Han hadde eit delt skjold med ei halv lilje og to stjerner (Ekkja, 1982). Ei stjerne kjenner ein som ættemerke for den eine "Hvide"-ætta i Danmark, men om det er noko samband er ikkje lett å seia. Dei eldste personane i Kvamsætta kan ha hatt andre våpenmerke.

 

Birgitte Bårdsdotter er altså kjend i dokument i tida 1304-1308. Ho hadde eigedelar i Kvamme, Kvam og Æpplom. Ho kan òg ha ått Lingjerde. Når Birgitte tok Kvamme på odel i 1308, må Kvamme ha vore i ætta minst attende til 1248 og i fire ætteledd.

 

Når det elles gjeld ætta til Birgitte hadde ho minst ei syster og dottera Sigrid. Nielsen (1880) meinte at Sigrid var gift med Torfinn Sigvaldson som i 1315 skreiv seg til Grautan. Han kunne ha gifta seg med Sigrid og arva Grautan. Nielsen tolka då det som at Birgitte måtte ha døydd før 1315. I skriv frå 1324 og seinare skriv Torfinn seg ikkje lengre til Grautan. Nielsen tolka det som at Sigrid måtte ha døydd utan born, og at Grautan gjekk i arv til ætta til Sigrid. Ein kan nok spekulera i andre tolkingar av skriva, men for meg ser dei rimelege ut. Sigrid ser ein ikkje titulert som "fru" og heller ikkje Torfinn med "herr" før i 1342. Så Birgitte har nok vore ei lågadelskvinne - ei "hustru". Heller ikkje Birgitte ser ein brukt nokon tittel på. Ein ser at Birgitte var ein stor eigar av Kvamme i Borgund. Ein møter òg ein Bjørn som eigar av ein del av Kvamme fram til ein gong mellom 1316 og 1336. Ein har òg ein runeinnskrift i Borgundkyrkja med teksten "mektige Bjørn og Sigrid". Ein kan spekulere i om Bjørn var svigersonen til Birgitte og at Torfinn var gift med ei anna dotter til Birgitte. Det kan òg vera at det var Birgitte sjølv som gifta seg med Torfinn etter at Eindride døydde. Han kan då ha teke i bruk ættemerke til Birgitte si ætt.

 

Nokon Bård er ikkje kjend i skriv frå Sogn i andre halvdel av 1200-talet. Ser ein etter i kjeldene ein har om Sogn frå 1200-talet finn ein to brør : Isak Bø og Bård. Isak Bø var sysselmann i Sogn. Ein kjenner han i sogene frå tida 1224 til 1240. Bård møter ein berre i 1237, då han òg vart drepen. Om Bård var far til Birgitte vert mest spekulasjon. Mest truleg er det likevel for langt attende i tid. På slutten av 1200-talet finn ein fleire med namnet Bård rundt i landet. Dei fleste av dei er berre kjend i samband med eit einskild dokument. Andre kjenner ein berre som embetsmenn, utan at ein veit noko om dei personleg. Den einaste Bård eg kan sjå ein indirekte kan knytta til Sogn, er lendmannen Bård frå Hesby på Finnøy. Han er omtala i kongesogene i 1263.

 

Bård på Hesby vert rekna som stamfaren til den seinare adelsætta på Hesby, med mellom

Finn Ogmundson og Ogmund Finnson. Ein gong mellom 1334 og 1343 ser ein Finn

Ogmundson som seljar av 21 månadsmatabol i Hillestad og i 1359 åtte sonen Ogmund

Finnson i Bedheim. Ein kan likevel ikkje vise til at Kvamsætta åtte i desse gardane.

Finn og Ogmund har likevel eit segl som er nesten likt det som Torfinn Sigvaldson hadde. Torfinn kan ha vore gift med Birgitte Bårdsdotter. Ein har teikn på at Bård var Bård frå Hesby, men grunngjevinga er likevel ikkje vasstett. Finn Ogmundson eller faren Ogmund kan ha vore ein av arvingane til Birgitte og Sigrid på linje med Jartrud.

 

Birgitte kan ha vore i ætt med Arnfinn Eilifson, men det er ikkje sikkert. Arnfinn Eilifson Skjegg finn ein att i andre skriv fram til 1327, men utanfor Sogn. Ein ser mellom anna at han saman med broren Amund Imba arva Stårheim i Eid i Nordfjord etter ei fru Torbjørg. Ein legg merke til at Eindride Kvite var i Eid i Nordfjord i 1298. Fleire adelsfolk skreiv seg til Stårheim frå 1100-talet og framover. Nikolas Arneson har eg alt omtala under Ornes. "Skjegg" og "Imba" er likevel truleg kallenamn og ikkje ættenamn. Amund ("Onund") Imba var i 1319 vitne ved ein handel i Oslo. Han var nok då truleg busett på Austlandet. Edvard Os (1960) skriv at fru Torbjørg truleg hadde vore gift med Andres Andresson på Stårheim. Dei hadde ein son som døydde ung, men var elles barnlause. Ein kan òg tru at Andres Gregoriusson hadde ein son eller ein svigerson, Eilif, og at sønene hans arva Stårheim etter Torbjørg. Namnet Eilif finn ein òg nytta av ei stormannsætt i Naustdal på 1200-talet. Arnfinn Eilifson kan då ha høyrt til ei av dei mektigaste ættene i Noreg på denne tida.

 

Jartrud

 

Dei neste ein møter på Kvam er Jartrud og Eystein Isakson Mugga.

 

Kven som var foreldra til Jartrud veit ein ikkje. Ut frå skrivet frå 1324 lyt ho ha vore ein av arvingane til Birgitte Bårdsdotter. Ho hadde sonesonen Eindride Bottolfson som vart født seinast i 1317. Ho var då truleg født før 1280. 1270-talet er truleg eit rimeleg overslag. Eystein døydde i 1337 og Jartrud truleg i 1340. Olaf Sollid (1926) skriv at Jartrud og Birgitte truleg var systrer. Han meinte at Jartrud truleg fyrst hadde vore gift med ein Bottolf og at Pål i 1324 møtte for borna til Jartrud og Bottolf. Det er mogleg, men andre løysningar er òg moglege.

 

Nielsen (1880) skriv at Jartrud truleg er den Jartrud som ein gong mellom 1316 og 1336 vart omtala som dotterdotter til Kolla. Ho gav då ei gåve til presten i Kaupanger. Kolla må ha levd på 1200-talet. Koll er ikkje mellom dei mest brukte namna. Namnet er brukt både som fornamn og tilnamn. Ein finn ein Koll på Voss i 1300 og ein prest med namnet Koll i Olden i 1307 og 1308. Om det er "vår" Koll er lite truleg. I 1316 åtte presten i Borgund tolv månadsmatabol i "kalla huamme". Kvamme var mellom eigedelane til denne ætta. Koll kan då ha budd der og fått namnet sitt knytta til han. Audun Dybdahl (1981) meinte at "kalla huamme" var det same som Kallevang. Det er òg mogleg, men normalt viser "hvamme" til "Kvamme" og ikkje "vang". I såfall kan dei to Jartrudene godt ha vore ei. Koll lyt ein då tru var ein stor jordeigar i Sogn. Er Jartrud født før 1280 er nok Koll født seinast i 1240.

 

Går ein lengre attende i tida finn ein på 1100-talet Jon Peterson Fot som var lendmann i Aurland. Han var gift med Ingrid Kollsdotter - syster av Orknøyjarlen Ragnvald. Anders Ohnstad (1989) meinte at Jon Fot var farfar til Jon Stål på Kvåle i Sogndal. Koll-namnet kan då ha vore nytta av denne ætta. Det kan òg vera at gardsnamnet Kolstad er av mannsnamnet Koll (Laberg, 1926). Koll var òg etter Saxo Gramaticus namnet på ein nordisk sagnkonge.

 

Når Jartrud vart omtala som dotterdotter til Koll og ikkje dotter til lendmannen Bård, kan det vera fordi Birgitte og Jartrud berre hadde same mor.

 

Ein ser at Jartrud gjorde fleire oppkjøp av eigedomar. Fyrste gong var i 1329. 13. september 1329 var Pål Arnfinnson i Kvam, Narve Torsteinson, Hallvard Andreson, Odd Smed, Jone Kolbeinsson og mange andre menn vitne. Anders på Mara hadde då selt 3,5 månadsmatabol i Æpplam i Sogndal til Eystein Mugga. Handelen var for kona hans Jartrud, og av godset hennar. Ein ser òg at Birgitte var eigar i Æpplom.

 

Jartrud og Ragnhild

 

Ein møter Jartrud og Eystein i fleire dokument saman med Pål og Ragnhild Kvam.

 

12. april 1331 var Anders Haversson, Sigurd Josefsson og Torkjell Tang samla på loftet i Kvam. Pål og Ragnhild, kona hans, selde til Eystein Mugga og kona hans Jartrud 8 månadsmatabol i Indre Kvam - i den delen Pål budde på. Eit niande månadsmatabol tok Jartrud etter mor si. Pål skreiv òg under på at han hadde fått full betaling.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Segla til Pål Arnfinnson Kvam i 1329 og Sigurd Josefson.

 

Ein gong mellom 23. februar og 5. juli 1332 var det ting på Holsete. Pål (Arnfinnson) i Kvam var då mellom dei som vitna om eit sal av halve stova på Lomheim. Erling selde stova til Eystein Mugga. Denne handelen er nærare omtala under Lomheim og Holsete.

 

3. mars 1333 var det ting i Solvoren. Av dei som var til stades var etter alder og rang : presten Erling Steinarson, Sigurd Josefson, Torkjell Tang, Torstein "Vaggadr", Gudbrand Aslakson og Erling Folkungson. Pål i Kvam og Ragnhild kona hans tok då Eystein Mugga i handa på at han hadde betalt for seg. Dette var om den handelen som vart gjorde om Kvam 12. april 1331. No åtte ikkje Pål meir i Kvam, men Pål og kona hans hadde rett til å løyse det inn att seinare.

 

Ein gong mellom 26. august 1335 og 25. august 1336 vart det igjen gjorde ein avtale. Eystein Mugga gav Pål Arnfinnson 4 såld korn. Eystein skulle òg gje Pål eit kyrlag neste haust. Dei skulle då vera forlikte på alle vis.

 

Olaf Sollid (1926) meinte at Pål Arnfinnson var syster til Jartrud Arnfinnsdotter på Æri i Lærdal og far til Jartrud Pålsdotter og gullsmeden Arnfinn Brattson i Bergen. Jartrud Arnfinnsdotter var eigar av eit stort jordegods, med Æri i Lærdal som hovudgard.

 

Henning Sollid (1942) og Asgaut Steinnes (1968) skriv at Arnfinn Brattson truleg var son til Bratt Aslakson som igjen var son til Aslak Brattson. I så fall er ættetavla til Oluf Sollid feil.

 

Dei nyaste tolkingane her er dei mest trulege. Ein står då heilt ribba med omsyn til ætta til Pål Arnfinnson på Kvam. Anfinn var eit vanleg namn i Luster så det er nok ikkje råd å peike ut nokon av dei som far til Pål Arnfinnson. I 1307 eller 1308 møter ein Arnfinn Eilifson Skjegg i samband med Kvamme i Borgund. Ein kan tenka seg han som far til Pål, men noko god grunngjevinga har eg ikkje.

 

Jartrud og Brynhild

 

Ein møter òg Jartrud og Eystein i skriv saman med Sigurd Andorson og Brynhild Kvam. Kvam er tydelegvis ein del av Brynhild sitt arvegods. Ein kan spekulera i om ho var i ætt med Jartrud eller Ragnhild, men det er usikkert.

 

Ein gong mellom 1316 og 1336 gav Brynhild 1 månadsmatabol i Kvam til Hafslo presten. Brynhild var kona til Sigurd (Andorson) på Kvam, og det var i den delen som Sigurd nytta.

4. august 1333 var det ein samling på Sigurd Andorsson sitt loft i Kvam. Til stades var Erling Steinarson, Torstein Basseson og Erling Folkungsson. Eystein Mugga og Sigurd Andorson vart då samde om kva rettar dei hadde i Kvam. Kvar skulle ha det av Moen ("Monom") og Kvam som dei før hadde, både med enger og hogst. Dei skulle òg kvar ha halvparten av notvarpet som låg til Kvam.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Sigurd Andorsson (Kvam).

 

Det er etter det eg kan sjå ikkje noko grunnlag for å sette opp ei ættetavle for Sigurd Andorson. Namnet Anthor kjenner ein frå Kvåle i Sogndal alt frå 1100-talet. Det er òg andre i Sogn og i Valdres som hadde namna Sigurd og Andor på 1300-talet, men utan at eg kan knytta han opp mot nokon av dei. I 1346 høyrer ein òg om ein Andor Bårdson som eigar av Ytre Kalhagen.

 

Eystein Isakson Mugga

 

21. mai 1336 kjøpte Eystein (Mugga) 6 månadsmatabol i Lomheim av broren Gaute. Betalingen var 4 såld (ca 390 liter) korn og Gaute stadfesta at han hadde fått full betaling.

 

6. november 1337 var det arveskifte i Brasogard i Kaupanger. Vitne var presten Hauk, Torstein Skolla og Erp Bjørneson. Det var skifte etter Eystein Isakson (Mugga). Ordrek møtte for seg sjølv og brorborna sine, og med samtykke frå Toralde Arneson (Alme?) gjorde han ein avtale med Eindride Bottolfson (Kvam). Eindride møtte for seg sjølv og for farmora Jartrud (gift med Eystein Mugga). Ordrek fekk 9 månadsmatabol i Holsete og 4 månadsmatabol i Drevdal. Brorborna fekk 13 månadsmatabol i Lomheim etter sin far. Eindride og Jartrud skulle eige klede, jord og alt lausøyre før dei andre arvingane. Ein kan tru at Ordrek og broren var søner til Eystein Mugga, som då hadde vore gift to gonger. Det kan òg vera at Jartrud hadde vore gift to gonger. Ho og Eystein kunne ha vore utan born. Når Eystein døydde gjekk arven så til broren Ordrek og til den andre broren.

 

Yngvar Nielsen (1880) har her ei ættetavle som ser ut som vist nedfor. Det er i stor grad spekulasjon. Det einaste sikre er at Eystein og Gaute var brør.

 

Isak var ikkje av dei mest brukte namna i Noreg på denne tida. I andre halvdel av 1200-talet er det berre ein kjend Isak. Det var baronen Isak Gauteson Talgje på Finnøy i Rogaland. Han er kjend frå tida 1281 til 1303. Om han er "vår " Isak er likevel tvilsamt. Han må i såfall hatt to søner med namnet Gaute. Ingen av dei er heller arvingar etter Gaute Isakson på Talgje som var barnlaus. Yngvar Nielsen (1880) meinte at Eystein Isakson Mugga kunne ha vore ein etterkommar etter Isak Torgildson som var ein av hovudmennene i opprøret til sogningane mot kong Sverre i 1183. Det er likevel ikkje underbygd betre enn med namnelikskapen.

 

 

                                    Isak

                                    |

                                    |

            +---------------------------------+---------------------------+

Eystein Isakson Mugga Gaute Isakson Arnfinn Isakson

g1m NN                                 |                      |

g2m Jartrud    Ogmund Gautson Sigrid

                         kjend frå 1348 Arnfinnsdotter

                                                omtala i 1378

 

"Mugga" kan vera eit ættenamn, men utan at eg kan sjå at namnet har vore nytta av andre enn Eystein Mugga. I Årdal er det ein skog med namnet Muggeteigen. P. A. Munch meinte at namnet kunne ha kome frå Eystein Mugga (Rygh, 1919). Ein kan spekulera i om han kan ha fått namnet ut frå at han hadde ei mugge i seglet sitt, men det kan òg ha vore noko heilt anna.

 

Arnfinn Isakson finn ein i 1341 som eigar i Indre Kvam. Om Arnfinn og Eystein var brør lyt ein tru Indre Kvam kom frå ætta til Gaute og Arnfinn og ikkje frå Jartrud. Ein ser likevel at Jartrud åtte i Indre Kvam etter mor si. Det kan vera at begge ættene hadde odelsrett i Indre Kvam. Det kan òg vera at Arnfinn Isakson høyrde til Jartrud si ætt, og ikkje var bror til Eystein.

 

Eindride Bottolfson og Ingeleiv Torsteinsdotter

 

Sonesonen til Jartrud var Eindride Bottolfson. Foreldra til Eidride kjenner ein ikkje namnet på. Faren lyt vera død når ein møter Eidride fyrste gong i 1337. Han lyt då da vore myndig, det vil seia vera minst 20 år.

 

18. februar 1338 var Eindride Botolfson på Huke i Leikanger. Han kjøpte då 1 månadsmatabol odelsjord i Eitorn i Balestrand av Olve Erlingson. Prisen var 4 kyrlag og Olve stadfesta å ha fått full betaling. Olve og arvingane hans hadde likevel rett til løyse inn att eigedelen.

 

26. april 1340 var det ting i tingstova på strendene i Solvoren. Tore Tandle overlot Eindride Bottolfson (Kvam) 4 månadsmatabol i Kvam i ytre Folk mot å få 5 månadsmatabol i Drevdal. Drevdal skulle bli taksert, og om eigedelane ikkje var jamgode, skulle den eine eller den andre leggja til det som måtte mangle. Mellom dei som var til stades var Guttorm Pålson som var prost ved Apostelkyrkja i Bergen, Eivind Hallsteinsson og Erling Folkungson.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Segla til Olaf Olafson og Arnfinn Isakson.

 

 

12. november 1341 var Halldor som var prest i Joranger, Jon som var prest i Fet og Olaf Olafson samla på setestova i Indre Kvam. Eindride Bottolfson kjøpte då 1,5 månadsmatabol i Indre Kvam av Arnfinn Isakson for 2,5 brente mark. Arnfinn stadfesta å ha fått full betaling. Dokumentet frå 1341 seiar ikkje noko om kven som åtte setestova på Indre Kvam. Ser ein fram til 1348 hadde Ingeleiv Torsteinsdotter råderett over setestova. Når ho kan ha vore enka etter Bottolf Eindrideson vil eg tru at det var setestova deira.

 

11. februar 1342 sette Egil Torsteinsson opp eit vitnebrev på tinget på Tønjum i Lærdal. Brevet vart og vitna av Eindride Sigurdson som var prest på Tønjum og Trond Ivarson. Fyrst lot Eindride Bottolfson (Kvam) : Jon Einarson og Olaf Jonsson vitne at han hadde stemna Vemund Sigurdsson til tinget. Årsaka var nok at Vemund ikkje hadde møtt. Så fekk Eindride : Finn Eilivson og Hallstein Toreson til å gje vitnemål om at Birgitte Bårdsdotter i Grautan og dotter hennar Sigrid hadde ått 19 månadsmatabol i Øvre Kvamme i Lærdal. Dei hadde så langt dei visste hatt denne eigedelen så lenge dei levde. Vemund Sigurdsson var i 1350 busett på Voss.

 

Dette er siste gong ein høyrer om Eindride Bottolfson. Ein lyt tru at han døydde ein gong mellom 1342 og 1346, om lag 30 år gamal.

 

11. oktober 1346 var det eit sal av 9 månadsmatabol av Kalhagen i Hafslo. Til stades var presten Sigurd Torsteinsson som var prest i Hafslo og Hallstein Torsteinsson. Torstein Øyvindson og kona hans Sigrid (Eindridedotter ?) selde då Kalhagen til Ingeleiv Torsteinsdotter. Prisen var 4,5 kyrlag forngild. Det vart òg skrive at Eindride Skjegg hadde vore eigar av garden før.

 

13. desember 1346 selde Andor Bårdsson 0,25 månadsmatabol i ytre Kalhagen på ytre Folk til Ingeleiv Torsteinsdotter. Han hadde fått full betaling, utan at det vart skrive kva det var. Vitnet ved handelen var Guttorm Brandolvsson.

 

18. august 1348 var det ting (stemne) i setstova på Kvam. Mellom dei var Ivar Eirikson som var lensmann for prostedømet ved Apostelkyrkja i Bergen og Arnfinn Eindrideson. Torstein Botolfson og dottera Ingeleiv førde då vitne om dei gåvene som Eindride Bottolfson hadde gjeve ho. Jon Einarson (som ein òg kjenner frå skrivet frå 1342) og Ingebjørg Pålsdotter vitna at dei var til stades då Eindride gav ho ei skarlagenskåpe, ei kappe med kvitt skinn og eit ravperleband. Ingebjørg og Ogmund Gautsson vitna at dei var til stades då Eindride gav ho 2 månadsmatabol i Æpplom (no ein del av Åberge) i Stedje kyrkjesokn. Det var då ein føresetnad om at Æpplom gjekk til arvingane hans når ho døydde. Ho gav Eindride 2 månadsmatabol i Javnåker i Årdal, om han levde lengre enn ho. Eg vil tolke skrivet som at Ingeleiv var enka til Eindride. Gåvene var morgongåver ved bryllaupet.

 

Yngvar Nielsen (1880) skriv at Torstein Bottolfson kan ha hatt borna Hallstein, Gunnar, kan hende Sigurd Torsteinson, Ingeleif og Sigrid. Dette er likevel mest spekulasjon. Nielsen (1880) skreiv at Torstein Bottolfson som bror til Eidride Bottolfson. Med eit slikt slektskap er det knapt råd å forstå dokumentet frå 1348.

 

25. mars 1349 var det ein ny handel på Kvam. Denne gongen var Sigurd Andorsson (Kvam), Fridrek Styrkårson og Helge (Erlingsson ?) samla på den ytre garden i Kvam. Isak Erlingson gjorde då kjend at han hadde selt eit månadsmatabol i sin del av Lomheim til Ingeleiv Torsteinsdotter. Betalingen var 4,5 kyrlag som han hadde motteke i korn, kyr og smør.

Dette er siste gongen ein møter Ingeleiv. Nokre månader seinare kom den store mannedauden. Ein lyt tru at ho døydde då. I 1359 er det Sigrid Torsteinsdotter som møter for sonen Bottolf. Sigrid var dotter til Torstein Skolla. Torstein Skolla kjenner ein att frå arveskifte i 1337. Torstein budde truleg på "Skollagard" i Kaupanger. Ein ser òg at dottera til Sigrid gav ei gåve til sonedottera til Eidride Bottolfson, som nok viser at Torstein Skolla og Eindride Bottolfson var nære skyldfolk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Torstein Skolla

 

Bottolf Eindrideson

Bottolf Eindrideson var sonen til Eindride Bottolfson. Han gifta seg og busette seg på Finne på Voss. Nokre av dokumenta viser likevel attende til Luster og tida før 1349. Med Eindride Bottolfson kan ein seia at den eldste delen av soga om Kvams-ætta var over. Om den yngre ætta kan ein sjå Kvitrud (1990).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seglet til Bottolf Eindrideson

11. mars 1359 møtte Sigrid Torsteinsdotter i ombod for Bottolf Eindrideson. Bottolf var då truleg umyndig og under 20 år. Det vart skrive at Helge Bårdson då han budde på Bedheim hadde slått ein teig som høyrde til Kalhagen. Teigen var ått av Bottolf Eindrideson og far hans før.

 

30. oktober 1362 var Torstein Kjetilson ombodsmann for Botolf Eindrideson. Erling Torgildson selde til Botolf tre månadsmatabol i Øvre Kvam i Borgund. Det var i same jorda som Eindride Kvite hadde gjorde odelssøksmål for, for hustrua Birgitte. Ein viser her til dokumentet frå 15. mars 1308. Det kan òg vera at dette dokumentet vart lagt fram i 1362. Erling Torgildson overlot Bottolf 19 månadsmatabol i same garden. Det var i samsvar med ein kongedom. Torstein gav avkall på 22 års landskyld. Det viser nok til at Bottolf skulle hatt retten i 1340. Den som døydde i 1340 var nok mest truleg Jartrud, gift med Eystein Mugga.

 

29. mars 1384 vart det kunngjorde at Botolf Eindrideson var odelsmann til Indre tunet i Kvam i Ytre Folk. For å vera odelsmann må garden ha vore i ætta i minst 60 år ( før 1324) og i fire ætteledd.

 

TRODHEIM, RJUPHEIM, VETLESTØLEN OG LIO

 

I 1427 åtte Munkeliv kloster i Bergen fire månadsmatabol i "Throdheimir" i Ytre Folk. Når garden var kjend på den tida var han nok òg bygd før 1350. I 1490 ser ein at Munkeliv kloster då hadde ein eigedel på fire månadsmatabol i Rjupheim. Trodheim var då ikkje lengre ført i lista. Det er truleg at Trodheim var det gamle namnet på Rjupheim. Det kan òg vera at Trodheim vart lagt inn under Rjupheim. Namnet Rjupheim har truleg staden fått etter at han vart øyde.

 

Ut frå funn veit ein at Rjupheim var bygd før år 600. Har han omfatta Vetlestølen eller var Vetletølen ein eigen gard ?

 

Per Fett (1954) skriv at det på Vetlestølen i 1878, 1879 og 1882 vart funne ei kvinnegrav. Funnet var 550 meter over havet (B3274,3313,4043). Det var 24 perler av farga glas, ein "fleire tommar" lang sølvnål og ei beltespenne av bronse. Sølvfunn er oftast frå 900-talet (Petersen, 1928). Funna viser nok til busetnad på Vetlestølen før år 1000. Bathen (1983) viser til at dette er funne på "Øygarden " (Lio?).

 

Bathen (1983) viser til at ein på Rjupheim har funne ein dåse. Noko meir veit eg ikkje om han.

 

I Nordiska Museet i Stockholm er det to skålforma spenner av bronse. Dei er truleg frå 800-talet (Petersen, 1928). Dei er 10,3 cm lange og 6,2 cm breie (Undset, 1888). Dei vart funne ein stad nordvest for Hafslo Prestegard i 1877. Det var ein stad der det hadde budd folk, men ikkje lengre i 1877. Fett (1955) har plassert funnet på Rjupheim, men det kan nok òg ha vore Vetlestølen eller Lio. Spennene er av same type som på Nes (type R647). Slike spenner vart brukt i heile Skandinavia (Roesdal, 1991).

 

Einar Venjum (1934) skriv at det er merke etter gamle stølar og buplassar frå gamal tid. Det var på Lundesvai om lag 400 meter i sør, nedanfor Vetlestølen og 200 meter vest for Vetlestølen. Det vart rekna som stølane til Båsaker og Skjervo. Han skriv og at eit stykke overfor Vetlestølen har ein for ei tid sidan funne ein møllestein av gråstein. Han var fint slipt på eine sida med eit om lag 5 cm hol i midten. Ein ville nok ikkje ha dradd ein møllestein opp om ein ikkje hadde busetnad. Venjum skriv òg at det nedfor Vetlestølen var tufter etter hus, gravhaugar og åkrar.

 

I 1705 vart det fortalt at Rjupheim var "ganske oppdelt" på fleire gardar. Det er derfor nærast uråd å rekna seg til kor stor landskyld Rjupheim kan ha hatt.

 

Etter Einar Venjum (1934) høyrde Vetlestølen til Venjum og Bedheim, og Rjupheim høyrde til Mo. Denne blandingen av eigedelar må ha vore av nyare dato. Truleg har eigarane selt øydegardane i delar. I 1683 høyrer ein om Ripen øydegard som låg under Mogens Alme sitt bruk. Kåre Alme (4.2.1993) meinte at Ripen kunne ha vore det same som Rjupheim. I tillegg kan Lio ha vore ein øydegard (Fett, 1954). Han ligg overfor Rjupheim langs den gamle vegen mot Veitastrondi (Kåre Alme, 4.2.1993). Bathen (1983) skriv at Lio òg vart kalla for Øydegarden.

 

VEITASTRONDI

 

Når det gjeld Veitastrondi er det uvisst kva gardar som var bygd før år 1350 og kva namn dei hadde. Heggestad er eit namn som truleg ikkje er yngre enn år 1000 (Særheim, 1985). Heggestad var òg etter lista frå 1635 den største garden. Tidfester ein Heggestad til kring år 900, må ein tru at resten av Veitastrondi vart bygd i hundreåra etter.

 

I Elddalen fann ein i 1952 ein celt (ei slags spade). Ho vart funnen i vegen nær det gamle tunet (Fett, 1955). Han er truleg frå tida 600-1000. Ho er no 14 cm lang og 6 cm brei. Det skal vera spor av hustufter og nedlagde åkrar i Elddalen, men det er ikkje nokon tradisjon om gamal busetting (Fett, 1955). Celten kan vera frå stølsdrift.

 

Den einaste garden i Veitastrondi som er kjend i skriftlege kjelder før 1349 er Oklevik. I 1316 åtte Hafslopresten eit månadsmatabol. I 1585 var Oklevik ein del av Ænes godset. Jartrud Arnfinnsdotter som eg har omtala under Kvam, kan då ha vore eigar av Oklevik på 1300-talet.

 

 

 

S O L V O R E N

 

Solvoren er den einaste av bygdene i Luster; der ein ikkje kjenner namnet på nokon av dei som budde der før 1349. Ein har likevel fleire kjelder som omtaler gardane. I tillegg har ein fleire arkeologiske funn.

 

 

KJELDEGRUNLAGET

 

a) Dei største og beste gardane har oftare ein høgare alder enn dei minste gardane. I 1635 hadde gardane landskylda som er vist under. Lista er sortert etter storleiken på gardane. Eininga er laupar smør, der ein laup er 15,6 kg. Landskylda var den leiga brukaren måtte betala til eigaren. Ho var dermed indirekte eit mål på storleiken på garden.

Gard   

Storleik 1635

Eldste kjelde

Gravfunn

600-1000           

Busett i 1522

Eikum

7,2      

1398

-

Bygd

Øvrebø           

6,3

1316

grav

Bygd

Elvetun

4,1      

1476

-

-

Bjørnetun           

4,0

1407/08           

-

-

Mollandsmork           

3,8

1603

-

-

Vollåker

4,0

1522

grav    

Bygd

Grov   

3,0      

1563

-

-

Sjøtun

2,3      

1567

grav

bygd

Røym 

2,0      

1611

-

-

Kirkebø

(1,3 i 1618)

1406

-          

-

Lilleskog

(1,3 i 1618)           

1613

-

-

Sie

1,3      

1611

grav    

-

Brekken

1,0

1585

-          

-

Vedviki

1,0      

1316

-          

-

Reseland

(0,5 i 1618)

1612   

-

-

Notedal

0,3

1618

-

-

Kristianeslyst

-

-

grav

-

Fevold

-

1689   

-

-

Kjeldedal

-

1645

-

-

           

I sum hadde gardane i 1635 : 40,3 laupar.

 

Christie (1835) skriv at han i 1826 var i Solvoren. Der var ein stor bautastein til minne om hungersnauda i 1695. På den eine sida av bautaen sto det 1695, men på andre sida var det ei rune : , som må ha vore eldre. Bautasteinen var ikkje langt frå stranda.

 

b) Gardar som har teigblanding eller felles stølar vil ofte ha høyrt saman en gong tida, om ein då ikkje har hatt handel med eigedelar. Gardar som er inne i ein annan gard på alle eller nær alle kantar, vil mest truleg vera skild ut frå han. Dei som hadde felles stølar var etter Einar Venjum (1934) :

Øvrebøstølen

Kjeldedal og Øvrebø

Setålen           

Bjørnetun, Grov, Brekka, Elvetun og Sjøtun

Kleivi 

Kristianeslyst og Vollåker

 

Oluf Rygh (1919) skreiv at Nyre var ei ubygd eng som vart nytta felles av Bjørnetun, Elvetun og Vollåker. Alderen på gardar med teigblanding, vil ofte om ein ser vekk frå dei aller eldste vera etter år 600.

 

Noko som gjev vurderingane av stølsbruken vanskeleg er at Magnus Lagabøte si landslov frå 1200-talet, seiar at kven som ville kunne gjera seg seter i allmenningen (Semmingsen m.fl, 1979). Likevel må ein tru at dei fleste stølane var i bruk før den tid og at dei har valt stølar som det var naturleg å bruka.

 

c) Etter Fredrik Fraas (mars 1993) rekna alle gardane i sjølve Solvoren seg som eit bedarlag. Mollandsmorki og Eikum var for seg sjølve.

SYNTESA

 

Eg har prøvd å sjå kva gardar som har høyrt saman, i hovudsak ut frå gardsgrenser, stølsbruk og ut frå storleiken på gardane.

 

Frå tida 600 til 1000 kjenner ein fem gravfunn. Det er på Sie, Øvrebø, Sjøtun, Vallaker og Kristianeslyst. Ut frå det, får ein tru at ein hadde minst tre gardar i Solvoren før år 1000.

 

Ein er i Solvoren i den situasjonen at ein berre kjenner tre av gardene i kjelder før 1349 : Eikum, Vedvik og Øvrebø. Ein må likevel gå ut frå at i tillegg er Elvetun, Bjørnetun, Vollåker og Sjøtun sikre garden som har vore bygd før 1349. Det ut frå at dei er kjend i nedgangstida frå 1349 til 1522. Frå Mollandsmorki har ein ingen sikre skriftlege kjelder om busetnad før 1349.

 

Eit anna viktig element i analysen er at ein kjenner ein god del gardsnamn frå Solvorensokna som ikkje lengre er i bruk. Det er "Bøkkum", Kirkebø og "Kynnastadhir". I tillegg åtte kyrkja i Solvoren i garden "Stodum", og presten i Solvoren i gardane "Uæitum", "Munkejord" og "Roarsjord". Det vart ikkje sagt at alle desse låg i Solvoren. Det er likevel mest truleg at dei fleste høyrde til der.

 

Ser ein på kva stølar gardane hadde i lag er det liten grad av blanding, med berre tre stølar som var delt. Elles hadde dei stølar kvar for seg.

 

Oluf Rygh (1919) meinte at Elvetun og Sjøtun var delar av ein forsvunnen større gard. Jon Laberg (1926) skreiv at det ligg tre gardar etter kvarandre som har "tun"-namn : Bjørnetun, Elvetun og Sjøtun. Han meinte at dei opphavleg hadde vore ein gard, og kan hende namnet på den garden var Solvoren. Oluf Rygh (1919) viste i tillegg til ei jordebok frå 1535. Det står der "Solvoren i Øvrebø". Han meinte ein måtte forstå det som garden Solvoren, som ein del av Øvrebø. Solvoren kunne då ha vore eit gardsnamn. Ser ein på ei anna hovudkjelda : Bergen kalvskinn finn ein at hovudregelen er at den minste eininga vart nemnd fyrst og så den større. Det er likevel mange døme på at det vart skrive andre vegen. Ein skal nok då vera varsam med å leggja for stor vekt på skrivemåten frå 1535.

 

Ein har då to framlegg til ein opphavleg gard med namnet Solvoren. Solvoren kan ha vore namnet på bygda eller det kan ha vore namnet på ein gard.

 

Rygh og Laberg meinte begge at Solvoren kunne ha vore eit gardsnamn. Ein har nokre andre døme på at ein har bygdenamn som samsvarer med eit gardsnamn, Det er Dale, Fortun og Hafslo. Desse bygdene har det til felles at det er samsvar mellom bygdenamnet og kyrkjestaden. Desse bygdene har hatt andre namn, før dei fekk namn etter kyrkjestaden. Har Solvoren vore eit gardsnamn, vil eg tru at garden Solvoren òg må ha vore kyrkjestaden.

 

I 1316 hadde ein ein prestegard i Solvoren. Han var berre ført som "Åbølet", som er presten sin bustad. Presten i Solvoren åtte 8 månadsmatabol i garden. Sjølve namnet på prestegarden vart ikkje skrive opp.

 

I 1406 dukkar namnet Kirkebø (Kyrkjebø?) opp. Kan Kirkebø ha vore den gamle prestebustaden? I 1406 høyrer ein at Kirkebø eller i det minste delar av han var i privat eige. Storleiken av eigedelane går ikkje fram av skrivet. I 1567 åtte "stigten" (det gamle bispegodset) 1,5 laup i Kirkebø. Om Kirkebø hadde vore prestegarden er det underleg at det var fleire andre eigarar og at ikkje nokon lokal prest er ført som eigar i Kirkebø i 1585. Jon Laberg (1926) meinte at Kirkebø var den gamle prestegarden. Eg vil likevel ut frå det om står over meine at Kirkebø nok ikkje var det gamle "Åbølet". Kirkebø fekk nok namnet sitt av at kyrkja vart bygd på garden. Kirkebø har då truleg hatt eit anna namn før kyrkja vart bygd. Kirkebø har seinare blitt ein del av Bjørnetun (Laberg, 1926).

 

I 1585 hadde truleg Hafslopresten teke over eigedelane til prestane i Solvoren, Fet, Jordanger og Ornes. Noko hadde kanskje og blitt fordelt på kyrkjene. Ser ein på kva Hafslopresten åtte i 1585 finn ein to eigedelar i Solvoren. Det var Brekke med 0,5 laupar og Elvetun med 0,25 laupar. I tillegg åtte kyrkja i Solvoren i Grov 0,1 laupar og i Bjørnetun 0,5 laupar. I 1663 skreiv presten at han og åtte 0,3 laupar i ei øydejord i Solvoren, men utan å sei kvar det var. Eigedelen i 1316 var 8 månadsmatabol. Fram til slutten vart landskylda i snitt redusert til om lag sjuande parten (Holmsen, 1937). Prestegarden skulle då i 1585 ha hatt ei landskyld på om lag ein laupar. Dei som kjem nærast er Brekke og Bjørnetun. Med ein reduksjon frå 8 månadsmatabol til 0,5 laupar har nok Åbølet vore lagt øyde. Gardar som vart lagt øyde fekk oftast ein større reduksjon enn dei andre. Det kan og vera at Prestegarden har vore delt opp og fordelt på nabogardane.

 

EIKUM

 

Eikum var bygd før år 600, og ein har fleire gravfunn frå den tida.

 

Eikum kan ha vore bygd på 800-talet, etter å ha vore øyde i fleire hundre år. Eikum er ikkje kjend i noko skriv før i 1398. Garden har nok likevel vore bygd fram til den tid. Av eigarane kjenner ein i 1398 Gimsøy klosteret ved Skien og Munkeliv kloster i Bergen i 1427. Gimsøy kloster åtte 7 månadsmatabol og Munkeliv 7,5 månadsmatabol. Samla landskyld for Eikum før 1349 kan ha vore kring 40 månadsmatabol, så klostra var store eigarar i garden. Gardsnamnet Munkejord som ein kjenner frå 1316 kan godt ha vore på Eikum. I 1567 åtte biskopen 1,5 lauper i Eikum. Det kan han ha hatt før 1349 òg.

 

I 1398 høyrde Eikum til Dalesokna. I 1427 vart det skrive at Eikum høyrde til "Indra fylke". I 1490 vart det skrive at Eikum høyrde til "Indra Folki". I 1522 høyrde garden til Årdal skipreide, saman med mellom anna Hagenes, Kroken og Ornes. I 1567 høyrde han til Solvoren skipreide saman med Ornes og gardane på ytre Hafslo og Solvoren.

 

Knytinga til Solvoren finn ein altså fyrst godt ut på 1500-talet. Dei eldste geografiske tilknytingene viser til Indre Folk. Det ser derimot ikkje ut til at han nokon gong har høyrt til kyrkjesokna der. Ein kunne tru at garden opphavleg har vore ein del av Nes eller Ornes sokna, men som eg har vist kan ikkje Nes eller Ornes soknene ha endra seg frå 1300-talet til 1600-talet. Eikum kan då ha vore ein del av Søvde sokna, og seinare vorte ein del av Dalesokna.

 

Når Eikum geografisk vart rekna som ein del av Indre Folk, er det og mest truleg at garden har høyrt saman med ein gard der.

 

Garden kan ha vore delt i fleire bruk, men ein manglar skriftlege kjelder.

 

VEDVIKI

 

Vedviki er nok skilt ut frå Eikum. Eg vil tru at det kan ha vore på 1100-talet. Det ut frå storleiken av landskylda i 1635.

 

Garden er kjend frå 1316 då presten i Fet åtte eit månadsmatabol.

 

ØVREBØ

 

Ut frå namnet skulle ein tru at Øvrebø er bygd i tida 800- 1000. Garden er såpass stor at ein nok kan sette alderen til tidleg i denne perioden. Dei to Øvrebø-gardane i Gaupne og Solvoren hadde i 1635 ei landskyld på 9,0 og 6,3 laupar med 7,8 laupar som middel. Til samanlikning hadde "tun"-gardane i Luster eit middel på 4 laupar. Det viser til at Øvrebø-gardane i regelen er eldre enn "tun"-gardane.

 

Mellom Øvrebø og Kjelda såg W. F. K. Christie i 1827 to utgravne gravhaugar. Lengre mot nord fann han 3 andre som var uskadde. På ei slette opp mot Galden fann han tre runde og ein langvoren haug. Denne siste og tre av dei andre på Øvrebø vart utgravne av han. Det einaste han fann var to bryner (Shetelig, 1926). Dei er tidfesta til tida 600-1000 (Fett, 1955). Kva haug brynjene vart funne i veit eg ikkje. Gravhaugane viser nok til kvar busetnaden var. Alderen på haugane er meir usikre. Fleire av dei kan vera frå før år 600. Brynjene kan vera eit prov på busetnad på Øvrebø før år 1000.

 

Fyrste gong ein høyrer om Øvrebø var i 1316. Presten i Solvoren åtte då 1 månadsmatabol. I 1535 høyrer ein at 16 månadsmatabol i garden høyrde til Æri-godset. Om Æri godset kan ein sjå det eg har skrive under Kvam. I fyrste halvdel av 1300-talet høyrde truleg om lag tredjeparten av garden til Jartrud Arnfinnsdotter eller mannen hennar, ein liten del til presten i Solvoren og resten til andre privatpersonar.

 

KJELDA

 

På Kjelda er det funne ei kvinnegrav i Borhaugen, om lag 50m frå tunet. Det vart her funne ei oval spenne. Ho har dyreornamentikk med gripeklør og er truleg frå 800- talet (Petersen, 1928). Ut frå funnet skulle ein tru at Kjelda var på 800-talet. Kjelda er ikkje kjend i noka skriftleg kjelde før på 1600-talet.

 

BØKKUM

 

Jon Laberg (1926) skriv at Kjelda kan ha vore garden "Bøkkom" som ein kjenner frå 1316 og 1351. Bøkkom var i 1316 ått av Jakobsalteret i Domkyrkja i Bergen med 3 månadsmatabol. Ut på 1600-talet var Leikangerkyrkja eigar av Kjelda (Laberg, 1926). Ut frå eigarane ser det ikkje truleg ut at Kjelda og Bøkkom var same garden. Meir truleg var Bøkkom ein av gardane som biskopen i Bergen åtte delar av : Bjørnetun, Sjøtun eller Vollåker.

 

"TUN"-GARDANE

 

Som Oluf Rygh (1919) og Jon Laberg (1926) har skrive kan dei tre "tun"-gardane : Elvetun, Sjøtun og Bjørnetun ha høyrt saman. Desse tre gardane kan då ha vore tre tun på ein gard. Namnet på han kan ha vore Solvoren (Laberg, 1926), men det kan òg ha vore eit anna.

 

For Sjøtun kjenner ein ei mannsgrav som truleg er frå tida 800-1000. Det er funne eit økseblad, ein spjutspiss og ei saks. Øksebladet er 17 cm langt og 8 cm i eggen. spjutspissen var broten av i spissen og var 37 cm lang. Saksa var 22 cm lang. Ho hadde og ein laus jarnring inne i bøylen. Grava var under ein stor stein i Hjelmshaugen (Undset, 1888). Det vitne i det minste til ein busetnad før år 1000. Ei saks av same type (type R443) er funne på Vangstad i Sogndal. Grava der er frå 900-talet (Solberg, 1986).

 

"Tun"-namn er i seg sjølv vanskelege å tidfesta då dei kan ha blitt til over ein lang periode. Dei er nok oftast yngre enn "bø"-namna. Eg vil tru at dei kan ha blitt eigne bruk kring år 1000. Ut frå gravfunnet kan Sjøtun ha vore opphavsgarden.

 

Sjøtun er ikkje kjend før i 1567. Stigten ( det gamle prestegodset) åtte då 1,1 laupar. I 1613 åtte Lyseklosteret i Bergen ein laup. Dette er eigedelar som kan gå attende til før 1349. Heile eller delar av garden må ha vore i kyrkjeleg eige.

 

Bjørnetun ("Biaxa tuni") er kjend ved ein handel i 1407 eller 1408 mellom privatpersonar. Går ein fram til 1567 var 1,5 laupar av garden bispegods. Bjørnetun kan då før 1349 ha vore dels i privat eige og dels bispegods.

 

Elvetun er kjend frå 1476 då ein laup var i adelseige og i 1585 var 0,25 laupar ått av Hafslopresten.

 

SOLVORENKYRKJA

 

Det har vore minst tre kyrkjer i Solvoren gjennom åra. Den eldste kyrkja vart truleg reve før 1722. Det er derfor ikkje mykje ein veit om ho.

 

PRESTANE

 

I tida 1318-21 var presten på Ornes prest over Solvoren òg. Ein gong i tida 1316-36 fekk kyrkja i Solvoren to kyr av presten Steinar. Om han var prest over Solvorensokna veit ein ikkje sikkert, men det er rimeleg å tru det. Han kan likevel ha budd på Ornes.

 

 

 

BREKKA OG GROV

 

Ut frå bruken av stølen Setålen kan Brekka og Grov ha høyrt til "tun"-gardane. Begge gardane vart lagt øyde ein gong etter 1349 og den seinare stølsbruken kan ha samband med at dei vart slått saman med ein eller fleire av "tun"-gardane.

 

Brekka og Grov er ikkje kjend i skriv før på slutten av 1500-talet. Ein kan difor ikkje vera trygge på at dei var bygd før 1349. Om dei var bygde kan dei og ha eit anna namn. Jon Laberg (1926) skriv at Grov er kjend i eit dokument frå 1419. Går ein attende til dokumentet finn ein ikkje noko om Grov, men berre om ei "jord" i Solvoren. Jorda vart ikkje nærare namngjeve.

 

Nesten heile Grov var fram til 1349 i privat eige. Solvorenkyrkja åtte 0,1 laupar i 1585. Brekka har nok vore i privat eige.

 

KYNNASTAD

 

I 1427 åtte Munkeliv kloster ni månadsmatabol i "Kynnastadhir" i Solvoren. Ein finn ikkje att eigedelen seinare. I 1490 finn ein at Munkeliv kloster åtte ni månadsmatabol i "Tønstadher". Det kan vera at det er same garden og at "Tøn" er feil for "Køn". Går ein like fram til 1646 finn ein Munkeliv kloster som eigar av 2,5 lauper i Grov. Det kan vera at garden seinare vart ein del av Grov.

 

VOLLÅKER

 

Like ved hotellet vart det i 1863 og 1866 funne ei mannsgrav. Det var ei saks, eit lite bryne og eit 31 cm lang spjutspiss (Lorange, 1876). Grava viser til busetnad i tida 800-1000.

 

I 1966 vart det under arbeidet med det nye hotellet funne ei øks av Petersen type B. Ho er frå tida 800-1000. Ho var 17 cm lang (Bakka, 1966). På same staden vart det året etter funne eit klebersteinshjul. Ytst er hjulet 7 cm i diameter og 3 cm i holet (Bakka, 1967).

 

I 1971 fann Hermod Nitter Wallaker eit einegga sverd (Petersen type H). Det hadde dekor av messing og var 96 cm lang. Ho vart funne ved graving av ei hustomt. Tomta låg på ei slette nordvest for den gamle fjøsbygningen (Bergen Museums Årbok, 1971). Einegga sverd gjekk av mote tidleg på 800-talet.

 

Eg vil tru at Vollåker kan ha vore skilt ut frå "tun"-gardane på 900-talet. Skriftlege kjelder om Vollåker har ein ikkje før i 1522. I 1567 åtte biskopen 1,5 lauper. Det kan han ha hatt før 1349 òg.

 

Jon Laberg (1926) skriv at gardsnamnet "Munkejord" som ein høyrer om i 1316 og 1351 kan ha vore Store Vollåker. Noka god grunngjeving kan eg ikkje sjå at det er.

 

MOLLANDSMORKI

 

Om Mollandsmorki viser Jon Laberg (1926) til at området var øyde til bortimot år 1600. Då var Baten i full bruk, men alt det andre vart sett burt til tolv mann i Solvoren og ein liten part til Baten. Heile Mollandsmorki var i 1600 verdsett til 3 laupar og var ått av kongen. Seinare opplysningar om til dømes landskylda i 1635, bedarlag eller grenser mellom gardane hjelper oss difor ikkje noko om ein skal seia korleis Mollandsmorki var bygd før 1349. Området hadde sikkert blitt kongen sin eigedom etter det vart øyde og ubrukt ein gong etter 1349. Det same skjedde med Jostedalen.

 

I 1694 fredlyste futen kongen sin øygardsskog på Mollandsmorki. Han vart kalla for Dallaker. Namnet viser til at ein kan ha hatt ein øydegard her.

 

Mons Bathen (1975) skriv at det i Gluntateigen på Sie vart funne ymse reiskap og våpen i ein gamal gravhaug. Lorange (1876) fortel at det på Sie er registrert ein spjutspiss på 25 cm. Spissen er frå tida 600-1000.

 

I 1950 vart det funne eit fiskesøkke på Sie. Søkke var laga av ein oval rullestein. Vekta var om lag ein kilo. Det vart funne ved sida av Glunta-løa. Søkke er frå ein gong mellom år 600 og 1000 (Bergen Museums Årbok, 1950).

 

Når ein har ein gravhaug har det nok òg vore busetnad i Mollandsmorki alt før år 1000. I tillegg viser namnet Reseland til at garden har vore bygd før år 1000 (Særheim, 1985). Området har nok på 1300-talet vore busett i liknande omfang som i nyare tid. Ein del av dei gardane som ein kjenner namnet på frå Solvoren, men som no er vekke kan nok ha vore i Mollandsmorki.

 

STRENDENE I SOLVOREN

 

I 1340 var det ting i tingstova på strendene i Solvoren. Andre skriv har ein ikkje før på 1600-talet. Det kan ha vore hamn der alt på den tida. Fyrste gong ein høyrer om hamna i Solvoren er likevel ikkje før i 1690.

 

 

 

K J E L D E R

 

 

Andersen O Heitmann : Det norske folks busetning og landnåm, del 2, Oslo, 1944

Bagge Sverre og Arnved Nedkvitne : Regesta Norwegica, bind III, 1301-1319, Oslo, 1983

Bakka Egil : Tilvekstkatalogar for Historisk Museum, Bergen

Balle Einar : Arnbjørn Jonsson og ætta hans, Ætt og heim, Stavanger, 1990

Barmen Vilhelm, Sina Belgen Lillebostad og Ragna B. Rygg : Minne, side 44-75, Naustdal, 1988

Baten Mons : Bygsleheimar i Hafslo, Hafslo, 1975

Baten Mons : Segn og Soga, utgitt av Hafslo Sogelag, 1983

Bendixen B E : Antikvariske iagttagelser, Foreningen for de norske fortidsminnesmerkers bevarings årbok, Kristiania, 1877

Bendixen B E : Antikvariske Undersøgelser i 1881, Foreningen for de norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, Kristiania, 1881.

Bendixen B E : Nedrevne gamle kirker i Sogn. I Fortidsminneforeningens årbok, Kristiania, 1903.

Bendixen B E : Lidt om stavkirker i Hordaland og Sogn, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, Kristiania, 1903

Berg Arne og Aagot Noss : Bedlag. I boka Gilde og gjestebod, Oslo, 1976

Bjerknes Kristian : Fantoftkirken, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, Oslo, 1950 s 49ff

Bjerknes Kristian : Urnes Stavkirke, har det vært to bygninger forut for den nuværende kirke?, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, Oslo, 1958

Bjønnes Anders : Liljer og kroner. Et norsk middelaldervåpen brukt i en slektshistorisk argumentasjon, Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, Oslo, 1992.

Blindheim Martin : Graffitti in Norwegian stave churches c 1180-1350, Medevial art in Norway 2, Oslo, 1985

Borchrevinck Anne-Berit : Etnologisk feltarbeid i Mørkrisdalen sommeren 1971, Institutt for folkelivsgransking i Oslo, Oslo, 1971.

Briffa K R, T S Bartholin, D Eckstein, P D Jones, W Karlen, F H Scheingruber og P Zetterberg : A 1400-year tree-ring record of summer temperatures in Fennoscania, Nature, vol 346 side 434ff, 2. august 1990.

Bugge Anders : Vore gamle gravminder, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, Oslo, 1926

Bugge Anders : Kirkebygninger og deres utstyr, Nordisk Kultur, Oslo, 1933

Bugge Anders : Norske Stavkirker, Oslo, 1953

Bull Georg : teikning av alterstaken i Gaupnekyrkja, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring Årbok, Kristiania, 1845

Bøe Johs : Bergen Museums tilvekst av oldsager 1926 og 1927, Bergen Museums Årbok, Bergen, 1927 side 33.

Christensen Arne Emil, Anne Stine Ingstad og Bjørn Myhre : Osebergdronningens grav, Oslo, 1992

Christie Håkon : Urnes stavkirkes forløper belyst ved utgravninger under kirken, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, 1958

Christie Wilhelm Friman Koren : Noticer paa en rejse i Sogn i Junii 1827, Universitetet i Bergens Bibliotek, manuskript 385.9.5

Christie Wilhelm Friman Koren : Antiqvariske Excursioner i Sogn, Urda, bn 1, side 146-150, Bergen, 1837

Dahl Eyvind : Ramborg Knutsdatter's husbond : Gard Toreson, del III, Ætt og Heim, Stavanger, 1948

Dietrichson Lorentz : Monumenta Orcadica, Kristiania, 1906 side 170

Dybdahl Audun : Agrarkrisen i Årdal, Lærdal og Borgund. I boka Seinmiddelalderen i norske bygder, Oslo, 1981

Dyrdal Oddrun Marie : Er dette restar etter Saude kyrkja?, Sogn Avis, Leikanger, 16.9.1993

Dyrdal Oddrun Marie : Hemmelig gang under jorda, Sogn Avis, Leikanger, 19.11.1993

Dyrdal Oddrun Marie : Hans (75) har både nøkkel og dør frå "Saudekyrkja", Sogn Avis 17.8.1994

Dyrdal Oddrun Marie : Pussa og polera gamal messing, Sogn Avis, 30.9.1994

Dyrdal Oddrun Marie : Siste stokken frå gamle Fet kyrkja, Sogn Avis, 2.11.1994

Eggum Terje : Spennande kunnskap om ur-sogndølen, Sogn Avis, Leikanger, 14.6.1994 om husfunna på Stedje

Einarsdottir Olafia : Harald Dovrefoster af Sogn, Historisk Tidsskrift nr 50, Oslo 1971

Ekkja Kolbjørn T : Den kløyvde lilja, Sveio, 1982

Engesæter Aage : Garden Kilen i Luster - folketallsutvikling, Sogndal, 1978

Espedal Anton : Hr Eirik Stilk og ætten på Kvale (Hvål), Tidskrift utgitt av Historielaget for Sogn, nummer 10, Leikanger, 1939

Fett Harry : Norske kirker i middelalderen, Kristiania, 1909

Fett Per : Tilvekst til Historisk Museum i 1952, Universitetet i Bergen : Årbok 1952, Bergen, 1952.

Fett Per : Førhistoriske minne i Sogn. Luster Prestegjeld, Bergen, 1954

Fett Per : Førhistoriske minne i Sogn. Hafslo Prestegjeld, Bergen, 1955

Fjøsne Sigurd : Setrer i Luster (1934) kopi frå Sogn og Fjordane Fylkesarkiv, Leikanger (P353) Originalen er hjå Institutt for samanliknande kulturforsking, Universitetet i Oslo.

Fladby Rolf og Liv Marthinsen : Skattematrikkelen 1647, bind XII - Sogn og Fjordane fylke, Oslo, 1977

Flateyarbok, bind 3,Kristiania, 1868

Frimannslund Borghild A : Urnes-skulpturen i Bergens Museum, et dateringsproblem, Bergen Museums Årbok, Bergen, 1944

Fægri Knut : On the immigration of Picea Abies (L.) Karst. Universitetet i Bergen, Årbok 1949, naturvitenskaplig rekke nr. 1, Bergen, 1950

Grankvist Rolf : Nidrose- Olavsrose - Trondheimsrose i Trondheim bys historie, Trondhjemske Samlinger, Trondheim, 1987

Gunnes Erik og Hallvor Kjellberg : Regesta Norwegica, bind IV, 1320-1336, Oslo, 1979a

Gunnes Erik og Hallvor Kjellberg : Regesta Norwegica, bind V, 1337-1350, Oslo, 1979b

Gustavson Gabriel : Fortegnelse over de i 1894 til Bergen Museum indkomne oldsager ældre enn reformasjonen, Bergen Museums Årbok, 1894-95, side 21, Bergen, 1895.

Gustavson Lil : Arkeologiske registreringer i Mørkri, Utla- og Feigumsvassdraget, Arkeologiske rapporter 4, Historisk Museum, Bergen, 1982.

Haflidesson Einar (?) : Soga om biskop Laurentius, i Den norrøne litteraturen, bind VI, Oslo 1963, side 126-128

Hagelsteen Ellen : Registrering i Tunsbergsdalen og ved Mørkrisvassdraget, Historisk Museum, Bergen, 1970

Hauglid Roar : Urnes Stavkirke i Sogn, Foreningen for de norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok, Oslo, 1969

Heiberg G F : Årsberetning for Sogn for 1902, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, Kristiania, 1902

Heiberg G F : Sogns kirker i fortid og nutid, Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, nummer 23, 1970.

Heiberg G F : Bumerke frå Sogn, i privat eige

Helland Åmund : Topografisk-Statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, Kristiania, 1901

Helle Knut : Rogalandsbygdene fram til omkring 1350, i boka Fra Vistehola til Ekofisk, Stavanger, 1987

Hodnebø Finn og Hallvard Magerøy : Norges kongesogaer, bind 3 og 4, 1979. Skrive av Sturla Snorreson mfl.

Hohler Erla Bergendahl : The Capitals of Urnes Church and their background, Acta Archiologica, Volum 46, København, 1975

Holmsen Andreas : Sogns økonomiske og administrative historie, i Norske Bygder, bind IV, Oslo, 1937

Hougen Engebret : Ættesoge for Gudbrandsdalen,band 2, Otta, 1968

Huitfeldt-Kaas H J : Norske Sigiller fra Middelalderen, Oslo, 1899/1950

Huitfeldt-Kaas H J : Norske Regnskaper og Jordebøger 1518- 1523, bind III, Kristiania, 1905

Indrebø Gustav : Den norske fylkesskipnaden, Oslo, 1937.

Jonson Karl : Sverres soga, i "Formannasøgur", bind VIII side 439-440, Kristiania, 1830

Jordskifteverkets kartarkiv: Utskiftningskart frå Gaupne i 1863 og Engjedalen frå 1909.

Keyser Gustav : Norges Stats- og Retsforfatning i Middelalderen, Kristiania, 1837

Kielland Jens Z M : Undersøgelser ved Urnes, Undredal, Gaupne kirker, samt iakttagelser paa en reise gjennom Valdres, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring Årbok, Oslo,1903.

Kielland Thor : Norsk gullsmedkunst i middelalderen, Oslo, 1927

Kraft Jens : Det Vestenfjeldske Norge, topografisk- statistisk beskrivelse, Christiania, 1830.

Krogh Knud J : Kirkerne på Urnes, Aarbøger for oldtidskyndige, Københamn 1972

Kvamme Mons og Kjersti Randers : Breheimundersøkelsene 1981, Bergen, 1982

Kvitrud Arne : Erikgarden på Råum, Stavanger, 1985

Kvitrud Arne : Soga om Gaupne, Stavanger, 1989

Kvitrud Arne : Ætta til Oluf Gunderson Slinde, Norsk Slektshistorisk Tidsskrift bind 32, Oslo, 1990

Kvitrud Arne : Jostedalen i tida 1350-1600, i Jostedalen skule- og bygdeavis, nr 2, Jostedalen, 1992

Kvitrud Arne : Svangstu i Gaupne, i Kjelda nr 1, Leikanger, 1994

Kvitrud Arne : Bedarlaga som kjelde til tidleg busetnad, i Kjelda nr 2, Leikanger, 1994

Kvitrud Arne : Busetnaden i Jostedalen fram til 1349, i Jostedalen skule- og bygdeavis, nr 1, Jostedalen, 1995

Kvitrud Arne : Ætter og personar i Luster i mellomalderen, refleksjonar kring lilje og krone skjolda i Dalekyrkja, Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, Oslo, 1995

Laberg Jon : Hafslo, bygd og ætt, Bergen, 1926

Laberg Jon : Luster, bygd og ætter, Bergen, 1926

Laberg Jon : Jostedalen. Ei stutt utgreiing um bygdi og folket, Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, Leikanger, 1939 og 1944.

Laberg Jon : Lensregnskaper I. Avskriftsamlinga i Sogn og Fjordane Fylkesarkiv, Leikanger.

Laberg Jon : Utdrag av tingbøker for Indre Sogn I og II. Avskriftssamlinga i Sogn og Fjordane Fylkesarkiv, Leikanger.

Lavik Per Jahn : Gaupne gamle kirke. (udatert)

Liden Hans-Emil : Stavkirken i Hafslo, Foreningen til de norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok, Oslo, 1981

Lindanger Birger : Rogaland og den store mannedauden, i boka Fra Vistehola til Ekofisk, Stavanger, 1987

Lorange Anders : Fortegnelse over de i 1882 (og 1886) til Bergen Museum indkomne oldsager ældre end reformasjonen, Christiania, 1882 og 1886.

Lorange Anders : Samlinger af Norske Oldsage i Bergen Museum, Bergen, 1876.

Lærum Ole Didrik og Nils Georg Brekke : Røykstova - bustad gjennom tusen år, Universitetsforlaget, 1990

Magerøy Ellen Marie : "Biskopen" i Urnes Stavkirke, Årbok for de norske fortidsminnesmerkers forening, Oslo, 1971

Magerøy Hallvard : Urnes stavkyrkje, Ornes-ætten og Ornes godset, Historisk Tidsskrift nr 2, Oslo, 1988

Magnus Bente og Myhre Bjørn : Norges Historie, bind 1, Forhistorien fra jegergrupper til høvdingesamfunn, Oslo, 1976

Mandt Gro : Vestnorske ristninger i tid og rom, kronologiske, korologiske og konteksuelle studier, Bergen, 1991

Munch P A : Registrum prædiorum et redituum ad ecclesias dioecesis Bergensis saecula P.C.XIVto pertinentium, vulgo dictum "Bergens kalvskinn", Christiania, 1843.

Munthe Gerhard : Gaarden Kroken (ytre), Tids-Tavler, bind III, side 398-407, Christiania, 1874.

Myhre Anders : Funn, fornminne og ødegårder, Jernalderens bosetning i Høyland fjellbygd, Stavanger, 1972

Møllerop Oddmund : Spor i jord, i Boka Fra Vistehola til Ekofisk, Stavanger, 1987

Nicolaysen N.: Norske Fornlevninger, Kristiania, 1862-66

Nielsen Yngvar : Om nogle middelalderske slekter i det vestenfjeldske Norge, Historisk Tidsskrift, 1880.

Næss Jenny-Rita : Grav i båt eller båt i grav, Stavanger Museums årbok 1969, Stavanger, 1970

Næss Stein : Vandring i Lustrafjell, Luster, 1976

Ohnstad Anders : Aurland, bind 1, Bergen, 1962

Ohnstad Anders : Glimt frå fylket si soge, i boka Bygd og by i Norge, Sogn og Fjordane, Oslo, 1980

Ohnstad Anders : Jon Stål og Kvålegodset i Sogndal, avisa Sogn og Fjordane, 15.1.1989

Olsen Magnus og Aslak Liestøl : Norges innskifter med de yngre runer, bind IV, Oslo, 1957.

Os Edvard : Stårheim og Stårheimsætta i Mellomalderen, Oslo, 1960.

Petersen Jan : De norske vikingsverd, Christiania Vitenskaps selskaps skrifter, II; Historisk filosofisk klasse, Kristiania, 1919

Petersen Jan : Vikingetidens smykker, Stavanger, 1928

Petersen Jan : Vikingetidens redskaper, skrifter utgitt av Det norske Videnskapsakademi i Oslo, Oslo, 1951.

Pederssøn Absalon : Norges Beskrivelse i 1567-1570, i N Nicolaysen, Norske Magasin 1, Kristiania, 1860, side 116.

Qvale Edvard : Beretning angaaende Oldsaker i Lyster Prestegield, Nordre Bergenhus Amt. Universitetsbiblioteket i Bergen, manuskrift nr 190c (frå 1810).

Randers Kjersti : Breheimundersøkelsene 1982-1984, I : Høyfjellet, Arkeologiske rapporter 10, Historisk Museum, Bergen, 1986

Randers Kjersti og Mons Kvamme : Breheimundersøkelsene 1982-1984, II : Stølsområdene, Arkeologiske rapporter 15, Historisk Museum, Bergen, 1992

Ringstad Bjørn : Vestlandets største gravminner - et forsøk på lokalisering av forhistoriske maktsentra, Bergen, 1986

Roestad Else : The Vikings, London, 1991

Roestad Else : Princely burial in Scandinavia at the time of the conversions, Mineapolis, 1992

Rygh Olaf : Fortegnelse over de til universitetets samling av nordiske oldsager i 1878 indkomne sager ældre ænd reformasjonen, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, 1878 side 336.

Rygh Olaf : Norske Gaardnavne, bind 13, Sogn og Fjordane, Oslo, 1919.

Sandal Per (redaktør) : Sogndal bygdebok, bind 1, bygdesoge, 1986

Sande Olav : Segner frå Sogn, bind II, Bergen, 1892.

Sandnes Jørn : Stadnamn og busetnad i tida ca 800-1350, Oslo, 1974

Schirmer Herm M : En ligsten fra Urnes kirkegaard, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring årbok, Kristiania, 1907

Seter Ola : Tre lag kalkmalerier i Dale kirke, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring Årbok 1953, side 4

Seter Ola : Brev til Riksantikvaren av 4. og 13. august 1969, Riksantikvarens arkiv for Fet gard i Luster, Oslo.

Shetelig Håkon : Fortegnelser over de i 1904 (og 1905) til Bergen Museum indkomne oldsager ældre enn reformasjonen, Bergen Museums Årbog, Bergen, 1904 og 1905.

Shetelig Håkon : Vestlandske graver fra jernalderen, Bergen Museums skrifter, Bergen, 1912.

Shetelig Håkon : Fornminne i Hafslo, i boka Hafslo, bygd og ætt, Bergen, 1926

Shetelig Håkon : Fornminne i Luster, i boka Luster, bygd og ætt, Bergen, 1926.

Solberg Bergljot : Førhistorisk Tid i Sogndal, i Sogndal bygdebok, bind 1, Sogndal, 1986

Sollied Henning : Nogen opplysninger om slekterne Kruckow, Haar og Benkestok, Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, bind 3, Oslo, 1932

Sollied Henning : Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter, Norsk Slektshistorisk tidsskrift, Oslo, 1942.

Sollid Olaf : Bergenske raadmænd i Middelalderen, Bergens Historiske Forenings Skrifter, nr 32, Bergen, 1926

Stadnamninnsamlinga i Gaupne. Uppskrivar Jonny Gjerde frå :

- Ragnar Vigdal         15.08.1986 om Øygarn mm

- Johanne Leirdal 20.09.1986 om Holeøigarden

Stadnamninnsamlinga i Hafslo. Uppskrivar Ola Eikum frå :

- Mons Bathen 08.04.1986 om Ormshaug

Steinnes Asgaut : Om dei to eldste drikkehorn i Danmarks Nationalmuseum, Norsk Slektshistorisk Tidsskrift, bind 21, Oslo, 1968

Steinsland Gro : Det hellige bryllup og norøn kongeideologi, Oslo, 1991

Storm Gustav : Islandske annaler, Christiania, 1888

Svarstad Carsten : Myntfunnnene fra Urnes Stavkirke, Foreningen til Norske Fortidsminnemerkes Bevaring Årbok, Oslo, 1961.

Særheim Inge : Oppsta, Ævest, Nylst - litt om stad-namn på Jæren, Ætt og Heim, Lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1985.

Særheim Inge : Gardsnamn og busetjingsutvikling, litt om datering av gardsnamn på -land, Ætt og Heim, Lokalhistorisk årbok for Rogaland, Stavanger, 1994.

Sølvberg Ingvild Øye : Driftsmåter i vestnorsk jordbruk, Oslo, 1976

Thomsen Wilhelm P L : Some settlement patterns in Medivial Orkney, i boka The Viking Age in Catithness, Orkney and the North Atlantic, Edinburg, 1995

Thordarson Sturla : Soga om Håkon Håkonson, i Finn Hodnebø og Hallvard Magerøy ,Norges kongesogaer, bind 4, Oslo, 1979, side 323.

Trætteberg Hallvard : Skiøld, i Kulturhistorisk leksikon for den nordisk middelalder, bind 16, 1971

Trætteberg Hallvard : Geistlige segl, Oslo bispedømme, Oslo, 1977

Undset Ingvald : Norske Oldsager i Nordiska Museet i Stockholm, Christiania Videnskapers Selskaps Forhandlinger, Christiania, 1888.

Urnes Thomas: Sætrer under garder i Fet og Jordanger sokna av Hafslo herrad, Institutt for sammenliknende kulturforsking, Oslo, 25.8.1934

Venjum Einar: Sætrer under garder i Hafslo herrad, Institutt for sammenliknende kulturforsking, Oslo, 4.12.1934

Verwolht Ernst : De jyske Hvider og deres heraldik, Heraldisk Tidsskrift nr 6:57 side 318ff, 1988

Vorren K D, E Nilssen og B Mørkved : Age and agricultural history of the "stadir"-farms of North and Central Norway, Norsk Geografisk Tidsskrift, Oslo, 1990.

Vågslid Eivind : Stadnamntydingar III, Oslo, 1979

Vågslid Eivind : Norske skriverar i mellomalderen, Oslo, 1989

Wishmann Erik Hauff : Studiet av Ryfylkes klimahistorie, Stavanger, 1979

Øiane Lars : Luster, bind 1-5, Bergen, 1984, 1986, 1987, 1991 og 1994

Øye Ingvild : Høgmiddelalderen 1050-1350, i Sogndal bygdebok, bind 1, Sogndal, 1986