PERSONAR OG ÆTTER I LUSTER – REFLEKSJONAR KRING LILJE- OG KRONEMOTIVET PÅ SKJOLDA I DALEKYRKJA

© Arne Kvitrud, Sondre Nordheimsgate 9, 4021 Stavanger.

Dokumentet er opprinnelig laget i 1995 og publisert i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.

Denne versjonen er lagt på internett 15.9.2002.

Retur

 

I 1626 reiste Jon Skaanevig omkring, teikna og skreiv opp minnesmerke og runeinnskrifter.1 Han var òg i Dalekyrkja i Luster i Indre Sogn. Der teikna han av to skjold som i "gamle dagar" vart nytta i krig. På skjolda var det innteikna eit våpenmerke. Det var to kroner over ei lilje. Ingen visste i 1626 kven som hadde eigd skjolda, men dei hadde "alltid" vore i kyrkja. Det same våpenmerket finn ein att hjå adelsmannen Pål i Trondheim og hjå Toralde Sigurdsson, som er omtala mellom 1380 og 1397. To andre våpenmerke, med berre ei lilje og utan kroner, var på slutten av 1600-talet teikna opp i Dalekyrkja. Dei kan ha vore måla på noko som var i kyrkja. Veggene, som vart måla i 1570-åra, har ikkje bilete av skjold.2 Skjolda er drøfta av Trætteberg3 og Bjønnes4 . Dei er av Trætteberg tidfesta til mellom 1230 og 1290. Kyrkja er truleg frå kring 1280 (Magnus Olsen og Aslak Liestøl)5 eller 1250-1300 (Ola Seter) 6 .

Med utgangspunkt i Dalekyrkja har eg stilt fire spørsmål :

1. Kven gav jord til rådvelde for bygging av kyrkja?

2. Kven fekk tak i byggmeisteren?

3. Kven kan ha gjeve klebersteinane til kyrkja?

4. Kven kan ha gjeve lausøyre til utsmykkinga av kyrkja?

Eg har teke utgangspunkt i kva som kan koplast mot lilje- eller kronesymbolikken. Eg har òg avgrensa svara på spørsmåla til heimelsmenn frå det som i dag er Luster kommune. Eg vil i tillegg sjå om nokre av personane som kan knytast til Dalekyrkja, òg kan ha hatt samband med Trondheim. Dette ut ifrå bruken av våpenmerket i Trondheim.

  

1. Kven gav jord til rådvelde for bygginga av kyrkja?

 

Den kyrkjelege jordeboka Bergens kalvskinn, som truleg er samanskriven like etter 1350, gjev eit oversyn over eignelutene til prestar og kyrkjer i Bjørgvin bispedøme. Lista for Sogn er bygd på ei liste frå 1316, der endringane som har kome mellom 1316 og 1336, er førde inn.7 Ein finn at Dalekyrkja i denne lista berre hadde ein part i Gorvin i Sogndal og ikkje noko anna.8 I 1585 var derimot Dalekyrkja eigar av ein halv laup smør i Dale,9 og eit brev frå 1324 kan tyde på at kyrkja kan ha hatt eigedom i Dale då òg (sjå nedanfor).

I 1322 og 1324 var det strid mellom "dalsmennene" og bøndene på Ottum om bruken av stølsvegar til Marstakka og Lø.10 Det vart kalla inn til eit forliksmøte i 1324. For Dale møtte sira Arne, prest i Dale for "kyrkja", Bård Raude for seg sjølv og Arnfinn Arnesson for seg sjølv og broren Tjoster. Så heiter det at desse tre òg representerte dei andre som åtte jord i Dale. Kven det var, seier ikkje brevet noko om. Dersom Dalekyrkja i 1324 hadde eigedom i Dale, kan Bergens kalvskinn ikkje vera fullstendig. Men samanhengen kan vera ein annan: Dale er innført i Aslak Bolts jordebok frå 1440-åra,11 og den kyrkja som hadde eigedom i Dale i 1324, kan då vera Olavskyrkja i Trondheim. Men erkebiskopen hadde ikkje eigedom i Dale i mellomalderen,12 så nokon eintydig konklusjon når det gjeld eigedomstilhøva, kan ein ikkje gje.

Arnfinn Arnesson, som førte saka mot eigarane av Ottum i 1322 og 1324, var ein stor luteigar med bygslingsrett i Dale. Han er likevel ført etter Bård Raude i lista over eigarar. Bård Raude er elles ukjend.

Arnfinn Arnesson dukkar opp igjen i fleire seinare dokument. 18. september 133713 var han rådmann i Bergen og deltok i eit makeskifte. 23. juni 133814 vitna Arnfinn Arnesson "på Dale" at Ragnhild Ormsdotter på For i Luster hadde fått full betaling for eit eigedomssal. 2. september 134015 var Arnfinn på Dale igjen vitne ved ein eigedomshandel i Bergen, og han er no kalla a Dale - på Dale. Arnfinn var då framleis rådmann. I Regesta Norvegica16 er Arnfinn ført som heimeverande i Hordaland, men med eit spørsmålsteikn bak. Hordaland kan ikkje vera rett.

Grunnen til at Arnfinn blir tillagt Dale-namnet, er truleg at han åtte ein større del av garden. Han har likevel budd i Bergen. Han kan òg ha budd i Bergen i 1322 og 1324, og kalla inn til rettsmøta for å klargjere sine eigne rettar. Arnfinn var truleg ein lågadelsmann. Sidan broren òg åtte i Dale, var nok eigedelen mest truleg arvegods.

Arnfinn Arnesson hadde i 1338 eit delt våpenmerke med ei halv lilje og ein halv blome ("rose").17 Eit delt merke, som Arnfinn Arnesson hadde, kan visa til to ætter. Det var likevel på 1300-talet ikkje faste reglar for korleis seglet skulle setjast saman. Ein kan difor ikkje bruka seglet som anna enn eit indisium på ættesamband.

Roser som symbol er i Noreg mellom anna kjent frå Trondheim sitt byvåpen.18 Ein legg merke til at utforminga av rosa i byvåpenet endra seg over tid. Motivet, rosa, var det same, men utforminga var opp til kunstnaren. Skal ein overføre det til seglet til Arnfinn Arnesson, var blomen det viktige. Sjølve utforminga av blomen var ikkje så viktig.

Ein svært liten del av mellomalderbileta på veggene i Dalekyrkja er avdekte. Mellom dei finn ein i koret tre heile blomar, rundt ein mann. Dei er frå 1300-talet.19 Ein finn òg roser innhogde i klebersteinsportalen på vestveggen. Ein merker seg at portalen ikkje er symmetrisk. På venstre side har ein roser, som i seglet. På høgre side har ein blad og kvistar (akantus). Seglet har her liljeblad. Fører ein analogien med rosene vidare, kan det vera at motivet i våpenmerket og portalen er roser og blad. Utforminga av rosene og blada har vore opp til kunstnaren. Heraldikaren valde kanskje heraldiske liljeblad, medan kyrkjekunstnaren valde akantus.

Dalekyrkja kan ha vore sett opp på grunn som vart gjeven for å byggje ei kyrkje der. Far til Arnfinn og Tjoster, som har hatt namnet Arne, kan ha vore ein stormann med bustad på Dale på slutten av 1200-talet. Det er fleire med namnet Arne til dømes i Bergen, men òg i Trøndelag, så ei slutning ut frå namneform blir hypotetisk.

Ser ein vidare til Trøndelag, har ein der Serkve Arnesson. Ein kjenner han som eigar av seglet med ei krone over ei halv lilje.20 Ein hypotese kan vera at Arnfinn, Tjoster og Serkve var brør.

Ein kan tenkja seg at denne Arne var sentral ved bygginga av Dalekyrkja. Han må ha døydd før 1322 og kan ha hatt eit liknande våpenmerke som det Arnfinn Arnesson hadde. Ein kan òg spekulere i om han sjølv har ført liljevåpna med kroner, og vore gift med ei som har roser som ættemerke. Ein kandidat er då fru Margrete på Sørheim, som eg kjem tilbake til.

 

2. Kven fekk tak i byggmeisteren?

 

Dietrichson21 skriv at Dalekyrkja i større grad enn noko anna kyrkje i Noreg har detaljar som Sankt Magnuskatedralen på Kirkwall på Orknøyane. Det gjeld dei delane av katedralen som vart bygde kring år 1250. Etter segn i Luster skulle Dalekyrkja ha vore bygd av skottar. Dietrichson meiner at ættesamband med Orknøyane kan ha ført til at dei fekk steinhoggarar der ifrå. Magnus Olsen og Aslak Liestøl22 held stilen for å vera engelsk.

Noko som kan visa til Orknøyane, er ei innskrift i Urneskyrkja. Her er innrita med runer: Magnus hinn helgi - Magnus den heilage.23 Magnus var jarl på Orknøyane. Eg kjem tilbake til Urnes.

I 1263 var Dag på Sudrheimum i vesterveg saman med kongen.24 Det var fleire skip som la ut. Dag var i same skipet som kongen. Noko meir veit ein ikkje om han. Dei var mellom anna på Orknøyane. Dag kan ha teke med seg steinhoggarar heim eller blitt kjent med dei og fått dei til å koma seinare.

Sudrheimum finn ein omtala i 1239-1240.25 Guttorm frå Sudrheimum var då ein av mennene til hertug Skule i Trondheim. Skule hadde tidlegare vore sysselmann i Sogn. Guttorm kan ha vore Skule sin mann frå den tida. Mellom dei som fekk grid då kong Håkon tok Trondheim i 1240, var Jon frå Sudrheimum.26 Det vart då sagt at Jon var i ætt (frende) med kongen.

Garden Sudrheimum kan vera Sørheim i Luster eller Sørum på Romerike. Etter Henning Sollied27 høyrde Jon til på Sørheim i Luster. Han bygde dette på at namneformen Sudrheimum er den same som vart nytta om fru Margrete, Pale og Kolbein som ein veit sikkert høyrde til på Sørheim. Engebret Hougen28 meinte derimot at Jon høyrde til på Sørum. Noko sikkert kan ein ikkje seia.

I fyrste halvdel av 1300-talet budde det på Sørheim ei enke med namnet fru Margrete (Sudrheimum). I sitt testament gav ho tre kyr til presten i Dale.29 Fru Gyrid på Slinde i Sogndal hadde ei dotter med namnet Margrete.30 Som alt P.A. Munch31 gissa på, kan det vera at det var Margrete på Sørheim. Ein gong mellom 1316 og 1336 gav ho 2 månadsmatabol i Langen i Luster til Ylmheimskyrkja og 2 månadsmatabol til presten der.32 Ho var i så fall dotter til riddaren Audun og fru Gyrid på Slinde. Audun hadde eit seglmerke med tre femblada roser i seg.33 Kven Margrete var gift med, veit ein ikkje.

Den samhendinga mellom Noreg og Skotland ein veit mest om på denne tida, er giftarmålet i 1281 mellom kong Erik Magnusson og Margrete, dotter av den skotske kongen Aleksander III. Mellom dei som vart att i Skotland som gislar til kong Erik vart 14 år, var riddarane Bjarne Erlingsson, Andres Petersson og Audun av Slinde. 34 Eg kjem attende til Bjarne Erlingsson og Andres Petersson. Audun av Slinde kjenner ein att som mogleg far til fru Margrete på Sørheim. Audun kan òg ha vore med på å få skotske byggmeistrar til Dale. Kanskje vart kyrkja bygd like etter 1281, delvis som eit minne om giftarmålet og med ein eller fleire av gislane frå Skotland som sponsorar.

I 1531, fekk Johan Kruckow livbrev på mellom anna Sørheim og Kroken.35 Sørheim og Kroken kan òg ha hatt same eigar tidleg på 1300-talet. Ein mogleg kandidat er då herr Alv i Kroken. Eg kjem tilbake til han.

Wullf36 viser til at liljer og kroner var i bruk i store delar av Europa som fyrste- og adelsvåpen. Liljer finn ein òg på fleire norske og danske myntar frå mellomalderen. Ekkja 37 viser til at om lag 10 prosent av alle norske segl i tida frå 1298 til 1400 hadde ei eller fleire liljer. Særleg mange slike våpen var det i Sogn og på Voss.

Det er eit ope spørsmål om ein kan knyte gardane Sørheim og Kroken til ei ætt som hadde eit liljevåpen. Det næraste ein kjem eit våpenmerke, er rosene til Audun på Slinde, som òg kan ha vore brukt av foreldra til Audun. Det er òg uvisst om det er noko samband mellom eigarane av Sørheim på 1200- og 1300-talet og dei som åtte garden på 1500-talet. Tilknytinga til Trondheim er òg uviss.

Med høgætta folk på Sørheim reiser spørsmålet seg om kvifor ikkje Dalekyrkja vart bygd på Sørheim. Dale ligg på vestsida av Lustrafjorden og Sørheim på austsida. Ein måtte i båt frå Sørheim for å nå Dalekyrkja eller Søvdekyrkja. Plasseringa av kyrkja kan ha vore styrt ut frå ynskje og makt hjå einskildpersonar, men òg ut frå ei vurdering av folkemengd og økonomisk tyngdepunkt. Korleis var tilhøva i området kring Lustrafjorden like før kyrkja vart bygd? Kva kyrkjer fanst då, og kvar ville det vera best å byggja ei ny? Ein kan stilla mange spørsmål, men ikkje gje svar på så mange av dei. Ein kjenner ikkje i dag til kor stor Dalesokna var på denne tida. Litande kjelder har ein ikkje før på 1600-talet, men då eksisterte ikkje Søvdesokna lenger. Dalesokna omfatta då både Dalesokna og Søvdesokna.

Om steinkyrkja på Dale er den einaste kyrkja som har vore på Dale, veit ein ikkje. Det er ikkje noko av kyrkja som viser til ei eldre kyrkje. Mest truleg er då steinkyrkja den fyrste kyrkja på Dale. Mest talar for at Dalesokna vart skilt ut frå Søvde, men det er òg mogleg at sokna vart skilt ut frå Fortunsokna. Ein hadde der ei kyrkje frå slutten av 1100-talet - den no nedbrende Fantoft stavkyrkje. Ut frå bispevisitasen ein gong mellom 1321 og 1324 høyrde Dale inn under fjordungskyrkja på Stedje i Sogndal38 og ikkje under den på Tønjum i Lærdal, som ho nok ville ha vore om sokna hadde vore skilt ut frå Fortun. I Dalekyrkja er det likevel ei runeinnskrift "Nikolaus... prest i Lærdal" frå andre halvdel av 1200-talet.39 Ein må nok vera varsam med å konkludera for bastant.

I 1316 hadde dalepresten berre eigedelar på samla 4,5 månadsmatabol.40 Ut frå inntektene var presteembetet på Dale mellom dei minste i Sogn. Truleg kom det av at det var såpass nytt. Presten og kyrkja på Søvde hadde større inntekter både i tiend og jordegods. Mellom 1318 og 1336 vart Dalekyrkja eigar av delar av Bolstad,41 men ikkje mykje. Eit problem er då skrivet frå 1306. Det vart då42 sagt at Bjørn Prestbror skulle ha 20 laupar smør i året av prestegodset. Så mykje hadde ikkje presteembetet i Dale i leigeinntekter. Slår ein saman leigeinntektene frå Dale med dei frå nabosokna Søvde, vil ein koma høgare enn 20 laupar. Mest truleg var då dalepresten òg prest over Søvdesokna. Nokon eigen prest hadde heller ikkje Søvdesokna då det var bispevisitas i Sogn ein gong mellom 1321 og 1324.43 Mest truleg har då dalepresten vore prest over begge sokna frå Dalekyrkja vart bygd på slutten av 1200-talet.

I 1635 hadde gardane som sokna til Dalekyrkja, ei landskyld på 20,8 laupar på austsida av fjorden, der Sørheim var størst med 10 laupar.44 Gardane på vestsida hadde 112,7 laupar, der Søvde var den største med 13,5 laupar. Dale var av dei minste med 2,5 laupar. Det økonomiske tyngdepunktet var utan tvil på vestsida av fjorden, og sameleis var det nok òg til fulle med folketalet. Ein skulle utan vanskar kunne forsvare ei ny kyrkje på Dale framfor på Sørheim.

Eg vil tru at Søvdesokna på vestsida av fjorden har vore frå Talla til Dysjaelva, og at Dalesokna var frå Dysjaelva til Fjøsne. Kva gardar på austsida av fjorden som høyrde til kva sokn, er verre å seia noko om. Ein ser at fru Margrete på Sørheim gav ei gåve til Dalekyrkja45 medan Audun på Slinde gav ei gåve til Søvdekyrkja.46

I Bergens kalvskinn er søvdepresten ikkje ført med tiend. Søvdekyrkja hadde 40 laupar, 10 såld korn og 1 mark brent sylv i tiend.47 Dalekyrkja hadde 2 laupar og presten 30 laupar i tiend.48 Det manglande samsvaret mellom tienda til prestar og kyrkjer gjer det vanskeleg å seia noko sikkert om storleiken på dei to sokna. Ein får helst tru at tiendinntektene berre var omfordelt mellom prest og kyrkje i same sokna. Preste- og kyrkjetienda i Dalesokna ville då vera 32 laupar og for Søvde 40 laupar, 10 såld korn og 1 mark brent sylv. Søvdesokna var størst og omfatta austsida av fjorden med Sørheim.

 

3. Kven kan ha gjeve klebersteinane til kyrkja?

Produksjon av kleberstein kan det ha vore fleire stader i Luster. Tradisjonen er likevel eintydig.

Gert Falch Heiberg50 skriv at det på Fet kyrkjegard i Luster låg ein gamal gravstein frå mellomalderen. Han var forma som eit kistelok. Steinen skulle etter segna ha høyrt til ein merkeleg fut som ein gong budde på Fet. Heiberg skriv òg at den same futen skal ha bygt ein stor steinhall av kleberstein. Ein gotisk portal av kleberstein - som no er øydelagd - kunne framleis framvisast i ein kjellarmur. Steinane til portalen og til Dalekyrkja skulle kome frå eit gamalt brot rett ovanfor Fet, nordaust for stølen Dalen.51 Ola Seter52 skriv at restane av portalen på Fet kunne passe med ei døropning på 1,5 m. Portalen var hogd av kyndige hender og må ha vore særs vakker. Bendixen53 skriv at han er frå andre halvdel av 1200-talet. I Riksantikvaren sitt arkiv om saka står det at det er tale om stein av same type som er i portalane i Dale kyrkje i Luster54 , og at Fet-portalen er frå 1200-talet.55

Kven er denne høge herren som har sett spor etter seg på Fet? Ein får tru at klebersteinsportalen var frå same tida som Dalekyrkja. Ein er då i andre halvdel av 1200-talet.

I 1309 er Ingebjørg Jonsdotter kalla fru Ingebiorgar a Fit,56 men utan at det vart skrive kvar garden låg. Etter det eg kan sjå, er det to gardar på Vestlandet som kan ha vore Fit: Fet i Luster og Fet i Kvinnherad. Regesta Norvegica identifiserer Fit med Fet i Kvinnherad i Hardanger, men set spørsmålsteikn bak og gjev inga grunngjeving.57

Fru Ingebjørg er nemnd i fleire skriv fram til 1326, men 1309 er den einaste gongen ho blir skriven til Fit. Fet-namna i Luster og Kvinnherad kjem frå det same ordet.60 Uttalen etter Rygh61 er noko ulik, men ikkje så ulik at eg kan bruka uttalen til å skilje mellom gardane. Begge gardane er òg skrivne som Fit i fleire kjelder. Ingebjørg hadde ætta si frå Kvåle i Sogndal. 62

28. november 1309 63 var Ingebjørg i skrudhuset hjå fransiskanarane i Bergen. Fru Ingebjørg og herr Andres hadde gjeve lovnader om å setja i stand Finnøy kyrkje i Rogaland, og det vart avtalt at Ingebjørg skulle betala bispen 40 mark fornt i varer og smør. Ho pantsette òg 10 mmb i garden Berge på Finnøy til bispen og kyrkjene i Stavanger. Dei skulle ha landskyld frå Berge til dei 40 marka var betalte. Slik det er skrive, vil eg tru at herr Andres var hennar avdøde ektemann. Ein ser altså ekteparet som sponsor for ei steinkyrkje. Dei kan godt ha vore det for Dalekyrkja òg .

I Regesta Norvegica bind II er det nemnt fleire riddarar med namnet Andres i tida 1264-1300 : Andres Gregoriusson, Andres Nikolasson, Andres (Pålsson) Plytt og Andres Petersson. Andres Nikolasson døydde i 127364 og Andres Plytt seinast i 128365. Dei er såpass tidlege at ein nok kan sjå bort frå dei. Andres Petersson er berre kjent i eit skriv (frå Skottland i 1281),66 så det er ikkje råd å få meir ut av han. Det har vore gissa på at Andres Petersson og Andres Plytt var same mann, men det vert helst spekulasjon. Våpenmerket er ikkje kjent for nokon av Andres-ane. Andres Gregoriusson var dotterson til kong Håkon og Kanga.67 Han kan ha hatt kroner i våpenmerket sitt ut frå det. Noko meir sikkert om kva for ein Andres som fru Ingebjørg var gift med, kan ein nok ikkje seia.

I eit brev datert 15. juni 132068 dukkar Fet opp att i kjeldene. Eirik Andresson på Fet hadde motteke 65 laupar frå abbed Einar i Munkeliv kloster i Bergen, som skulle betalast tilbake seinast 3. august. I motsett fall skulle abbeden ha tre månadsmatabol i Vinderdal i Lærdal i Sogn til gjelda var betalt. Abbeden fekk òg pant i eit sylvkar som Eirik åtte. Eirik betalte ikkje gjelda si, og Vinderdal vart teken over av Munkeliv kloster. Noko meir om Eirik Andresson frå Fet er ikkje kjent. Brevet er berre ei avskrift i arkivet til Munkeliv kloster, så vi har ikkje noko segl som kan hjelpa oss. Det skulle ikkje vera urimeleg å tru at Eirik er sonen til herr Andres frå 1309. Regesta Norvegica bind IV69 er denne gongen i tvil om det er Fet i Luster eller Kvinnherrad. Eldre eigarar av Vinderdal er ukjende.

Hjå Absalon Pederssønn70 finn ein ei opplisting av framståande personar på kong Christian I's tid (1450-81) : .... fru Kirstin Taraldsdotter (som man og kalte Smørhette) hennes mand Herlag Peterssøn boede der paa Fit i Sogn, 1471 boede en anden ridder paa Fit, hed herr Erik Anderssøn, (hans frue Margretha Ivarsdotter) ... Her vert fleire adelsfolk knytta til Fet i Sogn. Fru Kirstin Taraldsdotter var dotter av Toralde Sigurdsson og Adelus Erlingsdotter.71 Toralde Sigurdsson kjenner ein att som eigaren av seglet med ei lilje og to kroner.72

Frå min synsstad passar Andres på Fet godt inn som den merkelege herren som etter segna skal ha budd på Fet i Luster. Noko anna enn indisium kan eg likevel ikkje leggja fram.

Ein frende til Kirstin Taraldsdotter var Bottolv Eindridesson som i 1463 selde ein part av Tolstad i Vågå.73 Han kan vera sonen til Eindride Bottolvsson og sonesonen til Bottolv Eindridesson på Finne på Voss.74 Desse hadde eit våpenmerke med ei halv lilje på venstre side og to stjerner på den andre.75 Mannslina i denne slekta kan førast tilbake til garden Kvam i Luster.

Ein måte å koma vidare på er å ta prøvar av klebersteinane i steinbrotet på Fet, i Dalekyrkja og i Finnøykyrkja. Ein kan da undersøke den kjemiske samansettinga og slå fast om dei er like.

 

4. Kven kan ha gjeve lausøyre for utsmykkinga av kyrkja?

Skjolda var lausøyre. Kan det vera at han som gav skjolda, òg gav andre gåver til kyrkja? Det finst fleire gjenstandar i kyrkja som er frå før 1349. Kan det òg tenkjast at det vart gjeve like gåver til meir enn ei kyrkje?

Kyrkjene på Dale, Fet og Nes har døypefontar av kleberstein som er nesten like.76 Fet har eg omtala før. I Neskyrkja er det eit antemensale med ei heraldisk lilje ved føtene til jomfru Maria. I spørsmålet om gjevaren har eg ikkje noko stort persongalleri å spela på.

På 1500-talet skreiv Absalon Pederssøn, som var biskop i Bergen, si soge om Noreg77. Absalon var truleg frå Aurland, så han burde kjenne ein del til Sogn si soge. I eit avsnitt om Sogn skriv han at det i "fordums tid" budde adelsfolk på Talsete. Talsete ligg i Nessokna på austsida av fjorden. I 166978 var det strid mellom eigarane av Sørheim og Flahammar om eigedomsretten til Talsete. Det vart då sagt at Talsete i over 300 år hadde høyrt til Flahammar. "Fordums tid" må då ha vore før den store mannedauden.

25. januar 130979 blir det opplyst at baronen Bjarne Erlingsson, som òg var eigar av Ornes, testamenterte 9 månadsmatabol i Talsete til brorsonen Jon. Eg kjem attende til Bjarne Erlingsson.

Ser ein vidare på det ein kjenner av utsmykking i Dalekyrkja, er det eit ljosskip, som ein finn maken til i Urneskyrkja,80 - forma som eit vikingskip i miniatyr og med vimplar med halvmånar. Truleg er det den same som har gjeve dei to skipa. Og går ein til Urneskyrkja for å sjå om det der er noko som kan visa ein til lilje- eller kronemotivet, så er det faktisk det!

I Historisk Museum i Bergen er det to skulpturar frå Urneskyrkja. Den eine er ei framstilling av madonna med krone. Etter Frimannslund81 er skulpturen frå om lag år 1150. Hauglid set alderen til 1200-talet.82 Krona er med fire liljer. Madonnaen kan vera laga særskilt for å illustrere eit lilje-kronemotiv. I Stavanger domkyrkje er det til dømes eit hovud med ei liknande krone med liljer, som ein meiner kan vera kong Magnus Lagabøte. Kan skulpturen frå Urneskyrkja vera ei dronning, og kan ho koplast saman med ættene ein ser på her?

I 130983 sette baronen Bjarne Erlingsson (død 1313) opp sitt testamente. Som nemnt åtte han Ornes, og frå denne garden fekk han 128 laupar smør i året i landskyld. Bjarne hadde arva det svære Bjarkøygodset i Nord-Noreg. Med giftarmålet med Margrete Nikolasdotter (død 1305) frå Giske på Sunnmøre84 vart han i 1270-åra eigar av det største godset mellom Bergen og Trondheim. Ornes var den største garden Bjarne åtte.

Dei flotte emaljerte ljosestakane i Urneskyrkja er frå Limoges og daterte til slutten av 1200-talet.85 I Urnessokna ser eg to mogelege kandidatar til kven det kan ha vore som gav ljosskipet, ljosestakane og madonnaen til Urneskyrkja og ljosskipet og skjolda til Dalekyrkja: Bjarne Erlingsson som var i Skotland i 1281,86 og Alv i Kroken. Kroken er delt mellom Nes- og Urnessokna. Gerhard Munthe87 skriv at Alv må ha budd på Ytre-Kroken, som høyrer til Urnessokna. Det er påfallande at Bjarne Erlingsson, som i testamentet sitt har med mange gåver til ei rad kyrkjer i heile landet, ikkje har med Urneskyrkja. Derfor blir Alv ein sterk kandidat til å vera gjevaren. Men det kan sjølvsagt òg ha vore andre ukjende gjevarar til ulike tider. Den nemnde Arne på Dale kan sjølvsagt òg ha gitt gåver til Dale- og Urneskyrkjene. Bjarne Erlingsson hadde eit segl med liljer rundt ein griff.88 Liljer er likevel ikkje hovudmotivet.

Etter 1309 finn ein ikkje att Ornes i noko skriv før i 1380, 89 men Ornes var nok i ætta til Bjarne Erlingsson i mellomtida.

I 1298 var Alv i Kroken på oppdrag i Trondheim. 10. mars det året90 skriv han eit brev til mellom anna Bjarne Erlingsson, der han rapporterer kva han har gjort. Saman med Alv i denne undersøkinga var Audun og Bård Vigleikssøner. Audun kjenner ein att som eigaren av seglet med ei krone over ei lilje. Noko ættesamband mellom Alv, Audun og Bård er ikkje omtala.

14. august 1298 er Alv i Kroken, Nikolas Lagmann og Eindride Kvite vitne ved salet av ein eigedel i Eide i Nordfjord.91 Handelen vart truleg gjort i Bergen. Eindride Kvite høyrer til ætta på garden Kvam i Luster, som eg har omtala før.

Alv vart frå 1301 titulert herr Alv frå Kroken,92 så han har høyrt til det øvste laget innan aristokratiet. Alv i Kroken var den norske kongen sin skatteoppkrevjar på Island93 og drog i 1305 til Island som hirdstjore. Einar Havlidesson fortel at Alv døydde av sjukdom på Island vinteren etter.

Etter Alv finn ein ikkje att Kroken i kjelder før i 1378.94 Då var Kroken mellom eigedelane til Bjarne Erlingsson si ætt. Med den nære knytinga til Bjarne Erlingsson kan ein tenkja seg at Alv var Bjarne sin ombodsmann i Sogn, men dei kan òg ha vore i slekt. Seglet til Alv er ikkje kjent.

Som omtala før, kan Alv ha vore eigar av både Sørheim og Kroken, og ein kan tenkja seg at han var gift med fru Margrete (Audunsdotter) på Sørheim. Med store gardar i to kyrkjesokn kan han ha gjeve gåver til begge kyrkjene.

Annales Regii opplyser at herr Alv Bassesson døydde i 1305.95 Det er nok vår Alv. Etter Regesta Norvegica var det berre ein riddar med namnet Basse. Det er herr Basse Guttormsson. Basse Guttormsson er omtala i fleire dokument som er dagsett i tida frå 1286 til 1301. Dei seier lite om hans eiga ætt, men vi får vita at han hadde ein brorson med namnet Guttorm i 1298.96 Dei fleste skriva om Basse er dagsette i Stavanger. Ein lyt tru at han var busett der. Knut Helle 97 held det for rimeleg at Basse var sysselmann for Sør-Rogaland. Våpenmerket til Basse er kjent.98 Det er utan liljer.

I ei engelsk kjelde er omtala ein Alv Krok i 1308.99 Har ein så hatt to mann med namnet Alv i Kroken? Ein kan i tillegg spørja om Gerhard Munthe100 si knytting av Alv til Kroken er rett. For ein må òg kunna sjå for seg Kroken som ein kjent bygard i Trondheim. Alv Krok i 1308 er omtala saman med mange frå Trondheim og kan vera sonen til Alv Basseson.

Bruken av liljer hjå Kruckowane på Kroken har eg omtala før.

 

Drøfting

Etter å ha prøvd å gje svar på mine fire spørsmål vil eg kort drøfta metodeval og kven som kan ha vore eigar av skjolda.

a) Metode

Ein er i ein periode der talet på kjelder er lågt. Ein vil tradisjonelt sjå etter sjå etter skriftlege kjelder som gir direkte svar på dei spørsmåla ein vil ha svar på, på eigedomstilhøva og på skjold- eller seglmerker. Ein kan berre i liten grad gjera bruk av det, om ein skal finne ut kven som eigde skjolda i Dalkyrkja. Eg har prøvd med dette arbeidet å sjå om det er råd å bruka andre kjelder.

Eg har ved å stilla ulike spørsmål i tilknytnad til Dalekyrkja prøvd å sjå om det kunne vera noko samband mellom denne kyrkja og personar i Luster. Ser ein på dei svara eg har fått, og knyting mot gardar, kan ein laga denne tabellen :

 

 

Spørsmål

1

2

3

4

Dale

+

 

 

+

Sørheim

 

(?)

 

 

Fet

 

(?)

+

+

Ornes

 

(+)

 

(+)

Kroken

 

 

 

+

Talsete

 

 

 

+

Kvam

 

 

(+)

(+)

+ = positiv knyting

(+) = sekundær knyting

(?) = mogeleg knyting

Ein kan ikkje utan vidare nytta eit positivt svar på eit av spørsmåla til å gje svar på eit anna (opphavet til skjolda). Sjølv med to positive svar lyt ein nok vera varsam. I praksis kan ein berre nytta positive svar som indisium på same måten som ein kan nytta dei eldste seglmerka. Ein kan ikkje bruka metoden utan å kople han mot andre (skriftlege) kjelder. Elles vert feilprosenten altfor høg.

b) Skjolda i Dalekyrkja

I drøftinga har eg lagt vekt på å undersøkja om det kan vera samband mellom Dalekyrkja og dei som budde på gardane Dale, Fet, Sørheim, Kroken og Ornes. På alle desse gardane kan ein med litt godvilje visa til bruken av liljer eller kroner i segl og våpenskjold. Noko som nesten er for mykje av det gode! Eg har avgrensa meg til Luster. Hadde eg brukt eit større geografisk område, ville eg nok ha funne fleire. Ein kan nok seia at liljemotivet har vore i så ålmenn bruk at ein lyt visa stor varsemd i å bruka det som prov på noko som helst. Det er likevel påfallande at så mange nytta liljesymbolet. Om dette var ut frå eit ynskje om å visa at dei var fromme,101 ættetilhøve102 eller andre tilhøve,103 veit ein ikkje sikkert.

Skjolda kan vera eldre enn sjølve kyrkja. Den opphavlege eigaren treng då ikkje å ha vore med i sjølve bygginga, men det er mogleg. Trætteberg104 skriv at dei to segla i Dalekyrkja kan ha høyrt til far og son, eller ein mann som laga eit nytt etter at det gamle vart utslite. At dei i ei ætt nytta det same våpenmerket, var ikkje uvanleg. Verwohlt105 har vist at ætter i Danmark hadde same våpenmerket frå kring år 1200 og i fleire hundre år. Slik kan det òg ha vore i Noreg, men som Bjønnes106 viser, veit ein lite om det.

Kven som åtte skjolda i Dalekyrkja, kan eg ikkje gje eit eintydig svar på. Det er i stor grad avhengig av alderen på skjolda. Skal eg likevel ut frå ulike føresetnader prøva, vert det :

i) Bjønnes107 og Stokke108 understrekar at ein ikkje kan bruka kroner i seglmerke som teikn på ættesamband med dei norske kongane. Held ein seg likevel til hypotesen om kongeleg samband, og ser gjennom persongalleriet for dette arbeidet, stoggar ein med Jon som kan ha budd på Sørheim. Ein kjenner han frå året 1240. Han var ein frende av kong Håkon og kan såleis ha bruka kronevåpenet for å understreka dette ættesambandet. Ut frå ættesamband med kongehuset er òg Andres Gregoriusson frå Stårheimsætta ein mogleg eigar av skjolda.

ii) Viser skjolda til ein i teneste hjå kongen, har ein òg fleire kandidatar. Det blir eit ope spørsmål kor langt ned i nivå av tenestemenn ein skal gå. Frå det øvste sosiale laget er Alv i Kroken, Andres på Fet og mannen til fru Margrete på Sørheim moglege.

iii) Held ein seg til metoden eg har brukt, finn ein den sterkaste knytinga mellom Dale- og Fetkyrkja. På Dale kan Bård Raude og Arne ha gjeve tomt for kyrkja, lausøyre og skjolda. På garden Fet kan paret fru Ingebjørg og herr Andres hypotetisk knytast til skjolda. Seinare ser ein at dotter til Toralde Sigurdsson skreiv seg til Fet. Andres kan ha skaffa døypefontane, klebersteinane og skjolda. Om han òg var Andres Petersson, som ein veit var i Skottland, kan han ha skaffa byggmeisteren.

iv) Bygging av ei steinkyrkje kravde langt større ressursar enn til dømes bygging av ei stavkyrkje. Ein føresetnad for bygginga må ha vore at ein eller fleire rike familiar stod bak. Eg ser for meg at Dalekyrkja kan ha vore bygd som eit samarbeid mellom fleire lokale stormenn. Det er lite ein i dag kjenner til som knytte stormennene saman til å gjera ein felles innsats for Dalekyrkja. Nokre av dei kan likevel ha vore saman i Skotland i 1281. Skjolda kan då ha høyrt til ein av dei.

v) Eg har vist at stormenn i Luster kan ha vore i Trondheim i den aktuelle tida. Dei kan ha fått med seg skjolda til utsmykking av den nye kyrkja. Frå 1200- til 1700-talet vart våpen, brynjer og skjold sett opp i kyrkjer i store delar av Europa, og særleg vanleg var det i England. Dei vart bore framfor gravfølgjet til kyrkja. Her var dei hengde opp, oftast høgt oppe på veggene og over grava til han som var død.109 Om same tradisjonen har vore i bruk i Noreg, har ein mest truleg å gjera med skjolda til ein eller fleire personar som er gravlagde i Dalekyrkje.

 

HJELP OG TAKK

Bjørn Bratbak har gitt meg mange nyttige opplysningar, drøfta hypotesar med meg, lånt meg bøker om liljemotivet og gitt meg merknader på fleire utkast til denne artikkelen. Harald Nissen har svara på spørsmål om heraldikk og sendt meg artikkelen til Verwolt. Brita Nykvist har svara på spørsmål om heraldikk. Anne Rutsengen gjorde meg merksam på portalen på Fet. Kirsten Bugge har sendt meg opplysningar om portalen på Fet. Geir Paulsen har svara på spørsmål om Dalekyrkja. Helge Ivar Vestre har lese språkleg korrektur på eit tidleg utkast.

Eg er takksam for den hjelpa eg har fått.

 

KJELDER

1. AM 370 FOL. Jonas Andersson frå Skånevik, om fornminne i Bergens Bispedømme 1626. Faksimileutgåve ved Asgaut Steinnes (Oslo, 1972).

2. Ola Seter: Tre lag kalkmalerier i Dale kirke, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok 1953, s. 3-34.

3. Hallvard Trætteberg: Sköld. Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bind 16, s. 124.

4. Anders Bjønnes: Lilje og kroner. Et norsk middelaldervåpen brukt i en slektshistorisk argumentasjon. NST XXXIII, s. 371-386.

5. Magnus Olsen og Liestøl, Aslak: Norges innskifter med de yngre runer, bind IV (1957), s. 88.

6. Seter 1953, s. 4

7. Audun Dybdahl: Agrarkrisen i Årdal, Lærdal og Borgund. I Lars Ivar Hansen (red.): Seinmiddelalderen i norske bygder (Oslo, 1981), s. 141-145, og Finn Hødnebø (utg): Bergens kalvskinn (Oslo, 1989).

8. P.A. Munch: Registrum prædiorum et redituum ad ecclesias dioecesis Bergensis saecula P.C.XIV, "Bergens kalvskind" (Christiania, 1843), s. 39b, og Finn Hødnebø (utg.) 1989.

9. Biskopen i Bergen: Jordebog 1585, bind 1a. Statsarkivet i Bergen.

10. DN II nr. 146 og DN I nr. 174, jfr. RN IV nr. 184 og 284.

11. P.A. Munch (utg.): Aslak Bolts Jordebok (Christiania, 1852), s. 109.

12. C. Brinchmann og Angerholt, J. (utg.): Olav Engelbrektssøns Jordebok (Oslo, 1926), s. 41.

13. DN II nr. 223.

14. DN I nr. 251.

15. DN V nr. 142.

16. RN V, s. 455 (register), jfr. Andreas Leiro: Mellomalderbrev frå Vossabygdene (Voss, 1964), s. 125.

17. H. J. Huitfeldt-Kaas: Norske Sigiller fra middelalderen (1899/1950), plansje XVII, nr. 334.

18. Rolf Grankvist: Nidrose- Olavsrose -Trondheimsrose, Rosesymbolet i Trondheim bys historie, Trondhjemske Samlinger 1987.

19. Seter 1953, s. 31.

20. Sjå note 4.

21. Lorentz Dietrichson: Monumenta Orcadica (Kristiania, 1906), s. 170, jfr. Edvard Qvale: Beretning angaaende Oldsager i Lyster Prestegield, Nordre Bergenhuus Amt (1810), UB i Bergen, manuskript 190c (om sogetradisjonane).

22. Sjå note 5.

23. Magnus Olsen og Liestøl, Aslak 1957 s. 104.

24. Sturla Tordarson: Soga om Håkon Håkonson. I Finn Hødnebø og Magerøy, Hallvard: Norges kongesagaer, bind 4 (Oslo, 1979), s. 323.

25. Same stad, s. 184.

26. Same stad, s. 210.

27. Henning Sollied: Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter, NST VIII, s. 259.

28. Engebret Hougen: Ættesoge for Gudbrandsdalen, bind 2 (Otta, 1968), s. 153.

29. Bergens kalvskinn, Munchs utg. 1843, s. 40a.

30. Same stad, s. 36b og 37a.

31. Bergens kalvskinn, faksimileutgåva 1989.

32. Bergens kalvskinn, Munchs utg. 1843, s. 36b og 37a.

33. NS nr. 71 (Audun Slinde, 1314).

34. DN XIX nr. 305.

35. Norske Rigs-Registranter, bind 1, s. 27.

36. Aage Wullf: Vaser, liljer og kroner i heraldikken. Vaapenhistoriske Aarbøker (København, 1966).

37. Kolbjørn T. Ekkja: Den kløyvde lilja (Sveio, 1982).

38. DN VII nr. 98.

39. Magnus Olsen og Liestøl, Aslak 1957, s. 90.

40. Bergens kalvskinn, Munch utg. 1843, s. 39b og 40a.

41. Sjå note 40.

42. DN III nr. 65.

43. Sjå note 38.

44. Jon Laberg: Utdrag av Lensregnskapene, bok I . Arkivnr. P186, Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane, Leikanger.

45. Bergens kalvskinn, Munch utg. 1843, s. 39b.

46. Sjå note 45.

47. Sjå note 45.

48. Sjå note 39.

49. Sjå note 44.

50. G.F. Heiberg: Sogns kirker i fortid og nutid, Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn, nr. 23 (1970), s. 20-21.

51. Mons Baten: Segn og Soga. Utg. av Hafslo Sogelag (1983), s. 60.

52. Ola Seter: Brev til Riksantikvaren av 4. og 13. august 1969, Riksantikvarens arkiv, Luster kommune, Fet.

53. B. E. Bendixen: Antikvariske iagttagelser, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok 1877 (Kristiania), s. 163-165.

54. Brev frå Riksantikvaren til lensmannen i Luster av 10. juni 1981.

55. Vedlegg til brev frå Riksantikvaren til Arne Kvitrud av 4. februar1993.

56. DN IV nr. 82.

57. RN III s. 370.

58. Olaf Rygh: Norske Gaardnavne, bind XI (Kristiania, 1910), s. 156.

59. Berje Aarbø: Kongsgarden på Fitjar, Tidsskriftet Sundhordaland (Stord, 1951), s. 23-27.

60. Olaf Rygh: Norske Gaardnavne , bind XI (Kristiania, 1910), s. 34, og bind XIII (Kristiania, 1919), s. 35. Jfr. O. Heitmann Andersen: Det norske folks busetning og landnåm, del 2 (Oslo, 1944), s. 182ff.

61. Sjå note 60.

62. DN VI nr. 84.

63. Sjå note 56, jfr. Halvard Bjørkvik: Finnøy, gard og ætt, bind 1 (1994) s. 122.

64. Gustav Storm (utg.): Islandske Annaler (Christiania, 1888), s. 331.

65. DN II nr. 112.

66. Sjå note 34.

67. Edvard Os: Stårheim og Stårheimætta i mellomalderen (Oslo, 1960).

68. DN XII nr. 57.

69. RN IV, namneregisteret, jfr. note 48.

70. Absalon Pederssøn: Norges Beskrivelse. I N. Nicolaysen: Norske Magazin I, (Christiania, 1860).

71. Henning Sollied: Nogen opplysninger om slektene Kruckow, Haar og Benkestok. NST III, s. 291, jfr. Magnus Mandal: Den ukjente hr. Toralde Sigurdsson, NST XXIX, s. 238-247.

72. Sjå note 4.

73. DN I nr. 864.

74. Yngvar Nielsen 1880, s. 40-50, jfr. Arne Kvitrud: Ætta til Oluf Gunderson Slinde. NST XXXII, s. 415.

75. Sjå note 37.

76. Harry Fett: Norges kirker i middelalderen (Kristiania, 1909).

77. Sjå note 70.

78. Jon Laberg: Utdrag av tingbøker, bok I. Arkivnr. P187, Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane, Leikanger.

79. DN XV nr. 1.

80. Roar Hauglid: Urnes Stavkirke i Sogn, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok 1969 (Oslo 1970), s. 68.

81. Borghild A. Frimannslund: Urnes-skulpturen i Bergens Museum, et dateringsproblem, Bergen Museums Årbok, Historisk-Antikvarisk rekke nr. 5, 16 upaginerte sider (Bergen, 1944).

82. Hauglid 1970 s. 65.

83. Sjå note 79.

84. Hallvard Magerøy: Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes godset, Historisk Tidsskrift 1988, s. 139.

85. Heiberg 1970 s. 28-29.

86. Sjå note 34.

87. Gerhard Munthe: Gaarden Kroken (ytre), Tids-Tavler, bind III (Christiania, 1874), s. 398-399, jfr. Jon Laberg : Hafslo, bygd og ætter (Bergen 1926), s. 584 og Lars Øiane : Gards- og ættesoge for Luster kommune, bind III (Bergen, 1987), s. 594.

88. Asgaut Steinnes: Om dei to eldste drikkehorn i Danmarks Nationalmuseum. NST XXI, s. 210.

89. DN I nr. 463, jfr. Steinnes 1968 s. 239-241 og Magerøy, 1988 s. 128ff.

90. DN II nr. 43.

91. DN XII nr. 21.

92. Islandske annaler, s. 84, 199, 263 og 387.

93. Einar Haflidesson (?): Soga om biskop Laurentius. I Den norrøne litteraturen, bind VI (Oslo 1963), s. 126-128 og Islandske annaler s. 201 og 390.

94. DN I nr. 448.

95. Islandske annaler, s. 148.

96. DN IV nr. 21.

97. Knut Helle: Stavanger fra våg til by (Stavanger, 1975), s. 181-182, jfr. Knut Helle: Konge og gode menn (1972), m.a.s. 595 og 597.

98. NS plansje I, nr. 1 (Basse Guttormsen).

99. DN XIX nr. 454.

100. Sjå note 87.

101. Sjå note 4.

102. Sjå Mandal, note 71.

103. Sjå note 36.

104. Sjå note 3.

105. Ernst Verwohlt: De jyske Hvider og deres heraldik. Heraldisk Tidsskrift. (København, 1988), s. 318ff, jfr. Odd Fjordholm : "Sant vitne er jeg...". HT 52, (Oslo, 1973), s. 197ff.

106. Sjå note 4.

107. Sjå note 4.

108. Aasmund Stokke: "Forbedret" herr Toralde Sigurdsson sitt våpensegl?. NST XXXIV, s. 207-208.

109. Utstillingstekst på våpenutstilling i "The White Tower" i The Tower Castle i London, april 1995.